Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. januar 2015

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Fylkesbaatane – Kupassar rundt Novene på 50-talet



I mange år frakta rutebåtane levande dyr; livdyr og slaktedyr, både på kortare og lengre strekningar. Det finst mange historier om dyretransport. Dyra vart ofte heiste om bord i segl eller kassar og plasserte under dekk. Men ikkje alltid. Rolf Orheim fortel om ei nokså spesiell dyretransport-historie i Firdaposten 25. april 2002.

<p>Utsyn s&oslash;rover mot Oldersundet. Bremangerpollen g&aring;r austover (til venstre) med Grotle ligg lengst vest premangerpollen (i framgrunnen), og lenger inne Igland og Hauge. Midt biletet halv&oslash;ya Novelandet. Novene er namnet p&aring; fjellveggen mot Bremangerpollen. Farleia her er open mot havet. Kalv&aring;g ligg ligg s&oslash;r om Oldersundet.</p>

Utsyn sørover mot Oldersundet. Bremangerpollen går austover (til venstre) med Grotle ligg lengst vest premangerpollen (i framgrunnen), og lenger inne Igland og Hauge. Midt biletet halvøya Novelandet. Novene er namnet på fjellveggen mot Bremangerpollen. Farleia her er open mot havet. Kalvåg ligg ligg sør om Oldersundet.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2013

Fotograf: Hermund Kleppa

«Kreaturtrafikken» 1872

Fylkesbaatane si årsmelding for 1872 har handfaste opplysningar om dyretransport nærare hundre år før Rolf Orheim si hending. «Kreaturtrafikken» er sterkt aukande. Særlege «kreaturrum» er ikkje store nok og ventilasjonen er for dårleg. Skipsførarar vil helst ikkje nekta å ta med dyr folk har kome lange vergar med til stoppestaden. Somme gonger har dyretransporten vore på grensa til dyrplageri. Direksjonen har sedd seg nøydd til å senda ut «Cirkulære» (rundskriv). Det står:

«Kreaturtrafikken er meget stærkt tiltagende. Det har hendt, at Fartøierne har været i den Grad overfyldte af Kreaturer, at det har grændset til Dyrplageri. Ofte er Kreaturerne førte langveis til fra Stoppestederne og Førerene have da vanskelig ved at afvise dem. Direktionen har derfor været nødt til at utsedte Cirkulære der forbyder Førerne at tage i Kreaturrummet mere end et begrendset Antal. Noget vil det hjælpe naar ved Fartøiernes Forandring, Kreaturrummene blive utvidede, og der da samtidig bliver bedre sørget for Luftutvexling i disse Rum.»

Bygderute Svelgen - Florø - Bremanger

Hendinga Orheim fortel om skjedde på slutten av 1950-talet. Fylkesbaatane hadde då ei bygderuta Bremanger – Svelgen – Florø – Bremanger. To strekningar i dette farvatnet er særleg utsette for sjøgang i stormfullt ver, rundt Novene på Novelandet mellom Bremangar (Hauge)/Iglandsvik og Oldersundet, og i Frøysjøen. Kalvåg var kommunesenter i gamle Bremanger kommune (1866-1964) og kommunestyremøta var oftast haldne i Kalvåg. Firdaposten sine journalistar reiste med lokalruta når dei skulle vera tilstades på møta. Det var på ei slik reise journalist Rolv Orheim vart kupassar i ruske vêr rundt Novene på 50-talet. Han knyter historia si i 2002 til eit EU-direktiv det var snakk om skulle koma, eit forbod mot å frakta levande dyr til sjøs i frisk bris eller meir.

Journalisten reiste med rutebåten

«Folk på øyane som hadde husdyr som skulle til slakteriet, var glad dei fekk sende dei med rutebåten. Utan omsyn til om det var frisk bris, kuling eller storm. Som eit apropos til (…) eit EU-forbod mot transport av livdyr til sjøs når vinden blæs frisk bris eller meir, kom eg på at eg ein gong i tida var kupassar på ein tur rundt Novene frå Bremanger til Florø i litt meir enn frisk bris. Til kommunestyret i Kalvåg reiste vi ofte med «Sendingen» og seinare med «Hennøy». Reiste frå Florø i 10-tida om kvelden til overnatting i Kalvåg. Tilbake neste kveld, gjerne etter eit langt møte.»

Med gamle «Kvamsøy»

«Men denne gongen det her skal forteljast om var det møte på Ryland [på Bremangerlandet, nord om Novelandet] ettersommaren på slutten av 50-talet. Reidar Torvanger var ordførar. Vi gjekk om bord i gamle «Kvamsøy» som gjekk i rute den dagen, kanskje som reservebåt. Skipper om bord var Kåre Nygård.»

Ku på ope dekk

«I Iglandsvik [på veg attende til Florø] tok dei om bord ei ku som skulle til slakteri i Florø. Lasterommet var fullt av varer, m.a. fiskekassar, så kua vart plassert i gangen akterut, utanfor passasjersalongen. Og alt gjekk greitt til vi nærma oss Novene. Då tok båten til å rulle frå eine sida til den andre. Det bles frisk vind og bårene berre auka på. Desse båtane [dei gamle motorbåtane «Florøy», «Maaløy» og «Kvamsøy»] låg lågt i sjøen. Så det skulle ikkje så mykje til før sjøane kom inn på dekk.»

Det hjelpte med kamferdrops

«Kua i gangen var veldig uroleg og raurta alt i eitt. Ho var redd, såg det ut til. Når eg heldt henne i halsbandet og klødde henne bak øyra, roa ho seg. Eg hadde ein pose kamferdrops i lomma. Dei delte eg med den forskremde kua. Men så snart eg sleppte taket for å gå inn, då vart ho uroleg, rauta og bar seg. Innvollane var i opprør, noko som viste att på dekket. Men pytt, pytt. Det vart straks føysa over bord av ein ny sjø. Slik heldt vi det gåande til vi var inne i Oldersundet. Då roa det seg. Eg kunne gå inn i ein varm salong.»

Ikkje snakk om betaling

«Skipper Nygård hadde merka seg episoden med en forskræmde kua og korleis ho roa seg i mitt nærvær med jamn tilføring av kamferdrops. Då han seinare kom rundt med billett-veska og eg tok fram lommeboka for å gjere opp, vart eg avvist. – Ikkje tale om. Du som har vore kupassar på opprørt hav, skal sjølvsagt ikkje betale, sa han og trykte veska i lås.

Eg er viss om at dyr på ferjereiser i dag [2002] i meir enn frisk bris med ferja over Frøysjøen eller frå Bulandet, vil ha det vel så godt som kua med «Kvamsøy» på 50-talet. Og ho overlevde reisa, sjølv om det rett nok var den siste.»

Om Rolf Orheim i Fylkesleksikon

Rolf Orheim (1929-2005), fødd på Stårheim, busett i Florø. Journalist og Arbeidarparti-politikar. Arbeidde som journalist og redaksjonssekretær i Firdaposten 1953-1997, og var i periodar også kst. redaktør.

kjelder:

Firdaposten, 24.04.2002.
Sogn og Fjordane fylke, Fylkestingsforhandlingane 1873.