Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 15. juni 2013

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Fylkesbaatane – Frå dampen til katamaranen.



«For ein landkrabbe var det litt av eit eventyr å reise med desse stolte skutene. Eg tenkjer då særleg på båtar som «Nordfjord I», «Kommandøren» og den nyaste av alle, «Fanaråken». Det er Einar Berstad frå Kjølsdalen i Nordfjord, fødd 1924 som skriv dette i boka Med koffert og kalosjar. Kapitlet «Frå dampen til katamaranen» er Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane-historie; eit stykke minnemateriale.

«… desse stolte skutene. Eg tenkjer då særleg på båtar som «Nordfjord I», «Kommandøren» og den nyaste av alle, «Fanaråken». D/S «Fanaraaken», bygd 1937, var det siste dampskipet Fylkesbaatane kontraherte. Siste ruteturen for Fylkesbaatane var i 1970.

«… desse stolte skutene. Eg tenkjer då særleg på båtar som «Nordfjord I», «Kommandøren» og den nyaste av alle, «Fanaråken». D/S «Fanaraaken», bygd 1937, var det siste dampskipet Fylkesbaatane kontraherte. Siste ruteturen for Fylkesbaatane var i 1970.

Eigar: Ukjend/i boka Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 100 år.

Datering: Ukjend

Fotograf: Ukjend/i boka Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 100 år.

Einar Berstad (1924-2001)

Frå garden Berstad i Kjølsdalen, Eid kommune, var son til gardbrukar Jakob Mathias Gabrielson, fødd Blaalid, og Elisabeth Olsdotter Berstad. Han var nummer seks i ein syskenflokk på ni. Etter folkeskulen vart han allsidig gardsarbeidar og arbeidde og ei tid på skoverkstad i Kjølsdalen. Vinteren 1942 vart han omvend og i 1945 tok han til å reisa som emissær (forkynnar, lekpredikant) for Den indre Sjømannsmisjon. Etter nærare 50 år i arbeid for DISM vart han i 1992 heidra med Kongens fortenestemedalje i sølv og medalje frå Det kongelege selskap for Norges vel for lang og tru teneste. Einar Berstad gifte seg i 1952 med Nelly Susanne Skagen. Dei bygde seg hus og heim på Kjølsdalstranda og fekk tre born. Einar Berstad døydde 20. januar 2001.

”grunnfesta plass i folkesjela”

Då Fylkesbaatane runda 100 år i 1958 hadde avisa Sogn og Fjordane, Leikanger, ein kommentar-artikkel (leiar) til jubileet 2. desember. Redaktøren syner mellom anna Fylkesbaatane sin grunnfesta plass i folkesjela. ”Det har alltid vore eit personleg tilhøve mellom folket i bygdene og Fylkesbaatane.» Einar Berstad er ein av folket. Han fortel om sitt tilhøve til «dampen» og andre båtar. Berstad reiste med Fylkesbaatane heile livet; i omlag femti år som forkynnar. Stykket er attgjeve slik det står i boka. Mellomtitlane er innsette her.

Fylkesbaatane dominerande kring 1950

Det var Fylkesbaatane som utgjorde den verkelege samferdsle for 50 år sidan [1947], med Bergen som hovudsete. Der hadde og alle hovedrutene sitt utgangspunkt: ei til Sogn, ei til Dalsfjorden og Førdefjorden og ei til Nordfjord pluss ei eiga rute på kysten: til Gulen, Hyllestad og Solund. No er administrasjonen flytta til Florø.

«svart av folk på kaia»

Til Nordfjord kom «dampen» to gonger i veka, altså fire anløp på kvar stad. Når bybåten kom var det svart av folk på kaia. Det var forvitneleg å sjå kven som kom og kven som reiste, og kor mykje varer som kom på land. Og då kom posten, som vart sortert og utdelt like etterpå. Kvar båt hadde sin særeigen lyd når dei «tuta», som vi sa. Vi på Berstad såg ikkje sjøen eller båtane derifrå, men vi kjende dei på «målet» som vi høyrde heilt opp til oss.

Rabatt for reisande i misjonen si teneste

Ja, mang ein dag og mang ei natt tilbringa eg om bord i desse skutene på mine reiser over alt. Å bli kjend med ruteheftet var som ein studie i seg sjølv, med merknader for korrespondansar og rutetider. Og mang ei sur og kald venting vart det kvelds- og nattestid når dampen var forseinka i timesvis. Oppvarma venterom var det lite av. Når ein fyrst kom om bord var det varmt og godt. Men fyrst måtte billetten ordnast. Billettkontoret var oppe på dekk. Det kunne verte lang venting før styrmannen kom. Ikkje alle av dei var like blide, særleg når dei skulle rekne ut 25 provisjon (sic.) av billettprisen, for dei første åra fekk vi rabatt når vi reiste i misjonen si teneste.

Ramla over hovudet heile natta

Så var det å finne ein plass i salongen på 2. klasse eller «bondestova» som det og var kalla. Det var under dekk, fremst i båten. Rett over hovudet på dampvinsjen, som ramla noko enormt til alle døgnets tider. Verst var det når eg skulle prøve å få litt søvn om natta, der eg låg på ei hard skinnpute på brisken med frakken over meg. Innover fjorden var det ikkje så langt mellom kvar stoppestad. Det vart å liggje og høyre på ramlinga over hovudet heile natta. Men med det gode sovehjerte eg hadde, kunne eg nok lure meg til ein blund imellom. Eg hadde sjølvsagt ikkje råd til lugarbillett. Å reise billegast mogeleg var eit fast prinsipp. Eg kikka nok av og til inn på 1. plass-salongen med dei raude plysj-stoppa møblane. Der sat skipsoffiserane og fekk stileg oppvartning av dertil velkledd trise. Kvar offiser hadde sin kvite serviett i sølvring som låg på bordet, det høvde godt til dei mørkeblå uniformene m/gull-gallonar. Men for meg ville det vore ekstra pengar skulle eg få lov til å ta plass i denne herlegdomen.

«himmelsk atmosfære» på 1. klasse

Når det var overfyllt på «bondestova», hende det til og med at vi fekk liggje og sove på «plysjen». Det var nærast ei himmelsk atmosfære i høve til ramlinga framme på 2. klasse. Den jamne duren av propellen rett under var reint søvndyssande. Seinare vart klasseskiljet oppheva. No er det ei klasse overalt, endå til på Hurtigrutene.

 «desse stolte skutene»

For ein landkrabbe var det litt av eit eventyr å reise med desse stolte skutene. Eg tenkjer då særleg på båtar som «Nordfjord I», «Kommandøren» og den nyaste av alle, «Fanaråken». Ei oppdagingsrunde om bord høyrde med til turen. Særleg interessant var det å kikke ned gjennom «skylight» og sjå på kor stemplane i maskinen stampa iveg trutt og jamt. Eg misunte ikkje fyrbøtaren der han i brennheten lempa kol inn i fyren. Svart og sveitt var ham.

Elles hadde lasterommet eit mangarta innhald: hestar, griser, kyr, mjølsekker, ymse kartongar og mykje anna, i sanning ei «broget forsamling». Lange stunder kunne eg stå ved rekka og la augo sveipe over hav og land, bygder med hus og gardar. Den fyrste tid var alt dette nytt og spanande. Særleg spanande var det når eg kom til ein ny stad i kolsvarte natta, der vi ingenting såg, og så vakne til ein ny dag for å sjå utover. For meg ei heilt ny verd, som eg aldri hadde sett før, med ukjende folk og heimar. Men du, kor fint det var å møte nye, truande vener og kjenne seg heime mellom vanlege kvardagsmenneske. (…)

Ofte forseinka

Stundom kunne det oppstå problem når båten var mykje forseinka, og eg skulle vere framme til ei viss tid til møte eller basar. Det var nokså nervepirrande når store varemengder gjorde at båten vart liggjande å losse og laste i det uendelege, medan klokka tikka og gjekk. Det tok lang tid å losse til dømes hundre mjøl- eller gjødselsekker, når dei med krokar hivde opp fire sekker i gangen. Då var det å trakke att og fram på dekket, utolmodig fordi det syntest å minke så lite i lasterommet. Det var ikkje uvanleg med fleire timars forseinking.

To døgn frå Nordfjord til Hardbakke

Når det gjaldt sambandet mellom dei ymse deler av fylket, var det nokså tungvint og lite samband mellom båtane. Her er eit døme: Skulle vi reise frå Nordfjord til ytre Sogn, måtte vi reise om Bergen. Då løyste vi billett, til dømes frå Kjølsdalen til Hardbakke i Solund + tilleggsbillett ein veg frå Skjergjehamn til Bergen. Ein kom til Bergen tidleg om morgonen, for så å ta båten som gjekk til ytre Sogn om ettermiddagen. I mellomtida var det å ty til det gamle Misjonshotellet ved Nykirken. Turen nordover tok lang tid, med leia rundt Gulafjordane, yste stogg i Hyllestad, så rundt Solundøyane, og endeleg framme i Hardbakke neste morgon. Då har det gått «på slang» om bord i Fylkesbåtane i to netter. Ein gong eg tok denne ruta, fylgde eg «Gula» frå Bergen. Til alt hell var ein av mine syskinborn restauratør om bord. Då fekk eg gratis både kost og tøy.

Kjølsdalen-Bremanger – om Florø

Eit anna døme: Skulle vi ta den korte vegen frå Kjølsdalen til Bremanger, var det å ta båten til Florø. Derifrå gjekk ein mindre båt til Kalvåg og Bremanger, men ikkje alltid same dagen, så ein måtte overnatte i Florø på eit billeg pensjonat. Reisa rundt novene til Bremangerpollen var ikkje alltid å spøkje med. Men sjøverk hadde eg aldri.

Fjordbussar og katamaranar

No [1997] tek turen med ekspressbåtane vel fire timar frå Måløy til Bergen. Og til Bremanger går det fort med bil og ferje. Ei båtreise innover Sogn tok fleire dagar kvar veg. Alle fjordar skulle ha besøk både Fjærland, Flåm, Årdal og Lustrafjorden. Etter kvar kom nye båttyper i bruk. Det var stas då den fyrste fjordbussen «Balholm» kom i drift. Så kom «Sunnfjord» og «Sognefjord», to snøgge kombibåtar for både passasjerar og last. Det var eit stort framsteg. Seinare er der katamaranbåtane som har overteke passasjertrafikken, med 37 knops fart (ca 70 km i timen). Heile veka er det dagleg rute på Sogn og Nordfjord.

Mjølkeruter

Eit anna nyttig framkostmiddel var skule- og melkerutene med motorbåtar som gjekk opp under alle gardar og grender, særleg dei veglause. Dei samla saman melkespann og førde til meieria, og tok samstundes med borna til skulestaden. Dei tok og vanlege passasjerar. No er også desse rutene blitt overflødige.

kjelder:

Berstad, Einar: Med koffert og kalosjar. Eige forlag 1992.

Informasjon frå Arild Berstad og Jorun Elisabeth Berstad Weyde.

PERMANENT IDENTIFIKATOR