Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. januar 2014

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Fylkesbaatane – Om saluttkanoner



Dei første skipa til Fylkesbaatane var utstyrte med kanon for å fyra av lausskot. Båtane salutterte som helsing eller heidersuttrykk. I 1909 salutterte ein av amtsbåtane då båten la frå kai i Vik. Den salutten blei det avisskriverier om. Skipskanona kunne også nyttast til anna enn saluttering.

DS «Hornelen», ny 1866 og sett i rute 1867, salutterte for amtmann John Utheim våren 1903: «Kommen op i Linje med Hovedbygningens Facade, bragede fra Bakken paa Skibet løs en vældig Skudsalut, der gav voldsom Gjenlyd inde mellem de høie hvidklædte Fjelde.» (Sogns Tidende).

DS «Hornelen», ny 1866 og sett i rute 1867, salutterte for amtmann John Utheim våren 1903: «Kommen op i Linje med Hovedbygningens Facade, bragede fra Bakken paa Skibet løs en vældig Skudsalut, der gav voldsom Gjenlyd inde mellem de høie hvidklædte Fjelde.» (Sogns Tidende).

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: Ukjend

Fotograf: Ukjend

Salutt for riksmålet?

Søndag 17. januar 1909 gjekk riksmålssekretær Brun om bord i rutebåten på Vikøyri. Han hadde halde foredrag, og riksmålsfolket tok farvel med salutt. Dampskipet kvitterte med kanona si. Lensmann Øen likte ikkje dette. Han sende ope brev til Sogns Tidende og bad «amtskibenes adm. direktør» om å koma med ei forklaring.

Svar på tiltale

På denne tida var det målstrid. Landsmålsfolk stod mot riksmålsfolk. Lensmann Øen meinte Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (frå 1919 Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane) hadde teke part for riksmålet med salutten sin. Han hadde venta at «amtsrederiet» stilte seg nøytralt i målstriden. Administrerande direktør Trygve Holst gav svar på tiltale. Det var heilt i samsvar med praksis. Han hadde innhenta rapport frå skipsføraren:

«under ekspeditionens ved Viks brygge blev jeg underrettet om at det skulde salutteres for hr. Brun og spurt om jeg vilde svare. Da jeg ikke saa nogen grunn til at være uhøflig, lovede jeg dette uden at reflektere over hvem der er maalmend eller antimaalmend i Vik.»

Adm. dir. Holst sa seg heilt samd med skipsføraren. Regelen var å svara på salutt frå land, enten for skipet eller for «ombordværende». Å ikkje gjera dette, det ville vera å ta parti, det ville vera å demonstrera. Elles høyrer vi at Holst hadde nedlagt forbod mot å saluttera, det kunne medføra ulukker, men han hadde gått attende på forbodet, etter at «amtets folk» hadde protestert.

Salutt for fylkesmann

Ein mindre kontroversiell salutt fann stad våren 1903. Nokre dagar etter at fylkesmann John Utheim og folket hans hadde flytta inn i fylkesmannsgarden, vart den nye fylkesmannen helsa velkommen på ein nokså spesiell måte. Fylkesbaatane sin rutebåt «Hornelen» kom framom. Det står om hendinga i Sogns Tidende med Bergens Tidende som kjelde:

(..) «Da «Hornelen» paa Tur fra Lærdalsøren til Bergen onsdag Eftermiddag gik ud fra det lidt indenfor liggende Dampskibssanløbssted Hermansværk i Leikanger, bakkede Fartøiet smykket med Flag frå Top til Dæk, hvilket tog sig sjeldent vakkert ud i den klare, næsten stille Vinterdag med Eftermiddagssolen sidste Straaler spillende over den blanke Fjord, henover mod Amtmandsgaarden. Kommen op i Linje med Hovedbygningens Facade, bragede frå Bakken paa Skibet løs en vældig Skudsalut, der gav voldsom Gjenlyd inde mellem de høie hvidklædte Fjelde, og snart samledes en Mængde Mennesker langs stranden. Fra Amtmandsgaarden hilste et stort, nyt Splitflag det langsomt udglidende Skib som Tak for Honnøren.»

Demonstrasjon?

Folk følgde med på amtsbåtane. I mai 1905 klaga ein mann på D/S "Alden" (BT, 27.05.1905). Skipet hadde vore innom Nordfjordeid 17. mai på same tida som 17. mai-toget svinga opp til eksisplassen, - utan andre flagg oppe enn postflagget og utan å helsa med salutt! Ei svart røyksky frå skorsteinen då båten la frå land, var det einaste båten greidde å "prestere". "Anser amtskibenes styre nationaldagen saa betydningsløs i 1905, at den ikke finder grund til at spandere salut?" spurde innsendaren. Og flagga, kvar var dei? Han slutta brevet sitt med at det heile kunne tolkast som "demonstration".

Salutt frå «Fjalir» 13. august

Om eitt av dampskipa svikta på nasjonaldagen i 1905, vart miséren fullt ut oppretta under folkerøystinga 13. august. Alle med røysterett fekk fri reise, og skipa tilpassa rutene etter røystinga. Mange stader vart det også utført ekstraturar. I Vik gjekk «Fjalir» ekstratur med veljarar frå Kvamsøy og Arnafjord.

Veljarfolket og ei mengd andre gjekk i tog til kyrkja under faner og flagg og med musikk i spissen, - til gudsteneste, røysting og ventetid på resultatet. Då det heile var over, og valstyret hadde kunngjort eit samrøystes ja, var det å ta på heimvegen. "Fra Kirken Marcherede man under fuld Musikk nedover til Dampskibsbryggen," skreiv avisa Sogningen. Aldri hadde nokon sett maken til noko liknande i Vik. Mellom 1500 og 2000 var med. Og då "Fjalir" la frå bryggja på returreisa, drønna det sju skot frå land, som "Fjalir" svara på med fire skot.

Salutt på første tur

I mai 1887 overtok «Amtsskibene» det nye dampskipet DS «Alden». Fjordenes Blad , Nordfjordeid, melde 23. mai om første turen i ruta Bergen – Nordfjord. Det står at «der saluteredes ved Stoppestederne».

«Framnæs» helsa med salutt

17. mai 1894 var «Framnæs» framom Davik. Båten blei helsa med salutt, og mykje sannsynleg kvitterte «Framnæs». Sokneprest S. A. Wingers i Davik noterte i kyrkjeboka:

«17/5. Deltog i processionen i anledning dagen. Holdt tale for flaget og for dagen, item en tredje tale for den kvindelige ungdom i vort fanetog. [....] ...togedes til Dampskibsbryggen hvor Dampskibet "Framnæs" mottoges med salut." [...]

Skipskanoner brukt til anna enn saluttering

Eg har funne lite om kva kanon på rutebåtar vart brukt til utanom saluttering. Nettstaden Tom Nordahl Storyteller har eit kapittel om tåkekanoner med tilvising til Norsk Sjøfartsmuseum. Tåkekanon var først og fremst ei innretning installert på fyr til bruk i tjukk skodde og tett snøver. Dei fyrte av skot etter fastsette intervall. Men det fanst også tåkekanoner på skip, står det å lesa:

«På skip fantes også tåkekanoner, men de ble brukt litt annerledes. Her skjøt man fremover og lyttet etter ekko av land. Slik kunne man før radarens tid unngå stranding. DS Skibladner har fortsatt en slik kanon fremme på bakken.

Kanonene kunne også brukes til å sende nødsignal. Fra januar 1897 ble nødsignalene fastsatt av myndighetene:

  1. Kanonskudd eller knallsignaler, avfyrt med 1 minutts mellomrom
  2. Internasjonalt signalflagg N og C heist i masten, eller
  3. En kule heist i forbindelse med et firkantet flagg
  4. Uavbrutt bruk av tåkesignal (horn, fløyte etc.) […]
kjelder:

Stensaker, Asbjørn: Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane gjennom 100 år. 1958.

PERMANENT IDENTIFIKATOR