Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 20. november 2013

Sist oppdatert 19. februar 2020

Kategori

Rå-data

Fylkesbaatane – Om skipsfløyter



«Vi på Berstad såg ikkje sjøen eller båtane derifrå, men vi kjende dei på «målet» som vi høyrde heilt opp til oss.» Kjølsdalen i Nordfjord var stoppestaden til folket på garden Berstad. I åra 1858 – 2000 hadde Fylkesbaatane over 200 stoppestader. Regelen var at båtane varsla anløp med eit langt støyt i fløyta. Artikkelen her presenterer nokre smaksprøver frå Fylkesbaatane si fløytehistorie.

M/S «Nordfjord I», ny 1963, første fartøy i FSF-flåten med to-tonig fløyte.

M/S «Nordfjord I», ny 1963, første fartøy i FSF-flåten med to-tonig fløyte.

Eigar: Flaggaksjonen

Datering: Kring 1970

Fotograf: Harry Rundereim

Skipsfløyta

Rutebåtar og ferjer har fleire hjelpemiddel for å signalisera; varsla og melda frå. Skipsfløyta og eit sett signalflagg er ein del av utstyret. Kvart signalflagg er knytt til ein bokstav med særskilt innhald. Dei kan morsast ved hjelp av lyd (skipsfløyta) eller lys (lyskastar/morselampe). Låten i skipsfløytene er ikkje den same frå båt til båt; «vi kjende dei [båtane] på målet», [DS «Hornelen»] «hadde ei fløyta som ein brunstig stut». Fløyter som lagar lyd ved damp, let annleis enn fløyter lydsette på annan måte. Store båtar har til vanleg kraftigare låt enn dei mindre, og ein-tonige fløyter høyrest annleis ut enn to- og tre-tonige.

Ønskte seg «musikalsk» fløyte

Wilhelm Waage (1917-2003) var tilsett på Fylkesbaatane sitt kontor i Bergen; i 15 år som passasjersjef. I mange år var han redaktør for Fylkesbaatane sitt informasjonsblad Amtet/Fjord og Kyst som kom ut i åra 1975-2003. Han var sjølv ein flittig bidragsytar. Eit stykke handlar om skipsfløytene, og særleg om korleis det bar til at M/S «Nordfjord 1» og M/S «Kommandøren» fekk to-tonige fløyter. Stykket har tittelen Fløytelåt.

FLØYTELÅT

«Ho har ei fløyte som gamleskøyta til Sigurd på Neset.» - Denne ytringa kom frå ein eldre kar som stod på ein kai ein stad i vårt distrikt og tok imot ei nye ferje Fylkesbaatane hadde fått. Og folk på kaien var samd med han, høyrdest det ut til. Det var liksom ikkje noko samsvar mellom storleiken på ferja og den låten som kom frå fløyta hennar.

I «gamle» dagar hadde dampane fløyter som var so karakteristiske, at vi kunne liggja i sengja heime og seia med oss sjølve kva båt som var i ruta i natt. Om ein då var litt musikalt vaken og hadde interesse for båtane som trafikkerte bygdene våre.

I ein hyggeleg telefonprat vi hadde hin dagen med pensjonert bilsjef John Løvaas, fekk vi høyra om eit «musikalsk intermesso» som fann stad i samband med at M/S «Nordfjord I» vart sett inn i rute sommaren 1963.

Dåverande adm. direktør Otto Røsberg i Fylkesbaatane var musikalsk og spela andrefiolin i Bergens Handelsstands Orkester. John Løvaas, som den gongen arbeidde ved teknisk avdeling, var òg aktiv musikar som «Blåsar» i Dragefjeldets Musikkorps.

Løvaas var kjend med at Det Bergenske Dampskibsselskab hadde lete skipa dei hadde i hurtigruta på Nord-Noreg få tretonig fløyte (C-E-G). Han tok det opp med direktør Røsberg, om ein ikkje kunne la den nye «Nordfjord I» ogso få ei fløyte som var litt «musikalsk». Han gjorde framlegg om bokstavane F – Ess(S) – F, og direktøren var bokstaveleg tala med på notane, og bad Løvaas gå i gang. Noko som førde med seg, at han fekk avtale med organist Thorleif Aamodt i Johanneskirken i Bergen om prøving av mogelege variantar på orgelet der, ein bestemt dag til avtala tid.

Administrerande direktør møtte saman med Løvaas, og i samarbeid med organisten fann dei fram til at det næraste ein kunne koma i tonerekkja var tostemmig fløyte med F – Ess, dvs b for E. Ein gjorde opptak på band av prøvene og var samde om avgjerda. Bandet har Løvaas framleis som eit klenodium.

Ja, so fekk då «Nordfjord I» si to-tonige fløyte, som den første av dei nye båtane.

Då skipet var på veg nordover leia på sin første tur, møtte ein om lag ved Rutletangane M/S «Kommandøren» på sørgåande. Dei to skipa helsa på kvarandre med fløytene sine, «Kommandøren» med si ein-tonige. Flaggskipper Johs Steen – ja, for det var han vel den gongen – har truleg ikkje kjent seg heilt på topp «musikalsk», for han gjekk visst sporenstreks til direktør Røsberg, og ei tid etter fløyta «Kommandøren» òg to-tonig. Det skulle berre mangla .. WW» (Fjord og Kyst nr. 1, april 1993).

Geithus i Sogn

Bjarne Geithus, Vik i Sogn, budde på den veglause garden Geithus på strekninga kalla Strendene. Arnafjord, eit stykke lenger inne i fjorden, var stoppestaden til Geithus, men elles hende det at dei borda båten, det vil seia rodde ut til båten. I Amtet 3/1982 fortel Bjarne Geithus noko om korleis han hugsar gamle Dampen. Skipsfløytene var ein del av kvardagen.

«Me lærde oss å kjenna eimbåtane på fløyta. Sjølv om det var mørkt so visste me kva for ein det var. Når det var lyst og båten kom til Nessane eller Sylvarnes so såg me eimen då båten fløytte, me tok då den tidi som gjekk til me høyrde lyden, og kunde soleis rekna ut avstanden.»

Kjølsdalen i Nordfjord

Einar Berstad (1924-2001), Eid i Nordfjord, frå garden Berstad, budde i Kjølsdalen. Han var emissær i Den indre sjømannsmisjon. På slutten av livet skreiv han minnebok. Eit kappittel handlar om rutebåten som kommunikasjonsmiddel. Skipsfløytene høyrer og med i minnebiletet.

«Til Nordfjord kom «dampen» to gonger i veka, altså fire anløp på kvar stad. Når bybåten kom var det svart av folk på kaia. Det var forvitneleg å sjå kven som kom og kven som reiste, og kor mykje varer som kom på land. Og då kom posten, som vart sortert og utdelt like etterpå. Kvar båt hadde sin særeigen lyd når dei «tuta», som vi sa. Vi på Berstad såg ikkje sjøen eller båtane derifrå, men vi kjende dei på «målet» som vi høyrde heilt opp til oss.

Holmedal i Sunnfjord

Henning Rivedal, fødd 1944, voks opp i Rivedal. Bygda ligg på nordsida av Dalsfjorden i Sunnfjord. Holmedal var båtstoppestaden deira, om lag fem kilometer lenger ute i fjorden. Henning fortel at rutebåtane brukte fløyta når dei nærma seg, det var eitt langt støyt. Kvar båt hadde sin særprega låt. Men dei store dampane, «Fanaraaken», «Nordfjord 1» og «Hornelen» hadde det sterkaste målet.

Når dei skulle på kaien med beist (storfe), la dei merke til når båten fløytte for Fagervik på sørsida i rute ut fjorden. Då var det tida å gje seg i veg; då hadde dei rimeleg god til båten var framme i Holmedal etter å ha vore innom Flekke og Straumsnes på sørsida. Dei kunne sjå når dampbåtene fløytte, før dei høyrde lyden. Dei såg den kvite stimen kom ut or fløyta, først rett ut og så til værs, opp attmed skorsteinen. Då høyrde dei lyden.

I skodde – samspel mellom fløyte og oljefat

Magne Stensaker voks opp på Blakset i Nordfjord. Han har skrive eit minnestykke om båtstoppestaden Blaksæter i 1950-åra. Her høyrer vi at skipsfløyta blei brukt i skodde, og at dei svara frå land med å banka på tome oljefat.

«Når vi høyrde ”Dampen” tuta i skodda, var det ein regel at ekspeditøren banka på eit tomt oljefat eller bensinfat. Dei gamle dampbåtane gjekk stilt, så i dei dagar utan radar var bankelydane nyttige for navigeringa inn til bryggja.»

Eit heilt spesielt tilfelle

Rutebåtane brukte alltid skipsfløytene ved kvar stogg. Ferjene gjer ikkje det. Ferjene sine fløyter er instrument i beredskap for særlege høve når varsling er nødvendig. Fredag 27. november 2009 brukte Fjord1 Fylkesbaatane sine ferjer «Lærdal» og «Selje» fløytene sine i eit heilt spesielt tilfelle då dei gjekk frå kai på Hella. Ferjene hadde lege til kai då ein protestaksjon sleppte T-skjorta med Fylkesbaatane-flagget på brystet. Markeringa kom etter at konsernet Fjord1 Nordvestlandske hadde pålagt Fjord1 Fylkesbaatane sine ferjer og båtar å fira det 151 år gamle Fylkesbaatane-flagget for siste gong. Dei to ferjene brukte denne gongen fløytene sine som tilslutning til ein protest.

kjelder:

Fjord og Kyst nr. 1. april 1993

Henning Rivedal, Leikanger.
Reidar Jørgensen, Hadsel

PERMANENT IDENTIFIKATOR