Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 09. februar 2015

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Fylkesbaatane – Med Gamle Dampen frå Flåm til Ornes 1938



«I ferien reiste me alltid til Ornes og bestefar på ferie.» Magne Bjørnestad (1928-2001) budde i Flåm. På slutten av livet skreiv han artikkelserien På historisk vandring. Artiklane stod i Sogn Avis og kom også ut i bok. Ein artikkel som ikkje kom med i boka, handlar om reiser frå Flåm til Ornes. Det var spennande turar for ein gutunge. Her er artikkelen attgjeven med innsette mellomtitlar.

<p>DS &laquo;Stavenes&raquo; gjekk ofte i rute Midtre- og Indre Sogn i &aring;ra 1930 &ndash; 1945.</p>

DS «Stavenes» gjekk ofte i rute Midtre- og Indre Sogn i åra 1930 – 1945.

Eigar: Jernbanemuseet i Flåm.

Datering: 1920 – 1940

Fotograf: Ukjend.

Om Magne Bjørnestad i Fylkesleksikon

«Magne Bjørnestad (1928-2001) frå Flåm. Stasjonsformann , arbeidarpartipolitikar og lokalhistorikar. Lokalhistoriske artiklar er samla i boka På Historisk vandring som kom ut i 1998. Bjørnestad var medlem av redaksjonsnemnda for bygdebøkene. Medlem av kommunestyret 1955-1983, derav 1968-1971 i formannskapet. Leiar i kulturnemnda 1960-1998. Leiar i Sogn og Fjordane AUF 1960-1963. Tildelt den kommunale kulturprisen i 1995.»

Bestefar likte best dampbåtane

Mykje har vore sagt og mykje skrive om «Gamle dampen.» Kjært barn har mange namn. amtsbåtane, fylkesbåtane, langrutene, lokalbåtane eller fjordabåtane. Folk langs fjorden kjente båtane sine på lang avstand, nokre på fløyta, andre på bygnaden, eller sjøen dei drog med seg. Dampbåtane laga ikkje mykje bråk der dei majestetisk kryssa fjorden med ei lang svart røykstripe etter seg. Dampbåten som førde nytida inn i dei avsidesliggjande grender stod høgt i kurs hjå bestefar Helge Dale, fødd 1862. Bestefar likte ikkje dei bråkande motorbåtane som overtok rutene. For han var dei stillegåande dampbåtane framtida. Eit romantisk skjer ligg att etter dei gamle fjordabåtane. Ivar Medås si visa «Dar kjem dampen» er vorte folkeeiga.

Merknad(red.): Helge Dale, fødd 1862 på plassen Sage i Dalsdalen, Luster, gift med 1) Maria Johnsdotter Hagen frå Kinsedalen, og 2) Malene Eldegard, kom til Ornes som lærar kring 1880. Han kjøpte ein part av Buggagarden på Nedre Ornes. Helge Dale var lærar i Urnes-krinsen rundt 50 år.

Med Dampen til Ornes

I ferien reiste me alltid med Dampen til Ornes og bestefar. Mor var frå Ornes, såleis vart det til at dette vart ferieturen så langt eg kan hugsa tilbake. Eg likte livet og atmosfæra som bord i dei gamle båtane. Og gamle var dei, D/S Sogn frå 1875, D/S Alden 1888, D/S Kommandøren 1891, D/S Firda 1900, D/S Nordfjord 1 frå 1913. Den yngste av denne typen båtar, var D/S Fanaraaken frå 1937.

Halvt anna døger

Langrutene hadde god tid, det same hadde visst folk og som reiste med dei. Ofte tok turen to netter og ein dag, altså eit og eit halvt døger frå Flåm til Ornes. I dag [1995] tek turen med bil og ferjer tre timar. Men dette å få reisa med dampen var ein god del av ferien, så for meg kunne gjerne turen vara. No hadde eg gjerne sett at rutene hadde vore slik at det berre hadde vorte ei natt og to dagar. Men det fekk no so vera, eg var no oppe det meste av natta likevel. Her var så mykje å sjå både om bord og på land at det å sova var bortkasta tid.

Liv og røre i brønnen

Det var i brønnen forut det foregjekk. Her var det lukekarm, med god oversikt ned i lasterommet der matrosane stuva vekk varene etter kvart som hivi landa. Retta ein blikket opp, såg ein det verbitte andletet til båtsmannen der han stod ved lukekarmen på stormdekket og dirigerte hiv ifrå dei letta på kaien over dekket og ned i lasterommet. Matrosen som sat i vinsjen såg lite, og måtte stola fullt og heilt på båtsmannen, - Hiv, fir, unna i rommet, brølte båtsmannen, som for kvart hiv prøvde å overgå den ramlande stimvinsjen.

Levande dyr

Var ein no så heldig at det var kyr eller kalvar blant lasti, vart det verkeleg moro. [Vart tekne om bord og i land med vinsjen.] Det slo aldri feil at den eine ladningen etter den andre landa i rommet eller på dekk så driten skvatt. Dei stakkars matrosane måtte søkja ly så godt dei kunne, endå til båtsmannen måtte sjå å koma i tryggleik. Hestane var meir sindige, så då måtte folki bruka alle sine fagkunnskapar. Kroken måtte av i same augneblinken hesten landa. Om ikkje vart det litt av eit leven. Jau, her var underhaldning for ein ti-åring som reiste åleine for fyrste gong. Året var 1938.

Fyrbøtaren

Litt på avstand studerte eg fyrbøtarane, desse kolsvarte personane i kjeladress som var ute i brønnen for å trekkja frisk luft. Sveitteduken rundt halsen var viss, likeeins luva med stiv grønn skjerm som virka som solbriller då dei skufla inn i denne brennande fyren. Eg lova meg sjølv at ein så svart og så heit arbeidsplass ville eg aldri ha.

Kokken og byssa

Men det eg beundra mest på min vandring i brønnen var kokken og byssa. I lange stunder måtte eg sjå både på kokken og arbeidsplassen hans. Byssa var liten, men alltid i full orden. Panner og kasserollar hengde blankpussa rundt veggene. Ein stor komfyr fyrt med kol tok det meste av plassen. Var det varmt hjå fyrbøtaren, var det ikkje mindre varmt her. Men du for god mat det kom ut herfrå. Middagen om bord i båtane gjekk det gjetord om.

Frå eg var reint liten hadde eg merka meg den særeigna «dampskiplukta», matlukt frå byssa blanda med kumøk, olje, kolstøv, fisk, kraftfor, og ikkje minst vatn frå kjølsvinet. Denne lukta høyrde til om bord i dampen. Det skulle vera slik. Bysseguten som ikkje var stort eldre enn eg var, la eg nøye merke til. Teknikken med å skrella poteter måtte eg beundra. Bøtte etter bøtte gjekk unna. Så snart ei bøtte var ferdig, vart potetskrellet kasta på fjorden. Ureining vart ikkje tenkt på i dei tider.

Kaffi og brus

Vetlevaksen bestilte eg «ein kaffi». Restauratøren kom eigenhendig inn på andre plass og serverte meg ei kvit liti kanna, fløytemugge og to sukkerbitar, alt på eit brett. Nista hadde eg medbragt. Helst ville eg bestilt meg middag, men eg tykte den var i dyraste laget, ei krona og syttifem øre, medan kaiffien kosta meg berre tretti øre. Brus kjøpte eg til maten nokre gonger. Ei flaska kosta femti øre.

Andre klasse under bakken

Andre plass var rett under bakken og i heile båtens breidde, med sofabenker som var trekte med svart kunstskinn. Ryggen kunne slåast opp og nyttast som ekstra køyplass. Putene var runde og harde, dei såg litt rare ut tykte eg. Innreidnaden var enkel med gulkvit faspanel på vegger og tak. Båten hadde elektrisk lys, med solide oljelamper frå gamletida i reserve.

På stormdekket midtskips

For kvar stoppestad måtte eg opp på stormdekket midtskips for å sjå på folk so kom om bord eller gjekk i land. Same kor langt det leid på natt var det mykje folk frammøtt. Nokre for å få med seg posten, andre berre for å sjå. Her midskips var det varmt og godt frå skorsteinen. Postlugaren og billettkontoret fann ein også her.

Maskinrommet

Gjennom dei store vindaugo over maskinrommet kunne eg sjå noko av maskina, sjølv om det meste var innebygd. Her kunne eg også få eit lite glimt av maskinfolki langt der nede.Ingen plass på båten høyrde ein fløyta så kraftig som her midstskips. Sjølv om eg var klar over når båten fløytte, kvapp eg like fælt kvar gong. Fekk eg tid prøvde eg koma meg under tak snarast mogeleg.

Søvnen overtok

Då søvnen tok overtaket, fann eg meg soveplass på ein oppslegen sofarygg på andreplass. Mørkt var det ute, men likevel kunne eg sjå bølgjene gjennom den runde ventilen, der dei i roleg tempo rulla ut frå skipssida, - rulla til søvnen overtok. Men larmen frå dampvinsjen som låg rett over hovudet på andreplass-passasjerane, sytte for at søvnen ikkje vart lang, i fyrste omgang. Men alt blir til ein vane. Til slutt sov eg som ein stein, trass i at stoppestadene låg nokså tett.

Første plass

«1. plass» stod med flotte bokstavar. Fyrsteplass låg på stormdekket akter på båten. Her var ikkje vanskeleg å merka skilnaden på folk. Her var det storfolket reiste. Dette var forbode område for folk som reiste på andre plass. Men freistnaden vart til slutt for stor, eg måtte prøva å gå rundt hekken og dermed få eit lite glimt av herlegheiti. Å du og du for stas, teppe og løparar både på golv og i trapper. Her var ikkje faspanel, men blankpolert mahogny. Men til trass for all stasen fann eg meg langt betre til rette på andre plass, her var liv og rørsle, her følte ein at båten verkeleg hadde både hjarta og sjel.

Mange stoppestader

Etter at langruta hadde vore innom dei fleste stoppestadene i midtre og indre Sogn, tok den endeleg til på Lustrafjorden. Eg hadde då fått med meg både Fridtjof-statua på Vangsnes og den store kvitmåla villaen til godseigar Rumohr i Frønningen. Desse severdighetene måtte eg sjå kvar gong eg reiste, sjølv om det var midt på natti. Men som sagt, grytidleg andre morgonen om bord tok dampen seg inn Lustrafjorden. No gjekk det fort unna. Kinsedal hefte ikkje mykje, Solvorn var det verre med, der tok det altfor lang tid for ein utolmodig ti-åring.

Framme på Ornes

Endeleg Ornes. På kaien var dei mange kjente og kjære vennene mine. Jakob Bugge var viss, det same Jensamartin og Tollen for å nemna nokre. Fleire av ornesingane brukte sokalla snaukoppar på denne tiden. Snaukoppar om sumaren og lånesko om vinteren. Eit nytt snaukoppar-par venta på meg også, laga av onkelen min, Knut Solberg (lette sommarsko sydde av feittlær med snøring rundt hælen). Postmannen Amund Bugge med den store skreppa si var fyrste mann om bord. Sidan heile gjengen, alle skulle kjøpa seg aviser og ukeblad i postlugaren.

Ornes

Freden og roen var lett å føla på Ornes. Blomstrande frukttre og velstelte hagar. Dei store almetrea med frodig lauvverk laga ein sjeldan naturport mot bygdi og kaien. Det same den lange rekkja med gamle grå naust og ei strond fullagt med kvite skjelskal. Storgarden Bugge eller også kalla Sjøgarden, som sikkert kan skriva si historie fleire hundre år tilbake i tid, er nærmaste nabo til kaien og sjøen. Den gamle stavkyrka få 1100-talet ligg på toppen av neset og vitnar om Ornes sin storheits tid. Ornes er ein kulturstad og ei naturpele framfor nokon, ein etterlengta ferieplass både for gamal og ung. Ferien var vel byrja.

kjelder:

Magnus Helge Torvanger: 101 Fjordabåtar. Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR