Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 09. november 2013

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Fylkesbaatane – Stoppestaden Barlindbotn



Barlindbotn i Flora kommune var ein av nær 250 båtstoppestader i Sogn og Fjordane. Fylkesbaatane sitt blad Amtet, har i nr 1/2 1976 eit stykke om Barlindbotn. Det er skrive av ein ikkje namngjeven person frå staden. Her er stykket attgjeve slik det står i bladet, bortsett frå mellomtitlar og innskotne ord i hakeparantes til utfylling.

<p>m/s &laquo;Svan&oslash;y&raquo; (bygd 1925) til kai i Barlindbotn, ein &laquo;v&aring;rmorgon&raquo;. </p>

m/s «Svanøy» (bygd 1925) til kai i Barlindbotn, ein «vårmorgon».

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Biletet står i Amtet 1/2 1976.

Datering: Ukjend

Fotograf: Ukjend

I Eikefjorden

Barlindbotn ligg slik til, at mengda av oss dreg forbi der so ofte no tildags. Men i «gamle» dagar var staden ein stoggestad som «Amtsbåtane» var innom rett so ofte. Mange av lesarane veit vel ikkje eingong kor Barlindbotn er, so la oss først fortelja, at staden ligg i Eikjefjord, ein av dei vakraste småfjordane vi har i distriktet vårt [Sunnfjord].

Ludvig M. Kalsvik første ekspeditøren

Det var i 1914 at Barlindbotn vart teken opp som stoggestad for Nordre Bergenhus Amts Dampskibe, som selskapet heitte den gongen [namnebyte 1919]. I kontrakten som ekspeditøren fekk ved tilsetjinga frå dåverande direktør Torgersen, heiter det mellom anna: «Ved stoppestedet Barlindbotn er herr Ludvig M. Kalsvik antat som ekspeditør for Nordre Bergenhus Amts Dampskibe frå 6. april 1914.» Og so fylgjer då vilkåra for tilsetjinga.

Salutt for første båten – d/s «Balder»

Og måndag 6. april det året kom d/s «Balder» i rute C3 frå Florø og skulle stogga i Barlindbotn for første gong, etter ruteheftet skulle det vera kl. 14.00. Då han litt før rutetid seig inn på bukta der ekspedisjonsbåten låg klar, vart det frå land saluttert for gamle «Balder» [bygd 1875] og staden sitt første møte med «Amtsbåtane»,

I den første tida hadde staden to båtstogg for veka, nemleg måndag og fredag, men etter kvart vart det fleire, og etter ei tid hadde Barlindbotn like mange båtstogg som dei hine stoggestadene i ruta.

Fleire båtar

I dei første åra var det d/s «Balder», d/s «Lærdal», m/b «Florøy» og m/b «Vaagsøy» som trafikkerte i rutene. Men om vintrane, og særleg når det var mykje ishinder, var og d/s «Stavenes» å sjå, meddi båten var ein slik god isbrytar.

Då selskapet i 30-åra fekk m/b «Verøy», «Nesøy», Maaløy» og «Atløy», var desse ofte å sjå i rutene i Barlindbotn. Desse båtane var sers omtykte. Dei var moderne med romslege, trivelege salongar for ferdafolk, dei gjorde bra fart og var gode sjøbåtar etter måten.
 

Det er gjerne frå denne tida at folket i denne delen av distriktet minnest best «Amtet» sine båtar. Seinare vart desse båtane sette inn i andre ruter, men av og til fekk folket i Eikjefjorden sjå dei att.

Slutt etter 56 år

Då Ludvg M. Kalsvik døydde i mars 1959, tok sonen Mathias Kalsvik over ekspeditørjobben – rett nok ikkje fast – til vegen nådde fram til bygda og båtrutene stogga. Det fann stad i 1970. Den 29. mai det året gjekk m/s «Sendingen II» [leigebåt] som siste rutebåt ut frå Barlindbotn. Dermed var ei 56 år gamal soge slutt.

Ettertanke

Men minnet om båttida lever framleis mellom folk. Det var harde vilkår ofte. Vinteren (..) [kunne vera] hard, med snøstorm og is, ofte meins-is, som det var farleg å ta seg over. Og framfor alt, so var det mørkt, - for ikkje å segja svart. Mykje gale har hendt under betre vilkår en dei ein her hadde, men i Barlindbotn gjekk det bra, sjølv om det ofte var nære på.

No ligg vegen her og gjer tilhøva langt enklare, so ingen ynskjer den gamle tida attende. Men litt nostalgisk kan ein likevel verta av og til, når tankane går attende til den tid «Dampen» gjekk her. Mange tykkje dei kjenner lukta i dei gamle salongane og. Men d e t er sjølvsagt dei verste nostalgikarane. Dei meiner no elles at Fylkesbaatane burde hatt råd å ta vare på ein av dei gamle dampane, slik at slekter som kjem kunne få høve til å sjå den framkomsteren som har vore innan kommunikasjonane i Sogn og Fjordane. No er d e t for seint i alle høve [«Atløy», «Stavenes» og Svanøy er seinare tekne vare på som veteranbåtar]. Men Barlindbotn ligg der og ventar på vitjande. Den vakre natura er den same, men rutebåtar er det ingen att av.

 

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Stoggestad 1914-1970. I Amtet, 1/2 1976.

Førsund, Finn B.: Dampen og kaia. Stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998. Selja forlag 1998.

PERMANENT IDENTIFIKATOR