Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 14. mars 2011

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Fylkesbaatane - Nytt dekkshus på ds "Fjalir" 1883



DS ”Fjalir” gjekk i rute for Fylkesbaatane frå 1858 til 1940. Båten si soge er interessant. Det finst skriftlege kjelder mange stader, mellom anna i Hornindal. Der går det fram at ”snedkermester Ole Holmøe” bygde dekkshus på ”Fjalir” vinteren 1883.

<p>Eit tverrsnitt av overbygget skissert i brev datert 30.12.1882 fr&aring; direkt&oslash;r H. Lous til Ole Holm&oslash;e. Noteringane p&aring; fem liner: 1) &rdquo;Seet fr&aring; Enden&rdquo;, 2) &rdquo;R&aelig;kken. Gang. Huset. Gang. R&aelig;kken&rdquo;, 3) D&aelig;kket, 4) Et godt og velsignet Nytaar &oslash;nskes Dem og Deres. 5) &AElig;rb&oslash;digst H.Lous&rdquo;</p>

Eit tverrsnitt av overbygget skissert i brev datert 30.12.1882 frå direktør H. Lous til Ole Holmøe. Noteringane på fem liner: 1) ”Seet frå Enden”, 2) ”Rækken. Gang. Huset. Gang. Rækken”, 3) Dækket, 4) Et godt og velsignet Nytaar ønskes Dem og Deres. 5) Ærbødigst H.Lous”

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Frå fylkesreiarlag til aksjeselskap

Fjord1 Fylkesbaatane AS byrja rutefart Sogn og Fjordane – Bergen i 1858 med namnet Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (NBA). I 1919 vart namnet endra til til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF). Frå starten av heldt Fylkesbaatane sin administrasjon heldt til i Bergen, men i 1986 flytte fylkesreiarlaget ”heim”, til Sogn og Fjordane og Florø. Amtsskipa/Fylkesbaatane var nemleg ei fylkeskommunal verksemd. Fylkeskommunen vart sjølvstendig administrativ eining i 1976. Før 1976 fungerte Fylkesmannen som administrasjon for fylkeskommunen. I 1997 var FSF omskipa til aksjeselskap og i 2001 gjekk FSF saman med Møre og Romsdal fylkesbåtar (MRF) med i konsernet Fjord1 Nordvestlandske AS, Namnet vart endra til Fjord1 Fylkesbaatane. Den 20. april 2012 omorganisering ved at FSF og MRF gjekk inn i eitt selskap med namnet Fjord1.

Fleire stader

Då Bergen hamn vart ramma av ein voldsom eksplosjon i 1944, strauk mykje av arkivet til Fylkesbaatane med. Dermed har det mange gonger skorta på kjeldemateriale når det har vore bruk for historiske opplysningar om Fylkesbaatane. Eit stykke på veg har folk blitt hjelpte ved å gå til fylkesmannsarkivet og ikkje minst til dei trykte fylkestingsforhandlingane for Sogn og Fjordane fylke. Dessutan er det spreidde opplysningar om Fylkesbaatane i kommunearkiva, for det meste saker vedkomande stoppestader og ruter. Avisene er også ei god kjelde.

Mindre brukt og vanskelegare tilgjengeleg er spreidde opplysningar i privatarkiv (ymse slag skriftleg materiale av ikkje-offentleg opphav), t.d. i eit brev der det kan vera fortalt om ei byreise, i ei dagbok eller i andre typer dokument. I denne artikkelen hentar me fram to døme som handlar om DS ”Fjalir”. Felles for begge er at dei knapt har vore brukte i historiske framstillingar. I det eine dømet finn vi jamvel eit korrektiv til ei tidfesting i omtalen av ”Fjalir” i boka ”101 Fjordabåtar. Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-2000.”

”det ene fornødne”

Det eine dømet finst i arkivet til Bergen Indremisjon, i ei dagbok ført av den landskjende presten og forkynnaren Lars Oftedal (1838-1900) dei to åra han arbeidde i Bergen. I innførsla laurdag den 9. juni 1866, får me eit lite glimt av eit vel heller uvanleg innslag i det gjengse livet om bord i amtsbåten ”Fjalir” på veg til Nordfjord. Oftedal skriv:

”Ved middags-tider drog vi Flere i Følge fra Bergen til Kredsmødet på Nordfjordeid. Jeg uddelte adskillige Tractater om bord og talte med flere Passagerer om det ene Fornødne. Om aftenen holdt Schreuder Andagt om bord.”
 

Dekkshus frå Nordfjord
 

Det andre dømet er opplysningar i nokre papir i Privatarkiv SFF 92015 HOLMØY. Dei handlar om eit moderniseringstiltak på ”Fjalir”, eit nytt dekkshus. Holmøy-arkivet inneheld fleire dokument om saka, korrespondanse mellom ”snedkermester” Ole Holmøe og H. Lous, administrerande direktør i Nordre Bergenhus Amts Damskibe. Det eldste brevet er datert i Bergen 27.11.1882. På spørsmål frå Ole Holmøe orienterer direktøren om det planlagde arbeidet:


”-- det til Halvdækket paa Fjalir bestemte Hus, der skal indeholde Røgelugar for Herrer, og et rum for Damer, samt Rum over Nedgangen fra Halvdekket til Kahytterne under Dæk, tænkes forarbeidet af bedste Malmfuru, med Standerværk og Speilfyldinger. Det bliver 20 Fod [1 fot = 31,27 cm] langt, 7 fod bredt og 7 Fod høit (…)”.

Direktøren skriv vidare at det det alt er kome inn ”Anbud fra Snedkere og Verksteder her paa Stedet”. Dersom Holmøe ynskjer å vera med i konkurransen, må han vera brennsnar. Ole Holmøe fekk byggjeoppdraget. Kontrakt vart underskriven 10. desember 1882, og i etterskrift på dokumentet står fylgjande:

”Der tilstaaes O. Holmøe fri Befordring paa Amtets Dampskibe for de forarbeidede Materialer til Huset samt for sig selv paa 1ste Plads og for sine medhavende Arbeidere paa 2den Plads frem og tilbage naar han reiser ind til Bergen for at opsætte Huset”.
 

Om dekkshuset i andre kjelder

Boka ”101 Fjordbåtar ..” (2002) omtalar dekkshuset i følgjande setning: ”I midten av 1890-åra fekk ”Fjalir” ei ny modernisering [den første var i 1873]. Då vart brua løfta, og skipet fekk eit dekkshus akter med salong for førsteklassepassasjerane.”

I dei trykte fylkestingsforhandlingane, årsmelding for Nordre Bergenhus Amts Dampskibe for 1882, står det:

”.. har ”Fjalir” i Løbet af Vinteren [1883] faaet (…) nyt og forstørret Dækshus paa Halvdækket, hvorved er opnaaet, foruden Overbygning over Nedgangstrappen til 1ste Plads Kahyt, en større Røgelugar og et mindre Dækslugar for Damer.”
 

Frå Hornindal til Bergen

Vi kan oppsummera: ”Snedkermester O. Holmø” i Holmøyane, Hornindal kommune, vann i 1882 anbodet på nytt dekkshus på ”Fjalir”. Han prefabrikerte eit stykke på veg dekkshuset i snikkarverkstaden sin i Holmøyane, frakta elementa ned til dampskipstoppestaden på Nordfjordeid, lasta om bord i eit av amtsskipa, reiste sjølv til Bergen på 1. plass medan ”medhavende arbeidere” måtte ta til takke med 2. plass. Det nye dekkshuset kom på plass vinteren 1883, ikkje ”i midten av 1890-åra”.
 

kjelder:

Kleppa, Hermund: Kjelda. Nr. 1. 1992.
Nordre Bergenhus Amtsformandskab: Forhandlinger for Aaret 1883.
Torvanger, Magnus Helge: 101 fjordabåtar. Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-2000. 2000.