Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. februar 2015

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane – Skorsteinsmerket



«Det sterkaste skipsfartssymbolet vi har her i landet, heilt tilbake til 1858. Glinsande svart med knallraudt magebelte. Den gjev eit visuelt uttrykk som er heilt eineståande uslåeleg». Det var Jan Ormberg sin karakteristikk av FSF-skorsteinen i eit engasjert avisinnlegg i 2009. Forfattaren av boka "101 Fjordabåtar. Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-2008" skildrar den same skorseinen i litt snauare ordelag: «Fylkesbaatane har svarte skorsteinar med eit raudt felt på midten.»

<p>DS &quot;Framn&aelig;s&quot;, f&oslash;rste skipet til Fylkesbaatane i rute Bergen - Sogn, 2. desember 1858, skipingsdato/&aring;r for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Maleriet er datert 1859. Skipet har tre kjennemerke: skipsnamnet, skorsteinen: raudt band p&aring; svart botn, og flagget: bl&aring;tt kryss i kvitt rektangel p&aring; raud botn.</p>

DS "Framnæs", første skipet til Fylkesbaatane i rute Bergen - Sogn, 2. desember 1858, skipingsdato/år for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Maleriet er datert 1859. Skipet har tre kjennemerke: skipsnamnet, skorsteinen: raudt band på svart botn, og flagget: blått kryss i kvitt rektangel på raud botn.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1859 (målarstykket)

Fotograf: Ukjend

Frå Fylkesbaatane til Fjord1

Den 27. november 1857 vedtok amtsformannskapet (fylkestinget) i Nordre Bergenhus Amt (frå 1919 Sogn og Fjordane fylke) å skipa dampskipsselskap. Føretaket fekk namnet Nordre Bergenhus Amts Dampskibe. Dampskipet «Framnæs» gjekk første turen frå Bergen 2. desember 1858, og denne datoen står som skipingsdato for Fylkesbaatane. Selskapet endra namn til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane i 1919. I 2001 gjekk Møre og Romsdal fylkesbåtar (MRF) og Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF) med i konsernet Fjord1 Nordvestlandske. Fylkesbaatane fekk kort tid etter namnet Fjord1 Fylkesbaatane. Den 20. april 2012 gjekk dei to selskapa saman i eitt selskap, Fjord1. Frå 2001 vart dei gamle kjennemerka, namn, flagg og skorstein, gradvis avvikla ved skifte til Fjord1-kjennemerke.

Skorsteinen – eitt av fleire kjennemerke

Målarstykket «Framnæs», 1859, av F.M. Søvig, viser Fylkesbaatane sitt første fartøy. Skipet har fleire godt synlege kjennemerke: skorstein med raudt belte på svart botn, reiarlaget sitt flagg i frammasta med blå x i kvitt felt på raud botn, og skipsnamnet Framnæs på vimpel i aktermasta. Alle fartøya til Fylkesbaatane hadde same skorstein i 154 år, raudt belte på svart botn; i alt over 100 båtar i tida 1858 – 2012. FSF-skorsteinen var eitt av kjennemerka til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, og dermed også eit varemerke.

Skorsteinane den første tida

Tre store reiarlag på Vestlandet vart skipa i 1850-åra; Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) i 1851, Det Stavangerske Dampskibsselskab (DSD) i 1855 og Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF) i 1858. Alle tre segla med uendra skorstein; BDS med tre kvite ringar, DSD med tre raude ringar, og FSF med raudt belte. Det står lite i reiarlaga sine historiebøker om kva som låg til grunn for valet av skorsteinsfargane. 101 Fjordabåtar har følgjande om skorsteinane den fyrste tida til dampskipa:

«Dampskipa hadde høge skorsteinar med jernband rundt til forsterking. Først var skorsteinane svarte. Men i 1850-åra tok reiarlaga til å måla skorsteinane sine, til dømes med ein annan farge på banda, eller på feltet mellom banda. Skorsteinsmerka vart etter kvart eit viktig kjennemerke på skipa til kvart reiarlag. Fylkesbaatene har svarte skorsteinar med raudt felt på midten.»

«Lys opp mot skorsteinen» - eit krigsminne

Olav Bøthun, fødd 1905, byrja i Fylkesbaatane 10. april 1928. Då han runda 75 år, hadde FSF-bladet Amtet portrettintervju med han. Bøthun fortalde òg noko frå krigsåra 1940-1945.

«Det gjekk stort sett bra, men det var ofte påkjenningar. Tidt var vi vel nærare ulukka enn vi visste. Vi veit nå, at ein britisk torpedobåt ein kveld låg og lurte på ein tysk konvoi ute i skjera og at britane heldt på å senka oss. Hadde det ikkje vore ein om bord som kjende båten og skorsteinsmerket – vi hadde lys opp mot skorsteinen – så hadde vi nok vore ferdige den gongen.»

Skorstein i endring

Skorsteinen på målarstykket «Framnæs»,1859, er høg og det velter ut svart og tjukk røyk. Fartøyet var utstyrt med kolfyrt dampmaskin. Høge skorsteinar var naudsynt av omsyn til mannskap og reisande. Fartøy med forbrenningsmotorar frå første halvdel av 1900-talet hadde mindre utslepp, og såleis ikkje trong for like høge skorsteinar. Men skorsteinen held fram med å vera ein godt synleg del av fartøyet. Somme båtar og bilferjer blei utstyrt med pynteskorsteinar, kalottar, plasserte midskips. Ferja «Esefjord» hadde jamvel skorsteinkalott på styrehustaket. Derimot hadde ingen av Fylkesbaatane sine snøggbåtar den tradisjonelle skorsteinen med raudt belte på svart botn.

Etterlyste FSF-skorsteinen

Pynteskorsteinane hadde kort levetid. Dei nye pendelferjene på 1970-talet,”Aurland”, ”Sunnfjord” og fleire, kom med anonyme skorsteinar på sidene, utan rederifargen. Det likte ikkje fylkesgeolog Bjørn Falck Russenes. I 1979 sende han brev til ”AMTET”, Fylkesbaatane sitt blad, og spurde om selskapet var blitt ”aldeles redd for å vise seg frem med full identitet.” Han ba redaksjonen finna ut kva som var årsaka til ”miseren” og gjera noko for å ”få selskapet til å føre en gammel og fornuftig tradisjon videre.” Og Fylkesbaatane gjorde noko. Kort tid etter kom ferjene med den velkjende skorsteinen som etter Russenes si meining var med og «viste identitet.» Og det blei fast praksis seinare, oftast to skorsteinar med raudt belte på svart botn, om enn skorsteinane var ulike på utforming og plassering.

Nye kjennemerke

I 2001 gjekk reiarlaga FSF og MRF inn i konsernet Fjord1 Nordvestlandske. Etter kvart kom nye kjennemerke, først namnet Fjord1, seinare nytt flagg, og frå 2012 ny skorstein. I fleire år vart kjennemerka til dei tidlegare reiarlaga gradvis skifta ut. Fylkesbaatane sine fartøy segla med to flagg til 10. oktober 2009, og skorsteinane var måla om i åra 2012-2015.

Ikkje utan protest

Firinga av FSF-flagget 10. oktober 2009 utløyste ein storm av protestar. Fleire tusen melde seg på facebook-gruppa Vil ha Fylkesbaatane-flagget tilbake! Somme kom med sterke meiningsytringar i avisene. Jan Ormberg var redd for at det og var slutten for skorsteinen: «Det sterkaste skipsfartssymbolet vi har her i landet.» Det var det, pr. 2015 var alle FSF-skorsteinane endra til ny Fjord1-skorstein med raud og blå stripe eit stykke rundt, pluss svart kan oppe.

kjelder:

Torvanger, Helge Magnus: 101 Fjordabåtar. Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-2000. Selja forlag 2000.