Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 27. januar 2009

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Fylkesbaatane - Frå krigsskip til fjordabåtar



Tett innunder jul 1947 og på nyåret 1948 kom dei to tidlegare ubåtjagarane HMS «Kildwick» og HMS «Kilham» til Noreg. Dei skulle ombyggjast og bli til passasjerbåtane «Sunnfjord» og «Sognefjord».

Otto Ersland: Frå krigsskip til flaggskip. 2006

Otto Ersland: Frå krigsskip til flaggskip. 2006

Eigar: faksimile

Datering: 2006

Fotograf: faksimile

Bok
I 2006 kom det ut ei interessant og velskriven bok om ubåtjagarane som blei passasjerskip langs kysten av Noreg. Boka har tittelen «Frå krigsskip til flaggskip», og er skriven av Otto Ersland. To av desse båtane var MS «Sognefjord» og MS «Sunnfjord». Ersland fortel om båtane frå dei kom frå verftet i Chicago i 1943 og til dei enda sine dagar.

Ubåtjagarar
Det vart levert 15 ubåtjagarar til England i ei klasse kalla KIL. Namnet viser til at båtane vart kalla opp etter landsbyar kring Glasgow som alle byrja på Kil-: Kilbirnie, Kilbride, etc. (s.29). Sju av desse KIL-båtane kom etter krigen til Noreg, og seks av dei vart flotte passasjerbåtar i dei vestlandske fjordane.

Båtane var moderne skip i 1943, hadde ei lengd på 184,6 fot, var 33 fot breie og 9,6 for djupe. Som krigsbåtar hadde dei eit mannskap på 100, av desse om lag 10 offiserar. Båtane hadde to dieselmotorar om dreiv kvar sin propell. Kvar motor ytte 900 hestekrefter som gav båtane ein toppfart på 16 til 17 knop. Dei var dermed godt eigna som ’vaktbikkjer’ til å ta opp kampen med ubåtar.
 

Dei seks båtane som vart ombygde til passasjerbåtar etter krigen: HMS Kilbirnie (MS Haugesund 1943 -1997), HMS Kilbride (MS Jylland 1943 – 1986), HMS Kilchattan (MS Stavanger 1943 – 1983), HMS Kilchrenan (MS Sunnhordland 1943 - ), HMS Kildwick (MS Sunnfjord 1943 – 1983), HMS Kilham (MS Sognefjord 1943 - ).

MS «Sunnfjord»
HMS «Kildwick», som skulle bli til MS «Sunnfjord», vart lagd i opplag i England etter krigen. Tett innunder jul 1947 drog folk frå Fylkesbaatane over for å ta båten til Noreg. Den var i dårleg stand, men etter ein del arbeid greidde dei å gjera båten sjødyktig. 19. desember sette dei kursen mot Noreg, og tre dagar seinare kunne dei klappe til kai i Bergen. I 1948 vart båten bygd om til passasjerbåt ved Haugesund Mekaniske Verksted.

Overleveringa til Fylkesbaatane skjedde 8. mai 1949. Med 130 innbedne gjester om bord gjekk dei innover Ryfylkefjordane til Sauda. På attendeturen til Haugesund vart båten formelt overlevert og Fylkesbaatane sitt flagg gjekk til topps i masta. Same kvelden gjekk «Sunnfjord» til Bergen.

 Storhending
Det var ein stor dag då «Sunnfjord», sommaren 1949, byrja å gå i rute mellom Bergen og Sogn. Det flotte motorskipet likna ikkje nokon annan båt, og borte var røyken frå dei oljefyrte dampmaskinane. Båten hadde reine liner, lyse romlege salongar, store vindauge og fine møblar. Retteleg eit stasskip og snøggruteskip som kunne kryssa fjordane med 15 mils fart. Bygdene i Sogn og Fjordane vart med «Sunnfjord» knytt tettare til Bergen.

24 år
«Sunnfjord» hadde si storheitstid i 24 år, fram til 1973. På veg frå Sandane til Bergen det året braut eine motoren saman, og det vart alt for dyrt å reparere. Båten vart lagd i opplag i Florvåg, og tente dei neste 10 åra som deleskip for MS «Sognefjord». Frå 1977 miste «Sunnfjord» namnet til ei ferje, og vart no «Sunnfjord» II. I 1983 skulle båten tauast til Grimstad for å bli kontorskip. Det skulle bli siste reis. Om kvelden 22. oktober la båten seg over på sida, og neste dag måtte dei løyse slepet. Like etter gjekk båten rundt med botnen i veret og sokk. Siste kvilestaden for «Sunnfjord» vart såleis havbotn nordvest for Egersund,- 35 år etter at båten kom til Norge.

MS «Sognefjord»
HMS «Kilham», som skulle bli MS «Sognefjord», låg og i opplag i England etter krigen. Folk frå Fylkesbaatane drog på nyåret 1948 over for å henta denne båten. Overfarten til Bergen gjekk greitt, og båten vart snart etter teken til Haugesund for ombygging. Dårleg økonomi i Fylkesbaatene gjorde at ombygginga måtte kostast av ei finansgruppe i Bergen. Fyrst i 1957 kunne «Sognefjord» overførast til Fylkesbaatane.

Men «Sognefjord» vart alt i 1950 sett i rute på Sogn og Fjordane, og heldt fram i denne rutefarten til 1982, i 32 år. Ein kald novemberkveld det året kunne folk i Årdal ta eit siste farvel med båten. Av dei sju båtane i KIL-klassen som vart passasjerbåtar i Norge, var Sognefjord den som gjorde lengst nytte for seg. Og i motsetnad til systerskipet «Sunnfjord», var det mest ikkje uhell med «Sognefjord» dei 32 åra båten gjekk i rute.

Seinare
Etter 1982 byrja eit omflakkande liv for «Sognefjord». Fyrst vart båten nytta som losjiskip på Svalbard under innspelinga av filmen Orions Belte. Båten fekk då namnet «Orion». Seinare vart båten losjiskip i Vestnes. Frå 1987 vart det cruiseturar med båten, mellom Finland og Russland. Om vinteren gjekk båten i rute i Middelhavet, mellom Kypros og Libanon. Mellom 1991 og 1997 vart båten kjøpt og seld mange gonger. I 1996 til Honduras, men alt året etter til Thailand, der båten fekk namnet «Explorer» Seinare kom båten til Malaysia med namnet «Orient Explorer»

.I 2007 var det framleis liv i gamle Sognefjord. Båten var eigd av ein nederlendar, og segla framleis under namnet «Orient Explorer». Mellom anna vart båten nytta til cruise-turar for dykkarar. Båten var i god stand, og hadde framleis Fylkesbaatane-flagget i baugen. I 2012 er gamle «Sognefjord» til salgs. Ei facebook-gruppe ønskjer båten tilbake til Noreg.

MS «Sunnhordland» på framsida av ny utgåve

Hausten 2016 kom boka «Frå krigsskip til flaggskip» i ny utgåve, med ny framside: MS «Sunnhordland» tilbake frå utlandet som verna veteranbåt. Stor folkefest på hamna i Leirvik då «Sunnhordland» la til kai, 4. november 2016. Forfattaren Otto Ersland skriv:

Dette er andre utgåve av boka "Frå krigsskip til flaggskip". Boka fortel om dei sju Kil-skipa som kom til Noreg etter krigen. Her får du historia om MS Sognefjord, MS Sunnfjord, MS Sunnhordland, MS Haugesund, MS Stavanger, MS Jylland og MS Nadodd. Boka har fått ny framside og kapittelet om «Sunnhordland» er sjølvsagt utvida noko, men elles er dette mykje den same boka. Eg hadde stor glede av å lage denne boka i 2006 og eg håpar ho kan gje folk like stor glede i dag som ho gjorde då ho først kom ut for vel over ti år sidan.»

kjelder:

Ersland, Otto: Frå krigsskip til flaggskip. Historia om ubåtjagarane som blei passasjrskip langs kysten av Noreg. Forlaget Kapabel 2006.

PERMANENT IDENTIFIKATOR