Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 20. oktober 2011

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Det Stavangerske Dampskibsselskab (DSD) i Sogn og Fjordane



1.mai 2012 tok NORDLED over ekspressbåtrutene mellom Sogn og Fjordane og Bergen. Fjord1 tapte anbodskonkurransen i 2010. DSD eig 100% i NORLED og alle NORLED-fartøya fører DSD sitt rederiflagg. På ein måte var det DSD som kom til Sogn og Fjordane 1. mai 2012, men Sogn og Fjordane er på ingen måte nytt farvatn for DSD/Stavangerske.

<p>MS &rdquo;Kong Olav&rdquo;, bygd 1950 for fart i hurtigruta Bergen-Kirkenes-Bergen.</p>

MS ”Kong Olav”, bygd 1950 for fart i hurtigruta Bergen-Kirkenes-Bergen.

Eigar: Aune Forlag

Datering: 1950-1978

Fotograf: Ukjend (Aune Forlag)

Lang historie

Det Stavangerske Dampskibsselskab har fått laga to bøker om historia si. Den eine kom i 1955 i høve selskapet sitt 100 års-jubileum. Den andre kom til 150 årsjubileet i 2005. Det Stavangerske Dampskibsselskab vart oppretta som privat føretak i Stavanger. Føremålet var å skaffa regelmessig rutefart mellom Ryfylke og Stavanger. Den første båten var hjulbåten ”Ryfylke”. Etter kvart utvida DSD med fleire båtar og større aktivitetsområde. I dag er DSD eit storkonsern med ferje- og lokalbåttrafikk, godstrafikk og internasjonal shipping. Båtar med Stavangerske sine kjennemerke har også kursa skipsleiene i Sogn og Fjordane og lege til kai mange stader i fylket.

Skorstein og flagg

Stavangerske sin skorstein var frå starten tre raude ringar på svart botn. Etter krigen 1940-1945 fekk nye fjordabåtar og ferjer dei tre raude ringane på gul skorstein. Flagget er yngre. Først i 1903 vart dei tre raude ringane utforma med tre raude striper på kvit botn og med ei kvit stjerne på blå trekant nærast stanga. DSD-flagget liknar mykje på Puerto Rico sitt nasjonalflagg frå 1894.

Hurtigruta

Stavangerske kom med i Hurtigruta i 1919 og hadde eitt skip i denne prestisjetunge ruta til 1978. DSD sine hurtigruteskip var såleis fast å sjå i leia på Sogn og Fjordane-kysten og godt kjende på hurtigrutestoppestadene Florø og Måløy. Stavangerske sine best kjende hurtigruteskip er ”Kong Haakon” (1904-1953), ”Sanct Svithun”, (1927-1943)” Sanct Svithun” (2) (1950-1962) og ”Kong Olav” (1964-1978). Merknad: Årstala står for tidsrom i DSD si eige.

”Sanct Svithun”

Krigsforliset på Stadhavet 30. september 1943 knyter DSD og Sogn og Fjordane saman på ein særskild måte. Hurtigruteskipet ”Sanct Svithun” var på sørgåande då det blei påteke av allierte fly og sett i brann. Mannskapet greidde å setja skipet på grunn ved Kobbholmen rett ut av Ervika. Folk frå Ervik sprang straks til båtane sine og kom dei skipbrotne til hjelp. Under særs vanskelege tilhøve berga dei over 70 menneske. 44 nordmenn omkom og ein stad mellom 12 og 20 tyske soldatar. To av dei omkomne var frå Sogn og Fjordane

Vraket vart liggjande på grunn to-tre dagar før det seig ut og forsvann på djupna. Ein mann i Ervik vart beden om å prøva å berga skipsklokka. Han fekk med seg ein til å hjelpa seg og dei greidde å få klokka laus og få ho velberga på land. Straks etter vart ho sendt til Stavanger. Stavangerske inngraverte ei helsing og sende ho attende som ein symbolsk takk til Ervik-folket. Det står: "Til Ervik folket, i erkjentlighet for redning av menneskeliv ved D/S "Sanct Svithun"s krigsforlis 30. september 1943." Skipsklokka heng no som kyrkjeklokke i minnekapellet i Ervik.

Skipsinspektør Brækhus var ein av dei som blei berga. Han skal vera den fyrste som sette fram tanken om at folket i Ervik burde få eit minnekapell for innsatsen sin under bergingsarbeidet. Mange slutta seg til tanken, og alt i 1944 vart det sett ned grunnstein. Krigen gjorde at det vidare arbeidet vart lagt på is, og fyrst i 1968 vart arbeidet teke opp att med ny grunnstein, no på ein annan stad, like ved gravstaden. Minnekapellet Ervik Kapell stod ferdig i 1970 og vart vigsla 14. juni av biskop Per Juvkam. Nærare 1000 menneske var til stades.

”Ryfylke”

Eit anna passasjerskip som tilhøyrde DSD ligg også på havsens botn ved Stadt. Vinteren 1941 var DS ”Ryfylke” leigd ut til Nordenfjeldske Dampskibsselskab for fart i Hurtigruta. I kveldinga onsdag 5. februar 1941 vart skipet stoppa og søkkt av ein britisk ubåt i skipsleia ved Kvitnes. Passasjerane og mannskapet vart berga av redningsskøyta ”Chr. Bugge”.

Framfjorden og andre stader

DSD har også hatt båtar i godstrafikk på Sogn og Fjordane. Olav H. Kleppa, fødd 1942, fortel at då han kring 1960 var matros på Stavangerske sin godsbåt DS ”Tungenes”, var dei i Framfjorden, Vik kommune, og lasta talcummjøl i sekkjer. Dei gjekk og til Årdalstangen og lasta råaluminium for svensk hamn. I Sverige lasta dei stålplater for fleire skipsbyggjeri i Noreg, mellom ann Florø. Dei hadde også turar til Svelgen.

I godsrute Stavanger-Trondheim

Olav H. Kleppa fortel elles at DSD hadde samsegling med Innherred (Innherred Aktie Dampskibsselskab) i ei godsrute Stavanger-Trondheim. Faste stoppestader i Sogn og Fjordane var Måløy og Florø. Av ei annonse i florøavisa Firda Folkeblad 26.02.1957 går det fram at DSD då hadde to skip i ruta,” Ulsnes” og ”Akershus”. Ekspeditør i Florø var K. Jansen.

«Kong Sverre» - leigebåt for Fylkesbaatane

Natt til 9. mai 1961 grunnstøytte fylkesbåten «Nordfjord I» på Kalshove ved Lygra. Mannskapet fekk båten inn til kaia, men litt over klokka 5 seig båten ut frå kaia og vart liggjande halvt under vatn. Både passasjerane og mannskapet kom frå hendinga utan mein.

Fylkesbaatane fekk leiga DSD-båten «Kong Sverre» som erstatningsbåt. «Kong Sverre» gjekk FSF-ruter sommaren 1961 og 1962 både på Sogn og Nordfjord:

«Den gikk sin første tur for FSF torsdag 6. juli 1961 i rute D5 til Årdalstangen med retur fredags kveld. Lørdag morgen var det så Turisrute A til Nordfjord med retur søndag kveld.
Gikk i 6 uker i begge ruter, og avsluttet lørdag 19. august til Nordfjord. Samme opplegg i 1962.»

”Austri”

Eit tredje DSD-forlis i Sogn og Fjordane skjedde 19. september 1979 då lasteskipet ”Austri” forliste ved Sletringen i Gulen. Mannskapet på ni gjekk frå borde i redningsflåte, men i den grove sjøen gjekk flåten rundt og fem av mann omkom. Byrknes kapell har ei kyrkjeklokke med innskrifta ”Til minne om ”Austri”s forlis 1979.”

To ferjer frå skipsverftet ved Sognefjorden

Sogn og Fjordane har levert to ferjer til DSD, begge bygd ved Løland Motorverkstad/Løland Verft as (no Havyard Leirvik AS), Leirvik i Hyllestad kommune. Den første var mf ”Strand” i 1966, den andre mf ”Finnøy” i 1971. ”Strand” var den eine av to ferjer i det etter kvart sterkt trafikkerte sambandet Stavanger-Tau.

2012 NORLED

I 2010 vann Tide Sjø (etter 2011: NORLED) anbodskonkurransen om ekspressbåtrutene Sogn og Fjordane - Bergen for perioden 2012-2020. Selskapet tok over rutene 1. mai 2012. Samstundes var det sluttstrek for Fjord1 Fylkesbaatane (tidlegare Nordre Bergenhus Amts Dampskibe/Fylkesaatane i Sogn og Fjordane) etter 154 år samanhengande fart i rutene Sogn og Fjordane-Bergen.

kjelder:

Lorentzen, H.R: Det Stavangerske Dampskibsselskab 1855 – 12. februar – 1955. 1955
Bakka, Dag jr.:Selskabe. Det Stavangerske Dampskibsselskab 150 år. 1855-2005. 2005
Firda Folkeblad. 07.02.1941
 

Opplysningar frå Olav H. Kleppa; Hjelmeland