Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. januar 2014

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Fylkesbaatane – Gamle minne dukkar fram



«Me lærde oss å kjenna eimbåtane på fløyta. Sjølv om det var mørkt so visste me kva for ein det var. Når det var lyst og båten kom til Nessane eller Sylvarnes so såg me eimen då båten fløytte, me tok då den tidi som gjekk til me høyrde lyden, og kunde soleis rekna ut avstanden.» Dette fortel Bjarne Geithus i Fylkesbaatane sitt meldingsblad Amtet 3/1982. Han budde på den veglause garden Geithus i Vik kommune.

<p>DS &quot;Stavenes&quot;, bygd 1904, gjekk ekstratur til songarstemna i H&oslash;yanger sommaren 1930. B&aring;ten gjekk fr&aring; Ytre Kvams&oslash;y 01.30 om natta, vidare innover om Balestrand, Leikanger og Hermansverk, s&aring; over fjorden til Feios og utover om Vangsnes, Vik, Arnafjord (kl. 07.45), Ortnevik og derifr&aring; over fjorden med ankomst i H&oslash;yanger 09.15.</p>

DS "Stavenes", bygd 1904, gjekk ekstratur til songarstemna i Høyanger sommaren 1930. Båten gjekk frå Ytre Kvamsøy 01.30 om natta, vidare innover om Balestrand, Leikanger og Hermansverk, så over fjorden til Feios og utover om Vangsnes, Vik, Arnafjord (kl. 07.45), Ortnevik og derifrå over fjorden med ankomst i Høyanger 09.15.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Fotograf: faksimile frå avisa "Sogningen"

Gard på Strendene

Geithus, i Vik kommune, ligg til sjøen mellom Arnafjorden og Finnafjorden. Opphaveleg var det berre eitt bruk på Geithus, men i 1915 vart garden delt i to bruk. Bjarne Geithus (1919-2002) og broren Olav dreiv kvar sin gard.

«Drøymde om å verta skipper

Heilt frå eg var smågut har eg vore interessert i selskapet sine båtar. Eg hugsar at eg fantaserte om at når eg ein gong vart stor, so skulde eg verta mann om bord, og med tid og skulegong verta skipper. Men det går ikkje alltid som me tenkjer og ynskjer. Tysk invasjon og familietilhøve sette ein stoppar for mine planar. Eg minnest då me gjekk heime og skulde hjelpa til med arbeidet, når tidi nærma seg at dampen var ventande, so var det båten det vart snakka om. «Skal tru kva for ein båt som kjem i dag?» Særleg var det interessant å tippa på båten frå Bergen.

Arnafjorden [Nese] var stoppestaden for Geithus

I den tidi var det ei rute som kallast Fjærlandsruta, av di den gjekk ikkje lenger inn i Sognefjorden. Den ruta gjekk frå Bergen kvar tysdagskveld og var i Arnafjord [Nese] onsdagskveld kl. 21.30. So sant det let seg gjera so måtte me ro innover den tidi når dampen var ventande. Då fekk me posten og so fekk me fretta nytt. Det var ikkje radio og fjernsyn i dei dagar. Særleg gildt var det å sjå dampen på nært hald. For det meste so var det «Framnæs» og «Fjalir» som hadde denne ruta. Det hende at «Kommandøren» og «Nordfjord I» kom, då var det ekstra stas.

Kjende båtane på fløyta

Me lærde oss å kjenna eimbåtane på fløyta. Sjølv om det var mørkt so visste me kva for ein det var. Når det var lyst og båten kom til Nessane eller Sylvarnes, so såg me eimen då båten fløytte, me tok då den tidi som gjekk til me høyrde lyden, og kunde soleis rekna ut avstanden.

Første gong med dampen

Eg hugsar godt første gongen eg fekk reisa med dampen. Det var den 1. juni 1930, det var songarstemne i Høyanger. «Stavenes» gjekk med folk til stemna. Det var båtstopp nedanfor heimen vår [Geithus var ikkje fast stoppestad]. Visst var det kjekt å høyra på alle desse flinke songkori, men dette å få fylgja dampen var no det likaste av alt.

Karterte varer

Sjølv om eg ikkje fekk min draum oppfylt om å få gjera teneste om bord, so har eg fått kartera varer for Fylkesbaatane heilt sidan 1955, og gjer det framleis. Om eg ikkje har godtgjersle for dette, so gjer eg det med glede. I den tidi eg har hatt dette arbeidet, so har eg vorte kjend med mange av dei tilsette både om bord og i land, og det er ei gleda å få helsa på dei og lesa om dei i «Amtet».

No er alle dei gamle eimbåtane borte, det er vemodigt å tenkja på, men tidene forandrar seg, og nye krav vert stilte til samferdsla, so det er tidens gang. Med dette so vil eg ynskja lukka til og framgang for Fylkesbaatane.»

Ulukke på fjorden

Bjarne Geithus fortel om første turen sin med dampen, frå Geithus til Høyanger på songarstemne, 1. juni 1930. Av ei notis i Sogns Tidende, 24.05, går det fram at d/s «Stavenes» og m/b «Maaløy» gjekk ekstraturar til songarstemna, høvesvis frå Kvamsøy og Eivindvik. Den same avisa melder elles om ei «syrgjeleg ulukka» på fjorden denne dagen, seint søndagskvelden midtfjords utanfor Vangsnes. Ein av mannskapet på m/b «Arnafjord» fall over bord og vart ikkje attfunnen. «Arnafjord» var og på veg frå Høyanger med folk som hadde vore på songarstemna, og det bar slik til at «Stavenes» på veg frå Vangsnes til Leikanger (etter å ha vore oppom Geithus, Arnafjord, Vik og Vangsnes) kom til ulukkestaden, og hjelpte til i leitingsarbeidet. Det var ein av mannskapet på «Arnafjord» som fall på sjøen. Dei såg han flaut ei stund, men alt leitearbeidet var til fånyttes.

kjelder:

Informasjon frå:
Arne Inge Sæbø, Vik.

PERMANENT IDENTIFIKATOR