Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. mai 2014

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Fylkesbaatane – Stoppestaden Midtfjords



«I don't beleive it! People are just stepping from one boat to the other on the open sea!» (Spontant utbrot frå ei engelsk dame som sommaren 2010 fekk oppleva å vera vitne til at Fylkesbaatane sin snøggbåt i rute Bergen – Flåm gjekk opp på sida av ei ventande ferje i rute Kaupanger – Gudvangen). Korrespondanse mellom fartøy i Aurlandsfjorden/Sognefjorden tok slutt 2012. Denne korrespondansen hadde då vore praktisert i minst eitt hundre år.

Korrespondanse Midtfjords sommaren 1999 mellom ferja «Sognefjord» og snøggbåten «Solundir» i sommarruta Bergen – Flåm.

Korrespondanse Midtfjords sommaren 1999 mellom ferja «Sognefjord» og snøggbåten «Solundir» i sommarruta Bergen – Flåm.

Eigar: Selja Forlag/Terje Eggum

Datering: 1999

Fotograf: Terje Eggum

«finst ikkje i andre båtruter»

Boka «Dampen og kaia» (1998) inneheld omtale av 000 stoppestader Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane trafikerte i åra 1858-1998. Stoppestaden Midtfjords i Aurland kommune skil seg ut ved at det er ein stoppestad ute på fjorden. «Dampen og kaia» skildrar Midtfjords slik:

«I rutene til Fylkesbaatane har det lenge vore ein stoppestad kalla Midtfjords. Dette er eit korrespondansepunkt ytst i Aurlandsfjorden, der t.d. ekspressbåten i vår tid [til 2012] korresponderer med ferje til Flåm. Tidlegare kunne det vere fleire båtar som møttest. Endåtil bilar vart køyrde frå ein bilførande båt til ein annan, t.d. i den tid då bilferje frå Vadheim/Nordeide til Lærdal hadde med bilar som skulle til Gudvangen [frå 1934]. (…) Nokon liknande korrespondanse finst ikkje i andre båtruter i landet, og truleg heller ikkje i heile verda»

Fleire namn

«Tidlegare gjekk Midtfjords under namnet Solsnes, etter eit nes ytst på austsida av Aurlandsfjorden. Namnet Beitelen har og vore nytta, namnet på det markerte fjellet som skil Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden. Beitelen er det første namnet vi finn, brukt i alle fall i 1919. I 1912 finn vi at dampskipet «Lærdal» i rute til Balestrand korresponderte «i Fjorden» med rutebåt til Gudvangen.»

På feil båt – men likevel flott oppleving

Korrespondanse mellom to båtar var det mest vanlege, men det hende og at tre båtar la til attmed kvarandre. Elin Pehrson Grytting fødd 1952 i Bærum med slektsrøter i Sogn, busett på Sandane sidan 1976, fortel om eit barndomsminne frå Midtfjords. Familien kom om bord i feil båt.

«På 60-talet fekk familien seg bil og turane mellom Bærum og Aurland vart enklare. Bilen vart parkert i Lærdal og vi følgde ferjene og båtane vidare og bytta Midtfjords. Dette gjekk alltid greitt. Men ein gong vi skulle ta returen frå Aurland vart det forviklingar. Det la seg 3 båtar ripe ved ripe Midtfjords og vi hamna i feil båt. Vi kom til Gudvangen og fann ut at mamma og eg kunne vente der mens pappa måtte ta "runden" attende og hente bilen.

Denne gongen skulle vi nemleg køyre Måbødalen og Hardangervidda heimatt. Det vart mange timar å vente, over 6 timar, så vi kjøpte mat og ein kniv og fyrstikker, gjekk litt utover og fann ein plass ved fjorden å lage til bål. Vi koste oss for heldigvis viste vestlandsveret seg frå si beste side. Det var ein sliten pappa som endeleg var "attende på sporet" langt utpå ettermiddagen, og om enn forsinka, så vart turen vidare også ei flott oppleving som vert hugsa!"

 

Slutt i 2012

I anbodskonkurransen om snøggbåtrutene (hurtigbåtrutene) Sogn og Fjordane - Bergen med verknad frå 1. mai 2012, vann Norled, Stavanger. Då hadde fylkesreiarlaget Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (frå 2002 Fjord1 Fylkesbaatane) trafikert Sogn og Fjordane – Bergen i 154 år. Med to operatørar i Aurlandsfjorden vart det og sett sluttstrek for turistattraksjonen Midtfjords.

kjelder:

Førsund, Finn Borgen: Dampen og kaia. Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998 (Selja Forlag)

Elin Pehrson Grytting.