Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 26. mai 2015

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Fylkesbaatane – Stoppestaden Hundvik



Boka Dampen og kaia (1998) handlar om rutebåt-stoppestadene i Sogn og Fjordane i perioden 1858-1998. Finn B. Førsund fortel om 234 stoppestader. Men Fylkesbaatane hadde fleire stoppestader. Ein av dei var Hundvik i Nordfjord.

<p>Overskrift, ingress og foto til stykke i Fylkesbaatane sitt meldingsblad, Amtet, 1/1978, i h&oslash;ve slutt p&aring; anl&oslash;p p&aring; stoppestaden Hundvik.</p>

Overskrift, ingress og foto til stykke i Fylkesbaatane sitt meldingsblad, Amtet, 1/1978, i høve slutt på anløp på stoppestaden Hundvik.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1978

Bilveg i 1978

Hundvika ligg 14 kilometer vest for ferjestaden Lote. Bygda har bilveg over høgda Hundeidet til grenda Hundeide (og vegnettet) ved Eidsfjorden. Folket i Hundvika har hatt ferdselslveg over Hundeidet til alle tider. Kring 1800 var det jamvel på tale å leggja Den trondhjemske postvei mellom Trondheim og Bergen over Hundeidet. Men først sommaren 1978 kunne dei køyra med bil frå og til Hundvika.

Ekspeditør Johan Hunvik

Då bilvegen kom i 1978, kunne Johan Hunvik takka av som ekspeditør for Fylkesbaatane. Han var gardbrukar på Nedre Hundvik. Tunet ligg eit par hundre meter opp frå sjøen. Johan Hunvik var fødd i 16. november 1904 og fekk skøyte på bruks nr. 3 i 1930. Han vart ekspeditør for Fylkesbaatane då Hundvika kom med som stoppestad i rutenettet i 1935.

I 1942 hadde motstandsrørsla våpenlager i eit naust hjå Johan Hunvik. Tyskarane kom på sporet av lageret og Johan vart arrestert 9. juni 1942. Etter fangenskap i Bergen og Grini vart han hausten 1953 overført til Sachsenhausen der han sat til freden i 1945. Johan Hunvik døydde 27. april 1992.

Brevveksling 1978

I desember 1977 fekk ekspeditør Johan Hunvik brev frå Fylkesbaatane. Det handla om rutene i det komande året. I svarbrevet fortalde Hunvik om nær føreståande vegutløysing og nytta med det same høvet til å takka for seg som ekspeditør i vel 40 år. FSF takka på si side for godt samarbeid. Begge breva stod på prent i Fylkesbaatane sitt meldingsblad Amtet, 1/1978. Dei inneheld informasjon; - om stoppestaden Hundvik, lokal rutebåtfart, kommunikasjonsutvikling og om tilhøvet mellom transportør (Fylkesbaatane) og ein ekspeditør (Johan Hunvik).

BREV FRÅ EKSPEDITØREN I HUNDVIK

«Til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, 5800 Bergen. Har fått skriv av 5. desember [1977] om forslag til nye sommarruter.

"Til det kan eg svara at for ekspedisjonen Hundvik har det lite å seia kor sommarrutene vert lagde. Bygda har fått sitt lenge ettertrakta ynskje oppfylt med vegtilknytning til bygda. Det har vore arbeidt med vegen dei 2 siste åra og bana er brote opp so det er berre å gjere i stand siste stubben. Dette vil seie at eit stykke er gamal kvalitet som vinterstid kan vere vanskeleg å bruke på grunn av stor stigning og vanskeleg å få pløgt, men vonar ogso dette stykket vert nybygt snart. Av den grunn kan det vere av interesse av anløp av og til med mjøllast frå Bergen, eller andre tunge varer her frå fjorden. So vonar vi kan få anløp av «Ster» [FSF-leigebåt i lasterute] i slike høve.»

«Vi hadde det fint so lenge som lokalrutene fungerte, men når dei vart tekne bort, vart det mindre bra. So varer som skulle sendast i distriktet vart sendt til Sandane fyrste dag og måtte stå der til neste dag for å koma vidare. Dette var mindre bra for varer som trengde kort lagring.

Men alt har gått og vi seier hjarteleg takk til F.S.F. for den teneste vi har hatt derfra sidan 1935. Hausten dette årstalet fekk vi anløp av «Vaagsøy» som gjekk i melkerute Hyen – Sandane med ein tur til Nordfjordeid kvar veke. Mannskapet om bord høyrde heime på Hestnesøyra. Elles hadde vi [kvar] sumar 2-3 anløp for veka med tur mot aust og vest.»

«Ja, vi har hatt båtanløp i over 40 år og hatt mange goder samanlagt denne tid. Tidlegare måtte varer til og frå roast til Hestnesøyra, og mange gonger i motvind eller med segl den eine vegen. Ja, det er stor skilnad på før og no, og meir vert det i nær framtid med bil frå stovedøra og dit du vil.»

«Som ekspeditør i desse åra so seier eg takk for godt samarbeid, og vonar på anløp ut denne vinterrute i enkelte høve, når vei og føreforhold ikkje tillet framkomst.
Hjarteleg helsing Ekspeditør Johan Hunvik.»

BREV FRÅ FYLKESBAATANE I BERGEN

«Ekspeditør Johan Hunvik, 6770 Nordfjordeid. Vi har motteke brevet dykkar dagsett 5.d.m. [5. januar 1978] vedk. ruteopplegg for sommaren.»

«Vi har vore kjent med at det ikkje ville ta langt tid før staden Dykkar er utløyst med veg no. Av brevet Dykkar ser vi at De no reknar med å kunne koma til og frå Hundvik med bil også med dei varer som trengst. De ynskjer likevel at rutebåten «Ster» kan gå oppom staden med mjøllast. Dette er det ikkje noko i vegen for. Vi reknar med at vi får melding frå Dykk dei turane det er aktuelt å gå ekstra oppom.»

«Vi vil elles ynskja Dykk til lukke med det nye vegsambandet som knyter Hundvik til Nordfjordeid og kommunikasjonane der. Vi veit at staden Dykkar har hatt vanskelege samferdselstilhøve samanlikna med stader som alt hadde fått vegutløysing. No blir det – som De sjølv seier – lettare å ta seg fram når ein ynskjer det.»

«Vi vil på vår side også takka for godt samarbeid med Dykk i dei åra De har vore ekspeditør for oss på staden. Brevet Dykkar gjev på mange måtar eit bilete av ei utvikling som mange stader i fylket har vore gjennom. Vi trur det kan vera av interesse for folk å sjå korleis ein på sume småstader har måtta venta til 1978 med å få del i det samfunnsgode som vegutløysing gir, eit gode som oftast blir teke som ei sjølvfylgje på meir sentrale stader. Av den grunn ville vi gjerne få lov til å ta brevet Dykkar inn i meldingsbladet vårt «Amtet». Vi vonar at De ikkje har noko å merka til dette.»
 


kjelder:

Amtet. Meldingsblad for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. 1/1978.

Eithun, Grethe, o.fl.: krigsår. Liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940-1945.

Aaland, Jakob/Os, Edvard: Eid og Hornindal. 1935.
 

PERMANENT IDENTIFIKATOR