Horten ligg på austsida av Aurlandsfjorden, kring 560 moh., om lag ein kilometer nord for Nedbergo. Ein kan gå frå fjorden opp til garden frå nordsida, frå munninga av Kotning-dalselva. Ein kan også gå opp frå ein stad sør for garden. Garden er svært liten og vanskeleg tilgjengeleg. I ein perioden…
I Haukedalen i Førde ligg eit 980 m høgt fjell med namnet Kabusen. Det er eit merkeleg namn mange lurer på tydinga av. Men namnet er ikkje eineståande i fylket vårt. I Balestrand finn vi Kabusa, på Veiteberg i Jølster og i Ikjefjorden i Høyanger finn vi Kabusesteinen, og Kabusenipen er namnet på…
I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 17. mai i 1905.
I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni 1905. Denne artikkelen handlar om kyrkja sin plass i året 1905.
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum er sogningane sitt eige kulturhistoriske museum. Det ligg i Kaupanger, og omfattar eit stort friluftsmuseum, utstillingsbygning med faste og skiftande utstillingar, og ei eiga avdeling, Sogn Fjordmuseum, med båtar og alt som har med fjordkulturen å…
Den 11. april 1934 gjekk den tyske kryssaren "Deutschland" ut frå Kiel for å ta del i ein vårmanøver i Aust Prøyssen. Men skipet la seg ikkje på kortaste kurs. Dagen etter dukka kryssaren opp i Sognefjorden. Besøket var ikkje varsla på førehand, og slett ikkje at sjølvaste rikskanslar Adolf Hitler…
Nærøydalselvi har ikkje alltid vore så stor som no. Gjennom dei siste istidene har ho stole fleire sideelvar som tidlegare rann mot Voss. På kartet kan vi finna det eldste vass-skilje mellom Sogn og Voss i fjellområda ovanfor Bakka i Nærøyfjorden. No er det flytta heilt til Haugsvik i austenden…
På kyrkjegarden i Flåm står ein minnestein på ei krigsgrav. Ein estisk sjøkaptein omkom under bombing 25. april 1940 og vart gravlagd dagen etter. Flåm Ungdomslag reiste minnesteinen og har i alle år seinare hatt tilsyn med grava.
På oppsida av Norum kyrkje står ein vel to meter høg minnestein over lekpredikanten Anders O. Venes. Misjonsvener i Noradn og på Veitastrondi reiste steinen.
Så lenge folk har nytta seg av tekstilar til klede, sengetøy og liknande har dei hatt behov for å halde det glatt og fint. Til det har dei hatt ulike hjelperåder.
Mange kyrkjer har portrett av eigne prestar for fleire hundre år sidan. Ingen kjem opp mot kyrkja i Undredal. Undredølene kan skryta av å ha "bilete" av ein av prestane sine på 1300-talet, i form av ein skulptur i Nidarosdomen. Pål Bårdsson var ikkje prest i vanleg forstand. Han var ei tid tillagt…
Gardane Bakka og Tufto ligg på vestsida av Nærøyfjorden kring seks km nord for tettstaden Gudvangen. I fjellområdet vest for gardane ligg stølane Rimstigen, Breidalen og Røyrdotten. Frå gardane går vegen til desse stølane bratt oppover fjellsida, like opp til 1300 moh. Deretter går han jamnt…
I debattane om jernbane i 1920-åra vart det drøfta korleis dei skulle få trafikken frå Lærdal, og seinare Flåm, til Sunnfjord og Nordfjord. Planen var jernbane mellom Vadheim og Sandane med tilførselsliner og jernbaneferjer. Det vart berre med planane for jernbane og jernbaneferjer. Derimot kom…
Lars Norevik (1892-1949) var bygdeutviklar i Ortnevik. Han gjekk i gang med båtbyggjeri, han bygde elektrisitetsverk, han heldt yrkesskule, og han teikna og bygde Ortnevik kyrkje.
Den 2. desember 1958 feira Fylkesbaatane 100 år. "Kongen kjem til jubileet", melde avisene i november, og MS "Sunnfjord" skulle vera kongeskip. Heile fylket førebudde til festdagar, Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Tusenvis møtte fram dei ti stadene kongen stogga.
Lærdal kommune hadde 2178 innbyggjarar 1. januar 2002. Flatevidda er 1341 km². Lærdal prestegjeld er delt i dei tre sokna Borgund, Tønjum og Hauge, og høyrer til Indre Sogn prosti. Denne artikkelen handlar om administrativ inndeling og endringar opp gjennom tidene.
I ein av dei innerste sidearmane til Sognefjorden ligg tettstaden Lærdalsøyri. Jektene som kom til Lærdal la til ved Løytnantsbryggja. Frå denne bryggja var ikkje vegen lang til marknadsplassen, landhandlarane eller gjestgiveria. Mellom dei freda bygningane på Øyri ligg framleis dei gamle…
Tett attmed vegen i Gudvangen står ein minnestein over matros Andrias Bryn, fødd 1918. Han reiste til sjøs før krigsutbrotet i 1939 og miste livet i ei forferdeleg eksplosjonsulukke på hamna i Algér i juli 1943. Folket i Nærøydalen reiste minnesteinen i 1946.
Sogn og Fjordane fylke har minnesmerke over to av fylkesmennene sine. Det eine står på grava til fylkesmann Hans Seip i Fjærland. Det andre står på jernbanestasjonen i Flåm, - ei bronsebyste til minne om Ingolf Elster Christensen, fylkesmann i Sogn og Fjordane i åra 1910 - 1929.
Jon Fridtun (1867-1914) frå Flogrenda i Stryn døydde berre 47 år gamal. Han var ein føregangsmann i målreisinga i Nordfjord, i den frilynde ungdomsrørsla og fråhaldsrørsla. I 1920 reiste sambygdingar ein minnestein på grava hans.
Stor dag for folket på Atløy, laurdag 11. januar 2003. Fylkesbaatane sette inn ei størrre ferje, den nyinnkjøpte MF «Dalsfjord». «Dalsfjord» avløyste den mindre og eldre mf «Nesøy». Sommaren 2015 blei den same ferja sett inn i kriserute mellom Kjelkenes og Smørhamn etter storbrann i…
Den 3. juli 1936 melde Sogns Tidend at Nasjonal Samling (NS) hadde halde fleire møte i Oslo. Men det hadde ikkje berre gått fredeleg føre seg. «Politisk ramp» hadde laga ugreie med «skrål og steinkast.» Eit par ungdomar hadde måtta til dokter. I august kom NS til Sogn og Fjordane. I ti dagar…
Leikanger har mange store og særmerkte tre. Historikar Anders Ohnstad skreiv om eitt av dei i 1947, den vidgjetne Skrivareiki, eller berre Eiki. «Og ho står ikkje åleine», la han til, «ikkje langt undan står ein alm (…) og ei staseleg bjørk (…).» År 2016 står både Eiki og Almen, men bjørka er…
«Og no har «Lærdal» lagt opp for godt. Kvar er det han ligg? Er det på Laksevåg eller i Dokken? Der får han ikkje lov å liggje. Han høyrer ikkje heime der. Han vantrivst. Vil ikkje Heibergske samlingar i Sogn ha han, så la nordfjordingane få han.» Året var 1938. Folkehøgskulestyrar Martin…
Frå midten av 1800-talet starta kampen for å innføre norsk språk i skulane. Landsmålet eller nynorsk fekk tidleg fleire tilhengarar.