Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 23. februar 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Stølsvegen til Rimstigen



Gardane Bakka og Tufto ligg på vestsida av Nærøyfjorden kring seks km nord for tettstaden Gudvangen. I fjellområdet vest for gardane ligg stølane Rimstigen, Breidalen og Røyrdotten. Frå gardane går vegen til desse stølane bratt oppover fjellsida, like opp til 1300 moh. Deretter går han jamnt nedover til stølane Breidalen og Røyrdotten, 6-700 moh., i Jordalen.

Bakka, sett mot nord. Til venstre ligg bruk nr 2, bruk nr 1,4 og 5 ligg lenger bak. Nede ved sjøen budde husmenn og strandsitjarar.

Bakka, sett mot nord. Til venstre ligg bruk nr 2, bruk nr 1,4 og 5 ligg lenger bak. Nede ved sjøen budde husmenn og strandsitjarar.

Eigar: Aurland kommune.

Datering: 1998.

Fotograf: Åsmund Ohnstad.

Gamle gardar

Bakka og Tufto er gamle gardar. Etter Svartedauden, 1349-50, låg begge gardane folketome i lange tider. Først i skattelista 1563 har ein prov på at det var kome folk her. Det var lenge berre eitt bruk her, men kring 1700 vart Tufto utskild som eigen gard, og på Bakka vart det tre bruk. Utover 1700-talet steig folketalet mykje, og kring 1850 var det 4 bønder, 14 husmenn og til saman kring 70 menneske på Bakka. På Tufto var det 1 bonde, 3 husmenn og vel 30 menneske.

Stor stigning

Stølsvegen begynner ned ved fjorden litt vest for Tuftaelvi, går skrått oppover og nordover forbi ei steinskrede til kring 200 moh. og vidare oppover og sørvestover til eit punkt kring 600 moh. Herifrå svingar vegen på nytt nordover og går i sikk-sakk oppover eit bratt parti. Nokre stader er det gjort store oppmuringar. I eit gamalt dokument er det sagt at Ivar Andersen Tufte la ned mykje arbeid på stølsvegen midt på 1700-talet, mellom anna ved "minering" (sprenging). I det bratte partiet ligg vegen fint i terrenget, men både mannen og hesten måtte vera støe på foten. Det vert fortalt at det ein gong skal ha fare ein hest utføre her.

Vårstølen

Rimstigen ligg fint til i eit bakkehell, 725 moh. og like ved og på nordsida av Tuftaelvi. Her er 11 gamle sel og seltufter. Kring 1900 eller noko før, var denne stølen i full drift. Den siste som brukte stølen var husmannen Peder Flæthe. Han var her under krigen.

NamnetRimstigenhar vore nytta både om denne stølen og stølsvegen.Stigtyder sti. Lekkenrimpeiker truleg tilbake til det gamalnorske ordetrimsom kunne bety ei lang trefjøl eller trespil. Dette fører oss inn på tanken at bøndene nytta trestokkar meir som trepper i tida før dei sprengde bort fjell og laga store murar i det brattaste partiet.

Fjellstølane

Kring 1300 moh. når vegen sitt høgste punkt, med utsyn mot Jordalen og Vikafjellet. Nokså nær vegen ligg nokre reinsgraver. Fleire slike graver kan ein finna lenger sør i området. No går stølsvegen jamnt nedover litt slakkare bakkar til ein stad 850 moh. Her ligg dei gamle stølstuftene som vart nytta fram til litt før år 1900. Her er gode, saftige beite i eit stort område. Truleg var dei her i mange hundre år, med unnatak av ein periode etter Svartedauden.

Kring 1900 flytte det eine gardsbruket selet sitt lenger ned i bakken. Det andre bruket flytte selet ned på ein haug nedom bilvegen, til plassen som no heiter Breidalen, 735 moh. Eit par km lenger sør ligg Røyrdotten, 648 moh. Denne stølen vart nytta fram til 1980-åra, og Breidalen er framleis i bruk.

Kløvjing av varer

Ostane vart frakta i spesielleostekassar. Det var vanleg med 10 brunostar på 4 kg kvar i ein kasse, og hesten hadde ein kasse på kvar side av ryggen. Ostane måtte liggja fast slik at det ikkje vart sleng i kassane. Vanlegvis hadde ikkje bøndene kyr heime på garden om sommaren, og då kløvja dei surmjølk og brim heim. Til dette brukte dei ein heilt tett, ovalt forma trekasse, kallavæteflaske(ein koll).

Når dei skulle kløvja ved, brukte dei ei innretning kalla for eikjesse. Dei brukte ei ovalt forma, sterk vidje og knytte streng på kryss og tvers slik at det vart ein vegg av streng. To slike vidjer med streng vart knytte saman, og så la dei veden mellom desse to. Då fekk hesten ei fast bør på kvar side av ryggen.

Bratte bakkar

Stølsvegane vart gjerne lagde med så jamn stigning som mogleg, men mange stader var vegane likevel bratte. Hesten måtte difor ha ekstra sterkt seletøy. Han hadde brystsele, ei sterk reim rundt magen og baksele.

I bratte undabakkar kunne bakselen gli ned under låra på hesten, og det vart vanskeleg for han å føta seg. For å løysa dette problemet brukte dei ein såkallahalastokk. Det var ein sterk pinne som låg under halen på hesten og med reimar fram til det andre seletøyet. Denne pinnen låg i ro, og hesten vart ikkje hindra på nokon måte. Ein fjellrygg i Aurland har namnetHalastokk-herdi.På denne plassen, rett før undabakken, sette kløvjakarane på halastokken.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Åsmund Ohnstad: Manuskript til gardssoge for Undredal og Nærøy.
Utskiftingsdokument frå 177

PERMANENT IDENTIFIKATOR