År 1873 fanst det to dampskip i Bergen med namnet «Vøringen». Det eine var eit jerndampskip, bygd 1861 i Hull. Det andre var eit tredampskip, bygd 1872 i Bergen. For å skilja dei, vart det av og til i annonser og omtale brukt høvesvis jerndampskipet «Vøringen» og tredampskipet «Vøringen». Det var…
Ein drifteveg er ein veg eller ei transportåre der folk (driftekarar) gjekk med krøtera/dyra sine når dei skulle gjennomføre kjøp og sal av fe. Driftevegane over fjella frå vest til aust vart nytta fram til ca 1900, då dampbåten og jernbana tok over.
"Leirdalsøren Telegrafstation" vart i 1858 opretta som ein mellomstasjon på telegraflina mellom Oslo og Bergen, med ansvar for mellom anna dei vanskelege høgfjellsovergangane til Voss. I 1895 starta utbygginga av statstelefonen her, også den tidleg ute i landssamanheng. Frå århundreskiftet fekk…
Ein junidag i 1700 var to årdalsbønder på reinsdyrjakt i fjellet mellom Seimsdalen og Fardalen. Oppe på Grøndalsfjellet, godt 1500 m o.h, la dei merke til noko stein som skilde seg ut frå steinen elles i fjellet. Dei hadde funne koparerts. Dette funnet vart opptakten til koparverket i Årdal. Med…
Nærøyfjorden kan skilte med så mange som 25 større og mindre fossar. Av desse reknast Kjelfossen som den viktigaste, men fleire andre er òg verdt å nemne.
Beitelen er eitt av dei fremste kjennemerka i Nærøyfjorden verdsarvområde. Den særmerkte fjelltoppen er òg eit godt utsiktspunkt over fjordsystemet.
Sjøormen i Loch Ness i Skottland og sjøormen i Seljordsvatnet i Telemark er godt kjende. Mindre kjend er sjøormen i ”Reinvand i Sogn.” Folk skal ha sett uhyret fleire gonger. I 1878 skal det ha vore ei rettssak etter at tre budeier fortalde at dei hadde sett ormen. Anna Knudsdotter fortalde at 11…
Ytre Moa er rekna som eit særleg interessant anlegg i norsk kulturhistorie - av fleire årsaker. Dette er eit av få hittil kjende busetnadsfunn frå vikingtid/yngre jarnalder som ikkje har langhus. Byggjeskikken på Ytre Moa står i ei mellomstilling mellom langhusa fra folkevandringstid og vikingtid…
Fylkesmannen si historie er ein del av fylket si historie. Embetet går tilbake til 1763 då dei nordlegaste fogderia i Bergenhus stiftsamt blei utskilde som eige amt under namnet Nordre Bergenhus amt. Statsarkivet i Bergen har oppbevart eit rikt historisk arkivmateriale frå Fylkesmannen i Sogn og…
Garden Skjerpi ligg på austsida av Nærøydalen kring 4 km frå Nærøyfjorden. Det var berre eitt bruk på garden like fram til 1870-åra, men då vart garden delt i tre bruk. Garden har høge fjell i søraust, og sola er bort frå byrjinga av oktober til langt ut i mars månad. Gjennom gardsområdet…
Garden Solbjørgo ligg på vestsida av Nærøydalen, vest for gardane Hemri og Skjerpi, høgt oppi fjellsida kring 600 moh. Sjølve gardstunet ligg rett ovanfor eit stupbratt berg. Stølen ligg ovanfor og vest for garden kring 1000 moh. Stien opp til Solbjørgo går i sikk sakk opp den bratte fjellsida,…
I mars 1808 kom Noreg i krig med Sverige. Militære mannskap frå Vestlandet vart sende til grenseområda på Austlandet for å forsvara landet. Leirdalske lette infanterie-compagnie under kommando av kaptein Wilhelm Jürgensen kom i fleire trefningar med svenskane. I 1932 vart det reist ein…
Fjellgarden Østerbø i Aurdalen fekk eigen kyrkjegard i 1858. Han var i bruk til 1911, då den siste vart gravlagd der. Men alt tidlegare gravla dei folk der oppe.
Inst inne i Nærøyfjorden, eit kort stykke frå sjøen rett over fjorden frå Bakka, står Bleiklindi. Eit merkeleg tre som i 1910 vart freda ved kongeleg resolusjon. Bleiklindi er eit godt døme på tre ein kan kalla kulturtre, tre som gjennom lang tid har fått eit særleg rom hjå fleire menneske.
Garden Sværen ligg inst i Sværefjorden. Frå innmarka går det ein godt merka sti opp Sværaskardet og vidare nordover forbi Torsnesstølen til riksvegen over Gaularfjellet. Stien er ein del av ein eldgamal ferdsleveg gjennom Sogn og Fjordane.
Alf Torp var vegsjef i Sogn og Fjordane i åra 1937-1956. Då han slutta, vart det laga til ei vakker takke-helsing: - ei mappe med helsingsord, underskrifter og vegbilete. Av ein eller annan grunn ser det ut til at Torp aldri fekk helsinga. I 2009 vart ho avlevert til oppbevaring i Fylkesarkivet.
Historia til tettstaden Gudvangen tek til kring 1800. Då flytte gjestgjevaren i Arnehus i Dyrdal, Jens Knutsen Kappadal, inn til Gudvangen. Ferdsla på Nærøyfjorden tok seg opp midt på 1600-talet i samband med at den nasjonale, kongelege postvegen gjennom Lærdal, Gudvangen og Voss vart opna. Det…
Det irske postverket har tre frimerke-utgåver med tilknytning til vikingperioden i landet si soge, den eine i høve 1000-årsmarkeringa for Dublin i 1988, den andre i høve tusenårsmarkeringa for irsk myntslaging i 1997, og den tredje i 2014 i høve slaget ved Clondarf 23. april 1014. Sogn og Fjordane…
Bondevenrørsla var ei politisk folkerørsle i store deler av landet i 1860-70-åra. Søren Jaabæk grunnla den fyrste bondevenforeininga i 1865 og gav ut bladet Folketidende,- eit opplysningsblad, agitasjonsorgan og langt på veg medlemsblad. Sogn og Fjordane hadde minst 31 bondevenforeiningar med nær…
Den 2. februar 2011 runda Fjord1 Sogn Billag 75 år. ” Ein vital 75 åring”, uttalte konsernsjef i Fjord1-konsernet, Leif Øverland. Den ”historiske tyngda og erfaringa til selskapet er bygd på innsatsen til kvar enkelt medarbeidar opp gjennom åra – og er noko vi kan vere verkeleg stolte av”, sa…
Sogndal kommune har eit vikingskip-symbol i kommunevåpenet. Det ber bod om lang og rik historie. Runesteinen frå garden Eggja, nemnd som Eggjasteinen, og slaget ved Fimreite 1184 er velkjende historieminne. I vår tid er Sogndal fotball(lag), Høgskulen i Sogn og Fjordane og Lerum (saft og…
I Dublin står minnesmerket The STEINE, ein bauta reist til minne om ein annan stein, ein "standing stone" som stod omtrent på same staden frå 900- eller 1000-talet til fyrst på 1700-talet. Den opphavlege steinen var kan henda reist av viking-innbyggjarar i den irske hovudstaden. The STEINE har…
Sommaren 1862 drog diktaren Henrik Ibsen på ei omfattande samlarferd gjennom Oppland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Målet hans var ”at samle og optegne, hvad der af folkeviser samt af ældre og yngre sagn endnu maatte være at forefinde.” Vi skal i denne artikkelen sjå litt meir på kva…
Då Bergensbana vart lagt over Myrdal og Finse etter eit stortingsvedtak i 1883, gjekk fylkestinget i Sogn og Fjordane inn for at det skulle byggjast ei sidebane til Sognefjorden gjennom Flåmsdalen. 10. juli 1908 vedtok Stortinget å byggja jernbanelina frå Myrdal til Flåm, men vedtaket vart ikkje…
I 1893 vedtok Stortinget at jernbana Oslo-Bergen skulle gå over Voss og Myrdal. Jernbanebygginga gjorde det nødvendig med ein anleggsveg mellom Flåm og Myrdal. Vegen var ferdig i 1898. Vegen og jernbanebygginga skapte eit nytt og endra samfunn i Flåmsdalen. Nye yrkesgrupper voks fram, og…