Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 26. november 2004

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

1905 - 17. mai 1905



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 17. mai i 1905.

Festkledde ungdomar i Sogndal 17. mai 1908. Mange jenter har skaffa seg nasjonalbunad.

Festkledde ungdomar i Sogndal 17. mai 1908. Mange jenter har skaffa seg nasjonalbunad.

Eigar: Sogndal Sogelag

Datering: 1908.

Fotograf: Ukjend.

Feira med større interesse enn nokon gong

Våren 1905 var prega av politiske diskusjonar. Konsulatsaka var mykje framme i avisene på denne tida, lova vart vedteken 18. og 23. mai. Den politiske interessa var større enn nokon gong, det vart halde folkemøte og sendt telegram til storting og regjering. Den 17. mai 1905 var difor ein dag då det nasjonale spørsmålet stod i fokus. Dette vart ofte framheva i talane denne dagen, og det vart understreka at ein feira med verdigheit.

17. mai i 1905 var på ein onsdag. Det var ein strålande dag kring i heile fylket etter kva meldingane til lokalavisene seier. Feiringa av dagen var alt no den tradisjonelle me kjenner utover bygdene, med barne- eller folketog, leikar og fest med ulik underhaldning.

Salutt for dagen

Mange stader veit me om at det vart skote saluttar. Frå Eid høyrer me at "Kl. 5 om morgenen affyredes fra Lunden 3 vældige salutskud, og militærmusikken blæste reveljen". På Askrova var det salutt klokka 7 og ved middagstid, og i Florø kl. 7 med etterfylgjande koralmusikk frå kyrkjetårnet. I Måløy var det ein svær kanonade: "Precis kl. 6 affyredes fra Gotteberg, Midtgaard og Sæternes 21 skud (7 fra hvert sted). Nu og da hørtes ogsaa skud fra fastlandet Kulen og Degnepold". Vik i sogn "vækkedes med Festsalut (9 Skud) fra den gamle Exercerplads, ligesom ogsaa "Sogningen" gav 3 kraftige Skud tilbedste for Dagen".

I Askvoll var det salutt ved avgangen av prosesjonen, og denne vart helsa med salutt frå gardane dei gjekk forbi.

Dampskipa sette farge på dagen. Det var salutt frå hamna når båtane kom og frå båtane ved avgang. I Vik møtte militærmusikken opp på bryggja og spela. Det vert klaga frå fleire stader over at dampskipa ikkje var flaggsmykka, men berre førde postflagget.

Halv fridag

Den 17. mai var halv fridag. Det vart arbeidd som vanleg med våronna eller anna føre middag. I Bremanger var det sein vår og våronna var på det travlaste på denne tida. Ein innsendar til Sogns Tidende frå Frønningen klagar over at "iaar var svært faae som "hadde tid" aa vera med og halda fest 17de mai. Det er svært kor seint det kann ganga upp for folk, kor mykje denne dagen hev aa segja for oss. I aar skulde me tenkt, at 17de mai hadde samla folk meir enn nokon gong fyrr, som han visst gjorde i alle andre bygder." Folk arbeidde full dag, særleg vert nemnt sagbruket med 20-30 mann i arbeid.

Gudstenester

Der det høvde inn vart det halde gudsteneste, eller presten eller andre heldt ein tale. Frå Luster vart det meldt at det var gudstenester i alle fire kyrkjene kl. 12. Soknepresten preika i Nes, amerikaprest Forthun i Fortun, kyrkjesongar Mo i Dale og Hans Næs i Gaupne.

Aurlandspresten heldt preik i Underdal for om lag 100 tilhøyrarar. Han tala om den truskap, semje og samkjensle som var i det norske folket. "Um det no saag myrkt og truande ut for fedralandet, sa han, so maatte me likvel ikkje mista modet og verta modlause; men vona at vaare styringsmenn vil ganga beint fram utan aa gjeva avslag paa noko, som Noregs rett og vyrdnad krev. Og skulde den dagen koma, daa me laut forlata heimen vaar for aa draga ut mot fienden, so maatte me for allting ikkje yvergjeva oss, men halda ut til siste stund."

Seinare på dagen heldt han så, i fulle presteklede, 17. maitale for folket i hovudsoknet Aurland, på garden Lunde. Avisreferatet fortel at talen gjorde eit djupt inntrykk.

"en kjær borgerplikt"

Dette å gå i tog eller prosesjon 17. mai var i 1905 vorte ein tradisjon dei fleste stader. Me finn referat om barnetog, folketog og prosesjon. Nemninga er forskjellig og dekkar også ulike typar tog.

På Askrova var det i 1905 barnetog, der skuleborna og læraren gjekk gjennom bygda frå skulen til Tansøy der folkefesten skulle vera. Ved kvar gard stogga barnetoget og song. Eigne barnetog var det elles m.a. i Florø og Førde. Det var også prosesjonar som berre vaksne deltok i, m.a. i Florø, der dei stilte opp etter barneleikane. I spissen gjekk sjømennene under det norske flagget, og så kommunestyret.

Dei fleste stader var det folketog der alle gjekk samla. I avisa Sogningen kunne ein lesa den 17. mai 1905 ei oppmoding frå redaktøren om å stilla i folketoget i Vik. Det var ei borgarplikt å møta mannsterke opp den 17. mai og gå i toget: "Folk maa snart blive saapas politisk modne nu, at man ikke længer anser Togene for en Defilering for skuelystne Personer, men en Defilering for Mor Norge, og til denne pligter at møde op hver ægte Nordmand. Det er ikke alene en Pligt, men ogsaa en Ret." Folkemeininga om unionen kom best tilsyne når det vart notert at 17. mai-toga i 1905 var dei største nokonsinne. "Sligt rygtes over Grænsen, og man vil faa erfare, at det ikke bare er hos vor Regjering, at den faste Vilje raader, men ogsaa hos selve Folket."

Folket i Vik tok redaktøren på ordet. I referatet nokre dagar etter ser me at det kombinerte barne- og vaksentoget hadde ein tilslutnad som aldri før. Det same finn me på Nordfjordeid. Der samlast dei ved fanejunker Møklebust sin gard. I spissen marsjerte dei to rekruttkompania med offiserane og underoffiserane føre. Mange born deltok i prosesjonen, heile Eid kommunestyre under det norske flagget og sidan dei ymse foreiningane under sine faner og flagg. "Toget var adskillig større end man i almindelighed er vant til det."

I Innvik og Utvik var det ein eigen variant av 17. mai-toget. Frå Innvik "togede den festkledte skare med skolebørnene i spidsen under musik, faner og flag i den straalende vaardag udover den nye vei for efter aftale at mødes med utvikerne omtr. midtveis mellem disse to bygder." På ein open plass i skogen var det reist ein talarstol, der flagg og faner vart planta. Her vart nasjonalsongen sungen, det vart halde tale og eit songkor frå Utvik song. "Derefter opløstes "unionen", og vi togede tilbage til hver vor bygd."

Program for dagen

Det var ingen 17. mai utan tale for dagen. Kring talarstolen stod som regel flagg og faner som hadde vore med i toget. Talaren var gjerne ein vyrd mann i bygda, ofte ein lærar. I Vik tala postmeister Liljedahl, i Dale ordførar D. O. Bakke, i Florø overrettssakførar Vasbotten. Slik kan me ramsa opp gjeve menn som sette si æra i at dagen skulle verta høgtidssam og gild. Det vart gjerne halde fleire talar, både om dagen og seinare på folkefesten om kvelden, for stortinget, regjeringa, fedrelandet og Henrik Wergeland.

Staden for 17. mai-programmet var gjerne skuleplassen, men nokre stader nytta dei gamle stemneplassar. I Leikanger var dei samla i Amtmannslunden, på Nordfjordeid på ekserserplassen og i Sogndal i Prestadalen.

Etter tale og song var det leikar for born og vaksne. I Naustdal vart det delt ut premiar til vaksne i høgde, stavsprang, lengde og tresteg samt i hallingkast. I Lavik var det kapproing, hopping, bukkebyksing og springing i ulend mark. Borna tevla i potetplukking og "bjønnkasting". Dei fleste stader var det tevlingar av eit eller anna slag.

Noko form for servering var ikkje fast om dagen, nokre stader vart det servert kaffi og brød. I Vadheim hadde dei mølsa og "svilekager", og i Frønningen vart heile fylgjet bedne inn til frk. Sara Scheldrup og trakterte med saft. Det vanlegaste var at det var eit opphald i feiringa då folk gjekk heim, tok ein matbit og gjorde unna fjøsstellet.

"Um kvelden var det fest"

I dei fleste bygder vart det stelt til folkefest om kvelden, gjerne i skulehuset, men også i andre forsamlingshus eller i privathus.

I Lavik var det fest i stova hjå Ivar Kvammen: "Og der var mykjen hugnad og gleda like til klokka var 3 um natti. Me fekk oss 2 gonger mat. Song, ein fleirtonig. Lasse Kvammen tala og Albert Kvammen og Eiler Lavik las. Der var leik og dans - serleg springdans og paa den romelege altanen gjekk folkeviseleik og andre ringdansar kvikt i den ljose vaarkvelden. Medlemer av ungdomslaget synte fram spelstykket "Folk" av Sigurd Nesse".

Liknande referat kan me finna frå mange stader. Skodespel og opplesing går att som program, saman med talar og song. Det var oftast eit ungdomslag som stod for tilskipinga, der det fanst slike. I Vadheim vart spelstykket "Til Sæters" vist fram, og i Kaupanger hadde dei utanom diktlesing, festavisa og talar ei framsyning som dei kalla tablå:" Det var 3 sætergjentor, klædde i nasjonalbunad som stod og skodde utyver, som saag dei noko langt, langt burte. Det tok seg makalaust fint ut, med dei mange farga ljos i den grønkledde feststova".

Frå Vik vert det fortalt frå festen som ungdomslaget stelte til i kommunelokalet at "man ogsaa i Aftenens Løb efter Tilladelse af den nu fungerende Ordfører Svein S. Aase fik en lystig Svingom." Der var servering av rømmegraut og mølsa, kaffi og brød, og "samtlige Sager vederfores Retfærdighed, der er vidst".

Enkelte stader vart det sendt opp fyrverkeri, m.a. i Vik der Sogningen refererer: "Ved 11-Tiden afbrændtes der i Redaktør Thorsens Have et lidet pent Fyrverkeri". Dette hadde nok redaktøren ansvaret for heilt privat, men i Vadheim avslutta dei 17. mai-festen i skulehuset med fyrverkeri.

Det vert framheva gong etter gong i festreferata slik som her frå Florø:" .. ingen berusede Personer at se og ingen usømmelig Opførsel at være Vidne til. Og dette geraader Byens Borgere til Ære og viser en riktig Forstaaelse af hvorledes man værdigst bør feire Norges Dag".

"De mange nasjonalklædte Jenter "

Det er ikkje mykje å finna om kledebunaden til festlyden på 17. mai, men enkelte glimt ser me i avisreferata. Frå Vik høyrer me at toget var svært vakkert, " men vakrere endaa havde det været, om de mange nationalklædte Jenter ikke havde gaaet spredt over hele Toget, men været samlet i en Fylking".

I Kaupanger var jentene i tablået kledde i nasjonalbunad, og i Lavik var det nokre nasjonalkledde kvinner i toget. Frå Tansøy høyrer me at folk var festkledde og i Naustdal gjekk mest alle jenter i nasjonalbunad og mange gutar hadde knebukser.

17. mai på Tampen

I Fjordenes Blad kan me lesa at alle fiskebåtane som låg ute på feltet, på Tampen, flagga den 17. mai. Om morgonen var det tett skodde, så dei såg ikkje kvarandre. Den letna i middagstida, og snart var heile fiskeflåten festkledd. Enkelte hadde også skot med, slik at dei kunne saluttera.

kjelder:

Sogns Tidende.
Avisa Sogningen.
Fjordenes Blad.
Søndfjords Avis

PERMANENT IDENTIFIKATOR