Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 27. september 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Lærdal kommune



Lærdal kommune hadde 2178 innbyggjarar 1. januar 2002. Flatevidda er 1341 km². Lærdal prestegjeld er delt i dei tre sokna Borgund, Tønjum og Hauge, og høyrer til Indre Sogn prosti. Denne artikkelen handlar om administrativ inndeling og endringar opp gjennom tidene.

Kommunevåpenet til Lærdal kommune er eit skjold med gull motiv på raud botn. Motivet er henta frå Borgund stavkyrkje og syner to drakehovud. Kommunevåpenet er teikna av Inge Rotevatn, og godkjent i 1987.

Kommunevåpenet til Lærdal kommune er eit skjold med gull motiv på raud botn. Motivet er henta frå Borgund stavkyrkje og syner to drakehovud. Kommunevåpenet er teikna av Inge Rotevatn, og godkjent i 1987.

Geografisk plassering

Lærdal er ein av dei inste kommunane i Sogn. I vest har Lærdal sjøgrense i Aurlandsfjorden med Vik, i sørvest ei lang grense mot Aurland, i sør mot Hol og Ål, i søraust mot Hemsedal, i aust mot Vang og i nord mot Årdal. Lærdal har også sjøgrense mot Sogndal i Sognefjorden og ei svært kort mot Luster i Årdalsfjorden. Kommunen har kontakt med både fjord og fjell, og strekkjer seg frå Solsnes ved innløpet til Aurlandsfjorden i vest til Kjåbandet på austsida av Juklevatnet på Hemsedalsfjellet i aust. Sørlegaste punktet er ved Flågrunnane der grensa mellom dei tre kommunane Lærdal, Aurland og Hol møtest. Krekahøgdi, som ligg like nord for fremre Krekavatnet på fjellet mellom Årdal og Lærdal, er det nordlegaste punktet i kommunen.

Namnet

Namnet Lærdal har alltid vore eit bygdenamn, ikkje eit gardsnamn. I skriftlege kjelder finn ein namnet attende i 1323. Nokre skrivemåtar (etter Rygh): Læradali (1323), Læradal (1385), Lærdall (1427), Lerdall (1532), Leierdall (1608). Namnet er truleg frå ei elv kalla Lærr i gammal tid. Ei tolking av dette namnet er elv med rike grasmarker på begge sider.

Prestegjeld, skipreide og tinglag

Fjellovergangane til Austlandet har alltid vore viktige, både til Valdres og Hallingdal. Denne plasseringa gjorde at Lærdalsøyri vart ein av dei viktigaste marknadsplassane på Vestlandet.
Lærdal var på 1300-talet eit eige skipreide i Sygnafylket. På 1600-talet var skipreidet delt, då var Borgund vorte eige skipreide. Lærdal høyrde fram til 1662 til Bergenhus len og Indre Sogn fogderi.
Lærdal prestegjeld var i gammal tid delt i sokna Borgund, Tønjum, Hauge og Årdal. Området var i 1647 delt i dei tre skipreidene Borgund, Lærdal og Årdal. I 1750 høyrde Lærdal til Bergen stift, Bergenhus amt og Ytre og Indre Sogn Fogderi. I 1838 fanst det tre tinglag i prestegjeldet: Lærdal, Borgund og Årdal.

Kommunedelingar

Lærdal kommune vart skipa i 1837 og var identisk med prestegjeldet. I tida som følgde kom spørsmålet om Lærdalsøyri skulle få status som ladestad (by) opp. Fram til 1840 var det berre byborgarar som kunne driva handel, men då vart ei ny handelslov innført. Dermed fall det meste av grunnlaget for skipinga av Lærdal ladestad bort.
I 1860 vart Årdal skilt ut som eigen kommune og i 1863 som eige prestegjeld. 1. januar 1864 vart Borgund sokn skilt ut som eigen kommune. Men skule- og fattigstell skulle Borgund og Lærdal ha felles.
I 1890 hadde Lærdal kommune 2297 og Borgund kommune 831 innbyggjarar. Lærdal prestegjeld var delt i dei tre sokna Hauge, Tønjum og Borgund. Både Borgund og Lærdal var eigne tinglag og høyrde til Sogn fogderi.
I 1917 var Lærdal prestegjeld framleis delt i dei to kommunane Lærdal og Borgund. Prestegjeldet var delt i dei same tre sokna som i 1890. Både Borgund og Lærdal var eigne tinglag og høyrde til Indre Sogn sorenskrivardistrikt.

Samanslåing og grenseendringar

I 1964, nøyaktig 100 år etter at Borgund vart skilt ut frå Lærdal kommune, vart dei to kommunane slått saman att. Samstundes vart matrikkelgard nr. 1, Muggeteigen (m/Luggenes), og nr. 2, Bermål, i Årdal kommune overført til Lærdal.
Det var lenge usemje mellom grunneigarane i Lærdal og Vang om kvar grensa mellom eigedommane deira på Filefjell gjekk. Ved dom i Vestoppland Jordskifterett vart kommunegrensa i området Sulevatn-Suleskar fastsett i 1956. I 1951 tok eit skifte på Fillestølen til. Her måtte det fastsetjast grenser for området som skulle skiftast. Dette førte med seg at kommunegrensene i dette området måtte fastsetjast. Dommen i skiftesaka vart avsagt i 1960. Ei ny grensesak kom opp i 1974. Saka gjaldt område på nord- og sørsida av det førre området. Ved dom i saka i 1979 vart ny grense fastsett. Dommen førte med seg at grensa på sørsida av Smedalen flytta austover. Dei som reiste over Filefjell merka grenseendringa då grensesteinen vart flytta.

1. januar 1992 vart heile sørsida av Leikanger kommune overført til Vik kommune med unnatak av området aust for Aurlandsfjorden. Gardane i Frønningen vart overført frå Leikanger til Lærdal kommune. 1. januar 1995 vart Frønningen overført frå Fresvik sokn i Leikanger prestegjeld til Hauge sokn i Lærdal prestegjeld.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR