Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 19. mars 2007

Sist oppdatert 19. februar 2019

Kategori

Kong Olav i Sogn og Fjordane - Fylkesbaatane-jubileet 1958



Den 2. desember 1958 feira Fylkesbaatane 100 år. "Kongen kjem til jubileet", melde avisene i november, og MS "Sunnfjord" skulle vera kongeskip. Heile fylket førebudde til festdagar, Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Tusenvis møtte fram dei ti stadene kongen stogga.

Kongebesøket i Sogn og Fjordane 1958. Fylkesbaatane sin ti år gamle båt MS "Sunnfjord" var kongeskip under kongebesøket i dagane 2. til 4. desember 1958. Båten gjekk sør gjennom Krakhellesundet om ettermidddagen 4. desember. Der venta skøyta "Basholm" med eit halvt hundre sulingar om bord som ynskte å helsa på kongen. Ved første augekast ser biletet ut til å vera teke då dei to fartøya møttest. I sterk nordavind og snøbøyer helsar Kong Olav frå brua på "Sunnfjord". Skipperen på "Basholm", i styrehusdøra, vinkar saman med dei andre om bord. Ser ein nærare etter, vil ein oppdaga at det er sett saman av to, kongen på den eine delen og skøyta på den andre.

Kongebesøket i Sogn og Fjordane 1958. Fylkesbaatane sin ti år gamle båt MS "Sunnfjord" var kongeskip under kongebesøket i dagane 2. til 4. desember 1958. Båten gjekk sør gjennom Krakhellesundet om ettermidddagen 4. desember. Der venta skøyta "Basholm" med eit halvt hundre sulingar om bord som ynskte å helsa på kongen. Ved første augekast ser biletet ut til å vera teke då dei to fartøya møttest. I sterk nordavind og snøbøyer helsar Kong Olav frå brua på "Sunnfjord". Skipperen på "Basholm", i styrehusdøra, vinkar saman med dei andre om bord. Ser ein nærare etter, vil ein oppdaga at det er sett saman av to, kongen på den eine delen og skøyta på den andre.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1958.

Fotograf: Ukjend.

Stor høgtid

Fylkesbaatane sitt 100 års-jubileum og kongebesøket fekk stor plass i Sogn og Fjordane-avisene i månadsskiftet november/desember 1958. Det var fyrste gongen HM Kong Olav V gjesta Sogn og Fjordane etter tronskiftet 21. september 1957 (Kongen var ikkje i land under signingsferda med kongeskipet sommaren 1958). Avisa Sogn og Fjordane skreiv 1. desember på leiarplass:

"Velkomen!
Når kong Olav no kjem på si første offisielle vitjing til Sogn og Fjordane etter at han vart konge, helsar folket her i bygdene kongen hjarteleg velkomen. Det er ikkje så ofte me her i vårt fylke har høve til å møtast med kongen, og difor vert ei slik vitjing ei ekstra høgtid for oss. Og særleg gledeleg er det at kongen kjem no og legg glans over 100-årshøgtida for Fylkesbaatane våre."

Hundreåringen

Fylkesbaatane vart skipa i 1858 under namnet Nordre Bergenhus Amts Dampskibe. Dei to fyrste skipa var DS "Framnæs" og DS "Fjalir". "Framnæs" gjekk første turen frå Bergen til Sogn 2. desember 1858. Denne datoen vart seinare rekna som skipingsdatoen for Fylkesbaatane. "Fjalir" gjekk første turen sin til Sunnfjord og Nordfjord i januar 1859. Namnet vart endra i 1919 då amtet fekk nytt namn: Sogn og Fjordane fylke.

I jubileumsåret 1958 kunne Sogn og Fjordane fylke oppsummera med at Fylkesbaatane hadde hadde tent fylket og folket gjennom 100 år. Fylkesbaatane hadde vore "livsnerven" i transportsambandet til og frå Bergen, og lokalt i fjordane og kystbygdene. Mange gratulerte og ynskte til lukke med framtida. På ein fest i Bergen tok programposten gåveoverrekking to timar.

Reiseruta

Kongebesøket i 1958 varde i tre dagar, - måndag, tysdag og onsdag, 2.-4. desember. Fylket proklamerte flagging frå alle offentlege bygningar og folk flest vart oppmoda om å heisa flagget kvar dag.

Måndag, 2.12: Kongen kom til Flåm om morgonen med nattoget. Fylgjet gjekk om bord i MS "Sunnfjord". Reiseruta i Sogn var Hermansverk, Vangsnes, Høyanger og Vadheim. Frå Høyanger køyrde kongefylgjet i bilar til Førde.

Tysdag, 3.12: Frå Førde til Sandane, vidare med "Sunnfjord" til Nordfjordeid og Måløy.

Onsdag, 4.12: Frå Måløy til Florø og Askvoll, vidare til Bergen. Uoffiselt møte med sulingar i Krakhellesundet.

Flåm

2. desember: Toget med kongevogna kom til Flåm stasjon kl. 08.15. Eit tynt snølag dekka perrongen der det var reist kongetribune. Kongen vart teken imot med stor fagning då han steig ned på perrongen for å ta fatt på den tre dagar lange ferda gjennom fylket. Småjenta Gerd Vidme overrekte ein blomsterbukett. - "Kongen lutte seg ned", står det i eit avisreferat, "og tala med gjenta, som sikkert hadde sitt livs største dag." Fylkesmann Nikolai Schei helsa kongen velkomen til fylket. - Me ynskjer at dei inntrykka De får av bygdene og folket vil vera det beste og at De såleis må få ei ferd som vil verta til signing for konge, land og folk. Velkomen til Sogn og Fjordane!" slutta fylkesmannen velkomstalen sin.

Kongen takka for helsinga og tok forsamlinga med i eit tre ganger tre hurra for landet. Aurland og Flåm musikklag og Flåm skulemusikk spelte. Kongen gjekk deretter om bord i flaggpryda MS "Sunnfjord". Både Aurlandsvangen og Undredal helsa kongeskipet med salutt då "Sunnfjord" segla framom.

Hermansverk

På Hermansverk samlast folk frå morgonen av på kaiområdet der det var pynta med flaggrekkjer i Borggarden og langs oppsida av riksvegen. Skuleborn frå alle krinsane var tilstades (Feios og Fresvik høyrde til Leikanger), og det kom mange tilreisande frå bygdene innover i fjorden. Sogn Billag hadde sett opp ikkje mindre enn 11 ekstrabussar. Fremst stod skuleborna og Leikanger skulemusikk med dirigenten sin Holm Andresen. Folk stod tettpakka på kaiområdet og langt oppover.

Med det same båten kom til syne ved Nokkaneset, sette borna i med hurrarop, og då båten la til kai, spela musikken. Borna song. Kong Olav kom ut på kommandobrua. Ordførar Hans Husabø og Cecilie Lid gjekk om bord og møtte Kongen på brua. Cecilie Lie gav kongen ein stor blomebukett på vegner av alle borna. Ordføraren heldt tale.

Han helsa frå Leikanger kommune, men var óg talsmann for folket i bygdene i midtre og indre Sogn som kongen ikkje hadde høve til å møta på denne ferda. I talen sin skildra Husabø busetnaden, frå dei sentrale bygdene nede ved fjorden, til utpostane fremst i dalane eller høgt oppe i bratte fjellsidene, mange stader utan veg til gards. - "Livet set, på ymse vis, store krav til dei som byggjer og bur her. Men folket er glade i bygdene og heimane sine, som det har kosta slit og strev gjennom generasjonar å rydja og byggja, og det er ikkje noko dei heller ynskjer, enn at tilhøva framleis må gjera det mogeleg å halda fram i fedrane sine fotefar." Til slutt ynskte talaren kongen lukke på den vidare ferda.

Kongen takka for velkomstorda og kom i sin tale mellom anna inn på samferdsla i fylket. - "Fjorden har vore allfarvegen, ja, eg kan seia kongevegen gjennom tidene", sa kongen. "Her på Hermansverk ligg fylkesadministrasjonen og senteret i Sogn og Fjordane fylke. Det syner i kor stor grad fjorden har vore hovudferdsleåra. Fjorden har bunde dykk saman, eit samband som som gav dykk ei visse om at de høyrde eit fylke til." Til slutt ynskte han kvar og ein hell, lukke og framgang og ba folket med i eit tre ganger tre hurra.

Vangsnes

Klokka 11.30 la "Sunnfjord" frå land på Hermansverk og sette kursen for Vangsnes. Av programmet ser det som kongeskipet ikkje skulle leggja til på Vangsnes, berre gå "tett framom". Avisene fortel om tjukk snøkave då skipet kom oppunder kaien og at båten gjekk sakte forbi. Mykje folk var samla og det lydde hurrarop og salutt.

Høyanger

I Høyanger venta ei stor folkemengd, - skuleborn med flagg og Fagforeningens hornmusikk. Her gjekk kongen i land og vart helsa velkomen av ordførar Albert Hellem. Frå Høyanger reiste fylgjet vidare i bilar. "Sjøfør Helgheim" frå Jølster køyrde kongebilen.

Vadheim

I Vadheim hadde folk samla seg på begge sidene av gata for å sjå kongefylgjet. Bilkortesjen stogga og kongen gjekk ut or bilen og helsa på skuleborna og folket elles. Deretter gjekk turen vidare nordover i fylket.

Sande

På Sande i Gaular var det kome mykje folk fra Fjaler, Hyllestad og Lavik. Fleire hundre skuleborn hadde stilt seg opp i rekkjer langs vegen på begge sider av brua, heilt bort til kyrkja. Her og stogga bilkortesjen og kongen gjekk ut og helsa på folket langs vegen.

Førde

Dei ti bilane i fylgjet kom til Førde i mørkninga kl. 16.45, og vart mottekne med kongesalutt og fyrverkeri. Kortesjen køyrde til bustaden til fylkesmann Schei der ordførar B. Flaten helsa velkomen til Førde. Om kvelden heldt fylket jubileumsmiddag for 114 personar i lokala til fylkeshusmorskulen i Førde. Kongen overnatta hjå fylkesmann Schei. Om morgonen tok førdianarane farvel ved Langebru-bakken. Ordføraren tala frå ein kongetribune og kongen helsa og takka.

Sandane

3. desember: Kl. 10.00 byrja turen frå Førde gjennom Jølster og Breim til Sandane der det var ein lengre stogg. Ved innkøyrsla til sentrum var det sett opp ein velkomstportal. Her stogga kortesjen. Folk hadde teke oppstilling på begge sider av vegen fram til kommunehuset der det var mottaking. Kring 3000 menneske var møtt fram for å sjå og heidra kongen. Ordførar Jon Austrheim heldt tale og kongen takka og helsa folket. Frå kommunehuset gjekk hornmusikken og gutemusikken, speidarane og skulane i flaggborg til kaia der "Sunnfjord" venta.

Nordfjordeid

Veret var ruske då kongeskipet kom til Nordfjordeid kl. 15.30. Her var det óg samla mykje folk. Mange var komne frå nabokommunane Hornindal og Davik. Born og vaksne stod tett i tett langs ruta frå kaia til kongetribunen på Allmenningen ved Yris Hotel. Ordførar Berge Smørdal ynskte velkomen. Fjordabladet refererte frå talen:

- "Vi som alle andre i Sogn og Fjordane er glade for at Kongen tok denne rundturen i fylket vårt, sa ordføraren som vona at denne kongeferda måtte vera med å knyta endå sterkare band mellom Kongen og folket som byggjer og bur her. Ei kongevitjing er rekna for å vera eit storhende i våre bygder. På Nordfjordeid har det ikkje vore kongevitjing sidan 1896, då kongeskipet "Heimdal" var her med Kong Oscar II. Vi hugsar også godt den vakre sommardagen for 25 år sidan [1933] då vår kjære Kronprinsesse og Dykkar Majestet vitja oss som Norges unge kronprinspar. Dei åra som ligg mellom 1933 og 1958 har på mange måtar vore ei røyningstid både for vårt kongehus og heile det norske folket. I dag vil vi (..) få nytte høvet til å bera fram vår takk til Dykkar Majestet for det føredøme vårt kongehus var då det verkeleg galdt å stå vakt om fedrelandet [okkupasjonsåra 1940-1945]."

I talen sin gav ordførar Smørdal elles eit oversyn over Eid som historisk stad og ekserserplass. Han slutta desse orda: - "Folket som byggjer og bur her er alle glade i heimane sine. Dei er også glade i bygda og fedrelandet og vil gjera det dei kan for at det skal verta vokster og framgang (..) slik at fleire av våre unge kan finne seg ein arbeidsstad her."

Etter kongesangen tala kongen. Han kom óg inn på krigsåra 1940-1945, og Fjordabladet refererte: - "Som ordføraren nemnde har vi alle saman gjennomgått ein alvorleg og vanskeleg periode (..) Takka vere eit nasjonalmedvite folk kom vi gjennom desse prøvingane, og i dag står vi framføre fullføringa av den direkte atterreisinga av det som krigen øydela. Vi veit at skal vi nå lenger i framgang og vokster og nå dei mål vi alle strevar etter, må vi halde fram og løfte i flokk".

Etter talen kom ordførar Smørdal fram og overrekte ei gåve, eit målarstykka av ein fjordhest, måla av kunstaren Harry Botn frå Stårheim.

Måløy

Då "Sunnfjord" la frå land, helsa Nordfjordeid god reise vidare med hurrarop og rekattar. Jubileumsbåten kom til Måløy kl. 18.30 og vart møtt med dundrande kongesalutt på hamna og sirener frå båtane der. Eit fakkeltog marsjerte ned frå idrettsplassen til kongetribuna på kaia. Måløy musikklag sytte for feiande musikk. Ordførar Larsen helsa velkomen til Måløy og Vågsøy. I takketalen mintest kongen mottakinga Måløy hadde gjeve kongeskipet då det passerte under signingsferda sommaren i førevegen. Han ynskte folket hell og lukke, og ba alle vera med i eit tre ganger tre hurra for distriktet og fedrelandet. Etter kongesangen fekk kongen overrekt ein blomsterbukett av "frk. Lie" og alle skuleborna ropa hurra. Etter mottakinga gjekk kongen omborda att i "Sunnfjord" som la seg til på hamna for natta.

Florø

4. desember: Florø, den einaste byen i Sogn og Fjordane i 1958, var første stogg den siste dagen under kongebesøket. "Sunnfjord" la til ved Fylkeskaia presis kl. 10.15. Trass storm og ruskever hadde om lag 2000 menneske frå byen og bygdene omkring møtt fram. Folk stod tett i tett langs ruta frå kaia opp til kongetribunen i Torggata. Her heldt ordførar Haus helsingstale på vegner av Florø by og nabokommunane. Etter at kongen hadde takka for velkomsthelsinga og bede folket vera med i 3x 3 hurra, fekk han overrekt ein blomsterbukett. Den heldige jenta i Florø var Magni Melvær.

Askvoll

Siste stoggestad var Askvoll. "Ogso i Askvoll var det stor stas under kongevitjinga", skreiv Firda Folkeblad, "trass i veret." På kaia venta ei stor folkemengd på kongeskipet som la til litt før klokka 13.00. Hornmusikken spela. Ordførar Flokenes gjekk om bord med to spente småjenter hakk i Hæl. Vigdis Vårdal frå Holmedal og Rigmor Våge frå Askvoll gav kvar sin blomsterbukett til kongen. Ordføraren tala og fortalde om Askvoll. Kongen takka for talen og, bad her som dei andre stadene, folket om å vera med i eit 3x3 hurra. Så sette "Sunnfjord" kursen for Bergen.

Krakhellesundet

I Krakhellesundet venta ei overrasking. Ein flokk sulingar hadde teke seg ut i sundet om bord på skøyta "Basholm" med Rasmus Gåsvær som skipper. Flagget på full aktermast stod rett ut i den sterke nordavinden. Det finst eit fotografi frå møtet mellom "Sunnfjord" og solundskøyta. Kongen står på brua og helsar folket på skøyta. Biletet er litt spesielt. Einkvan redigerte det ein eller annan gong, slik at "Sunnfjord" og skøyta er nærare kvarandre enn fartøya i røynda var. Med dette var kongereisa over. Fylkesbaatene sitt kongeskip med heidersgjesten, HM Kong Olav V om bord, kom til Bergen klokka sju om kvelden, onsdag 4. desember 1958.

kjelder:

Sogn og Fjordane. Fleire nr. 1958.
Firda. Fleire nr. 1958.
Fjordabladet. Fleire nr. 1958.
Firda Folkeblad. Fleire nr. 1958.