Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 09. august 2018

Sist oppdatert 28. mai 2019

Rå-data

Innføring av nynorsk i skulane i Sogn og Fjordane



Frå midten av 1800-talet starta kampen for å innføre norsk språk i skulane. Landsmålet eller nynorsk fekk tidleg fleire tilhengarar.

Skuleborn på Sørefjord skule i Hyllestad ca 1924. Sørefjord var ein av dei siste krinsane i Hyllestad som innførte nynorsk, og dette skjedde i 1932. Kolgrov var først ute i Hyllestad i 1906, og Øen krins var den siste. I Øen kom ikkje nynorsken før i 1950. Kjelde: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Skuleborn på Sørefjord skule i Hyllestad ca 1924. Sørefjord var ein av dei siste krinsane i Hyllestad som innførte nynorsk, og dette skjedde i 1932. Kolgrov var først ute i Hyllestad i 1906, og Øen krins var den siste. I Øen kom ikkje nynorsken før i 1950. Kjelde: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1924

Fotograf: Ukjend

I 1855 skreiv Mathias Dahl Gjessing følgjande i Morgenbladet:

”Den første fordring der må haves til skolevæsenet, og frem for alt til det laveste, til almueskolevæsenet, er at undervisningen sker i modersmålet. Denne fordring er simpel og soleklar, og den vilde ikke møde mindste modsigelse, om spørgsmålet gjaldt et fremmed land, om jeg kun havde at sige at den bør være dansk og ikke tysk i Nordslesvig, polsk i Polen, ungarsk i Ungarn. Den vilde også møde lige anerkjendelse om jeg kun påstod, at den burde være svensk, ikke dansk i Sverige, dansk og ikke svensk i Damnark. Men flere hundrede års misbrug er årsag i at der endnu vil gå en tid hen, inden sætningen vinder et bifald, der går over i gjerning, når jeg anvender den på os selv og siger, at undervisningen bør og må være norsk i Norge og ikke dansk.” (Lothe s. 59/60)

Det nasjonale rammeverket for nynorsken

Då Dahl Gjessing skreiv i Morgenbladet i 1855 hadde Ivar Åsen skapt det norske skriftspåket. I 1853 gav Åsen ut Prøver af Landsmål i Norge og i 1855 vart Ervingen gitt ut. På bakgrunn av landsmålet til Ivar Åsen starta frå midten av 1800-talet kampen for å innføre norsk språk i skulane. Landsmålet eller nynorsk fekk tidleg fleire tilhengarar. Fleire av desse tilhengarane var lærarar og nytta nynorsk i si undervisning, sjølv om det enno ikkje var gitt løyve til det. Vi kan difor snakke om to spor når det gjeld innføringa av nynorsk i skulane.

Det eine sporet er det uoffisielle, der lærarar byrja å snakke norsk og undervise i nynorsk skriftspråk. Det andre sporet er det offisielle, og inneber at skulestyra rundt om i landet gjorde vedtak om at nynorsk skulle vere hovudmål. Det første sporet kan vere vanskeleg å følgje. Her må vi stø oss på kjelder frå privatpersonar og forteljingar frå lærarar og elever. Det offisielle sporet er sjølvsagt enklare å følgje, og det er den vegen eg vil gå i denne artikkelen. Men det er likevel viktig å hugse på at det i fleire tilfelle var lærarar som nytta nynorsk lenge før eit offisielt vedtak frå skulestyret låg føre.

Striden om lærarskulane

Sjølv om det var mange som kjempa for å innføre nynorsk, heldt styremaktene tilbake. Den første store kampen om innføring av nynorsk stod om lærarskulane. I 1868 laga styremaktene ein ny plan for lærarskulen. Her stod det at elevane skulle skrive og snakke dansk. Planen vart godkjend ved kongeleg resolusjon 31. juli 1868.

I 1874 var målsaka oppe i Stortinget for fyrste gong. Stortinget skulle røyste over eit framlegg om å innføre gamalnorsk og nynorsk som fag på lærarskulane. Nynorsken vart stemt ned med 71 mot 31 røyster. Det vart gjort vedtak om at det skulle vurderast om gamalnorsk skulle takast inn i lærarskulane som eit valfritt fag. Undersøkinga som vart sett i gang konkluderte med at heller ikkje gamalnorsk skulle innførast

Lærarskulane var difor framleis ein arena der framtidige lærarar skulle snakke og skrive dansk. Nynorsk var ikkje tilgjengeleg som fag.

Striden om folkeskulen

Ein ny normalplan for folkeskulen vekte harnisk hjå målmennene i 1874. Setninga som vekte det sterkaste engasjementet var denne: ”Efter hånden opøves børnene i at forstå og selv benytte det i bøgerne almindelig brugte sprog”. (Lothe s. 69) Det ville seie at barna skulle lese, skrive og snakke dansk. Arne Garborg gjekk sterkt ut mot normalplanen og skreiv følgjande i ”Fedraheimen”:

”Kan du lesa det utan harm, so er du ein større dauving enn eg trudde ein nordmann kunde vera. Heile folket skal kasta frå seg sitt fedramål og taka seg eit nytt mål på borg hjå sine dansknorske herrar. I staden for å taka den einaste naturlege og mogelege vegen og segja: Bøkene bør læra å bruka same målet som folket, - so gjeng hr. skuledirektøren den radt bakvende vegen og segjer: Folket bør læra å bruka same målet som bøkene. Han vil laga foten etter skoen, denne karen, og ikkje skoen etter foten. Det er slikt me kallar radikalt eller rothoggar-målstræv.” (Lothe s. 70)

I 1878 kom Johan Sverdrup med framlegg til Stortinget om å endre lova om folkeskulen (almueskulen) til at ”…undervisninga i almueskolen så vidt mulig meddeles på børnenes eget talesprog”. (Lothe s. 71) Framlegget vart teke inn i normalplanen for folkeskulen. Målrørsla hadde tapt striden om lærarskulane, men vunne ein siger i kampen for å innføre nynorsk i folkeskulen. Sjølv om det no var vedteke at barna skulle få undervisning på sitt eige talespråk, endra ikkje dette ved dei gjeldane reglane for lærarskulane, der skulle framleis både skrift og talespråk vere dansk.

Nynorsk litteratur

Ein viktig faktor i framveksten av det nye norske språket var litteraturen. I 1858 gav Ivar Åsen ut Dølen. I 1862 kom den første leseboka på nynorsk, Skrift og Umskrift i Landsmålet av Aasta Hansteen. I 1867 gav Vestmannalaget ut ein nynorsk grammatikk av M. Nygård og i 1868 ei omsetjing av Martin Luthers litle katekisme. I 1869 kom ei ny lesebok på nynorsk, av Olav Paulson.

I 1878 vedtok Stortinget å løyve pengar til ei omsetjing av Det nye testamentet til nynorsk. Dette arbeidet vart gjort av Elias Blix. Det var også løyvd pengar til å utarbeide ei Noregssoga. Denne vart skriven av Steinar Schjøtt. Etter kvart som nye lærebøker vart tilgjengelege vart dei hjå einskilde lærarar og i einskilde krinsar nytta i undervisninga, også i Sogn og Fjordane.

Nynorsk på den politiske dagsordenen

I 1884 var partiet Venstre den store vinnaren i Stortingsvalet. Den nye politiske situasjonen førte også til at målsaka kom på den politiske dagsordenen. I 1885 kom 41 stortingsmenn med framlegg om at nynorsk skulle ha dei same rettane som dansk. Framlegget var det første stortingsdokumentet skrive på nynorsk. Det vart sendt til Kyrkjenemndi som gjorde følgjande vedtak til framlegg: ”Regjeringen anmodes om at træffe fornøden forføining til at det norske folkesprog som skole- og officielt sprog sidestilles med vort almindelige skrive- og bogsprog”. (Lothe s.145) Framlegget om jamstelling vart vedteke med 78 mot 31 røyster.

Same året var det også oppe ei anna målsak i Stortinget. Fleire lærarlag hadde komme med oppmoding om at det måtte løyvast pengar til eit kurs i nynorsk for lærarane. Dette vart vedteke med 73 mot 25 røyster.

Sjølv om det vart vedteke at nynorsk og dansk skulle vere jamstelt både som skule- og offisielt språk vart eit framlegg om å ta dette inn i skulelova stemt ned i Stortinget. Jamstellinga kom ikkje inn i skulelova før i 1892.

I 1890 vart nynorsk fag ved lærarskulane og utover på 1890-talet kom det til fleire lærebøker på nynorsk. I 1907 vart det vedteke at elevar som var oppe til examen artium kunne velje kva språk dei ville nytte. Ved eksamen skulle det svarast på to oppgåver. Dersom eleven valde å skrive begge to på same mål måtte han gå opp til ei tilleggsprøve for å teste kunnskapane i det andre målet. I 1899 fekk universitetet sitt første professorat i nynorsk og i 1908 vart det fastsett at det var valfritt mål ved dei avsluttande prøvene på universitetet.

Kampen i Sogn og Fjordane

I Sogn og Fjordane var det mange målmenn som kjempa for at nynorsk skulle verte hovudmål i skulen. Dei første kommunane byrja med nynorsk i 1890-åra. Stryn kommune var først ute med å innføre nynorsk i heile kommunen. Det skjedde i 1897. Det var ein gradvis overgang der nye lærebøker på nynorsk vart innført etter kvart. Den første krinsen vi veit gjekk over til nynorsk var Flahamar i Luster, som gjekk over til nynorsk som skriftleg opplæringsmål i 1893. Andre kommunar gjekk i laupet av 1890-åra over til å nytte einskilde lærebøker på nynorsk. I Kyrkjebø vart det vedteke at læreboka i historie skulle vere på nynorsk i frå 1891.

Det var skulestyra i kommunane som skulle avgjere kva mål undervisninga skulle vere på. Det var i hovudsak tre ulike metodar skulestyra nytta når dei skulle velje:

1) Krinsane sende søknad til skulestyret om å få gå over til nynorsk
2) Skulestyra tok ei avgjerd utan å inkludere dei einskilde krinsane.
3) Skulestyra bad krinsane om å gjennomføre avrøystingar om kva mål som skulle nyttast.

Vi finn alle tre metodane når vi undersøker korleis målbytet fann stad i Sogn og Fjordane.

Frå gjennomgangen Anders Lothe har gjort av innføring av nynorsk i Målreisingssoga i Sogn og Fjordane kan vi slå fast at:

- Luster, Brekke, Askvoll, Førde, Kinn, Selje og Davik nytta metode 1,
- Årdal, Balestrand, Vik, Kyrkjebø og Lavik nytta metode 2 og
- Lærdal og Borgund, Fjaler, Jølster, Naustdal, Vevring, Sør-Vågsøy, Eid, Hornindal, Gloppen, Breim, Innvik og Stryn nytta metode 3.

I 1893 søkte læraren i Flahamar krins i Luster om å få ein time skriftleg nynorsk i skulen. Det var ein lang debatt i skulestyret, og det var til slutt leiaren i skulestyret som avgjorde med sin dobbeltstemme, og Flahamar fekk undervisning også på nynorsk. I Sogn og Fjordane var dette det første skulestyrevedtaket om skriftelg opplæring i nynorsk etter at paragrafen om jamstelling var kommen inn i skulelova i 1892.

I Årdal vart det i 1907 gjort eit vedtak i skulestyret om at alle krinsane i kommunen skulle ha nynorsk som hovudmål. Det vart etter det vi kjenner til ikkje gjennomført avrøysting i krinsane i framkant av avgjerda.

Krinsane vert spurd om råd

I 1907 sende skulestyret i Naustdal spørsmålet om kva mål som skulle nyttast i skulen til dei einskilde krinsane. Kvar krins arrangerte avrøysting om spørsmålet. Krinsane Nes, Fimland, Ullaland, Helle, Horstad og Solheimsdalen skal ha uttala seg positivt om nynorsk, og skulestyret gjorde vedtak om at nynorsk skulle vere hovudmål i desse krinsane. I tre av krinsane, Horstad, Solheimsdalen og Helle vart det strid om avgjerda, og det vart kravd ny avrøysting. Denne gongen vann riksmålstilhengjarane og krinsane gjekk attende til bokmål. Det er fleire døme på at det vart stor strid kring røystingane i dei einskilde krinsane.

I Brandsøy i Kinn kommune var det avrøysing om målforma i 1934. Nokre av foreldra sende eit skriv til krinsmøtet:

”I Brandsøy skule skal det komande vinter gå i alt 49 born. Foreldra til 1/3 av desse vil ha bokmål , og foreldra til 2/3 vil ha nynorsk. Det skulde då vera heilt naturleg at det i skulen vart nytta det målet som det store fleirtalet av foreldre ynskjer. Det er vel for borna at skulen er til. Men det er ein del som ikkje synest so. Og mange av dei som er imot dette rimelege ynskje, er slike som sjølve ikkje hev born i skulen.

(…) So vil me bera fram dette spursmålet til dykk som ikkje hev born i skulen, og bed dykk tenkja på det fyre røystingi på møtet onsdag: Synest de at de for samvitet si skuld kann gå imot det som det store fleirtalet av foreldre ynskjer?” (Lothe s. 372-373)

Det var altså slik at det ikkje nødvendigvis var foreldra til dei som hadde barn i skulen som avgjorde kva mål opplæringa skulle vere på. Eg kan nemne at Brandsøy fekk nynorsk til hovudmål. Skulestyret hadde i si avgjerd også lagt vekt på det skrivet som foreldra hadde sendt til krinsmøtet.

I Hornindal sende skulestyret i 1907 spørsmålet om nynorsk ut til krinsane til avrøysting. 8 krinsar var for å nytte nynorsk, 3 imot. Skulestyret vedtok likevel at nynorsk skulle vere hovudmål for alle krinsane i kommunen.

Målbytet vert fullførd

Ein del krinsar held lenge på bokmålet, men dei aller fleste gjekk over til nynorsk i laupet av første halvdel av 1900-talet. Mellom dei siste krinsane som gjekk over til nynorsk var Oldeide og Hennøy i Davik (1939), Stokkevåg, Eltvik, Hove, Silda og Ulvesund i Selje (1939) Furesund i Kinn (1941), Hegg i Borgund (1947) og Øen i Hyllestad (1950). Etter at Øen tok i bruk nynorsk var det berre tre bokmålskrinsar igjen i Fylket. Desse var Myrdal, Florø og Måløy. I Florø var det tilbod om nynorskklassar. Myrdal krins var i ei særstilling ettersom dei fleste barna i skulen var barn av tilflytta jernbanearbeidarar.

Frå Luster i 1893 gjorde vedtak om at nynorsk skulle vere hovudmål i Flahamar krins gjekk det 57 år før vi kan seie at målbytet var heilt ferdig i Sogn og Fjordane, då Øen krins gjekk over til nynorsk i 1950. Mathias Dahl Gjessing hadde rett då han i Morgenbladet i 1855 skreiv at ” der endnu vil gå en tid hen, inden sætningen vinder et bifald, der går over i gjerning, når jeg anvender den på os selv og siger, at undervisningen bør og må være norsk i Norge og ikke dansk.” (Lothe s. 59/60)

Innføring av nynorsk i skulekrinsane i Sogn og Fjordane

Jostedal

Dei første krinsane gjekk over til nynorsk. I 1906 hadde 4 krinsar nynorsk og 1 dansk. Den siste gjekk over til nynorsk i åra etter 1906

Luster

Flahamar krins får nynorsk skrifteleg i 1893. I 1903 går framhaldskulen over til nynorsk. I 1906 vedtek skulestyret at nynorsk skal vere hovudmål i alle krinsane frå 1907. Alle lærebøkene unnateke kristendom skulle vere nynorsk. I kristendom kunne krinsane sjølve velje.

Hafslo

I 1906 gav skulestyret lærarane påbod om å arbeide for å få inn lese- og lærebøker på nynorsk i sine krinsar. I 1911 har 10 krinsar nynorsk til hovudmål. Solvorn fekk nynorsk i 1919 og Kvam-Yndesdal i 1925.

Årdal

I 1900 vedtok skulestyret å føre inn bibelsoga og noregssoga på nynorsk. I 1907 gjorde skulestyret vedtak om at nynorsk skulle vere hovudmål i alle krinsane i kommunen. I 1906 hadde kommunen enno to lærarar som snakka dansk i skulen.

Lærdal og Borgund

I 1906 hadde 4 krinsar all opplæring på nynorsk. I 1908 vedtok kommunestyret at nynorsk skulle vere hovudmålet i alle krinsar unnateke Berge og Hegg i Borgund. I 1911 sa skulestyret at det skulle vere ny avrøysting og kommunane innførte nynorsk såles: Vindedalen, Stendene, Erdal, Hauge og Rikheim i 1911, Ljørsne i 1921, Lærdalsøyri i 1922, Tønjum i 1924, Husum i 1935, Berge i 1939 og Hegg i 1947.

Sogndal

I 1898 vedtek skulestyret at bibelsoga skal vere på nynorsk. I 1908 gjorde skulestyret vedtak om at nynorsk skulle vere hovudmål i skulen. Målstriden held fram også etter dette vedtaket. I 1912 gjorde skulestyret vedtak om at skriftleg undervisning i folkeskulen, framhaldsskulen og aftenskulen skulle vere på bokmål for dei som byrja i skulen frå 1912. Vedtaket vart gjeldane for krinsane Haukås (nedlagt i 1915), Lomelde og Fimreite. Kaupanger held fram med nynorsk. Lomelde og Fimreite fekk nynorsk i 1920.

Aurland

I 1908 vedtok skulestyret å nytte nynorsk til hovudmål i krinsane Bergvam, Flåm, Underdal og Dyrdal. I 1919 kom resten av krinsane til, unnateke Myrdal.

Leikanger

Skulestyret i Leikanger handsama aldri spørsmålet im innføring av nynorsk som hovudmål, men handsama saka om lærebøker på nynorsk. I 1900 var spørsmålet ute til krinsane og resultatet var såleis: Fresvik ville ha bibelsoga, forklåring og katekisme på nynorsk, Fedje, Nybø og Helleland ville ha lærebøker på bokmål, Holum Frønningen ville ha bøker på nynorsk. Skulestyret vedtok at bibelsoga på nynorsk skulle innførast i alle krinsar, men dette vart ikkje gjennomført i Fedje. I 1909 fekk Holum lærebøker på nynorsk. Dei andre krinsane gjekk gradvis over til lærebøker på nynorsk utan at det vart fatta nye vedtak.

Balestrand

I 1907 vedtok skulestyret at det skriftelge arbeidet, lærebøker og lesebøker skulle vere nynorsk i alle krinsar.

Vik

I 1906 vedtok skulestyret at foreldra kunne velje kva mål lærebøkene skulle vere på. Same året vart nynorsk innført i framhaldskulen. I 1908 vedtok skulestyret at nynorsk skulle vere hovudmål i alle krinsane i kommunen.

Kyrkjebø

I 1891 gjorde skulestyret vedtak om at lærebok i historie skulle vere på nynorsk. I 1897 vedtok skulestyret at lærarane kunne velje kva mål dei ville undervise i. I 1904 gjorde skulestyret vedtak om at den skriftelge og munnlege opplæringa skulle vere på nynorsk. Unntaket var Høyanger der det var tilbod om bokmålsklassar.

Lavik

I 1900 vedtok skulestyret at alt skriftleg arbeid skulle vere på nynorsk i alle krinsar.

Brekke

I 1902 vedtok skulestyret at all skriftleg opplæring skulle vere på nynorsk. I framkant av dette vedtaket hadde alle krinsane søkt skulestyret om å få nytte nynorsk.

Gulen

I 1906 gjorde skulestyret vedtak om at deler av den skriftlege opplæringa kunne vere på nynorsk. I 1911 vart nynorsk gjort til hovudmål i alle krinsane.

Solund

I 1906 var det ein krins som nytta nynorsk, i 1911 hadde talet auka til 4, og i 1920 hadde alle krinsane nynorsk.

Hyllestad

Kolgrov krins tok nynorsk i 1908, i 1911 hadde 6 krinsar lærebøker og all skriftleg opplæring på nynorsk, talet var auka til 15 i 1920. Dei siste krinsane som fekk nynorsk var Leirvik (1927), Åsmul (1930, då krinsen gjekk saman med ein annan krins som hadde nynorsk), Hyllestad og Sørfjord (1932) og Øen (1950).

Askvoll

I 1906 vedtok skulestyret å innføre lærebok i historie på nynorsk. I 1909 søkte krinsane Eidet, Bulandet og Værøy om å få nytte nynorsk og dette vart vedteke. Dei andre krinsane tok nynorsk etter kvart, Furuset (1910), Stafsnes (1914), Holevik (1915), Høyvik (1918), Måset, Eimind, Askvoll, Olset, Korssund, Folkestad og Fure (1919), Leirvåg (1931) og Herland (1937). I 1938 vart Grimeland slegen saman med Måset og då Heggøy-Smelvær starta opp at i 1940 tok dei nynorsk.

Fjaler

I 1890 åra tok dei til med nynorsk i Homedal krins. I 1907 gjorde skulestyret vedtak om at nye lærebøker skulle vere på nynorsk. I 1908, etter krinsavrøystingar gjorde skulestyret vedtak om at nynorsk skulle vere hovudmål i alle krinsane.

Gaular

Skulestyret vedtok i 1908 at nynorsk skulle vere hovudmål i alle krinsane, men fleire krinsar gjekk tilbake til bokmål. I 1911 hadde tre krinsar opplæring i nynorsk, 15 i 1920 og i 1927 gjekk dei to siste krinsane, Søgnen og Skilbreid over til nynorsk.

Jølster

I 1903 søkte lærarlaget til skulestyret om at foreldre som ynskte det kunne la barna nytte lærebok i historie på nynorsk. Søknaden vart godkjent. I 1905 vedtok skulestyret at krinsane Klakegg, Heggheim, Veiteberg og Åmot skulle ha skriftleg opplæring på nynorsk. I 1911 valde også krinsane Ålhus, Årdal, Myklebost, Dvergsdal og Sygnesand nynorsk, Dandal i 1912 og Gjesdal og Eikås i 1919.

Førde

I 1907 gav skulestyret løyve til at Futebø krins kunne nytte lesebok og bibelsoge på nynorsk. I 1910/11 vedtok skulestyret å innføre Rolfsens lesebok på nynorsk i alle krinsar. Krinsane fekk nynorsk som hovudmål i denne rekkjefølgja: Furebø (1918), Høyset, Nydal, Masdal og Åsen (1919), Erdal og Holen (1922), Øvre Angedalen (1923), Alltang (1927), Hårklau, Sunde og Frøysland (1928) og Førde (1933).

Naustdal

I 1906 vart historiebøker og lesebøker på nynorsk ført inn i alle krinsane. I 1907 vart spørsmål om undervisningsmål sendt til skulane for avrøysting og i 1908 vedtok skulestyret at nynorsk skulle vere hovudmål i Nes, Fimland, Ullaland og Helle. Dei andre krinsane fekk nynorsk i denne rekkjefølgja: Horstad (1917), Åse, Furevik, Karstad, Bjørkedal, Friborg, Naustdal og Mulen (1919), Helle og Hellevang (1920) og Fremmarsvik (1921).

Vevring

I 1908 vedtok skulestyret at opplæringa i småskulen skulle vere på nynorsk. I 1920 vart nynorsk hovudmål i krinsane Rørvik, Kvammen, Gjelsvik, Skorva, Kellestad, Grytten og Redal. Vevring fekk nynorsk i 1934 og Flokenes då dei i 1930-åra vart slegen saman med Skorva.

Kinn

I 1909 vart nynorsk hovudmål i Hovden krins, og i Litle-Høydal i 1915. 1919 var det store året for innføring av nynorsk i Kinn då fekk dei nynorsk i Barekstad, Batalden, Skorpa, Kinn, Reksta, Askrova, Furesund, Havrenes, Havikbotten, Brandsøy, Andalen, Nyttingnes, Tirdal, Haukå, Årebrot, Vågane, Svanøy, Standal, Stavang, Stavøy, Steinhovden, Svardal, Grov, Leversund, Løkkebø, Nordal, Midtbøk, Eikefjord, Løkkebø, Tonheim, Sønnervik og Barlindbotten. I 1924 gjekk Haukå, Tirdal, Brandsøy, Stavøy, Furesund Askrova og Barekstad attende til bokmål, men dei skulle ha 12 timar nynorsk i beka.. I 1926 vart bokmål innførit i Årebrot. Nynorsk vart innført i Barekstad (1931), Havrenes (1932), Brandsøy (1935), Årebrot og Haukå (1937), Rognaldsvåg (1938), Andalen (1939) og Furesund (1941)

Florø

Her var det bokmål som var hovudmål, men det vart oppretta ein nynorskklasse frå 1928.

Bremanger

Frå 1907 vart nynorsk hovudmål i Nordre Midtgulen, Nesbø, Gåsøy og Værøy. Frå 1908 skulle nynorsk vere hovudmål i Dalen, Nesje, Søre Midtgulen og Sørgulen. Nordgulen og Novelandet fekk nynorsk frå 1909 og Frøyen, Botnane, Husefest, Rylandsholm, Hauge, Førde, Vetvik og Ryland frå 1919.

Selje

Krinsane fekk nynorsk i denne rekkjefølgja: Hoddevik (1914), Honningsvåg (1918), Nordstranda, Barmøy, Borgundvåg, Refsnes, Drage, Eide (seinare slegen saman med Hove), Barmen, Sandvik, Nordpoll, Flatraket og Ulvesund (1919), Moldestad (1926), Årvik og Kjøde (1936), Stokkevåg (1939), Eltvik, Hove, Silda og Ulvesund (som hadde nytta bokmål ei tid) (1939)

Nord-Vågsøy

I 1913 var nynorsk innført i dei fleste krinsane, men Kvalheim kom noko seinare.

Sør-Vågsøy

I 1919 vart nynorsk innført i Skram, Holvik, Våge, Oppedal og Skavøypoll. Skram gjekk tilbake til bokmål i 1928, men med sideklassar i nynorsk. I Måløy var det bokmål.

Davik

I 1906 fekk Nordstranda krins godkjent søknad om å få nytte nynorsk i skrifteleg arbeid. Etter søknad vart nynorsk innført i Torheim, Haus, Dombestein og Rimstad (1908), Maurstad, Kjøllesdal, Endal og Isane (1909), Davik (1910), Reknes (1912), Ålfoten (1918), Berle, Husevåg, Tytingvåg og Leirgulen (1919), Lefdal, Rugsung og Botene (1920), Hamnen (1933), Gangsøy (1936) og Oldeide og Hennøy (1939).

Eid

Nynorsk vart innført i Storheim, Remedalen, Haugen, Hjelmelandsdalen, Hjelle, Åsebø, Hundeide, Myrkset, Hundvik og Nes (1908), Eid (1913), Os (1914) og Høynes (1925) då krinsen gjekk saman med Storheim.

Hornindal

I 1907 vart nynorsk innført i alle krinsane. 8 krinsar hadde røysta for nynorsk, 3 imot.

Gloppen

Nynorsk vart innført i Hopland, Hennebygda, Lote, Devik, Eimhjellen, Rygg, Mardal, Ryssdal og Austrheim (1906), Solheim, Røyrvik, Vereide (berre småskulen) (1908), Vereide, Skeivsund, Osmundsnes, Straume og Gjengedal (1909), Nesjane (1913) og Sandane (1915)

Breim

I 1919 vart nynorsk hovudmål i alle krinsar unnateke Reed som kom med i 1914.

Innvik

I 1906 vart nynorsk hovudmål i alle folkeskular i kommunen.

Stryn

Skulestyret vedtok i 1897 at all skriftleg opplæring skal vere på nynorsk. Lærebøker på nynorsk vart innført gradvis.

 

kjelder:

Anders Lothe. Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. 1950

PERMANENT IDENTIFIKATOR