Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Handels- og gjestgjevarstaden Lærdalsøyri



I ein av dei innerste sidearmane til Sognefjorden ligg tettstaden Lærdalsøyri. Jektene som kom til Lærdal la til ved Løytnantsbryggja. Frå denne bryggja var ikkje vegen lang til marknadsplassen, landhandlarane eller gjestgiveria. Mellom dei freda bygningane på Øyri ligg framleis dei gamle krambuene. Av dei gamle gjestgiveria er nokre enno i drift, medan andre er nedlagde for lenge sidan.

Lærdalsøyri voks fram på ein allmenning ved Lærdalselvi sitt utløp i fjorden. Biletet syner Lærdalsøyri kring 1880. Fremst ser ein Lågøyna. På Løytnantsbryggja ligg det fleire jekter. Krambuene til handelsmennene finst lenger til høgre på biletet. I bakgrunnen skimtar ein den nye kyrkja, ferdig i 1869. Lengst bak ligg Hansegarden, der kjøpmann Jan Henrik Nitter Hanssen budde.

Lærdalsøyri voks fram på ein allmenning ved Lærdalselvi sitt utløp i fjorden. Biletet syner Lærdalsøyri kring 1880. Fremst ser ein Lågøyna. På Løytnantsbryggja ligg det fleire jekter. Krambuene til handelsmennene finst lenger til høgre på biletet. I bakgrunnen skimtar ein den nye kyrkja, ferdig i 1869. Lengst bak ligg Hansegarden, der kjøpmann Jan Henrik Nitter Hanssen budde.

Eigar: Norsk Folkemuseum.

Datering: om lag 1880.

Fotograf: A. Lindahl.

Handel frå gamalt av

Handel mellom aust og vest har det nok vore på Øyri frå gamalt av. Då Lærdalsmarknaden tok til vart staden ein sentral plass for handel mellom folket frå kysten og folket frå det indre Austland. Folket frå aust hadde dårlege vegar å ferdast på til Lærdal så dei fekk berre med seg det dei kunne ta på hesteryggen. Kystfolket hadde plass til meir på jektene sine.
På 1600-talet budde det kring 60 menneske på Lærdalsøyri. Dei fyrste handelsmennene og gjestgjevarane kom til bygda på denne tida. Dei var borgarar i Bergen. I 1648 dreiv Petter Kramer gjestgiveri på Øyri. Han var ikkje åleine om å driva handel, tre andre gjekk han i næringa. Kramer gav etter kvart opp drifta på Øyri og i 1672 vart han stovemann på Maristova.

Handels- og gjestgjevarstad

På Lærdalsøyri var det så og seia alltid minst to som dreiv handel og gjestgiveri. Dette skuldast både at det kvar haust vart halde marknad her, og ferdavegane over til Austlandet. Særleg var vegen over Filefjellet til Valdres viktig, men òg vegen over til Hemsedal og Hallingdal.
Dischington, van der Velde og Sivertsen dreiv handel her til 1660-åri. Sjur Nilsson heldt fram med handelen som Sivertsen hadde hatt. Samstundes med han dreiv Jakob Svingel handel på Øyri. Han kom til Lærdal i 1666 og dreiv både som skomakar og med handel av trelast og krøter. Sonen Petter dreiv vidare det faren hadde starta med.
Peder Nilsson Hjermann vart i 1674 gjestgjevar og kremmar på Lærdalsøyri. Han kjøpte i tillegg garden Stødnum i Lærdal, men budde aldri der. I 1689 brann alle husa hans på Øyri ned. Hjermann miste det meste av det han eigde. Han kjøpte same året husa som Kramer hadde drive gjestgiveri i. Hjermann fekk etter kvart pengeproblem og selde Stødnum i 1689.

1700-talet

Nils Hjermann, sonen til Peder, overtok drifta etter faren. Enkja etter han gifte seg opp at med Hans Hanssen Urdahl. Han fekk løyve som gjestgjevar i 1716, og var i tillegg prokurator. Han er meir omtala som sakførar enn gjestgjevar. Ny kremmar på Øyri i 1720-åra var Per Erikson Klingenberg frå Amla. I 1743 vart Nils Sørenson Hess kremmar her. Begge desse vart av gjestgjevarane skulda for ulovleg sal av brennevin. Dei hadde heller ikkje dei varene dei var pliktige til å ha i krambua. I 1746 fekk Mathias Atche Testrup løyve som gjestgjevar på Lærdalsøyri. Han døydde i 1753. Søren Nilsson Hess gifte seg med enkja etter Testrup og overtok drifta av gjestgiveriet i 1753. Då Hess døydde i 1772, overtok svigersonen hans, Hans Hansson Lem, som gjestgjevar og kremmar. Ei stund dreiv Lem som einaste handelsmannen på Øyri, men sleit likevel med å få det til å svara seg. Han overtok i 1794 garden Frønningen, og flytte dit.

Hille og Hanssen

I 1792 kom Lars Matiasson Hille til Lærdal. Han hadde vore gesell for bergenskjøpmannen Wollert Krohn i Bergen. I Lærdal vart han styrar for handelsplassen som Hans Lem seinare selde til Hille i 1801. Dette året budde det 109 personar på Lærdalsøyri. Lars Hille vart ein rik mann medan han var i Lærdal. I 1810 kjøpte han Fresvik-godset og flytte dit. Handelsstaden i Lærdal selde han til Tøger Hanssen frå Luster. Jan Henrik Hanssen overtok etter faren. Han vart ein stor jordeigar, men selde ut att ein del bruk. Han heldt att eitt bruk under garden Øye, Hansegarden, der han budde. Hanssen vart den siste privilegerte gjestgjevaren i Lærdal, - han døydde i 1879. Hotelldrift kom i staden. Sonen, Tøger Hanssen Ravn, dreiv ein stutt periode med handel. Han slutta med dette, selde eigedomane sine og flytte til Austlandet.

 

Slutt på handelsprivilegia

På 1830-talet kom det framlegg om å gjera Lærdalsøyri til kjøpstad. På denne tida var staden i sterk vekst. Folketalet i 1835 var på 389 personar. I 1840 budde fire handelsmenn her. Peder Pavels Aabel skreiv i 1838 varmt om skiping av ein kjøpstad på Lærdalsøyri i avisa Morgenbladet. Han kom òg inn på nybygging, utbetring og omlegging av vegane over Filefjell og Hemsedalsfjellet. Andre skreiv innlegg om å ta vekk handelsprivilegia og innføre konkurranse mellom landhandlarane. Øyri vart aldri by, men handelsprivilegia vart tekne vekk ved innføringa av ei ny lov i 1842. Lova gav kvar mann som løyste handelsbrev rett til å handla. Mange prøvde seg som handelsmenn, men nesten ingen vart rike av det. I 1865 var det heile åtte landhandlarar på Lærdalsøyri, to var handlande og tre handelskarar. Talet på landhandlarar var auka til ti i 1900, og det var ein som dreiv med fiskehandel. Landhandlarane heldt til i krambuene sine nede i det området av Øyri som no er verna. Dei gamle butikklokala har til tider vore lite brukt, men det vert forsøkt å halda oppe ein viss aktivitet i dei. Frå om lag 1970 har sentrum for handelen i Lærdal vore kring Øyraplassen.

Lærdalsmarknaden

Nøyaktig kva tid Lærdalsmarknaden vart skipa er det ingen i dag som veit sikkert. Det ein veit er at marknaden var i gang på 1500-talet. Marknaden vart frå 1596 halden åtte dagar i september. Lærdalsøyri låg lagleg til både for sogningar, valdresar og hallingar. Jamvel bergensarar, vossingar og teler skal ha kome hit. Austlendingane hadde med seg ost og smør som dei ville byta i salt og fisk, men også korn når det hadde vore uår. Mange hadde varer dei sjølv hadde kjøpt og som dei ville selja på marknaden. Ikkje alle varene var det ein vil kalla "matnyttige" varer, her vart det selt mykje rart. Hit kom det handverkarar av mange slag. Rosemålarar, treskjerarar, smedar og prydkunstnarar kom for å selja sine produkt. Andre kom for å ha det moro. Ordensmakta hadde ofte mykje å henga fingrane i under marknaden. På 1840-talet hadde Lærdalsmarknaden sine største år, men alt i 1876 vart han lagd ned. Arrangementet som i våre dagar vert kalla Lærdalsmarknaden kan ikkje jamførast med den gamle marknaden. Sjølv om sal av varer er ein viktig del av den moderne marknaden, er det fyrst og fremst kultur og underhaldning som pregar denne.

Lindstrøm

Jørgen Christian Lindstrøm kom til Lærdal i 1845. I 1848 fekk ham løyve som landhandlar og gjestgjevar. Vilkåra for handel var ikkje så gode, så Lindstrøm og kona måtte stå på for å halda drifta oppe. J. C. Lindstrøm vart den fyrste som starta hotell på Øyri. Men det var nok sonen Ole Johan og kona som verkeleg skapte Lindstrøm hotell. I tillegg til å driva landhandel og hotell var J. C. Lindstrøm ekspeditør for Fylkesbaatane. Ole Johan Lindstrøm utvida det far hans hadde starta. Han skulle vera ein drivande kar. Hotellet vart bygt om i sveitserstil og stod slik fram til det brann i 1968. Lindstrømbui heldt til lenger nede i Øyragata, i lag med dei andre krambuene på Øyri. Butikken vart i 1968 flytt til det nybygde hotell-, kafe- og butikkbygget. I dag driv familien Lindstrøm framleis hotellet, men butikken har dei leigd vekk.

Ørens Meieri

Bøndene var tidleg ute med å skipa ulike samvirke. På Lærdalsøyri vart det i 1890 skipa meieri, Ørens Meieri. Drivkrafta bak skipinga var Tøger Ravn. Meieriet vart bygt som smørmeieri, men hadde òg eit mjølkeutsal. På fleire måtar var det eit føregangsmeieri. Det var det fyrste som hadde dampmaskin til å driva separator, kinne og smørelte. Ei meierske sto for produksjonen fram til Didrik Aasen vart tilsett som meierist. Han var den fyrste meieristyraren i fylket som var fagutdanna. Meieriet var i drift fram til 1917.

Samvirke

Kring 1900 skipa åtte handelsmenn på Øyri og to oppe i bygda eit handelslag, Lærdal opne handelslag. Dette var i drift fram til 1911. Fyrst i 1921 vart Lærdal Samvirkelag skipa. Frå starten var medlemstalet 147 personar. Dei som stod i brodden for skipinga var m.a. Anders Offerdal og telegrafstyrar Skjelfjord. Dei fyrste sju åra var Skjelfjord styrar for samvirkelaget. Fram til 1925 leigde laget hus hjå P. Stønjum, då det flytta inn i lokala som Ørens Meieri hadde hatt. I denne bygningen heldt samvirkelaget til i over 40 år. Kring 1970 flytta laget inn i ei ny forretning på Øyraplassen. Laget vart tilslutta Sogn Samvirkelag.

Lærdalsøyri kring årtusenskiftet

Handelen og gjestgjevardrifta har ikkje same posisjon som tidlegare. Lærdalsøyri har to daglegvarebutikkar og fleire andre mindre forretningar. Tre hotell held til på Øyri. Lindstrøm hotell, med sine lange tradisjonar, har fått konkurranse av to nyare skipingar, Offerdal hotell og Lærdal hotell.
Det nye senteret for handel i Sogn, Sogndal, har reist med mykje av handelen. Nye vegar til Årdal og Aurland gjev von om at handelen kan få eit nytt løft.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Laberg, Jon: Lærdal og Borgund, Bygd og ætter. Bergen 1938.
Munksgaard, Jan Henrik: Gamle handels- og gjestgiversteder på Vestlandet, Del 3. Sogn og Fjordane. Utgjeve av Kystmuseet i Sogn og Fjordane - Historisk Museum. Bergen 1980.
Sunnfjord Museum: Lærdal & Sogndal, Kulturhistorisk vegbok Sogn og Fjordane. Førde 1989.

Nettstader:
Lærdal kommune:
http://laerdal.kommune.no/
Lærdal Installasjonsservice AS:
http://www.lis-as.no/
Norsk Villakssenter:
http://www.fjordinfo.no/villaks/
Lærdal Hotell:
http://www.eurohotels.no/laerdal/
Lærdal Energi:
http://www.laerdalenergi.no/
Aurland og Lærdal Reiselivslag:
http://www.alr.no
Postmuseet:
http://museet.posten.no/display.php?kommune=Lærdal
Norsk Telemuseum:
http://www.norsktele.museum.no/index_ieoff.html

PERMANENT IDENTIFIKATOR