Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. juli 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Dei første ferjesambanda i Sogn



I debattane om jernbane i 1920-åra vart det drøfta korleis dei skulle få trafikken frå Lærdal, og seinare Flåm, til Sunnfjord og Nordfjord. Planen var jernbane mellom Vadheim og Sandane med tilførselsliner og jernbaneferjer. Det vart berre med planane for jernbane og jernbaneferjer. Derimot kom det bilferjer.

Fire fylkesbåtar ved kai i Lærdal. "Stavenes", som var ny i 1904, ligg til ved ferjelemmen, "Kommandøren" og "Alden" ligg ved sida av kvarandre. Den fjerde ser me berre skorsteinen av. I 1934 vart "Stavenes" ombygd og vart den første bilferja i fylket. Dekket vart forlenga akterover, slik at båten kunne ta 7-8 personbilar. Seinare vart og framdekket forlenga slik at båten kunne ta 10-12 bilar. Frå 1934 gjekk "Stavenes" kvar sommar  mellom Lærdal og  Vadheim. "Stavenes" heldt det gåande som bilferje til 1953.

Fire fylkesbåtar ved kai i Lærdal. "Stavenes", som var ny i 1904, ligg til ved ferjelemmen, "Kommandøren" og "Alden" ligg ved sida av kvarandre. Den fjerde ser me berre skorsteinen av. I 1934 vart "Stavenes" ombygd og vart den første bilferja i fylket. Dekket vart forlenga akterover, slik at båten kunne ta 7-8 personbilar. Seinare vart og framdekket forlenga slik at båten kunne ta 10-12 bilar. Frå 1934 gjekk "Stavenes" kvar sommar mellom Lærdal og Vadheim. "Stavenes" heldt det gåande som bilferje til 1953.

Eigar: Hallstein Ese.

Datering: 1934.

Fotograf: Johannes Mjøs.

Ferjeruter på dagsorden

Det første ferjesambandet i fylket kom i 1934. Då vart det sett inn ferje, eller rettare sagt bilførande rutebåt mellom Lærdal og Vadheim. Under planlegginga var det på tale å leggja ferjestogg på Slinde. Det kom veg til Slinde i 1933. Vegen og ferja ville knyta dei indre bygdene langs Lustrafjorden til Lærdal og Austlandet. Det vart ikkje ferjeleie på Slinde. Stortinget vedtok ferjesambandet Lærdal-Vadheim. Ruta var meint som ei rask direkterute til og frå Austlandet.

Første ferje i Sognefjorden

Frå sommaren 1934 vart D/S "Stavenes" sett inn i den daglege ferjeruta Lærdal-Vadheim med siderute til Gudvangen. Trafikken auka snøgt slik at "Stavenes" i 1936 ikkje greidde å ta all trafikken. Fylkesbaatane sette då inn motorkuttaren M/B "Vesle Øivind". Båten gjekk i rute Gudvangen-Solsnes-Gudvangen.

Solsnes er namnet på ein stad på austsida av Aurlandsfjorden like utom der fjorden deler seg i Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden. Midt i fjorden her la dei to båtane seg side om side. Stoppestaden vart etter kvart heitande Midtfjords. Her vart bilane overførte på sliskar (plankar). Stavenes hadde plass til to bilar i "brønnen" (lasteluka som var dekka av treflakar), to på framdekket og 4-5 på promenadedekket bak. I 1934 var det frakta rundt 500 bilar. Det kosta kr 1,50 for kvar bil, og i tillegg 2 kroner i bryggjepengar for ombord- og ilandkøyring.

Løyvingar og rutetider

Staten løyvde 10.000 kroner av riksvegmidlane til ferjesambandet mot vanleg distriktstilskot. Første åra var det berre sommarruter. I 1934 og 1935 gjekk ruta i juli og august. I 1936 vart ruta utvida frå 20. juni til 7. september. Frå 1937 kom "Sandøy" inn saman med "Stavenes" mellom Lærdal og Vadheim. Dei kunne då ta 16 bilar til saman. Tilskotet til ferjesambandet auka til kr 25.000. I 1939 vart den første spesialbygde bilferja, M/F "Lærdal", sett inn mellom Lærdal og Gudvangen.

Noreide får ferjekai

I 1937 var det veg mellom Høyanger og Vadheim. Rettnok var store parti av vegen svært dårleg, men vegen vart opna for trafikk. Same året bygde vegvesenet ferjekai på Nordeide, og D/S "Stavenes" gjekk mellom Lærdal og Nordeide, medan m/b "Sandøy" gjekk mellom Lærdal og Vadheim i sommarmånadene. Det ser ut som Vadheim varthalden oppe som ferjekai enno ei stund. Mellom Vadheim og Lærdal vart det i 1937 frakta 575 bilar og mellom Vadheim og Gudvangen vart det frakta 267 bilar.

Bilruter Vadheim-Sandane

Meininga var at det skulle gjerast forsøk med statsdrivne bilruter på hovudvegnettet, men det vart det aldri noko av. Då Stortinget vedtak vederlagsplanen i 1936, kompensasjon for manglande jernbane, vart det bestemt at fylket skulle halda fram med den private rutedrifta mellom Vadheim og Sandane, av di ruta ikkje hadde tilknyting til jernbanenettet. Firda Billag fekk konsesjon på rutedrifta.

Ny veg til Kaupanger

På slutten av 1930-talet var vegnettet langs Sognefjorden utvida. I 1938 var det bilveg mellom Sogndal (Loftesnes) og Kaupanger, og mellom Sogndal og Leikanger med ferjestad på Grinde. Då vart ferjerutene omlagde, slik at ein fekk ferje på strekninga Lærdal-Kaupanger og Grinde-Noreide. I 1938 vart det på ferjeruta Grinde-Nordeide frakta 896 bilar. Det gjekk og ferje mellom Lærdal og Gudvangen. Endå eit nytt ferjesamband kom i 1939, då Gaularfjellsvegen opna. Ferja gjekk mellom Grinde og Vetlefjorden/Noreide. Grunna den aukande trafikk vart det sett inn ei ny og større ferje over Loftesnessundet.

Ferjekaiene let venta på seg

Ferjerutene kom før ein fekk spesialbygde ferjer og skikkelege ferjekaier. Bilane måtte anten heisast om bord, eller køyrast om bord på "ferjelemmer". Desse var 5-6 m lange og rundt 2,5 m breie, og vart felt inn i dampskipskaiene. Dei vart løfta og senka ved hjelp av ei fem tonns talje på kvar side. Ekspeditørane på stadene fekk ei fast avgift per bil. I 1939 kom M/F "Lærdal", som hadde innkøyring i baugen og svingskive på dekket, slik at ein ikkje trong å rygga om bord eller i land.

Krig

Krigsåra sette ein førebels stopp for ferjeutviklinga i fylket. Berre dei viktigaste gjennomgangsrutene i Sogn vart oppretthaldne, men også desse rutene vart reduserte grunna drivstoffmangel. "Vesle Øyvind" gjekk mellom Lærdal og Kaupanger under krigen. Fylkesbaatane leigde M/B "Vesle Øyvind" i 1934 til å gå i ferjefart mellom Lærdal og Gudvangen. "Vesle Øyvind" vart seinare den første bilferja mellom Kaupanger og Lærdal.

Kortare ferjeruter

Dei første ferjerutene tok svært lang tid. Det vart etter kvart eit viktig mål å byggja fleire vegar og få kortare ferjestrekningar. For å korta ned den lange ferjestrekninga frå Lærdal til riksvegane lenger vest i Sognefjorden, vart det i 1966 bygd riksveg til Revsnes på sørsida av fjorden, 20 km frå Lærdal. Revsnes ferjekai og Revsnesvegen vart nedlagd, då Fodnestunnelen og Fodnes-Manheller opna i 1995. Då Lærdalstunnelen opna i 2000, vart ferjruta Lærdal-Kaupanger-Gudvangen nedlagd.

kjelder:

Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga, Sogn og Fjordane Fylkeskommune 1958.
Pedersen, Stein Arne: Då automobilen kom til Indre Sogn. I Årbok for Sogn 1999.
Torvanger, Magnus Helge: 101 fjordabåtar. Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-2000, Selja Forlag 2000.
Førsund, Finn B.: Dampen og kaia. Selja forlag 1998.
Fylkestingsforhandlingane, 1937, 1938.

PERMANENT IDENTIFIKATOR