I den katolske tida og lenge etter reformasjonen 1536, hende det at døde vart gravlagde under kyrkjegolvet. Vangen kyrkje i Aurland vart bygd på 1200-talet. Ved ein omfattande kyrkje-restaurering i 1926 vart gravlagde under kyrkjegolvet her tekne opp og flytta til ei fellesgrav på kyrkjegarden.…
Sogn og Fjordane har minst sju arbeid av bilethoggaren Skule Waksvik. Tre av dei er å sjå i Aurland kommune; tre dyreskulpturar; eit reinsdyr, ein bjørnunge og ei geit. Dei har fått sin plass på Aurlandsvangen, i Flåm og i Undredal, til kveik både for fastbuande og tilreisande.
Omgrepet Aurlandsvangen femner her om eit stort område, tilsvarande Vangen sokn. Dette innbefattar gardane langs fjorden frå Skjerdal til Otternes, samt gardane fram til Vassbygedvatnet. Tradisjonelt har gardane frå Vangen og nordover vore rekna som ei eiga bygd, Utbygdi. Området som her nemnast…
I Flåmsdalen og i Aurlandsfjorden finst det både kjende og ukjende fossar som pregar landskapet. Nokre av desse er blant dei mest kjende turistattraksjonane i Noreg, slik som Rjoandefossen og Kjosfossen i Flåmselvi. Flåmselvi vart i 1986 verna i samband med Verneplan III for vassdrag.
Aurland har mange fjell og fjordar. Skulevegane før var gjerne lange, og kunne vera farlege om vinteren. Såleis vart det mange skulekrinsar, med "pendlande" lærar og kortare skuleveg for borna.
Lokalhistorisk senter held til i det gamle Heradshuset på Aurlandsvangen. Senteret tilbyd ei rekkje utstillingar og tenester til publikum. Av tenester kan nemnast hjelp med slektsforsking og søk i fotoarkiv. Senteret vart opna i 1994.
I Aurlandsdalen finn ein fleire nedlagde gardar, ein av desse er Sinjarheim. Garden ligg høgt og fritt på eit høgdedrag med gjel, juv og fossar på alle kantar. Sjølv om omgjevnaden er dramatisk har det budd folk her i lange tider. Garden vart fråflytt i 1922 og forfallet sette etter kvart inn.…
Aurlandsvangen har ein gammal kyrkjestad oppe på Rygg. Kyrkjetufta og kyrkjegarden er framleis godt synleg. Olsokdagen 1956 vart det reist ein bautastein til minne om Ryggjakyrkja, ei kyrkje som stod der fram til ut på 1500-talet. Steinen har elles si eiga soge.
Vegnettet har fem grensepasseringar til og frå Aurland kommune: på sommarvegen mellom Lærdal og Aurland, på europaveg 00 i Lærdalstunnellen og i Nærøydalen, og på fjellovergangen Gol-Aurland. Bergensbana kryssar ein snipp av kommunen ved Myrdal. På sjøvegen Aurlandsfjorden kryssar kommunegrensa…
På veg inn Aurlandsfjorden informerer ekspressbåten Bergen-Flåm passasjerane om fossefall, høgdegarden Stigen og, om bygda Undredal, kjend for geitostproduksjon og den minste stavkyrkja i landet. Båten legg av og til kursen tett oppunder land ved Undredal og saktar på farten. Men turistane får…
1814 – merkeår i Noregssoga: Kielfreden, prins Christian Frederik midtpunkt for norsk sjølvstenderørsle, stormannsmøtet på Eidsvoll, særskild bededag og val på utsendingar til riksforsamling, Eidsvoll, grunnlov og kongeval, krig med Sverige, konvensjonen på Moss, omframt storting og union med…
Stortingsvedtaket frå 1975 stadfesta at stamvegen mellom Bergen og Oslo skulle gå over Filefjell og Lærdal. Første byggjesteg var Hordaland grense-Aurland. Mellom 1980 til 1993 vart det til saman bygd rundt 40 km ny veg, inkludert 18456 m tunnel. Med i stamvegprosjektet var og vegutløysing til…
«Aud the Deep-Minded (…) the most famous female settler of Iceland», står det å lesa i eitt av mange oppslag på Internett. Historikaren Anders Ohnstad (1911-2007) var interessert i Aud den djuptenkte. Han skreiv om henne i bøker og sogehefte. Artisten Claire White på Shetland er òg fasinert av Aud…
I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Aurland kommune.
Lengst aust i Vik kommune ligg Simlenes, om lag ein times køyring frå Vik, og ein stad der mange vikjer nok ikkje har vore. Dei fleste tykkjer at siste kilometeren ned til fjorden er vel bratt og smal, men ingen problem sommarsdagen, og heller ikkje om vinteren, fortel Martin Simlenes 2008. Om…
På nordsida av kyrkja på Aurlandsvangen står ein stein knytta til eit førhistorisk gravfunn på garden Skaim. Steinen er oppsett i seinare tid, men det har ikkje lukkast å få fatt i fullgode opplysningar om når steinen vart reist eller kvifor det vart gjort, heller ikkje kven som gjorde det.
Gardane Ås, Kvam, Ty og Høydalen ligg på austsida av Aurlandsfjorden, 2-3 km nord for bygdesentret, Vangen. Dette området har vorte kalla Utbygdi. Gardsnamna og plasseringa tyder på at dei er mellom dei eldste i Aurland. Gardane i Utbygdi bygde vatningaveit for å sikra nok vatn.
På øya Mousa står ei vel 13 meter høg jernalderborg. Mousa Broch er ein av dei største turistattraksjonane på Shetland. Borga er nemnd i den islandske ættesoga om Egil Skallagrimson. Soga fortel at Bjørn Brynjulvsson frå Aurland budde i borga ein vinter saman med Tora, dotter til hersen Tore i…
I Horndalen på Aurlandsfjellet står Norges einaste stolpeskur att. Slike skur vart brukte av Telegrafverket til oppbevaring av stolpar og anna linjemateriell, somme tider også som overnattingsstad for linjearbeidarar og oppsynsmenn.
Galleri Vinjum er ei kunstsamling etter aurlendingen Johannes Vinjum (1930 - 1991), ei gåve frå familien til Aurland kommune. Utstillinga har fast plass i Heradshuset (Lokalhistorisk senter).
Den kjende bergens-humanisten Absalon Pederssøn Beyer var sogning av fødsel. Han vart fødd i Aurland i 1528, og kom til Bergen seks år gamal. På 1980-talet reiste Aurland kommune ein minnestein over Absalon Pederssøn Beyer.
Sunnfjord folkehøgskule i Førde byrja i Naustdal i 1902. "Ungdomsskolen i Søndfjord" var overskrifta i ei kunngjering i desember 1901. Thorbjørn Horten (1844-1927) har blitt kalla far til skulen. Han var fødd i Aurland, men budde heile sitt vaksne liv i Sunnfjord, frå 1872 på garden Staviki i…
Utsiktspunktet og rasteplassen Stegastein ligg på Aurlandsvegen som er ein del av det nasjonale turistvegprosjektet til Statens Vegvesen. Plassen ligg mellom Aurland og Lærdal på fylkesveg 243. Utsiktspunktet vart kåra til Årets Anlegg på Byggegallaen i 2006.
Undredal er ei særprega lita bygd, plassert om lag midvegs inn i Aurlandsfjorden. Fram til slutten av 1980-talet var einaste veg til bygdesenteret sjøvegen. I dag er det køyreveg både vestover til Voss og Bergen og austover til Lærdal og Oslo. Vegen leier heilt ned til fjorden, der ein kan oppleve…
"Sognefolket som bor over dette Vand, kaldes Vassbygder og siden strekker Prstegjeldet sig østefter op hvor Veyen gaa til Hallingdal i Aggershus Stift over en Green av Filefield. Deres døde kand de ikkje føre ned til Vangens Kirkegaard uden at bære dem i de trange Fodstier og over de fæle Afgrunde…