Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. september 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Stryke- og glattereiskap



Så lenge folk har nytta seg av tekstilar til klede, sengetøy og liknande har dei hatt behov for å halde det glatt og fint. Til det har dei hatt ulike hjelperåder.

Gnikkholdt av tre med innfeldt glattestein. Frå Gaular.

Gnikkholdt av tre med innfeldt glattestein. Frå Gaular.

Eigar: Sunnfjord Museum

Datering: ukjend

Fotograf: Sunnfjord Museum

Dyrebein og -tenner
Kjevebein av hest eller helst ku vart brukt til å glatte flater med, t.d. skjortebryst og linningar. Beina blei preparerte ved koking i lut og soltørka. Best kjent frå Hallingdal under nemninga slikjikjake, men har truleg vore i allmenn bruk over heile landet. Det finst ei sein opplysning (1965) frå Jølster: Olina Fossheim, f. 1883, hugsar frå barndommen at det vart brukt eit blankt bein til å glatte tøy med. Frå Hallingdal skriv Aagot Noss at bein til glatting vart rekna som så effektivt at det vart brukt parallellt med strykejarnet til langt inn på 1900-talet. Det har også tvillaust vore reinslegare å glatte kvit lin med bein enn med strykejern med glør eller bolt i.
Grisetann vart brukt til å glatte saumar med.
Beinpinne vart brukt til å stikke opp hol med, t.d. på broderte flater
Hornskei vart bruk til å glatte tøy med. Eilert Sundt skriv at det vart brukt til "finere Linned", og det same blir fortalt frå store deler av landet. Ovannemnde informant frå Jølster seier også at"Eg har sett ei gammal kone glatte pannelinet med ei hornskei og hemelaga potetmjøl".
På Norsk Folkemuseum finst det bein og tenner som har vore brukte til glatting, men jamt over er ikkje dette gjenstandar som har hamna på museum. Hornskeier er det derimot mange av, og mange av dei kan ha hatt dobbel funksjon som ete- og glattereiskap.

Glattestein / gnidestein
Dette er namnet på ein halvkuleforma glattereiskap, oftast av glas, men også av tre og naturleg forma stein. Sistnemnde er funne i gravfunn, også i Sunnfjord. Glaskulene er best kjende, svarte eller mørkegrøne , og somme har hatt skaft. Glattesteinar vart produserte ved Aas Glassverk frå midten av 1700- til midten av 1800-talet, dei vart også laga ved Hurdal Glassverk og det var eksport til Danmark. Oline Fossheim opplyser 1965 atslikjistein vart brukte i Jølster til å glatte skjorter og sy eller "krete" skjortekragar med.

Mangletre
Mangle kjem av tysk mangeln = rulle og glatte tøy. Eldste kjende mangletre er i Nationalmuseet i København og er datert til 1590. I Noreg er det fleire daterte mangletre frå 1600-talet. På 1700 blir dei meir vanlege og etter kvart må det ha vore svært mange av dei, - ser nesten ut til å ha vore mote.
Ein del må ha vore importerte frå Tyskland og særleg Danmark, dei aller fleste av desse er laga i bøk. Det er ofte høg kvalitet på dekoren og mangletre er ein viktig gjenstandstype når ein skal sjå å stilhistoriske impulsar. Det er mange dekorteknikkar, men mest vanleg er karveskurd (geometriske figurar laga ved hjelp av passar og linjal) og ranken. Innafor desse er det tallause variasjonar. Dei eldste mangletrea har ein enkel bøyle til handtak, seinare blir hesten og løva meir vanleg, særleg hesten. Forklaringa på at hesten er så mykje brukt, kan vere at hesten var viktig i samtida, både i arbeid og i kommunikasjon, hesten var dessutan eit fruktbarheitssymbol og mangletreet var mykje brukt som festegåve (sjå nedanfor).

Mangletre som kjærastegåve
Norske mangletre er i hovudsak laga av bjørk, men også av furu og eik. Det har heilt tydeleg funnest "mangletremakarar" som har produsert for andre og sett av plass til årstal og initialar, men mange er "heimelaga" med vekslande hell. På dei lokalproduserte mangletrea finn me variererande dekor, frå enkel skurd til svært detaljert skjering og kolrosing (overflata blir farga med raud krit, kol eller anna fargestoff, slik at utskjeringa kjem i relieff).
Mangletre (og banketre til å banke såpa ut av klevasken med) vart ofte brukt som kjærastegåve/festegåve, dvs gåve frå guten til jenta når trulovinga var offentleg, og det var ei gåve som skulle visast fram og gjerne henge til pryd på veggen. Det er noko av forklaringa på så mange dekorerte mangletre.
Sjølvsagt har det funnest mange mangletre som ikkje var dekorerte og berre tente funksjonen som reiskap. Desse har ikkje vekt innsamlarane si interesse på same måten som dei dekorerte.

Tungt arbeid
Å mangle tøy var eit tungt arbeid. Plagget vart dynka eller teke inn før det var tørt, strekt og sveipa stramt rundt manglestokken/kavlen, kanskje med endå eit plagg utanpå. Ein heldt i handtaket med høgrehanda, hadde venstrehanda liggande på treet og rulla med all si kraft til tøyet var heilt glatt.
Aagot Noss som har studert bruken av strykereiskap, seier at alle slags lin- og bomullsplagg som det ikkje var knappar i, kunne bli mangla. Mange meiner at lin blir aller glattast og finast når det blir mangla fordi ein då arbeider utan varme. Det har ikkje vore eit dagleg arbeid hjå folk flest å mangle tøy. Dukar, fine klutar og skjorter/halsskjorter og veivlingar var i bruk berre til høgtid, og sengeklede i lin og bomull var ikkje allemannseige før kring hundreårsskiftet då ein fekk billeg stoff av mjøl- og sukkersekker.
Prof. Robert Kloster fortalde i førelesingar på UiB 1974 at då han var på feltarbeid i Aurlandsdalen i studietida, vart sengetøyet han skulle liggje i mangla.

Strykejarn
Strykejarna er kjende i Noreg frå 1600-talet, "den andre jarnalderen". Dei første var i kompakt støypejarn og vart varma i omn. Seinare vart dei også laga innhole; ein type hadde plass til bolt som vart varma i omn, ein annan type med "skorstein" skulle fyrast med glør inni. Det fanst også strykegryter for fleire jarn, slik at mens ein brukte eitt, kunne ein ha fleire på oppvarming.

Elektrisk strykejarn
Pipejarnet, også kala pipestylk, var ein spesialreiskap for stryking av deler til konhuer og andre småting. Pipejarnet vart skrudd fast på bordet. Då bomullen kom for fullt kring 1900 og vart rådande både i kle og andre tekstilar, vart strykejarnet ein endå viktigare reiskap i hushaldet. Men det var ein tungvint reiskap, og det var stor sjanse for at tøyet vart tilgrisa av kolajarnet. Då elektrisiteten kom inn i dei norske heimane - over eit tidsspenn på kring 50 år - ser me at dei første elektriske reiskapane folk skaffa seg, var komfyr og nettopp strykejarn. Dei første var tunge med treskaft og eige stativ og utan innstillingar. Så varige var dei heller ikkje, men om ledningen rauk var det fullt råd å varme jarnet på den nye komfyrplata.
I 1950-åra kom strykejarna med termostat og innstillingar for ulike typar tekstilar.

kjelder:

Molaug, Svein: Hest og mangletre. By og Bygd Oslo 1954
Noss, Aagot: Før strykejernet. By og bygd Oslo 1966
Rostad og Tscudi Madsen: Norske Antikviteteter Oslo 1993
Ørnes, Ellen: Antikviteteshåndboken Oslo 1999
Aase, Anna T.: Dåp og dåpsklede. Pridlao nr. 2 Vik 1993

PERMANENT IDENTIFIKATOR