Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 19. mai 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Det store elvetjuveriet i Nærøydalen



Nærøydalselvi har ikkje alltid vore så stor som no. Gjennom dei siste istidene har ho stole fleire sideelvar som tidlegare rann mot Voss. På kartet kan vi finna det eldste vass-skilje mellom Sogn og Voss i fjellområda ovanfor Bakka i Nærøyfjorden. No er det flytta heilt til Haugsvik i austenden av Oppheimsvatnet. Spora etter tjuveriet er framleis godt synlege i terrenget, særleg i Voss kommune.

Oppheimsvatnet i Voss kommune. Elvane aust for Oppheimsvatnet rann tidlegare mot oss (Øvsthusdalen i midten og Brandsetdalen til høgre), men vart stolne når Nærøydalselvi grov seg attende.

Oppheimsvatnet i Voss kommune. Elvane aust for Oppheimsvatnet rann tidlegare mot oss (Øvsthusdalen i midten og Brandsetdalen til høgre), men vart stolne når Nærøydalselvi grov seg attende.

Eigar: Inge Aarseth

Datering: 2005

Fotograf: Inge Aarseth

"Sogneelva"

Sognefjorden er den største fjorden på Vestlandet, og før istidene rann den største elva her vestover gjennom "Sognedalen" der fjorden no går. Elva nådde først havet utanfor Solund. I indre Sogn var det mange sideelvar som munna ut i " Sogneelva". Spora etter desse elvane finn vi i dag som sidedalar høgt til fjells. Den sideelva som rann der ytre Nærøyfjorden no går hadde kjeldene sine på "Skammedalshøgdi" i 1600 meters høgde aust for Gudvangen. På vestsida av fjorden gjekk vass-skiljet mellom Sogn og Voss i fjellheimen rett vest for Bakka (Bakkanosi - Vardafjellet).

Sognefjordbreen

Når istidene sette inn vart breen i "Sognedalen" mykje større enn breen som følgde Vossedalane. Gjennom mange istider grov han difor effektivt ut Sognefjorden til stor djupne (fjellgrunnen er omlag 1500 meter under havflata). Såleis kom sjøen til slutt heilt inn til Gudvangen medan elvane som rann mot Voss ikkje nådde havet før ved Bolstadøyri. På denne måten fekk Nærøyelvi mykje brattare fall og grov seg snøggare ned i fjellgrunnen. Sidan elvar grev dalane "bakover" innhenta Nærøyelvi den eine Vosseelva etter den andre. Desse sideelvane måtte difor brått snu himmelretning og renna mot Sogn. Dette ser ein best ved foten av Jordalsnuten der Jordalselvi gjer ein brå sving mot nordaust og fortset saman med Nærøyelvi ned mot sjøen i Gudvangen. Jordalselvi kjem frå Fresvikbreen og renn i ein lang, nesten flat dal (Fresvikjordalen) gjennom fire kommunar (Vik, Leikanger, Aurland og Voss). Like etter at elva har passert garden Jordalen snører dalen seg saman og elva kastar seg utfor i fossar og bratte stryk ned det gjelet Per Sivle kalla Helvete.

Dalhyller fortel om gamle dalbotnar

Står vi på terrassen på Stalheim hotell ser vi dalhyller på båe sider av Nærøydalen. Til venstre ligg den gamle husmannsplassen Nåli. Dit går det tursti frå Brekke. På motsett side ligg det ei hylle i same høgd (omlag 400-450 moh.). Desse dalhyllene utgjorde delar av dalbotnen for eit par hundretusen år sidan. Forbind vi desse hyllene får vi botnen i den gamle dalen der elva frå Jordalen rann i retning Oppheimsvatnet. På same måten var tilhøva i Brekkedalen der Brekkeelvi no styrtar utfor Sivlesfossen og ned i Nærøydalen. Lenger sør peikar både Øvsthusdalen og dalene i Brandsetdalen mot vest medan elvane til slutt snur og renn nordover til Stalheimsfossen der dei styrtar ned i Nærøydalen.

Nærøyfjorden på FN si verdsarvliste

Står du nede i Gudvangen og beundrar dei stupbratte fjellsidene, mellom anna med Kjelfossen som kastar seg utfor i aust, kan du senda ei takk til Sognefjordbreen som med gravinga si snudde elvane og gjorde sitt til at Nærøyfjord-området no venteleg kjem på FN si verdsarvliste. Landformene i dette området er resultat av skiftande istider og mellomistider der elvane grov ut tronge elvegjel når landskapet ikkje var dekt av brear. Men breane gjorde grovarbeidet og forlenga fjordane langt inn i landet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Ahlman, H. W.:Geomorphological studies in Norway.Geografiska Annaler 1-1919
Hunnes, O. og Anundsen, K.:Forslag til kvartærgeologiske verneverdige objekter/områder i Hordaland. Rapport T-614 til Miljøverndepartementet. 1985.
Mangerud, J.:Fra istid til nåtid.I Hartvedt, G.H.(red.)Hordaland og Bergen.Gyldendal Norsk Forlag. 1976.
Sindre, E.:Kvartærgeologiske undersøkelser i området mellom Vossestrand og Nærøyfjorden og tilgrensende fjellstrøk. Upublisert hovudoppgåve, Univ. i Bergen. 1973.
Aarseth, I. 1980: Fjell og fjord, stein og jord. I Skei, N.(red.), Sogn og Fjordane.97-121. Gyldendal Norsk Forlag. 1980

PERMANENT IDENTIFIKATOR