Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Garden Horten



Horten ligg på austsida av Aurlandsfjorden, kring 560 moh., om lag ein kilometer nord for Nedbergo. Ein kan gå frå fjorden opp til garden frå nordsida, frå munninga av Kotning-dalselva. Ein kan også gå opp frå ein stad sør for garden. Garden er svært liten og vanskeleg tilgjengeleg. I ein perioden på vel 150 år frå kring 1700, var det drift på garden det meste av tida. Frå midten på 1800-talet vart garden nytta som slåttemark av ein bonde i Undredal.

Horten sett frå Stigen, på "ei hylle" midt på biletet. Gardstunet ligg til venstre for bøen. Åkrane ligg ovanfor bøen, litt inne i skogen.

Horten sett frå Stigen, på "ei hylle" midt på biletet. Gardstunet ligg til venstre for bøen. Åkrane ligg ovanfor bøen, litt inne i skogen.

Eigar: Aurland kommune

Datering: 1998.

Fotograf: Åsmund Ohnstad.

Gardsvaldet

Gardstunet låg i eit bakkehall på sørsida av fjelltoppen Horten. I dag viser tuftene etter fire hus her. Rett sør for tunet renn ei gro, og sør for denne ligg heimebøen. Ovanfor heimebøen er det sett opp små murar fleire stader, og her hadde dei åkrar for poteter og korn. Nord for gardstunet, litt nede i fjellsida, viser tuftene etter ein vårstøl. Aust for gardstunet, lenger oppe i fjellsida ligg stølen. I dag viser det fire tufter oppe i skogkanten, der fjellsida byrjar å flata ut.

Nyrydding kring 1650

Garden vart rydda på nytt kring 1650. I 1666 var Peder brukar, og landskylda var seks merker smør. At garden vart rydda på nytt såpass tidleg, kan tyda på at her var busetjing i mellom-alderen. På nordsida av gardstunet og fjellryggen ligg Øygardskåri. Så sant namnet Øygard viser til Horten, så peiker dette også mot bustnad i mellomalderen. Det er ikkje langt frå garden og austover til reinsdyra sine område, og truleg har folka her i gamal tid kombinert jordbruk og jakt.

Skifte av brukarar

Kring 1698 var Elling brukar på garden, men han var ikkje eigar. I 1698 hadde han fem kyr, ein okse, åtte sauer, sju geiter og fire bukkar. Elling kan ha brukt bukkane til å frakta varer med. Det var ikkje mykje utstyr på garden, og gjelda til eigaren og andre var like stor som dei samla inntektene.

I 1701 kjøpte brørne Botolv og Hans Olsen Lagmannsås garden av Torbjørn Vinjum. Skylda var tre gonger så høg som i 1666. Dette viser at garden hadde vorte mykje opparbeidd. Dei to brørne flytte etter få år over til Stigen, og no vart Horten liggjande aude fram til kring 1730. Etter denne tid vart det meir stabil drift på garden, men når ein brukar slutta, kom det nye og framande folk til gards.

Fretheimsteigen

Nede ved sjøen, frå grensa mot Nedbergo og nordover like til Kotningdalselva, ligg ein teig som lenga vart kalla Fretheimsteigen. Det var brukaren på Fretheim som kring 1750 kjøpte denne teigen og nytta han til veding og slått. Det vart ein del usemje og strid om denne teigen, både om grensene og eigedomstilhøva. Kring 1785 ville ikkje brukaren på Horten betala den leiga som eigaren krov. Det vart rettssak med vitneavhøyring og grensegonge. Brukaren på Horten tapte saka, og han måtte betala 12 dalar til eigaren, bonden på Fretheim.

Åmund Olsen og Gjertrud Botolvsdotter

Åmund og Gjertrud kom til Horten kring 1780, og no vart garden mykje opparbeidd. Åmund hadde drive med handel i sine unge år, og han hadde noko pengar å hjelpa seg med. Kring 1800 var det 6-7 kyr, 15-20 småfe og hest på garden. Kornavlinga var god, 8-10 tønner, og dei hadde eiga kvern. Då Åmund døydde i 1804, let han etter seg ei formue på 559 dalar. Folka på denne vesle fjellgarden hadde vorte velstandsfolk.

Horten etter 1800

I 1805 kom det nok ein gong nye folk til gards. Det var Torbjørn Torbjørnsen og kona, Angunna Knutsdotter. Torbjørn var ei tid lærar og forsangar i kyrkja i Undredal, og ved nokre høve fekk han gode skussmål frå soknepresten. Men det var tungt å driva på ein liten fjellgard i åra etter 1800, og i 1827 hadde Torbjørn ei gjeld på 110 dalar til Jens Svendsen Dyrdal. Torbjørn og kona fekk ein son, Torbjørn. I 1827 gifte han seg, og ekteparet overtok bruket. Dei fekk sju born og budde her fram til 1865. Då flytte dei til Lidal i Fjærland.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Ohnstad, Åsmund: Aurland bygdebok, Nærøy og Undredal. 2006.

PERMANENT IDENTIFIKATOR