Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 22. mars 2017

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kommune

Nasjonal Samling på valturne i Sogn og Fjordane 1936



Den 3. juli 1936 melde Sogns Tidend at Nasjonal Samling (NS) hadde halde fleire møte i Oslo. Men det hadde ikkje berre gått fredeleg føre seg. «Politisk ramp» hadde laga ugreie med «skrål og steinkast.» Eit par ungdomar hadde måtta til dokter. I august kom NS til Sogn og Fjordane. I ti dagar reiste rikspropagandasjef dr. Gulbrand Lunde og Asbjørn Bjånes gjennom heile fylket. Korleis gjekk det her? Kva hadde NS på programmet? Blei det kasta stein? Artikkelen ser på kva lokalavisene skreiv.

Nasjonal Samling (NS) stilte liste i heile landet ved Stortings-valet i 1936. I august heldt partiet valmøte 24 stader i Sogn og Fjordane; 11 i Sogn, 7 i Sunnfjord og 6 i Nordfjord.

Nasjonal Samling (NS) stilte liste i heile landet ved Stortings-valet i 1936. I august heldt partiet valmøte 24 stader i Sogn og Fjordane; 11 i Sogn, 7 i Sunnfjord og 6 i Nordfjord.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1936

24 møte på 12 dagar

Høyanger Avis hadde 15. august ei annonse frå Nasjonal Samling. Under NS sitt merke, Solkorset, står det at Dr. Gulbrand Lunde og Asbjørn Bjånes «avholder møter.» Så følgjer møtestader, datoar og klokkeslett, i alt 24 møte i løpet av 12 dagar. På fire datoar står oppført ikkje mindre enn tre møte. Talarane nyttar seg av «høgtalar», eit for si tid moderne hjelpemiddel, og så byr dei på «musikk».

I følgje Sogns Avis (18.08) reiste dei i eigen bil, og det kan sjå ut som dei var utstyrte for å greia seg sjølv. Ei notis i Firda Tidend, Sandane, opplyser at dei den 25. august overnatta i telt «mellom Utvik og Innvik.»

Reiseruta byrjar i Solvorn og held fram med møte på Hafslo, i Gaupne, Jostedal og Skjolden. Deretter følgjer Kaupanger, Sogndal og Hermansverk, vidare Høyanger og Vik, før Vadheim. I Sogn var det naudsynt å frakta bilen med båt på fleire strekningar, medan dei frå Vadheim kunne køyra «ferjefritt» heilt fram til Nordfjordeid, den siste møtestaden. Vegen Olden – Innvik vart opna kort tid før. På avstikkaren Bygstad - Dale må dei og ha reist i båt, truleg også Førde - Naustdal (opna 1937).

 

Ujamn dekning i lokalavisene

I august 1936 hadde Sogn og Fjordane 13 aviser; 5 i Sogn, 3 i Sunnfjord og 5 i Nordfjord. Utanom lokalt stoff kunne folk lesa om borgarkrigen i Spania, om krigen i Etiopia, om den landsforviste russaren Leo Trotskij (som i 1936 hadde asyl i Noreg), dessutan om den politiske situasjonen i Noreg og om det føreståande stortingsvalet.

Nasjonal Samling sin valturné hadde jamt over liten plass, frå ikkje eit einaste ord til kortfatta resymé av møte med eit par kommentarar. Firda Tidend (Sandane) hadde best dekning. Fjordabladet (Norfjordeid) hadde to svært korte notiser, som likevel tydeleg viser Fjordabladet si haldning til Nasjonal Samling: ingen doktor Gulbrand Lunde på talarferd, berre «tvo NS-karar, Lunde og Bjånes som fer ikring (…) i bygdene med «forestilling»:

«Tvo N.S.-karar, Lunde og og Bjånes som fer ikring her i bygdene på agitasjonsturne var hin kvelden [27.08] og heldt «forestilling» i Valhall [ungdomshuset på Nordfjordeid]. Det hadde møtte kring 20 sjæler til foredragsmøtet, og foredragsmøtet krinsa serleg um arbeidarpartiet og Trotski.»

 

Omtale av einskilde møte

I følgje reiseruta i Høyanger Avis heldt NS-folka (to talarar og sjåfør/hjelpesmann) i alt 24 møte. Avisene inneheld nærare omtale av seks: Gaupne, Hermansverk, Vik, Høyanger, Rygg/Sandane og Nordfjordeid. Om møta i Gaupne og Nordfjordeid er berre opplyst tal på frammøtte, høvesvis «kring 130 menneske» og «kring 20 sjæler». Om dei fire andre står det meir.

 

Hermansverk – «tame og tome ting.»

Onsdag 19. august, kl. 19.30. Avisa Sogn og Fjordane (Leikanger) refererte. Det hadde gått roleg føre seg, men så var det «sanneleg heller ikkje noko å ta seg nær av», skriv avisa, «tame og tome ting.» Talarane hadde «hamra (…) på alle parti». «N.S. vil ha ein korporativ stat, eit storting (næringsting) som er samansett av målsmenn for alle yrkes- og faglag i landet. På den måten trur dei at klassepolitikken skal overvinnast.» Avisa trur ikkje «noko slikt» er vegen å gå; det kan lett føra frå vondt til verre. Avisa opplyser ikkje om kor mange som var tilstades.

 

Høyanger – «ingen uroligheter»

Torsdag 20. august, kl. 20.00. Høyanger Avis refererte. Møte vart halde i ungdomshuset Valhall, med berre «80 – 100 menneske» tilstades. Avisa trur det låge frammøtet skuldast at «arbeiderorganisasjonene» ved oppslag hadde «pålagt sin medlemmer» om å boykotta møtet. Likevel hadde «omtrent det dobbelte» høyrt talarane, ute. Møtehaldarane hadde rigga til høgtalar i ope vindauga.

I følgje avisa gjekk talarane «sterkt i rette med – ikke bare Arbeiderpartiet – men også de borgerlige partier, høire, venstre og bondepartiet». NS vil prøva å byggja opp «en ny bevegelse» som kan samla dei «nasjonalsinnede og selvstendig tenkende menn og kvinner i landet til vern mot de fremstormende marxistisk-kommunistiske ideer». Talarane kom og inn på utanrikspolitikken og «den aktuelle Trotsky-sak.» Og elles: I Høyanger, som på Hermansverk, gjekk og alt fredeleg føre seg; «ingen uroligheter av noen art.»

 

Vik – «eit friskt innslag», men ..

21. august kl. 20.00. Sogns Avis (Vik) refererte. Møte vart halde i «Ungdomslokalet». «Frammøtet var betre enn venta, godt og vel 100 menneske.» Avisa trur at noko av forklaringa er at «dr. Lunde er viking av uppal.» (Merknad: Gulbrand Lunde hadde slektstilknytning til Vik. Som gut hadde han fleire opphald hjå bestefaren, oberstløytnant Oscar Lunde. Dessutan hadde han i vaksen alder fleire gonger vore i Vik på jaktturar.)

Sogns Avis vil ikkje nekta for at foredraget til Lunde var «eit friskt innslag i den politiske striden, og at han kom med fleire sanningsord.» Talaren gjekk særleg hardt ut mot arbeidarpartiet sin politikk «som er bygt på marxismen og er ein fåre for verdsfreden.» NS- vil ha ein nasjonal politikk og eit styresett utan klassestrid, ivareteke gjennom eit «næringsting.» Men, meiner Sogns Avis, NS kan vanskeleg seia seg fri for «diktaturtendenser og samhug med diktaturet både i Tyskland og Italia.»

 

Rygg/Sandane – «ikkje grobotn her i landet.»

25. august, kl. 21.00. Firda Tidend (Sandane) refererte. Avisa skriv at møtet vart halde «her på Sandane». Sandane står ikkje i reiseruta, derimot Rygg. Møtestaden kan ha vorte endra. Firda Tidend oppsummerer det «talarane krinsa nokso mykje om»:

«det forfall og den oppløysing som har gjort seg gjeldande i den borgarlege politikk i dag. NS går i brodden for ei rørsla som byggjer på ein ny mentalitet i folket: at ein må stå saman alle klassar til vern om våre nasjonale, økonomiske og kulturelle verdiar. Lunde gjekk serleg sterkt i rette med arbeidarparitet som er bygt på framand marxisme og ein fåre for verdsfreden. Men også dei andre parti fekk passa påskrivne etter tur.»

Redaktøren i Firda Tidend konkluderer med, at etter å ha høyrt «Lunde og Bjånes», er han «endå meir overtydd om at Quisling si rørsla ikkje har grobotn her i landet.» Avisa nektar ikkje for at det kan vera «mykje vanskeleg i desse tider», og seier frå om at avisa vil vera med å motarbeida «den marxistiske påverknaden med alle midlar.» Men NS sitt program er ein risikabel veg å gå, og «dertil», sluttar Firda Tidend, «dertil kviler det altfor mykje diktatur over N.S. si noverande leiding.»

 

Internasjonal sak – i Innvik

Firda Tidend hadde meir NS-stoff i same nummeret, under overskrifta «N.S.-agitasjonsturen. Chaufføren deira, Syvertsen, arrestert i Innvik.» Det var lensmann Sindre i Innvik som hadde stogga NS-bilen og arrestert sjåføren. Han hadde fått arrestordre frå etterretningspolitiet i Oslo. I følgje Firda Tidend hadde Syvertsen vore med på innbrotet «hjå Trotsky på Hønefoss». Syvertsen skulle sendast til Oslo for å framstillast i forhøyrsretten.

Merknad: Leo Trotskij (1879-1940), sovjetisk statsmann og revolusjonær, utmanøvrert av Stalin 1924, ekskludert av kommunistpartiet 1927, utvist frå Sovjetunionen 1929, asyl i Norge 1935-1936, deretter Mexico, drepen 1940. I byrjinga av august 1936 budde Trotskij hjå redaktør Knudsen på Norderhov ved Hønefoss. Begge var bortreiste då fem NS-folk natt til 6. august kom på døra og gav seg ut for å vera statspoliti. Dei kravde å få ransaka rommet til Trotskij. Dottera i huset ante uråd og varsla lensmannen. NS-folka stakk av, men vart tekne før dei nådde Oslo. Dei vedgjekk ærendet sitt, men fekk reisa vidare etter å ha oppgjeve namn og adresse. Straks etter vart det oppretta straffesak.

 

Stortingsvalet 1936

Etter siste møtet på Nordfjordeid reiste Gulbrand Lunde og Bjånes (no utan sjåfør og hjelpesmann Syvertsen) over fylkesgrensa til Sunnmøre. Valkampen deira i Sogn og Fjordane var over. No var det opp til veljarane å ta stilling til Nasjonal Samling, ved stortingsvalet 19. oktober 1936.

Det politiske partiet Nasjonal Samling blei skipa 17. mai 1933 med Vidkun Quisling som leiar (førar). Same året stilte partiet lister i nokre fylke på Austlandet og i Rogaland. I 1936 stilte NS lister i alle fylka. NS-lista i Sogn og Fjordane hadde fem namn, like mange som talet på mandat frå Sogn og Fjordane.

Kandidatane var: 1) O.E. Rømcke, ingeniør, Kyrkjebø, 2) K. Ødejord, fiskar, Solund, 3) H.E. Wergeland, gardbrukar, Gulen, 4) S. Bøe, student, Lærdal, og 5) E. Hjorth, overlege, Kyrkjebø.

Resultatet vart: Heile fylket 129 stemmer; oppsett etter tal stemmer i fylket sine 39 kommunar: Solund 29, Kyrkjebø 24, Lærdal 10, Davik 6, Vik 6, Gulen 5, Gloppen 4, Luster 4, Aurland 4, Stryn 4, Gaular 3, Breim 3, Balestrand 2, Eid 2, Førde 2, Hornindal 2, Kinn 2, Sør-Vågsøy 2, Naustdal 2, Selje 2, Sogndal 2, Leikanger 1, Askvoll 1, Hyllestad 1, Borgund 1, Bru 1, Fjaler 1, Florø 1, Hafslo 1, Jølster 1, Årdal, Brekke, Bremanger, Eikefjord, Innvik, Jostedal, Lavik, Nord-Vågsøy og Vevring, alle 0.

kjelder:

Lokalavisene i Sogn og Fjordane 1936.


Arntsen, Jan Magne og Harestad, Thor Geir: Triumf og tragedie. Historien om NS-minister Gulbrand Lunde. Commerntum forlag 2012.


Norsk Allkunnebok, band 10, 1964.