Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 11. august 2017

Sist oppdatert 13. desember 2018

Kommune

Palnabjørka – spor etter freda tre



Leikanger har mange store og særmerkte tre. Historikar Anders Ohnstad skreiv om eitt av dei i 1947, den vidgjetne Skrivareiki, eller berre Eiki. «Og ho står ikkje åleine», la han til, «ikkje langt undan står ein alm (…) og ei staseleg bjørk (…).» År 2016 står både Eiki og Almen, men bjørka er ikkje meir, bortsett frå ein liten bit, med skrift på.

Ein bit av Palnabjørka

Ein bit av Palnabjørka, ca 6 cam x 2,5, påskriven: «Bjørk. Vart freda ved lov. (…) Futabakken. Vart nedsaga 6/6 – 75». Kåre Fretheim (1921-2006), Leikanger, tok vare på biten og skreiv på den.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2016

Fotograf: Hermund Kleppa

Ofte innom på Fylkesarkivet

Kåre Fretheim (1921-2006), busett på Leikanger, stakk ofte innom på kontoret mitt. Han hadde alltid noko å fortelja, og som regel hadde han med seg eitt eller anna å visa meg; - eit par foto, eit papir, ei trykksak, ein gammal reiskap, noko han hadde laga sjølv. Ofte let han meg få behalda ting og, - viss me, dvs. Fylkesarkivet, var interessert. Eg var alltid interessert, og dermed takka eg nok ja til somt der andre ville sagt, - ja, interessant dette, men kanskje dette passar betre på Museet.

Kåre Fretheim var aurlending og systrending, flink med hendene, røyrleggjar, godt kjend i bygda, og ei oppkome av lokalhistorie, både frå Aurland og Leikanger. Diverre vart det for lite tid til å notera ned, til å dokumentera, sikra alt han fortalde. Ting vart gjerne lagt til sides på namn Kåre Fretheim. Det skjedde og med ein liten trebit; den blei putta oppi ein konvolutt.

Trebit med skrift

Denne vesle trebiten dukka opp igjen, mange år etter, då eg heldt på med å sjå over Kåre Fretheim-materialet. Det står skrive noko på trebiten, med kulepenn, på tre sider: 1) «Bjørk», 2) «VART NEDSAGA 6/6 - 75», 3) «VART FREDA VED LOV» «1814» (årstalet overstreka) «Futabakken».

Kåre Fretheim hadde lagt merke til at ei freda bjørk ved Futebakken blei saga ned. Han sikra seg ein bit av bjørka, og noterte noko. Kåre Fretheim skreiv ned fakta, skapte eit kulturminne, og sytte for oppbevaring ved å avlevera til Fylkesarkivet. Nettopp denne dokumentasjonen blei pr. 2016 til stor nytte for meg. Eg heldt på med å samla informasjon om ei bjørk som ikkje finst lenger, eit kulturtre på Leikanger, Palnabjørka. Og det hadde vore lite å finna.

Mange spørsmål

Eg sat med mange spørsmål: Kvar stod ho, Palnabjørka? Korleis såg ho ut? Kor gammal? Kvifor freda, og når vart det ordna med fredningsvedtak? Var det festa fredningsskilt på stammen? Kvifor namnet Palnabjørka? Kvifor vart ho «nedsaga», felt? Finst det noko skrive? Kven veit noko? (Eg forsømde å spørja Kåre Fretheim, hadde ofte andre gjeremål når han stakk innom.)

Lektor og lokalhistorikar Anders Ohnstad

Anders Ohnstad (1911-2007) budde i Aurland. Han etterlet seg mykje lokalhistorisk litteratur, bygdebøker for Aurland, og ei mengd artiklar som femnde vidare. Artikkelen «Kjempetre i Sogn» stod i avisa Sogn og Fjordane (Leikanger) 24. juni 1947. Den vidgjetne Slinde-birken har stor plass, sameleis Skrivareiki ved Tinghuset på Leikanger. Andre «kjempetre» er og nemnde, «almen på Kvale i Luster»; og Palnabjørka, om enn i ei bisetning, og ikkje med namnet Palnabjørka. Det står:

«Og Eiki har godt lag. Ikkje langt undan står ein alm, ikkje so grovlema men like høg som Eiki, og ei staseleg bjørk som er fredlyst.» (utheva her)

Mange minnest bjørka

Eg nemnde Palnabjørka med fleire personar eg tenkte kunne fortelja meg noko, og fekk svar på fleire spørsmål. Palnabjørka stod eit lite stykke innom Skrivareiki, tett attmed riksvegen, på oppsida. Det finst ikkje synlege spor etter bjørka, ingen stubbe. No er det gang- og sykkelveg på staden, og ein mur.

Området heiter Risane. Ei lita grov (ein bekk) kjem ned kring 10 meter utom der bjørka stod. Ei anna grov, Risagrovi, kjem ned litt lenger inne. Vegen opp til Henjagardane tek av ved Skrivareiki. Fyrste stykket har namnet Futabakken.

Vegarbeid tidleg på 1970-talet fekk ei utfordring i Palnabjørka. Let det seg gjera å koma forbi den freda bjørka? Det gjorde det ikkje. Det freda treet måtte fellast.

Reidun Husabø, pensjonist, har budd i nærleiken av bjørka heile sitt liv. Eg var på besøk. Reidun gjekk med meg ned til huset som hadde Palnabjørka som næraste nabo, på ein måte som tuntre. Det blei spørsmål om bilete. Og før eg visste ordet av det, hadde eg eit innramma foto i hendene, der Palnabjørka er hovudmotiv! Det var verkeleg ei staseleg bjørk, høg, vid og velforma.

Namnet

Kvifor namnet Palnabjørka? Eg har førebels følgjande forklaring: Gardane på Henjum hadde små «hagar», jordstykke, utover langs hovudvegen. Eitt av gardsbruka på Henjum har namnet Palna-garden, etter eigar som brukte etternamnet Palne. Anders Ohnstad si staselege bjørk stod på eit stykke som høyrde til Palna-garden, difor vart bjørka heitande Palnabjørka.

Fredning

Fleire av dei eg snakka med held føre at det var festa fredningsskilt på bjørka, truleg det vanlege emaljeskiltet med teksten «Freda ved lov» og riksvåpen. Ingen visste noko om når bjørka vart freda, eller kvifor. Det står att å finna ut, i skriftlege kjelder.

«En av Vestlandets vakreste»

Eg fann noko av svaret på spørsmålet om fredning, i Vestlandske Naturvernforbund si jubileumsbok «Stå vakt om naturen», 1918-1968. I kapitlet «Fredningar på Vestlandet» står følgjande om Palnabjørka:

««Palnabjørki», «Henjumsbjørki». Står på Henjum, gnr. 17, Leikanger hd. [herad], men eiendomsforholdene forøvrig syns å være noe uklare. Fredet ved kgl. res. i 1924. Med sin rette, ugrenede stamme, på 9,2 meters høyde, omfang 1,67 m [omkrins i brysthøgde] totalhøyde 19,3 m ble denne bjerken betraktet som en av Vestlandets vakreste. Årsb. 1925 s. 18. Den er nu [1968] sterkt medtatt og råtten, og representerer en fare for riksveien (…).»

Freda ved Kongeleg resolusjon

Riksarkivet har meir om fredninga. Palnabjørka vart freda ved Kgl. res., 1. februar 1924. Fredningsvedtaket har følgjande ordlyd:

«Hans Majestet bifalt Kirkedepartementets innstilling nr. 535[:]

I) I henhold til [teikn for paragraf] i lov om naturfredning av 25, juli 1910, jfr. lov av 14. juli 1916, skal: I) en bjerk kalt «Palnabjerken» på Henjum, gnr. 17, bnr. 24 i Leikanger herred, (… eit anna tre i fylket) Sogn og Fjordane fylke, være fredet for enhver beskadigelse eller ødeleggelse av ethvert slags. II) Fredningsvedtaket blir å kunngjøre ved oppslag på fredningsstedene.»

Innstillinga til frednings-ordlyden har fleire opplysningar. Mellom anna går det fram at det var Vestlandske kredsforening for naturfredning i Norge som fremja fredningssaka, og eit årstal seier oss noko om alderen. Palnabjørka var over 130 år då ho vart felt i 1975.

(…) Den står i gårdens innmark på en strekning som blev ryddet i 1845. Den daværende eier lot da treet stå fordi det var så vakkert. Senere er treet blitt vernet om av senere eiere, men da eiendommen nu skal utskiftes, er dets skjebne usikker. Nuværende eier har gitt sitt samtykke til fredningen.»

Kulturminne

Kåre Fretheim sikra eit fysisk minne etter bjørka, ein bit av veden, eit kulturminne. Det fanst eit foto, og fleire kunne fortelja noko, og påvisa staden der Palnabjørka stod. I skriftlege kjelder fanst det meir om soga til treet. Leikanger har særeigne tre: nokre finst ikkje meir, andre står framleis. Palnabjørka ved Futabakken høyrer med til Leikanger sine kulturtre, sjølv om ho er borte.

 

kjelder:

Ohnstad, Anders: Kjempetre i Sogn. I avisa Sogn og Fjordane, 24.06.1947.


Munnlege opplysningar frå:
Reidun Husabø, Magna Røysum, Johannes Henjum, Knut Henning Grepstad, Bjørg Grinde Ness, alle Leikanger.


Minneplate på lerketre på Hermansverk


Skrivareiki