Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 21. mars 2017

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kommune

Fylkesbaatane – bilferja Dalsfjord (2)



Stor dag for folket på Atløy, laurdag 11. januar 2003. Fylkesbaatane sette inn ei størrre ferje, den nyinnkjøpte MF «Dalsfjord». «Dalsfjord» avløyste den mindre og eldre mf «Nesøy». Sommaren 2015 blei den same ferja sett inn i kriserute mellom Kjelkenes og Smørhamn etter storbrann i Skatestraum-tunnellen.

«Dalsfjord» kjem inn til kai i Smørhamn, søndag 6. september 2015. Det var siste dagen i kriserute Kjelkenes-Smørhamn etter at Skatestraum-tunnellen vart stengd av brann 15. juli 2015.

«Dalsfjord» kjem inn til kai i Smørhamn, søndag 6. september 2015. Det var siste dagen i kriserute Kjelkenes-Smørhamn etter at Skatestraum-tunnellen vart stengd av brann 15. juli 2015.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2015

Fotograf: Hermund Kleppa

Større kapasitet

Ved årsskiftet 2002/2003 var ferjesambanda Askvoll – Atløy (Gjervik) – Fure og Askvoll – Værlandet/Bulandet trafikert av søsterferjene «Verøy» (bygd 1972) og «Nesøy» (bygd 1974). Begge kunne ta 16-17 bilar og hadde gjennomkøyrings-høgd på 4 meter. «Dalsfjord» auka kapasiteten monaleg, med plass til 40 bilar og gjennomkøyringshøgd 4,5 meter. Fylkesbaatane overtok ferja 30. desember 2002, og same dagen fekk ferja offisielt sitt nye namn, «Dalsfjord». (Dette var Fylkesbaatane si «Dalsfjord»-ferje nummer to. Den første blei bygd i 1965 og seld til Italia i 1994.)

Godt nøgde

Fylkesbaatane sitt informasjonsblad «Fjord og Kyst», 1-2003, hadde stort oppslag om nyferja i Askvoll-sambandet. På opningsdagen 11. januar var mange tilstades og gjorde stas på «Dalsfjord»; mellom anna Askvoll kommune ved ordførar Kjellaug Veivåg Høyvik og Atløy Vel ved leiaren, Marion Mjåseth. Dei kom om bord med blomar og helsingar til mannskap og reiarlag. Marion Mjåseth sa det slik:

«Vi er veldig godt nøgde med at vi no har fått ei ferje med stor nok kapasitet. Før måtte vi gjerne stå i kø ein halvtime før ferja skulle gå. No veit vi at vi kjem med ferja. Også for næringslivet her på Atløy har den nye ferja mykje å seie. Den kan ta med store bilar utan problem.»

Frå «Nesøy» til «Dalsfjord»

Mannskapet på den avtroppande ferja «Nesøy», i alt åtte mann på to skift, gjekk over på nyferja «Dalsfjord». Dei og var godt nøgde, mellom anna med at ferja var i svært god stand. Oppslaget i «Fjord og Kyst» hadde bilete av det eine mannskapsskiftet og to avløysarar: skipsførar Oddleif Vorren, matros/billettør Gunnar Rivedal, matros/billettør Mats Solheim, maskinsjef Harry Grimsland, maskinsjef Johnny Oddekalv og skipsførar Karl Fjellstad.

Seinare

Våren 2008 kom fem ferjesamband i ytre Sogn ut på anbod; to av dei var Askvoll – Gjervik – Fure og Askvoll – Værlandet. Fjord1 Fylkesbaatane vann anboda. Med aukande trafikk kom det etter kvart større ferjer, og i mange år var mf «Aurland» (50/35 personbileiningar, pbe) og mf «Eid» (50/34 pbe) faste ferjer, medan «Dalsfjord» vart «nedgradert» til suppleringsferje/reserveferje.

I kriseruter

«Dalsfjord» har også vore sett inn i andre ferjesamband når faste ferjer har vore til vedlikehald. Dessutan har «Dalsfjord» gjort teneste i særleg oppsette ferjeruter. Hausten 2014 vart «Dalsfjord» dirigert nordover til Sunnmøre og sett inn i kriserute etter at fylkesveg 63 ved Eidsdal vart sperra av ras. Og sommaren 2015 blei «Dalsfjord» måndag 20. juli sett inn på det nedlagde ferjesambandet Smørhamn – Kjelkenes, Bremanger kommune, etter at Skatestraum-tunnellen vart stengt av brann onsdag, 15. juli.

Endringar

«Dalsfjord» (2) kom frå Trøndelag med namnet «Fru Inger»; oppkalla etter den sterke adelskvinna på Austrått, Inger Ottesdotter Rømer (ca 1475-1555). Bilferja «Fru Inger» hadde då kjennemerka til Fosen Trafikklag, flagg (to raude striper og kvitt midtfelt) og skorstein (to raude striper på kvit botn). Då Fylkesbaatane overtok ferja hausten 2003, bytte ferja namn til «Dalsfjord» og fekk nye kjennemerke; FSF-flagget i masta og skorstein med raudt belte på svart botn. Dessutan vart FSF-flagget måla i sirkel framme på styrehuset. Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane vart frå 2002 gradvis inkorporert i føretaket Fjord1 noko som medførte at FSF-kjennemerka vart fjerna. Hausten 2009 vart FSF-flagget fjerna for godt og etter kvart dei andre FSF-merka; Fylkesbaatane-namnet i Fjord 1 Fylkesbaatane-logoen på skutesidene, FSF-skorsteinen og flagget på styrehuset.

«Fakta-boks»

MF «Dalsfjord», vart bygd ved Hjørungavaag Verksted AS, som byggnummer 60, levert mars 1986 med namn «Fru Inger» for Fosen Trafikklag og sett inn ferjesambandet mellom Hitra og Frøya (Kjerringvåg – Flatval). Sommaren 1994 var «Fru Inger» leigeferje i sambandet Hella – Dragsvik – Vangsnes. Hausten 2002 kjøpte Fylkesbaatane «Fru Inger», ga ho nytt namn «Dalsfjord», og sette ho inn i sambandet Askvoll – Gjervik – Fure 11. januar 2003.

Tekniske data: lengde 56,08 meter, breidde 11,45 meter, bruttotonnasje 638 BT, maks. djupgåande 3,10 meter. Kapasitet opphaveleg 40 pbe (personbileiningar), etter seinare omrekning 27 pbe.

 

 

kjelder:

Fjord og Kyst, 1/2003


Torvanger, Helge Magnus: Frå Dampskip til gassferjer. Fjord1 Fylkesbaatane 150 år, 1858-2008. 2008


Opplysningar frå: Harald Sætre