Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 15. august 2017

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kommune

Rå-data

Fylkesbaatane – Barndomsminne om DS «Lærdal»



«Og no har «Lærdal» lagt opp for godt. Kvar er det han ligg? Er det på Laksevåg eller i Dokken? Der får han ikkje lov å liggje. Han høyrer ikkje heime der. Han vantrivst. Vil ikkje Heibergske samlingar i Sogn ha han, så la nordfjordingane få han.» Året var 1938. Folkehøgskulestyrar Martin Birkeland (1884-1954), frå 1915 busett i Fana, hadde lagt merke til at «Lærdal» var komen i opplag, for godt. Fødd og oppvoksen i indre Nordfjord, var «Lærdal» ein del av barndommen hans. Han skreiv eit stykke om rutebåten sin i heftet Jol paa Vestlandet.

DS «Lærdal», bygd 1874 ved Bergens Mekaniske Værksted, for Nordre Bergenhus Amts Damskibe (frå 1919 Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane). Gjekk dei første åra i rute mellom Lærdal og Gudvangen, og frå kring 1890 i mange år om somrane på Indre Nordfjord. Biletet her er frå ein ekstratur, ein militærtransport.

DS «Lærdal», bygd 1874 ved Bergens Mekaniske Værksted, for Nordre Bergenhus Amts Damskibe (frå 1919 Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane). Gjekk dei første åra i rute mellom Lærdal og Gudvangen, og frå kring 1890 i mange år om somrane på Indre Nordfjord. Biletet her er frå ein ekstratur, ein militærtransport.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1894-1909

Fotograf: Hans A. Faleide

Barndomsminne

Eg har minna mine om «Lærdal» frå Sandane. Om vinteren gjekk han i Sogn, mellom Gudvangen og Lærdal. Men om sommaren kom han til Nordfjord. I ein mannsalder hadde han den daglege ruta mellom Olden og Sandane. Han gjekk frå Olden om morgonen, var på Sandane middagstider, og gjekk derifrå kl. 4.

«aldri trøytte»

Med «Lærdal» kom sommaren til Nordfjord. Når «Lærdal» for sin veg, var det haust. Vi smågutane på Sandane vart aldri trøytte av å springe på bryggja når «Lærdal» svinga rundt Hundeneset.

«det var då ein damp»

Det var ikkje noko skrog å rope hurra for. Brei og klompet var han, mest som ein tresko. Berre ei master hadde han. Men det var då ein damp, både med maskine og kommandobru, og fløyte. Og han tuta som han var vaksen, mest.

«sogningar»

På brua stod gamle Fretheim år etter år, men med skiftande styrmenn og maskinistar, karar som seinare var vorte sjefar på større skuter. Men vissaste inventaret var han Jens framme og han Jens bak. Begge var runde og gode, men den eine endå blidare enn den andre, og godvener med alle smågutar, so sant dei ikkje var altfor nærsøkne og uskikkelege. Frå maskina stakk han Aslakk opp, og frå salonen ho Ingeborg. Alle var sogningar, men likevel inderleg velkomne, ikkje berre på Sandane, men på kvar stoppestad fjorden innetter.

Når ein tenkjer på dei, kjem det smygande innover ein minnet om blanke, varme somrar, då vi gjekk berrføtte og plaska i sjøen dagane til endes, dagar fulle av moro og sutelaust liv. Men spaninga for dagen var «Lærdal», som kom og gjekk.

«turistar»

Forutan mannskapet var det turistar om bord. Dei sat helst på den romslege kommandobrua. Der stod ikkje «Adgang forbudt». Nei, dit var dei just velkomne. Og var det ikkje plass på brua, so var det merkeleg mykje rom på halvdekket, endå so trongt det var mellom hytta bak og rekka. Stundom sat turistane framme på bakken og.

«bygdefolket»

Men mellom bakk og kommandobru, kring luka til romet der heldt bygdefolket seg, dei frå Hennane og Randabygda og Utvika, slike som skulde eit ærend til dokter eller dyrlækjar eller trekkje ut ei tonn, og stundom eit ungt par som skulde kjøpe ringar his «gulldamene».

«skysskarar»

Det var spanande å sjå kor mange turistar det var som kom til Hotell Gloppen og kor mange til Sivertsen. Gutane hadde kvar sin favorit. Men morosamast av alt var å sjå om skysskarane fekk nokon oppi kjerrene sine. Ikkje fullt so gildt var det, då vi vart litt eldre skysskarar sjølve, og kanskje ingen fekk opp i kjerra, eller berr ein tyskar. Då var det ikkje mykje drikkepengar å få, berre 15 øre.

«vere med på kolsjau»

Når turistane hadde spreitt seg, var det anten heim til middagsmaten, eller om vi kunde vere so svinheldige at vi fekk fylgje «Lærdal» frå dampskipsbryggja og inn til kollageret og få vere med på kolsjau.

«på bryggja att»

Når so «Lærdal» fòr kl. 4, var dei fleste smågutar på bryggja att, og skulde sjå etter om alt gjekk rett for seg. Kanskje ein kunde få løyse toget og, anten for hans Jens framme eller for han Jens bak. Æra var like stor. So svinga «Lærdal» om Hundeneset, og då var det sjøen og anna moro. Og næste dag kom «Lærdal» att!.

«inn fjorden»

Som han fòr inn fjorden, vart han fylgd med kjærlege auge frå alle gardar, der folk baska med turrhøyet. Utvikestøls-gjentene brukte han til klokke. Såg dei ikkje «Lærdal» ut for Moldremsneset, hadde dei god tid, og kunde ta ei ekstrakvild på stølsvegen og munnhoggast lite grand om «somme» gutar, både dei frå Vikane og dei frå Breim. Noko i same lei var det vel på hi sida av fjorden, like frå Hennane og inn til Blakset. Var «Lærdal» velkomen so langt ute i fjorden som Gloppa, so var han det endå meir i Stryn, Loa og Olda, dei store turistplassane.

«alt var høgtid og helg»

So hende det at vi sjølve fekk ein tur med «Lærdal» inn fjorden. Eg veit mange som det var fyrste dampskipsturen for. Blank var fjorden. Blid var bygdene. God var sommaren. Og auga var vidt opne og undrande. Vi studerte alt om bord. Vi fòr høgt og lågt, og snilde folk rettleidde etter som vi spurde, anten so vi glytte ned i maskina, eller vi skulde få oss vatn å drikke av pumpa framme.

Alt var høgtid og helg. Vi kjende oss rike og byrge. For attåt billettpengar hadde vi fått ei krone eller to, som vi rådde heilt over sjølve. Det var fyrste turen ut i verda. Og verda var stor, ikkje berre Gloppen og Breim, men heile Innfjorden! Det var eventyret, sommareventyret. Slik var for oss sist i [18]90-åra. Og slik var det for dei som enno ikkje er 30 år. [MB skreiv stykket år 1938].

«som ei brei solstrime»

Gamle «Lærdal» er som ei utkrystallisering av høgsommaren i Indre Nordfjord for tusenvis av menneske frå bygdene der. At han var liten og upraktisk, såg vi ikkje. Det har vi i alle fall gløymt. No ligg minnet om han som ei brei solstrime i hugen vår.

«set han jamsides Holvikjekta»

Martin Birkeland likte ikkje at «Lærdal» i 1938 var «ute av spelet». Men om det no var slik, at han var «fallen for aldersgrensa», så måtte båten «haldast høgt i akt og ære». Han tok til orde for å ta vare på den gamle slitaren, på museum, til minne om «god gamle dagar». Og om Sogn folkemuseum ikkje ville ha han, så kunne «nordfjordingane få han», Nordfjord folkemuseum. «Set han opp i fjøra jamsides Holvikjekta», skreiv folkehøgskulestyrar Martin Birkeland, og la til:

Men set eit høgt gjerde kring dei begge, og la folk i festsstunder sleppe inn og sjå. Men la dei ta skorne av. For dei er på «heilag grunn» (…) La han ikkje ligge og smådøy på Puddefjorden.

Etterord

Martin Birkeland var lenge før si tid med tanke og syn for fartøyvern. Først fleire tiår seinare, vart dei første fylkesbåtane tekne vare på som veteranbåtar, DS «Stavenes» og MS «Atløy». Men Martin Birkeland slapp å sjå gamle «Lærdal» «liggje å smådøy». Slutten kom om lag samstundes med at han skreiv minnestykket sitt. I boka «101 Fjordabåtar. Fartøya til Fylkedsbaatane i Sogn og Fjordane 1858-2000 (2000) står det at «Lærdal» i 1938 vart seld til bergensfirmaet Einar Cook, til opphogging.

Mannskap – «alle var sogningar»

Martin Birkeland var godt over 50 år då han skreiv om barndomsbåten «Lærdal». Han mintest mannskapet, jamvel namna på fleire. «Alle var sogningar.» Folketeljinga 1910, Aurland, har ei forvitneleg innføring. Heile mannskapet på DS «Lærdal» står oppførd, som ein husstand, under garden Flåm. «Lærdal» må ha lege i Flåm, og teljaren vore om bord, 1. desember, som i eit hus.

Oppføringa nedanfor har med namn, med namn, fødselsdato, fødestad og «stilling» (slik det står skrive). Åtte av 11 er fødde i Sogn, og framleis står fleire av Martin Birkeland sine kjenningar om bord: «gamle Fretheim» (Dampskibsfører), ein av dei to Jens-ane (Jens Paulsen, Matros), «Aslakk» (Aslag, 2den maskinist) og «ho Ingeborg» (Ingebor, Restauratrise).

1. Peder Johan Fretheim, 24.07.1847, Aurland, Dampskibsfører
2. Hans Sjursen Fretheim, 19.03.1884, Aurland, Dampskibs Matros
3. Guttorm G. Brække, 27.11.1877, Aurland, Dampskibs Matros
4. Karl Monsen, 09.04.1884, Nordalen, Styrmand
5. Jens Paulsen, 26.07.1845, Lærdal, Matros
6. Gustav Faleide, 26.04.1873, Faleide, 1ste Maskinist
7. Aslag Bøthun, 31.03.1857, Fresvik, 2den Maskinist
8. Hans Jensen, 29.04.1884, Lærdal, Fyrbøder
9. Ingebor Jansen, 10.10.1876, Lærdal, Restauratrise
10. Andrea Erdal, 30.01.1894, Aurland, Tjener i Restauration
11. Johan Johansen, 02.07.1885, Sandnæs, Postexpeditør.

Personopplysningar

MARTIN BIRKELAND, fødd i Stryn 08.06.1884, son til Nils Martinson Birkeland og Eli. Gjekk mellomskule på Sandane, Gloppen. Studerte ved Universitetet i Oslo. Lærar ved Jæren folkehøgskule 1905-1915, styrar ved Fana folkehøgskule 1915-1949. Med i styret i Vestlandske Mållag 1922-1932. Mykje nytta talar på stemner og i kringkastinga. Utsending frå Noreg Ungdomslag (1929) på foredragsfed mellom norske i Canada og USA. Døydde 14.10.1954, gravlagd på Fana kyrkjegard, Bergen kommune.

 
kjelder:

Norsk Allkunnebok, band 2.


DIS Norge, databasen Gravminner i Norge


Folketelling 1910 for Aurland herred

PERMANENT IDENTIFIKATOR