I eldre tider brukte dei heimane og skulehuset til kristelege møte og samkomer i Solvorn. Men under krigen (1940-1945) kom tanken opp om eige forsamlingshus. Dei vedtok lover for det påtenkte huset i 1944, og kom i gang med byggjearbeidet i slutten av 50-åra. Solvorn bedehus vart vigsla søndag 16.…
Det var stor festivitas i Solvorn då den restaurerte Vetlekaien vart opna laurdag 21. mai 2005. Nær 200 var tilstades. Ordføraren i Luster stod føre den formelle opninga. Vetlekaien er gamal. På ei kartskisse datert i 1892 står han nemnd som "Jotunheimens brygge".
Inne i ei vik på vestsida av Lustrafjorden, midt imot Ornes på andre sida av fjorden, ligg den gamle idylliske strandstaden Solvorn. Bygda ligg bratt oppover lia og flatar ikkje ut før ved Øvrabø. Nede ved fjorden voks det fram ein tettstad der strandsitjarane budde. I Solvorn finn ein framleis…
Til jubileumsåret for grunnlova i 1914 vart det reist vel tjue minnesmerke i Sogn og Fjordane. Halvparten er "bautasteinar" sette til minne om soldatar som var ute i krigen mot Sverige i ufredsåra 1807-1814. I Luster kommune står to slike, den eine i Solvorn, truleg reist av ungdomslaget i 1914.
I Solvorn står det ein uvanleg minnestein. Han er på skap som ein beinknok. Det er innhogge eit årstal på steinen og ein figur som minner om eit bumerke, eller - kan det vera bokstavane - SL?
Den viktigaste vegen for Ytre Hafslo og Veitastrondi fram til 1900-talet, var ein gammal veg ned til Solvorn. Hit kom jektene frå Bergen og ytre Sogn inn med varer. For å komma ned til Solvorn måtte dei kløvja ein bratt og kronglete rideveg. Vegen vart omlagt og utbetra til kjerreveg i åra…
Solvorn kyrkje er ei langkyrkje i tre som står høgt oppe i bygda Solvorn i Luster kommune. Kyrkja, som har 300, sitjeplassar, vart vigsla i juni 1883. Arkitekt Waldemar Hansteen laga teikningane. Solvorn kyrkje er soknekyrkje for Solvorn sokn i Hafslo prestegjeld.
Nordre Bergenhus Amt (Sogn og Fjordane fylke) valde tre utsendingar til riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Dessutan var begge utsendingane frå Det Bergenhusiske Regiment frå Sogn. Alle fem er heidra med minnesmerke. I Solvorn står det ein stasleg jernkross på grava til utsendingen Lars Johannes…
Urnes stavkyrkje har status som dronninga mellom stavkyrkjene, og er eitt av fire norske kulturminne som er funne verdige til ein plass på UNESCO si liste over verdas fremste kulturskattar. Kyrkja er såleis eitt av Norge sine fremste bidrag til verdsarven. Ho er bygd i 1130, men dei kjende…
Frå gammalt av gjekk det ein veg mellom Sogndal og Hafslo frå Nagløyri inst inne i Barsnesfjorden opp langs Årøyelva til Oklevik i Hafslo. Han gjekk på austsida av elva og var rekna som svært vanskeleg framkommeleg. Vegen vart ombygd fleire gonger, og vart i 1876 ein del av hovudvegnettet mellom…
I lange tider var Veitastrondi ei av dei mest avsidesliggjande og avstengde bygdene i fylket. Det var langt og strevsamt å komma seg til nabobygdene, kyrkja og ned til sjøen. Nærmaste handelsplass var Solvorn - fleire mil unna.
I Luster kommune står to minnesteinar over soldatar som var med i grensetraktene mot Sverige i ufredsåra 1807-1814. Den eine står ved Hafslo kyrkje, den andre ved skulen i Solvorn. Begge vart reiste til hundreårsjubileet for Eidsvoll-grunnlova i 1914.
Den norske regjering - nemninga på regjeringa Michelsen i perioden 7. juni 1905 - 27. november 1905 - vedtok ved resolusjon å lata utarbeida ei offisiell medalje til minne om 7. juni 1905. Medaljen skulle tildelast dei som var medlemmer av Stortinget og regjeringa denne historiske dagen. Sogn og…
På Børtnes i Kinsedalen har dei ein svært gamal åttæring. Han er truleg minst eitt hundre år gamal. Det har vorte fortalt at dei brukte båten ved "ei folkerøysting". I nærare åtti år vart denne godt bevarte sognebåten brukt som skyssbåt og føringsbåt for bruket på Børtnes og andre.
Den kring 12 km lange Eldedalen går sørvestover frå staden Elda ved øvre enden av Veitastrondvatnet. Om lag 10 km inne ligg stølen Tuftene på nokså nøyaktig 600 moh. Her var sommarstøl eller fjellstøl for tre gardar. Alle husa er borte, men enno syner rester etter fire.
På sørsida av Gaupnefjorden, ein sidearm av Lustrafjorden, ligg tettstaden Marifjøra. Riksveg 55 mellom Gaupne og Sogndal går utanom Marifjøra, men frå denne riksvegen går den stuttaste riksvegen i Noreg. Køyrer ein den 400 meter lange riksveg 603 kjem ein til Marifjøra. Bryggja ved fjorden var…
Det er berre eitt fengsel i Sogn og Fjordane, og det ligg i Vik. Fengselet vart bygt i 1864.
Gjennom nærare to hundre år var garden Tysse i dei herskapelege familiane Landmark og Lillingston si eige.
Den 11. mars 1943 var Det Bergenske Dampskipsselskab (BDS) sitt skip D/S "Brant County" i konvoi med 59 andre på veg frå Amerika til England. Skipet blei torpedert av ein tysk ubåt og gjekk ned etter kort tid. Ingvald Eggum var ein av dei 24 som miste livet. I 1985 reiste Norske…
Den 3. juli 1936 melde Sogns Tidend at Nasjonal Samling (NS) hadde halde fleire møte i Oslo. Men det hadde ikkje berre gått fredeleg føre seg. «Politisk ramp» hadde laga ugreie med «skrål og steinkast.» Eit par ungdomar hadde måtta til dokter. I august kom NS til Sogn og Fjordane. I ti dagar…
DS «Ørnen», på prøvetur 24. mai 1894: «Speilglasruder» (…) «fortrinlig Ugsigt» (…) i «Salonen oppe under Dækket er i stort Antal anbragt forgyldte Ørne», og «Marmorborde.» Det var båten som blei sett inn på Sognefjorden midt på 1890-talet, i konkurranse med Fylkesbaatane. Tevlinga fekk ein brå…
Laurdag 29. juli 1928 drukna 11 menneske i Luster. «En forfærdelig ulykke i Lusterfjorden» var overskrifta på nyhendeoppslaget til avisa «Sogningen» (Balestrand) to dagar etter. I slutten av stykket står nemnt ei anna ulukke: «En tilsvarende ulykke hændte i Lusterfjorden for ca. 70 aar siden.» I…
Frå midten av 1800-talet starta kampen for å innføre norsk språk i skulane. Landsmålet eller nynorsk fekk tidleg fleire tilhengarar.
2. desember 1858 byrja reiarlaget Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (frå 1919 Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane) rutefart Bergen – Sogn. Etter kvart prøvde andre seg og. Hausten 1869 sette Bergens Dampprammelag inn dampprammen «Viken». Men det ser ut til at rutefarten var kortvarig, berre to turar,…
Bolette C. Pavels Larsen (1847-1904) si novellesamling Smaoe Skjeldringa var ei av dei første skjønnlitterære bøkene frå Sogn og Fjordane på nynorsk. Novellene er skildringar av folkelivet i Sogn på slutten av 1800 talet sett gjennom forfattaren sine auger.