Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vegen Årøy-Oklevik - eit Vindhella i miniatyr



Frå gammalt av gjekk det ein veg mellom Sogndal og Hafslo frå Nagløyri inst inne i Barsnesfjorden opp langs Årøyelva til Oklevik i Hafslo. Han gjekk på austsida av elva og var rekna som svært vanskeleg framkommeleg. Vegen vart ombygd fleire gonger, og vart i 1876 ein del av hovudvegnettet mellom Sogndal-Solvorn og Marifjøra. I 1905/1906 vart vegen på vestsida av elva ferdig.

Folk på tur på gamlevegen mellom Årøy og Oklevik. Biletet viser litt av vegen i Gildreskredene, ombygd i 1848. Sjølv om breidda og standarden elles var god, var vegen framleis alt for bratt. Krava til flatare stigningar auka med den veksande turisttrafikken og den auka godsmengda. Det medførte at mange av vegane, som vart bygde rundt 1840-50, vart omlagde mot slutten av 1800-talet. Det gjaldt både Gildreskreda, Solvornsgalden og Marheimsbakkane ned mot Marifjøra.

Folk på tur på gamlevegen mellom Årøy og Oklevik. Biletet viser litt av vegen i Gildreskredene, ombygd i 1848. Sjølv om breidda og standarden elles var god, var vegen framleis alt for bratt. Krava til flatare stigningar auka med den veksande turisttrafikken og den auka godsmengda. Det medførte at mange av vegane, som vart bygde rundt 1840-50, vart omlagde mot slutten av 1800-talet. Det gjaldt både Gildreskreda, Solvornsgalden og Marheimsbakkane ned mot Marifjøra.

Eigar: Statens vegvesen Region Vest

Datering: 1999

Fotograf: Per Birger Lomheim

Ein gammal rideveg

Kløvvegen langs Barsnesfjorden til Nagløyri, men vegen var stadvis svært bakkete. Bergensaren D. B. Martens, som reiste innover Sognefjorden i 1849, seier at vegen "var den gang en tarvelig opbrudt Sti imellem Urene, hvor man til Nød kunde komme frem til hest ". Det var vanleg å ro frå Nes i Sogndal inn Barsnesfjorden til Nagløyri, ei strekning på omlag 8 km. Derifrå gjekk det ein bratt kløvveg forbi garden Årøy og opp langs austsida av Årøyelva (ca 4 km). Høgste punktet på vegen er 169 moh. Etter krav frå vegkommisjonen av 1778 skulle vegen vera 3 alner (ca 2 m) brei og ha 6 vedlikehaldsroder.

.. og ein kongeveg

Det heiter seg at både Olav den heilage og kong Sverre skal ha fare vegen. Kong Sverre skal ha vore der med birkebeinarflokken sin i 1184. Det seiest at han møtte stor motstand frå folk i Hafslo. Vegen er og indirekte nemnd i Sverres saga i 1201. Baglarane var komne til Kaupanger midtvinters og hadde stemna sogningane til tings og bode ut leidang (bøndene måtte stilla skip til disposisjon). På tinget hylla dei Inge, son av Magnus Erlingsson, som konge. Men birkebeinarane var etter dei, og baglarane rømde mellom anna opp vegen til Hafslo.

Gildreskreda

Den gamle ridevegen var bratt med mange vanskelege kneiker. Verst var bakkane dei kalla "Gildreskreadn" (2 km opp frå sjøen). I 1823 var biskop J. Neumann på bispevisitas i Sogn. Slik skildrar han vegen: "saa begyndte de frygtelige Gildeskred, hvor man klavrer ad steenlagde Trappetrin paa en Maade langs under de vilde Klipper brat opad til Toppen " Vegen vart ombygd i 1848, og det var då råd å køyra med hest og kjerre mellom Sogndal og Hafslo. Ombygginga skjedde like etter Vindhella-vegen i Lærdal vart bygd. Ein kan finna klare parallellar i byggjemåte for dei to vegane. Vegen er bygd på flotte steinmurar forbi og rundt dei vanskelegaste punkta.

"En deilig tur"

Etter ombygginga var nok vegen framleis bratt. Ein engelskmann som i 1856 reiste frå Hafslo til Sogndal og Leikanger, seier det slik: "Neste dag gikk jeg gjennem en fruktbar, oppdyrket trakt mellem Marifjæren og Hafslo. Det ligger et vakkert vann ved Hafslo, og en stupbratt siksakkleiv nær Nagløren." Martens seier det slik: "Saa bar det da op Gildeskræbakkerne. Det var ment at skulle være en Kjørevei; men Gud bevare Enhver fra at kjøre denne Vei. Opad gjælder det væsentlig Hesten, men nedad gjælder det baade Hesten og den Kjørende. Vi skulde jo ride, men foretrak naturligvis at gaa den længste Del av Veien."

På venteliste

I 1876 vart vegen Sogndal-Marifjøra med arm til Solvorn omklassifisert frå bygdeveg til hovudveg, og berre to år seinare byrja planlegginga av ein ny veg. Vegen var vanskeleg å ferdast heile året på grunn av utrasingar. At vegen var særleg bratt og tung, kan ein sjå av kor mykje dei betalte for skyss mellom Sogndalsfjøra og Hillestad. Avstanden var 14 km, men ein måtte betala for 19 km. Vegstrekninga Sogndal-Marifjøra var stadig oppe på prioriteringslista til fylket, men det var ein dragkamp om små vegmidlar mellom fleire viktige vegar. Mellom anna vart det prioritert skikkeleg kjerreveg frå Sogndalsfjøra langs Barsnesfjorden til Nagløyri i 1893.

Endeleg ny veg

I 1900 fekk dei stortingsløyving til dei to parsellane på Sogndal-Marifjøra (Årøy-Oklevik og Marifjøra-Kjørlaug bru), og i 1905 var den nye køyrevegen langs Årøyelva ferdig. Han var no lagt i større svingar på vestsida av elva, og ein slapp såleis dei bratte Gildreskreda. Mot slutten av 1800-talet hadde kravet til vegstandard endra ein seg god del. Slakare stigningar vart meir vektlagt av di transportmengda og ferdsla generelt auka. Turen Sogndal-Hafslo-Marifjøra var no langt enklare å køyre med hest og vogn. Då var óg fleire parsellar av Hafslo-Marifjøra lagt om.

Ein kulturveg

Den gamle vegen opp Gildreskreda, bygd på 1840-talet, er framleis farbar. I dag er han ein mykje nytta turveg. Både vegen og elva er knytte til gamle segn. I 1998 gjennomførte elevar ved Trudvang skule i Sogndal eit prosjekt, der dei i samarbeid med historikar Per Sandal laga informasjonstavler som fortel om dei ulike stadene langs vegen, som er knytte til segn og historier. Her kan vi lesa om Futaspranget, Gildreskreda, Olavskjelda og ei bygdeborg. I tillegg har dei sett opp 18 føreseggjorde skilt som presenterer gamle namn på stader langs vegen, slik at namna ikkje blir gløymde.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Skougaard, Joh.: Det Norske Veivæsens Historie med Oversigt over Statens Veivæsens Virksomhed i Tidsrummet 1820-1896. Kristiania 1899.
Nielsen, Yngvar: Reisehaandbog over Norge, 10. utg. Christiania 1903.
Tang, Per: Hafslo. Ei orientering om Hafslo I gamal og ny tid. Leikanger 1955.
Helland, Amund: Topografisk-statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt, bd. 1 og 2. Kristiania 1901.
Sandal, Per: Sogndal Bygdebok bd 1. Allmenn bygdesoge. Tida før 1800. Sogndal Sogelag 1986.
Ferdselsvegar i kulturlandskapet. Luster kommune Landbruks- og miljøetaten 1995.
Martens, D.B.: En vandring i Sogn sommeren 1848. I Årbok (Bergen Turistforening) 1897.

PERMANENT IDENTIFIKATOR