Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Urnes stavkyrkje



Urnes stavkyrkje har status som dronninga mellom stavkyrkjene, og er eitt av fire norske kulturminne som er funne verdige til ein plass på UNESCO si liste over verdas fremste kulturskattar. Kyrkja er såleis eitt av Norge sine fremste bidrag til verdsarven. Ho er bygd i 1130, men dei kjende utskjeringane på nordveggen stammar frå ei endå eldre kyrkje. Urnes var fram til 1882 eit eige sokn i Hafslo prestegjeld, men vart då slått saman med Solvorn sokn.

Mange tusen menneske kjem hit kvar sommar, for å oppleve stavkyrkja og det unike handverket. Her kan dei vandre stilt omkring og studere dekoren inne i kyrkjerommet, og føle på den særeigne stemninga i lyset frå dei små runde gluggane høgt oppe på veggene. Her kan dei granske dei handfaste og talande helsingane frå handverkarane som levde og arbeidde på Ornes for snart ni hundre år sidan.

Mange tusen menneske kjem hit kvar sommar, for å oppleve stavkyrkja og det unike handverket. Her kan dei vandre stilt omkring og studere dekoren inne i kyrkjerommet, og føle på den særeigne stemninga i lyset frå dei små runde gluggane høgt oppe på veggene. Her kan dei granske dei handfaste og talande helsingane frå handverkarane som levde og arbeidde på Ornes for snart ni hundre år sidan.

Eigar: St. Olaf College.

Datering: 2000.

Fotograf: Ukjend.

Utskjeringane på nordportalen

Nordportalen på Urnes stavkyrkje er sjølve juvelen i kyrkja, og har gitt namn til Urnesstilen. Portalen var truleg hovudinngang i ei endå eldre kyrkje. Arbeidet kan godt vere 950 år gammalt, dvs. frå midten på 1000-talet. Urnesstilen er kjend frå Storbritannia, mest frå bokmåleri, og frå fleire stader i Skandinavia. Mest kjende er motiva på ei rekkje svenske runesteinar i Uppland, som skriv seg frå omkring 1060.

Stavkyrkja på Urnes er likevel det einaste bevarte dømet på bruk av denne stilen på ein omfattande og tredimensjonal måte. Det er ulike meiningar om kva utskjeringane viser og kva dei kan tyde. I fyrste omgang kan det sjå ut som ormekroppar som snor seg rundt og over kvarandre i ein kamp på liv og død, drepande hoggtenner som bit seg fast i hals og mage. Men ser ein nærare etter, ser ein eit firfota dyr, som vert angripe av ormar. Det er truleg eit dristig uttrykk for den kristne forståinga av kampen mellom Den vonde og Kristus, ved hjelp av heidenske motiv og uttrykksformer. Det firfota dyret kan best tydast som ei stilisert løve. Den kristne trua forkynner at Kristus, løva, har sigra over Den vonde, ormen/draken, men denne striden går likevel føre seg no, og skal til sist enda med siger.

Fleire av veggplankane på nordsida og ein god del på sørsida har merke som viser at dei også har vore nytta i eit tidlegare kyrkjebygg.

Bygd i 1130-åra

Fram til 1999 var Urnes kyrkje datert til ca. 1150, men så vart ei såkalla dendrokronologisk datering av trevyrke frå kyrkja offentleggjort. Granskinga av årringar gav nøyaktige opplysningar om når stokkane i stavkyrkja var hogne. Fagfolka fann ut at ein vestre svill i skipet vart felt vinteren 1129/1130, medan ein stav frå skipet vart felt vinteren etter. Det tilseier at det praktfulle kyrkjebygget har teke form frå fyrst på 1130-talet.

Det var truleg ein mektig stormann som bygde kyrkja. Sverre-soga skriv om ein Gaut av Ornesi som levde midt på 1100-talet. Han og dei to sønene Jon og Munan Gautson er nemnde som kong Magnus Erlingsson (1161-1184) sine mest tiltrudde menn. Om dei sjølve ikkje direkte deltok i bygginga, har dei nok hatt kontaktar og kunnskap som gjorde at dei kunne hente heim gode handverkarar og treskjerarar. Der er i alt 26 runer på veggene som knyter slekta direkte til kyrkja, og namna Gaut og Jon er mellom dei. Tidlegare var det klyngetun på Urnes, som ein meiner utvikla seg i tilknyting til hovdinggarden. Ifølgje arkeologar som har vore på staden, låg truleg garden slik plassert at ein frå tunet såg rett opp til vestfasaden på kyrkja.

14 stavar

Urnes kyrkje er ein fullt utvikla treskipa stavbygning med 14 stavar som held oppe midtskipet. Storparten av stavane er plasserte på grunnstokkar. Dei er alle pynta med terningkapitél og utskjeringar av både bibelske motiv og fabeldyr. Rommet på utsida av stavane er kalla for omgangen. Både skipet og koret har eit heva midtrom, men i det smalare koret er det nytta berre to stavar til å støtte opp konstruksjonen i midten. Ikkje berre nordportalen, men også andre delar av bygningen, stammar frå ein eldre bygning. Dette gjeld mellom anna utskoren material både i aust- og vestgavlen.

Kyrkja hadde opphavleg ikkje svalgangar. Desse vart bygde til seinare. I året 1722 vart bygningen skildra med svaler rundt. Då vart det endåtil opplyst at svaltaket på nordsida og delar av taket på sørsida måtte reparerast med 12 alen bord. Kva tid dei vart fjerna, er uvisst, men truleg skjedde det seinare på 1700-talet. I dag er det berre svalgang på vestveggen, ved hovudinngangen.

Eigne sitjeplasssar

Her er mange spor etter menneske med makt og mynde. På sørsida nedst i skipet hadde kvinnene i Buggefamilien sine plassar. På same sida, langt framme, sat Bugge-mennene. Dette var storfolk og jordeigarar. Fremst i skipet står Kroka-stolen som vart bygd i 1684. Frå fyrst av var det Jan Jansen Teiste, eigaren av garden Kroken, som nytta stolen. Seinare overtok Munthe-familien, i samband med at dei kjøpte Kroken.

Kona til presten hadde sin faste plass i prestestolen framme på nordsida i koret. I 1661 vart det sett inn ny himling i denne. Like framfor prestestolen står klokkarstolen. Her er også det vesle brettet som vart nytta ved ofringa.
I koret er det elles benker på sidene ved alteret, og der er også spor etter benker bak alteret. Tidlegare har her truleg vore sidealtar på nord- og sørsida i skipet, inn mot koret. Hovudaltaret stod tidlegare noko nærare skipet.

Før folk fekk sitjeplass i kyrkja, var her som andre stader benker berre rundt veggene, meint for dei gamle og sjuke. Langs veggene i skipet er det i dag spor etter desse benkene, i form av små hol. Benker i skipet elles vart fyrst sett inn etter reformasjonen, og nye benker vart sett inn i samband med eit større arbeid som vart utført i åra 1699-1701. Då fekk kyrkja ny lem, font, oppgang til preikestolen og ny kordør (skilje). Nedst i kyrkjeskipet står fontehuset eller funtestolen, eit innebygt rom som tidlegare vart nytta som dåpsrom. Lyset siv inn gjennom blyinnfatta vindauge frå slutten av 1600-talet. Vindauga i vestveggen over inngangen er enno eldre. Truleg er dei originale frå 1130-talet. Sideplankar som tidlegare stod på denne veggen, vert rekna som opphavlege. Vindauget attmed preikestolen vart truleg sett inn samstundes med at dagens preikestol vart sett opp.

Tårn og kortilbygg

Galleri vart bygt i 1704, då Urnes kyrkje også fekk nytt tårn. Det førre tårnet kan ikkje ha vore særleg solid, for i synfaringa frå 1686 kan ein lesa at det stod ferdig så seint som i 1685. Før der kom tårn, hang kyrkjeklokka i ein stopul på haugen ovanfor stavkyrkja. I synfaringa frå 1686 er det elles nemnt at presten ville koste to nye vindauge på sørsida i skipet, og om lag samstundes vart det bygt kvelving over skipet og nedste delen av koret.

Sjølve kortilbygget skal ha vorte reist i 1601, og dekorert i 1607. Den utskorne hjørnestaven mellom koret og skipet markerer det som tidlegare var den nordaustlege enden på kyrkja, og denne staven er dessutan eitt av minna frå den førre stavkyrkja. Hovudmotiva i koret var Jesus og dei 12 læresveinane, måla med limfarge. I tillegg vart veggene dekorerte med ornament, innskrifter, blomar og bladverk i sterke fargar på kvit botn. To av læresveinane på sørsida i koret vart borte då der kom vindauge på 1700-talet.

Ei skisse av Dahl frå midten av 1800-talet viser eit tilbygg i forlenginga av koret. Det er sakristiet som vart bygt nytt i åra 1720-1722. Dette vart fjerna etter at Fortidsminneforeininga overtok stavkyrkja i 1880. Slik Urnes stavkyrkje ser ut i dag, er eit resultat av ei langvarig oppussing som vart utført i åra 1902-1906. Arkitekt Jens Z. M. Kielland leia arbeidet, og han la stor vekt på å få fram att noko av det opphavlege uttrykket i kyrkjerommet. Nokre av dei yngre vindaugsopningane i kyrkja vart stengde, svalgangen mot vest vart utvida og reparert, og dei dekorerte gavlfelta i skipet og koret vart dekka til med kledning. Utvendige fekk kyrkja spontak og mønekammar til dekorasjon på taket.

Frå 1882 vart Urnes sokn slått saman med Solvorn sokn. Det nye soknet skulle ha felles kyrkje i Solvorn. Fortidsminneforeininga tok då over ansvaret for Urnes stavkyrkje, og det var difor aldri noko alternativ å rive henne. Sjølve plasseringa er nok også med på å forklare at denne sjeldne kulturskatten er teken vare på. Det var ikkje veg fram til Ornes før 1980, då der kom veg frå Skjolden. Dermed fekk det sjeldne gudshuset stå i fred.

Kunst og inventar

Nattverdsutstyret er ein kalk frå 1648, ein disk i sølv er truleg frå 1600-talet, og ei brødøskje frå om lag 1920. Bibelen er frå 1699.

Johannes-figuren frå før 1250 i forgylt kopar, er 8 cm høg. Johannes held ei bok, og har truleg vore del av ei kalvariegruppe. Figuren er laga i Limoges i Frankrike. Ei tid var Johannes-figuren deponert i De Heibergske Samlinger-Sogn Folkemuseum. Veggmåleriet i koret, frå 1601, der fleire av apostlane er avbilda, svarar til kalkmåleria i Dale kyrkje, men er neppe laga av same kunstnaren.

Bispestolen i koret, frå om lag 1150, er ein av dei eldste stolane i landet. Preikestolen er frå 1693-1695. Døypefonten og dåpsfatet er frå 1640, og dåpsmugga frå 1920.

Korskiljet er frå 1699-1701, sjølve koropninga er 180 cm brei. Golgata-gruppa frå 1150, over koropninga, er svært godt bevart og har berre mindre skadar. Krossen er laga av furu, og er 224 cm høg, figurane er laga av svartor og frå 111-118 cm høge. Golgata-gruppa er den eldste bevarte i Europa. Kristus tronar på krossen med kongekrone, Maria til venstre og apostelen Johannes til høgre. Handstillinga til dei to er eit gammalt uttrykk for sorg. På enden av kvar krossarm er det ei framstilling av evangelistsymbola.

Stavane eller søylene i kyrkjeskipet er pryda med terningskapitél frå 1100-talet. Dei er rikt dekorerte med 50 utskorne bilete, med fabeldyr, plante-ornamentikk og menneske. Eitt av dei, den såkalla Urnesløva, er brukt som symbol for Fortidsminneforeininga, og eit anna har gitt inspirasjon til kommunevåpenet for Luster. Ein reknar med slektskap med keltisk og irsk kunst, og det kan påvisast påfallande likskap og samanfallande uttrykksformer. Flemming Distler har ei avansert antroposofisk tolking av motiva. Han meiner å påvise ein samanheng med utskjeringane på portalen på nordsida, og tolkar motiva på kapitéla slik at dei fortel ei forvandlingshistorie, der mennesket overvinn dyret i seg.

Dei fleste vil tolke utskjeringane som uttrykk for mennesket i den store striden mellom Gud og vonde makter. Eit bilete, halvt menneske og halvt hest, kan tydast som ein kentaur, symbolet på freistaren. Draken er bibelsk og klassisk bilete på Den vonde, ei ridande kvinne kan vere symbolet på sedløyse, medan dua er symbolet på Den Heilage Ande. Løva er eit Kristus-symbol, hjorten kan vere symbolet på den truande som lengtar og tyrstar etter Gud og hans hjelp (Salme 42). Ein biskop med hyrdestav vernar og leier flokken av truande.

Vår tyding har sine manglar. Likevel er ikkje bileta tause. Dei talar ikkje berre om ei uvanleg prakt- og prydglede, men talar om mennesket og maktene til undring, ettertanke og åtvaring.

Lysekrona frå 1100-talet er i jern og tre. Loket til døypefonten, som no heng på sørveggen i kyrkja, er i tre og har ein diameter på 57 cm. Måleriet frå 1665 har motivet "Det nye Jerusalem". Måleriet frå 1678 har motivet "Jesus ber krossen". Måleriet frå 1688 har motivet "Jesus på krossen".
Kyrkjeklokka er frå 1500-talet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR