Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 20. juni 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

1905 - Sognebåt brukt ved "ei folkerøysting."



På Børtnes i Kinsedalen har dei ein svært gamal åttæring. Han er truleg minst eitt hundre år gamal. Det har vorte fortalt at dei brukte båten ved "ei folkerøysting". I nærare åtti år vart denne godt bevarte sognebåten brukt som skyssbåt og føringsbåt for bruket på Børtnes og andre.

"1905-båten" i Kinsedalen på fjorden. Det er ein sognebåt, ein åttæring (bygd for fire årepar) med gavl (tverr akterende) og  ror. Eit karakteristisk trekk er den høge framstamnen. Her er det berre påsett to par keipar.  I "slepebåten": Magnhild og Anders Børtnes.

"1905-båten" i Kinsedalen på fjorden. Det er ein sognebåt, ein åttæring (bygd for fire årepar) med gavl (tverr akterende) og ror. Eit karakteristisk trekk er den høge framstamnen. Her er det berre påsett to par keipar. I "slepebåten": Magnhild og Anders Børtnes.

Eigar: Gunhild Børtnes

Datering: 1972.

Fotograf: Ada Vvffray.

Åttæring

Terje Planke, Universitetet i Oslo, Institutt for kulturstudier, var våren 1994 på besøk i Kinsedalen og mælte opp båten. I måleskjemaet identifiserte han båten somføringsbåtog noterte at han hadde tre par keipar. I eit vedlegg til skjemaet nemnde han båten somåttering, som tyder at båten var bygd som åttæring (båt for fire årepar) og truleg opphavleg var utstyrt med fire par keipar. Den vanlege uttalen eråttring.

I vedlegget noterte Planke elles at båten er bygd "før 1905", at byggjematerialen kom frå Venjahola på Hafslo og var skoren på saga på Tang. Båten var bygd i Børtnes og var utstyrt med råsegl. Karl Børtnes hugsa at han som gutunge følgde båten frå Børtnes til Kinsedal kring 1924 då dei frakta materiale til ei kårstove. Planke noterte også at båten vart brukt då dei bygde rikstelefonanlegg i 1912-1913.

Brukt ved "ei folkerøysting"

Det har vore fortalt at åttæringen i Kinsedal vart brukt ved "ei folkerøysting." I 1905 var det to folkerøystingar, den eine i august om unionsoppløysing, den andre i november om statsform, kongedømme eller republikk. Inga folkerøysting har vore gjenstand for større merksemd enn folkerøystinga 13. august 1905. Hendinga levde på folkemunne lenge etter.

Folkerøystinga 13. august 1905

Stortinget fastsette 28. juli 1905 at det skulle haldast folkerøysting søndag 13. august. Røystinga skulle ta til kl 13.00. Kyrkjedepartementet oppmoda i rundskriv om at gudstenestene måtte vera avslutta i god tid før røystinga. I Hafslo prestegjeld vart det halde røystingar i kyrkja på Hafslo for Veitastrond, Ytre Hafslo, Solvorn, Urnes og Kinsedal, og i Fet kyrkje for Indre Hafslo.

Det var grått vér frå morgonen av med skodde og regn, men det klårna opp ut over dagen. Frå Kinsedal måtte dei ta ut tidleg for å nå fram til Hafslo klokka 12. Første etappen var den kring seks km km lange turen nordover til Solvorn, deretter å gå den om lag like lange strekninga til fots, opp til Galden og vidare fram til kyrkja. Signaturen "Lasse" fortalde i eit brev tilSogns Tidendeat frå Solvorn og Ornes kom folk i festtog med fleire flag. Mon tru om ikkje ikkje dei frå Kinsedalen óg var med i festtoget?

Soknepresten heldt gudsteneste og noterte etterpå i dagsregisteret sitt: "Hvem gjør ikke vor Faders Vilje som er i Himlen [tekst]. Oplyst om hvad Folkeafstemningen dreier sig og Bøn for Fedrelandet".

Av 603 røysta 513. Alle røysta ja - til unionsoppløysing. En mann var i ivrigaste laget. Han skreiv utropsteikn etterJa!- som resulterte i at røysta hans vart forkasta. Det skulle berre stå ja eller nei.

Sognebåt

Sognebåt er eit samlenamn for trebåtar laga i Sogn frå eldre tider. Bernhard Færøyvik har ein artikkel om sognebåten iÅrbok for Sogn1934. Han brukar mange nemningar som seier noko om type, storleik og bruk: slagkeiping, færing, seksæring, åttæring, femkeiping, sekskeiping, åttekeiping og jekt (sognejekt), - kyrkjebåt, bybåt, skyssbåt, vanleg bruksbåt, isbåt, storebåt, småjekt, vengebåt, råsegljekt, førslebåt/føringsbåt, ærendsbåt, fiskebåt. 1905-båten i Kinsedalen er ein åttæring, ein båt for fire årepar.

Høver godt for Sognefjorden

"Sognebåten høver godt etter sjø- og vindtilhøve på Sognefjorden. Vinden gjeng anten inn eller ut fjorden. Og straumen er strid, so det vert svært mykje straumskavl og toppesjø. Dertil kjem at der er mykje kastevind og rósever. Og berre den som hev vore i ein sognebåt i storm på Sognefjorden, kan døma um kva sognebåten greider.

Han smyg seg lett mellom skavlane, og tek straumsjøen so roleg at det er ikkje mykje sjøskvett som kjem inn i båten. Under segl er han snar og lett, men han lyt hava rom vind. Eg spurde ein gong ein av dei beste båtbyggjarane i Sogn om båten var god i beiting (bidevind) på stor sjø. "Dette hev eg venta du vilde spyrja meg um", svara han. "Han er ikkje nett so god i beiting; men fær han vinden med, so gjeng han som ein høysekk burtetter isen." Ordforklaringar:

róse- vindrosse, vindkast
beiting- å sigla -, liggja -, styra så nær opp mot vinden som råd er utan å miste farten.

kjelder:

Færøyvik, Bernhard: Sognebåten / Sognejekti. I Årbok for Sogn. 1934.
Sogns Tidende. 18.08.1905.
Munnlege opplysningar frå: Gunhild Børtnes, Leikanger.
Terje Planke: Kopi av registreringsskjema. 1994.

PERMANENT IDENTIFIKATOR