Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 25. januar 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Solvorn bedehus



I eldre tider brukte dei heimane og skulehuset til kristelege møte og samkomer i Solvorn. Men under krigen (1940-1945) kom tanken opp om eige forsamlingshus. Dei vedtok lover for det påtenkte huset i 1944, og kom i gang med byggjearbeidet i slutten av 50-åra. Solvorn bedehus vart vigsla søndag 16. august 1959.

<p>Solvorn bedehus, bygd 1958-1959 og vigsla 16. august 1959.</p>

Solvorn bedehus, bygd 1958-1959 og vigsla 16. august 1959.

Eigar: Fylkesarkivet

Datering: 2005

Fotograf: Hermund Kleppa. Lisens: "Namngjeving-DelPåSameVilkår(CC BY-SA)": http://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0/no/

Ligg fint og lagleg til
Nabobedehusa på Hafslo og Lambhaug har ein godt synleg kross mot vegen. Begge stader ynskte dei å signalisera at "her er eit bedehus". Bedehuset i Solvorn har ikkje ein slik kross. Huset ligg ein halv kilometers veg opp frå sjøen, tett attmed den gamle bygdevegen, kvitmåla og enkelt i eksteriøret.

Huset er bygd av reisverk og har ei grunnflate på 120 kvm. Fyrste høgda har storsal med 90 sitjeplassar og småsal. Kjellarhøgda har matsal, kjøken og sanitæranlegg.

Nest sist i gamle Hafslo kommune
Bedehusa kom som eit resultat av verksemda til Hans Nielsen Hauge og framveksten av lekmannsrørsla. Kristenfolket ville styra seg sjølv. Hjelmeland i Rogaland har alltid hatt æra av å ha vore fyrst ute med bedehus i 1842, men på 1980-talet meinte ein historikar å ha funne prov for at det fyrste bedehuset i landet vart bygt i nabokommunen Strand.

I gamle Hafslo kommune kom dei seinare, men godt, med i alt seks bedehus. Det fyrste bedehuset vart vigsla i Marifjøra i 1888. Seinare kom Hafslo bedehus 1923, Veitastrond 1928 (oppgradert til bedehuskapell 1935), Lambhaug 1955, Solvorn bedehus 1959, og sist, Ornes bedehus, teke i bruk 1960 og vigsla tre år seinare.

Samling i heimane - møte på bedehus
Olav Falkgjerdet fortel om bedehusvigsla i indremisjonen sitt blad Sognevarden, 15. september 1959. Her tek me med det Falkgjerdet skreiv om tidene frå dei hadde oppbyggjelege samlingar i heimane til dei kunne halda møte i eige bedehus:
"I lange tider har folket i Solvorn samlast til møte i heimane, seinare i skulehuset. Mange rike samvær om Guds ord har det vore på dei stadene. Men tanken på bedehus i bygdi tvinga seg meir og meir fram, og hausten 1958 tok dei for alvor til med grunnen til bedehuset. Arbeidet gjekk ikkje alltid så lett: leira og væta sette karane på prøve, men dei gav ikkje opp, og til jul s.å. [1958] stod huset under tak."

Gåver frå Amerika
"Byggekostandene vart for ein stor del dekka ved pengegåver, og alt frå 1944 vart det årvisst skipa til basar til inntekt for bedehus. Dessutan hjelpte norsk-amerikanarar til. Med gåver frå Amerika vart det kjøpt inn elektrisk komfyr til kjøkenet, orgel og 30 gode stolar til storsalen. Resten av stolane - 60 stykk - vart gjevne av bygdefolket."

Vigsledagen
"På vigsledagen, 16. august 1959, samlast folket klokka 11.30. Harald Søhole helsa velkomen og Olav Øvrebø opna med bibelorda i Johs. 14.25. Kr. Tvedt heldt vigsletalen ut frå Salmane 126. Før sjølve vigslinga las seks "brødre" kvar sitt bibelord, tre frå den unge og tre frå den eldre garden. Olav Kollsete avslutta. Om ettermiddagen var det fest med eit fyldig program: solosang av Kåre Alme og duettsang av Ola Yndesdal og Anton Lomheim. Kr. Tvedt heldt festtale og vikarierande sokneprest ynskte til lukke med huset. Olav Yndesdal avslutta med orda av Moses: "Hit ned år hans evige armar". (Så langt Falkgjerdet.)

Nokre namn
Solvorn kyrkje feira 100 års-jubileum i 1983. I sogeskriftet sitt tok dei også med eit lite stykke om bedehuset. Her får me høyra at Arthur Engesæter bygde huset, og at huset gjennom 14 år hadde vore mykje nytta av bygdefolket til mellom anna møte, stemne og gravferder. Det fyrste styret var samansett av Olav Øvrebø (formann), Ola Sjøthun, Ludvik Hjelmhaug, Karl Hjelmhaug og Magnus Moe.

 

kjelder:

Solvorn kyrkje 100 år. 1983.
Sognevarden. 15.09.1959.

PERMANENT IDENTIFIKATOR