Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Fengselet i Vik



Det er berre eitt fengsel i Sogn og Fjordane, og det ligg i Vik. Fengselet vart bygt i 1864.

Fengselet i Vik, bygt i 1864, var 136 år gamalt i 2000. Fengselet er umoderne og har vore nedleggingstrua. Vik kommune arbeidde på 1990-talet for å skaffa midlar til modernisering, ikkje minst for å halda på kjærkomne arbeidsplassar.

Fengselet i Vik, bygt i 1864, var 136 år gamalt i 2000. Fengselet er umoderne og har vore nedleggingstrua. Vik kommune arbeidde på 1990-talet for å skaffa midlar til modernisering, ikkje minst for å halda på kjærkomne arbeidsplassar.

Eigar: Arne Inge Sæbø.

Datering: 1999.

Fotograf: Arne Inge Sæbø.

For korttidsdømde

I Vik står det ein murbygning der mange vestlendingar har hatt eit kort opphald. Vik Fengsel vert nytta til varetektsfangar og til avsoning av kortare dommar, t.d. promilledommar.
Fengselet har hatt mange namn: Vikjahuset, Gråahuset, Sjåførskulen, Vikjapensjonatet og Storstova.

Indre Sogn verst

Fengselet i Vik vart teke i bruk 1. oktober 1864, med plass til 12 innsette. Ein viktig grunn til at fengselet vart lagt til Vik, var at bygda ligg omtrent midtveges inne i Sognefjorden. Plasseringa vart godteki både av dei i Ytre og Indre Sogn. Vik var og ei av dei største bygdene i fylket midt på 1800-talet.
I 1857 kom ny lov om fengselsstellet, som påla kvart amt å ha distriktsfengsel. Amtet henta då inn statistikk over talet på fengsla personar pr. år for å bestemma storleiken på fengselet.
Det viste seg då at Indre Sogn hadde tre gonger så mykje kriminalitet som Ytre Sogn. Umoralen var større i Indre Sogn enn i resten av fylket. Amtmannen skreiv i 1835: "Almuen i Nordre Bergenhus Amt står på et ønskeligt Punkt, men herfra må dog undtages Indre Sogn ..."

Plassering

Stadvalet stod mellom Vik, Solvorn, Førde og Eid. Det var og debatt om ein skulle byggja eitt eller fleire fengsel. Økonomiske omsyn kom inn i biletet, og ein bestemte seg for eitt fengsel i Vik for 12 fangar. Amtsformannskapet grunngav det slik: "De fleste fanger kommer fra Sogn, i alle fall i længre fremtid vil dette fremdeles være tilfældet".
Fengselet kosta i alt 15800 spesidalar. Statstilskotet var på 7500 spd. Tomti var på 4 mål og kosta 400 spd.

Før fengselet kom

Før det einaste fengselet i fylket vart bygt, var det lensmennene som heldt arrestlokale kringom i bygdene. Dei fekk då godtgjort for å syta for lokale, brensel, lys, sengeklede, reinhald og mat. Det var stadig rivningar mellom lensmennene og amtmannen om betalinga. Amtmannen saumfor rekningane strengt for å sjå om dei var i samsvar med rundskriv og reglar.
Ein lensmann i Ytre Sogn fekk i 1849 ein skarp merknad for å ha kjøpt ei ullskjorte for 108 skilling til ein arrestant. Amtmannen meinte det rette hadde vore ei strieskjorte til 72 skilling og nekta å refundera meir. Lensmannen hevda at arrestanten var "aldeles nøgen" og at der ikkje var tid til å få tak i ei strieskjorte. Han fekk medhald.
Det var og merknader til at lensmennene heldt arrestantane for lenge, og det hende at rekningane vart reduserte med eitt døgn e.l.

Gamalt og umoderne

Fengselet er i dag (2000) umoderne og stettar ikkje krava til "moderne" soning. Det har difor vore nedleggingstrua på 1990-talet, men dei tilsette og kommunen har engasjert seg sterkt for å halda på fengselet og dei 11 arbeidsplassane der. Vik kommune har utarbeidd planar for modernisering av bygget.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Hove, Anders: Fengselet i Vik. I Pridlao, nr. 1, 1986. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.

PERMANENT IDENTIFIKATOR