Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 30. august 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Nynorsk i Sogn og Fjordane - Smaoe Skjeldringa



Bolette C. Pavels Larsen (1847-1904) si novellesamling Smaoe Skjeldringa var ei av dei første skjønnlitterære bøkene frå Sogn og Fjordane på nynorsk. Novellene er skildringar av folkelivet i Sogn på slutten av 1800 talet sett gjennom forfattaren sine auger.

Bolette C. Pavels Larsen kjem med mange vittige historier  i boka Smaoe Skjerldringa

Bolette C. Pavels Larsen kjem med mange vittige historier i boka Smaoe Skjerldringa

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Fotograf: Ukjend.

Bolette C. Pavels Larsen

Pavels Larsen var ei engasjert målkvinne og var den som bles liv i Vestmannalaget att då det låg i dvale i byrjinga av 1880-åra. Pavels Larsen var embetsmannsdotter frå Sogndal, hadde røter i Kroken i Luster og ein forkjærleik til Sogn. 17 år gamal, flytta ho til Bergen, og frå 1880-åra var ho, blant anna som litteraturmeldar i Bergens Tidende, ein sentral litterær personlegdom der. Pavels Larsen skreiv ikkje nynorsk, men sognemål. Likevel er ho som målkvinne verdt å ta med i denne samanheng då ho som Aasen var oppteken av talen som grunnlag for skriftspråket.

Får fram smilet

Pavels Larsen si bok Smaoe Skjeldringa kom ut i 1897. Smaoe Skjeldringaer samansett av åtte noveller, mellom anna forteljingane Ein bondemann, Velsignesle og Sognablo. Sistnemnde er eit godt døme på at Pavels Larsen får fram smilet hjå lesaren. Eg personen sine skildringar av skysskaren Sylvfest, replikkar og episodar frå køyreturen frå Sogndal til Solvorn har mange gode poeng. Eg-personen veit ikkje i starten om ho skal lika skysskaren og let seg distrahere av nasa hans; Men so tenkte eg pao, atte da va no plent hoggande da sama før meg, skjyssguten min kunde gjedna ha ei naas, so` sto likaso høgt i lukti so` høgaste Skagastølstinden, før min del.

Ettersom køyreturen skrid fram prøver den ugifte skysskaren å innynda seg hjå ungjenta. Då vert det komisk ategpersonen må ut av kjerra for å jaga vekk ei merr som legg seg etter køyrehingsten og samstundes sjølv vil halda seg klar den virile køyrekaren. Han vil ha jenta han skyssar og garden som ho har odel på, men må tøyme hingsten han køyrer med og seg sjølv.

Gir dei svakaste den beste replikken

Da skal bli krig no er ei anna god forteljing der me høyrer om bonden som i frykt for krig dreg inn til byen og vekslar alle pengane sine inn i gull. Vel heime vert det etterkvart strevsamt å stadig finna nye gøymestader for gullet. Kan hende banken hadde vore beste gøymestaden likevel?

Som elles i boka møter me i denne historia truverdige typar, og det vert gjort litt narr av folk. Likevel er det aldri sognedialekten det vert gjort noko nummer av. Og det er gjerne dei fattige som er tileigna dei kvikkaste og beste replikkane som i historia Velsignelse der den ugifte frøkna Juliana let sin harme over at tenestejenta Brita sluttar hjå ho, og giftar seg med ein kar som visst nok ikkje er noko til arbeidskar. At Brita gjennom åra er lukkeleg trass i at ho har mange born med ein lat og arbeidssky mann, gjer ikkje frøken Juliana mindre irritert. Når mannen hennar Brita døyr, rek dei rundt på garden til ho Juliana og stel det dei kjem over av mat. Når Juliana konfronterer Brita med dette, kjem ho med replikken: Ha aldr frøken Juliana hat hug te gifta seg?

I nasjonalromantikken si and

I tillegg til å vera ei aktiv målkvinne var Pavels Larsen fasinert av bygdelivet og kvardagskulturen. Verkemiddel som me kjenner frå romantikken som stemning og folkeliv møter me i rikeleg mon. Desse faktorane plasserer Smaoe Skjeldringa i rekkja av nasjonalromantisk litteratur.

kjelder:

Stegane, Idar: Bolette Pavels Larsen. Artiklar og Forteljingar:. Eide Forlag 1997

PERMANENT IDENTIFIKATOR