Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Familiane Landmark og Lillingston på Tysse



Gjennom nærare to hundre år var garden Tysse i dei herskapelege familiane Landmark og Lillingston si eige.

Lillingstonheimen sett frå landsida med hage og singelgang.

Lillingstonheimen sett frå landsida med hage og singelgang.

Eigar: Gaute Losnegård.

Datering: 1999.

Fotograf: Gaute Losnegård.

Frå skjenkjeplass til sorenskrivargard

Alt før Landmark-familien kom til Tysse, var garden ein sentral stad i distriktet. Trude Nitter (1698-1778), sersjant i "Søndre Søndfjordske Compagnie" men opphavleg frå Solvorn, kjøpte Tysse hjå Nagelgodset i 1742. I 1758 fekk han kongeleg løyve til å drive kro og gjestgiveri på Tysseberget nede ved sjøen. Son til Trude, Henrik (1728-1802), gjorde det godt. Han vart gift med Dorthe Nagel, dottera til sjølvaste futen på Svanøy, og sat som eigar av ikkje mindre enn 53 bruk i Sunnfjord. Men garden vart ikkje verande i slekta, og i 1808 kjøpte den nyutnemnde sorenskrivaren i Sunnfjord, Nils Landmark, Tysse.

Ein mønstergard

Nils Landmark (1775-1859) var ein engasjert mann med sterk interesse for politikk og utvikling av landbruket. I 1821 vart han vald til stortingsmann og som embetsmann var han ein av dei fremste støttespelarane til kong Karl Johan, ikkje unaturleg sidan han sjølv var svenskfødd. På Tysse vart det pløgd ny jord, planta skog og frukttre. Landmark tok i bruk nye reiskapar som plog og harv, og var blant dei første i distriktet som dyrka poteter. Han avskaffa svelteforing av husdyra, og tok til seg unge bondegutar som fekk opplæring i moderne landbruk. I 1836 deltok han i skipinga av "Det Holmedalske Sogneselskab" som arbeidde vidare med forbetringar innanfor jordbruket.

Landmarkslekta vart stor

Nils Landmark hadde femten born i to ekteskap. Av desse kan nemnast Johan (1802-1878), første ordføraren i Fjaler og seinare fut i Sogn, Lars (1808-1883), distriktslege i Sunnfjord med tilhald på Leitet innanfor Tysse og far til Marie Landmark, som skipa husmorskule og gav ut si berømte kokebok, og Johan Theodor (1836-1916), som vart lærar ved Landbrukshøgskulen på Ås og deltok i skipinga av Norsk Landmandsforbund, seinare Norges Bondelag.

Britisk overklasse overtek

I 1880 overtok presten Claude Lillingston (1836-1905) og kona Edith Pares (1840-1908) garden. Claude dreiv i årevis med studiar av verdsspråka, deira opphav, slektskap og alder. Paret hadde elleve born. Claude den yngre (1881-1961) vart lege og visepresident i Det internasjonale Røde Kors i Paris. Han utvikla ei særskilt nål som vart nytta i behandling av tuberkulosepasientar. Han fekk sjølv denne sjukdommen. Laura (1867-1957) var kunstnar og måla mange akvarellar. Ho var ugift og budde heile sitt liv på Tysse, likeins Edith (1883-1967), som var den siste Lillingston som døydde på garden. Hovudhuset vart sidan fråskild og testamentert til Fjaler kommune, mens garden elles vart overteken av forpaktarane.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fagerheim, Magne og Ragnvald: Fjaler. Gards- og ættesoge. Dale 1976.
Turistbrosjyre frå Fjaler kommune om Lillingstonheimen.
Landmark, Marie: Kogebog for By og Land: Raad og Veiledning for Hus og Hjem. Bergen 1892.
Losnegård, Gaute og fl.: Dalsfjordboka. Leikanger 1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR