Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 16. august 2017

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kommune

Rå-data

Om ei drukningsulukke i Lustrafjorden år 1875



Laurdag 29. juli 1928 drukna 11 menneske i Luster. «En forfærdelig ulykke i Lusterfjorden» var overskrifta på nyhendeoppslaget til avisa «Sogningen» (Balestrand) to dagar etter. I slutten av stykket står nemnt ei anna ulukke: «En tilsvarende ulykke hændte i Lusterfjorden for ca. 70 aar siden.» I eit oversyn over ulukker i Luster kommune, NRK – Sogn og Fjordane - fylkesleksikon, står ikkje nemnt noka slik ulukke. Det er merkeleg, for det hende ei liknande drukningsulukke i Lustrafjorden mange år før. Sju menneske omkom.

Utsyn frå Urnes stavkyrkje mot Lustrafjorden og landet inn frå Solvorn. Søndag 18. april 1875 heldt sokneprest Rasch gudsteneste i stavkyrkja. Mon kyrkjefolket då fekk kjennskap til den forferdelege drukningsulukka om natta, rett over fjorden, «henved en ¼ Miil» inn frå Solvorn? Det var denne søndagsmorgonen dei fann ein kvelva færing og to omkomne. Fem andre var borte.

Utsyn frå Urnes stavkyrkje mot Lustrafjorden og landet inn frå Solvorn. Søndag 18. april 1875 heldt sokneprest Rasch gudsteneste i stavkyrkja. Mon kyrkjefolket då fekk kjennskap til den forferdelege drukningsulukka om natta, rett over fjorden, «henved en ¼ Miil» inn frå Solvorn? Det var denne søndagsmorgonen dei fann ein kvelva færing og to omkomne. Fem andre var borte.

Datering: Før 1926

Fotograf: Ukjent. (I bygdebok for Hafslo 1926)

År 1875 - mellom Solvorn og Marifjøra

Kyrkjebok for Hafslo sokneprestembete, nr. A 10, 1853-1876, har handfaste opplysningar om den «tilsvarende» drukningsulukka i Lustrafjorden. Ole Christian Rasch var sokneprest i Hafslo i åra 1867 – 1879. På side 47 skreiv han våren 1875 inn namna på sju personar med same dødsdato, og i rubrikken for opplysning om eventuell «ulykkelig Hændelse» noterte han at alle drukna på veg heim frå Solvorn til Marifjøra. Det står:

«No 18, April 17de [1875], April 22de [gravleggingsdato] Knud Olsen … Husmand 27 Aar, Teigene, Sviggum, 2/5 75 [jordfestingsdato]
No 19, April 17de, April 26de [gravleggingsdato] Peder Ericksen Gmdssøn [gardbrukarson], 16 Aar 1 Mnd, Sviggum, 2/5 75 [jordfestingsdato]
No 20, April 17de, Erick Pedersen Gaardmand, 55 Aar, Sviggum
No 21, April 17de, Thomas Thomassen Gaardmand, 48 Aar, Marheim
No 22, April 17de, Lars Pedersen Gaardmand, 34 Aar, Hundshammer 
No 23, April 17de, John Johannesen Inderst, 22 Aar, Kleivene Sviggum
No 24, April 17de, Peder Andersen Tjenestedreng, 22 Aar, Sviggum

Nr 18 til og med 24 druknede alle Lørdagen 17. April da de fra Sessionen, som holdtes i Solvorn, reiste tilbage til sine Hjem nær Marifjæren. Alle var samlede paa en liden Færing, som derved blev overbelastet, hvortil kom at nogle skulde være drukne. Nr 18 fandtes på på Kjølen af den kvælvede Baad. No 18 hængende i eit Taug under Baaden. De øvrige 5 er ikke gjenfundne. Forliset er vel skeet henved en ¼ Miil fra Solvorn [ca 2,8 km]»

Oppsummert

Innførsla til sokneprest Rasch er presis og kortfatta: Laurdag 17. april 1875 omkom 7 personar i ei drukningsulukke mellom Solvorn og Marifjøra. Dei omkomne står oppførde med namn, alder, yrkesstatus og bustad. Fem kom frå garden Sviggum, dei to andre frå gardane Marheim og Hundshammar, alle i nærleiken av tettstaden Marifjøra. Dei sju la ut frå Solvorn i ein liten robåt (færing) innover til Marifjøra. Om lag «en ¼ Miil» (ca 2,8 km) frå Solvorn gjekk det gale. Då folk [dagen etter] kom til ulukkesstaden, fann dei to omkomne; ein på kvelvet og ein under båten fast i eit tau. Dei fem andre var borte. Sokneprest Rasch slår ikkje fast årsaka til forliset. Han nemner berre to moment: at båten var «overbelastet» og «at nogen skulde være drukne [rusa]».

Andre kjelder – tre aviser

I 1928 skreiv mange aviser om den store drukningsulukka i Lustrafjorden; først og fremst dei tre lokalavisene i Sogn, dei andre lokalavisene i Sogn og Fjordane og bergensavisene. I 1875 fanst det berre to lokalaviser i Sogn og Fjordane; Nordre Bergenhus Amtstidende (Florø) Florø og Fjordenes Blad (Nordfjordeid). I Bergen kom det ut fleire aviser.

Her tek vi med kva som stod i Bergens Adressecontoirs Efterretninger (23.04.), Nordre Bergenhus Amtstidende (29.04) og Fjordenes Blad (01.05). Alle har fleire opplysningar om ulukka enn kyrkjeboka for Hafslo; om vêret, om staden, om korleis ulukka bar til og om årsaka.

Bergens Adressecontoirs Efterretninger, 23.04.1875:

Man skriver til os fra Hafslo i Sogn: Den 17de April sidstleden indtraf den sørgelige Begivenhed, at 8 Mennesker druknede paa Reise fra Solvorn til Marifjæren i Hafslo. Da Veiret den omhandlede Dag var stille, maa Aarsagen til Ulykken have været den, at Baaden var overlastet; der var nemlig 8 Mand paa en ganske liden Færingsbaad. Blant de Forulykkede var der 4 Gaardbrugere, deriblandt 2 af Bygdens bedste Mænd, 2 Husmænd og 2 Ungkarle. Paa Baadhvælvet fandtes den følgende Dag 2 Personer hængende fast efter Baadfæstet, men døde; de øvrige Personer vare endnu den 18 April ikke gjenfundne. De Forulykkede havde den 17. april været i Solvorn paa Distriktsmøde, men skjønt der paa denne Dag, som desværre almindeligt ved slige Sammenkomster, en hel Del vare berusede, skal dog ikke dette have være Tilfældet med de Druknede, ialfald ikke i nogen mærkbar Grad, og Ulykken maa saaledes alene tilskrives den Omstændighed, at Baaden var overlastet.

Nordre Bergenhus Amtstidende, 29. april 1875:

«Fra Indre Sogn. Løverdags Aften den 17 dennes hændte den sørgelige Tildragelse, at 7 Mennesker satte Livet til, idet de i beruset Tilstand vendte hjem fra et i Solvorn berammet Møde. De tre forlulykkede vare tre af de mest velstaaende Bønder i Hafslo Præstegjæld, ældtse Søn af den ene af disse samt tre Husmænd.

Folk, der var i Solvorn samtidig med dem, fortæller, at have seet dem saa berusede, at de ei vidste hvad de selv sagde, med Undtagelse af den unge Sviggum, der søgte at overtale Faderen, at begive sig hjem, hvilket dog blev udsat indtil efter Kl. 10, da det allerede var mørkt.

Veiret var mildt og Søen blikstille, men de vare rimeligvis forlastede, da Baaden, som Søndag Morgen blev fundet hvælvet, kun var en meget liden og kultet Færing. Paa hvælvet fandtes det unge Menneske dødt og var begyndt at stivne, dog var han ikke ganske kold og Fraaden stod ham om Munden.

Dersom det ikke var saa almindelig at høre frygtelige Skrig fra Søen om Aftenerne af beskjænkede Personer, der komme fra Skjænkestæderne Solvorn eller Marifjæren, er det muligt at man var bleven opmærksom paa deres Raab og kunde faaet Tid til at rædde i det minste Nogle; men da man er vandt dertil, vækker det ei andet end Uvillie, og ingen vil i stille Veir tænke, at det har noget galt at betyde. Flere erindre nu at have hørt Skrig netop ved den Tid Ulykken skeede; men da de ventede andre af deres Kjendinger, der saaes at vende hjem, har de antaget at Skriget kom fra disses Baadelag.»

Fjordenes Blad, 1. mai 1875:

«Ulykkelig Hændelse. Følgende sørgelige Tildragelse er os meddelt fra Lyster: Lørdag den 17de April reiste 9 Mand i stille Veir paa en liden Færingsbaad fra Solvorn, hvor de havde været paa Distriktsmøde, for at reise til Marifjæren; den følgende Dag fandtes Baaden med 2 Lig en halv Fjerding fra Solvorn tæt ved Land, den ene hang ved Fangelinen og laa paa Bunden, den anden havde kravlet sig fast i den hvælvede Baad, de øvrige ere Alle borte.

Da der ikke bor Folk der i Nærheden, og da ikke nogen har hørt eller seet dem, saa ved ingen hvorledes Ulykken er skeet. 5 af dem var gifte og 2 var af Bygdens mest agtede Mænd. At Brændevinet har været med i Spillet er vel ganske sikkert, da 4 af dem var ved Afreisen fra Solvorn berusede.»

Om årsaka til ulukka

«ingen ved hvorledes Ulykken er skeet» står det i Fjordenes Blad, fordi ingen har «seet dem». Vi høyrer at dei sju mennene (to aviser har feil tal) reiste frå Solvorn om kvelden, etter klokka 10. Det var mørkt, men fint vêr; «i stille Veir», Veiret (…) var stille», «Veiret var mildt og Søen blikstille». Ulukka kunne knapt skuldast storm og sjøgang.

Alle tre avisene konkluderer med at båten var for liten for 7 personar, «kun en liden og kultet Færingsbaad», skriv den eine, men ingen indikerer at det var den utløysande årsaka til ulukka. Alle sju var truleg komne frå Marifjøra til Solvorn i denne båten, og heilt sikkert tok dei fatt på heimturen i ulukkes-færingen. Og det gjekk bra, heilt til «henved en ¼ Miil fra Solvorn».

Avisene nemner bruk av alkohol, men dei er ikkje likelydande på kor mange som var påverka og i kva grad. Bergensavisa: «ikke i noen merkbar Grad», Sogn og Fjordane-avisene: «i beruset Tilstand» og «4 (…) var berusede». Ingen seier noko direkte om alkoholbruk som utløysande årsak eller medverkande faktor i utfallet og omfanget, men Fjordenes Blad treffer nok godt med formuleringa «at Brændevinet har været med i Spillet, er vel ganske sikkert.»

Om hendinga i bygdebok 1926

Avisstykka seier noko om status til nokre av dei omkomne: «tre af de mest velstående Bønder i Hafslo Prestegjeld» og «2 af Bygdens beste Mænd». I 1926, rundt 50 år etter ulukka, kom overlærarar Jon Laberg si bygdebok for Hafslo. Det fins eit par spor etter ulukka i gards- og ættesoge-delen, i omtale av to av dei som omkom: «Gaardmand» «Erick Pedersen» frå Sviggum, og «Gaardmand» «Thomas Thomassen» frå Marheim. (Elles legg ein merke til at Laberg oppgjer 6 omkomne, mot det rette 7, og at ulukka skjedde om hausten).

Side 489: «Erik Person, f. 1820, vart gift med Henrikka Eriksdotter Nitter frå Vollåker. Erik Sviggo var visstnok ein av dei mest gaaverike menn i bygdi. I mangt og mykje var han fyre si tid, og bygdi som daa var konservativ, kom ikkje til å nytta Erik si arbeidskraft eller hans dugleik som ho skulde. Likevel kom han paa ymse umkverve til aa faa mykje aa segja. Han skal ha vore med dei fyrst som byrja med aa ala dølehest (…).

Erik var med i det syrgjeleg hende, daa 6 menneskje drukna paa veg fraa Solvorn til Marifjøra hausten 1875. Millom dei var Erik Sviggo og eldtse sonen hans, Per.»

Side 497: «Tomas Tomasson, f. 1827 og var millom dei 6 som drukna paa ferd fraa Solvorn til Marifjøra i 1875. Han og Ragnhild var barnlause."

Om hendinga i bygdebok 2006

Lars Øyane si bygdebok for Joranger sokn kom ut år 2006. Nedafor følgjer omtale av tre personar som omkom i drukningsulukka år 1875.

Side. 330: Under matrikkelgarden Marheim: «Thomas Thomassen Marum, frå Kjørlog var fødd 13.2.1827 og døydde som gardbrukar på Marheim då han 17.4.1875 drukna frå ein båt utanfor Marifjøra. Gifte seg 8.7.1857 med Ragnhild Johannesdotter, dotter til føregåande brukar og herifrå garden. Barnlause.»

Side 426, under garden Sviggum, bnr 2, Erikgarden: «Erik Pederson Sviggum, fødd 15.5.1820, døydde som gardbrukar på Sviggo 17.4.1875. Både han og sonen Peder drukna då båten dei var i gjekk ned utanfor Marifjøra. Gifte seg 22.7.1858 med Henrikka Eriksdotter Nitter frå Valaker. 9 born."

Side 497, under garden Sviggum, husmannplass Haugane 2, plass under bnr 2: «Knut Olson Sviggum, frå Skogateigen 2 under Sviggo, var f. 16.1.1848 og var mellom dei som drukna ved ulukkeshendet utanfor Marifjøra 17.4.1875. Gift 12.11.187? Born: Ole Knutson Sviggum (1873-1946) vart gardbrukar på Klevvold, Kjørlog."

Om ulukka 2017 – «på folkemunne»

År 2017, 142 år etter den den grufulle drukningsulukka mellom Solvorn og Marifjøra, finst enno folk som minnest å ha høyrt fortalt noko om hedninga. Her er to par døme:

Ein «hadde høyrt at det hadde vore nokre som hadde vore på Ting i Tingstova i Solvorn. Før dei reiste heimatt, trudde han dei hadde skjenkt seg, før dei starta roturen tilbake til Marifjøra. Og ikkje langt frå Marifjøra gjekk det gale.»

Ein annan kunne fortelja at «staden er utanfor Vedvik (…) nokre kilometer frå Marifjøra (…) ein i fylgjet som var på «sesionen» nekte å fylgja desse noko animerte karane i båten (…) karane rodde og vart «blesne» av ein kastevind slik at båten vart ståande på eit skjer (…) etter kantringa»

Ordforklaringar:

«en ¼ Miil» - 1 gamal norsk mil = 11 298 meter
«en halv Fjerding» - 1 fjerdings veg tilsvara ca 2823 meter. 
«inderst» - person som budde i ein annan husstand, men på eigen kost.
«Skjænkestederne» - skjenkestader for brennevin, øl og vin. Det kravdest særleg løyve for å selja alkoholhaldige drikkevarer. 
«Færingsbaad» - robåt med to årepar, fire årar – færing.
«Distriktsmøde» - har med miltæret å gjera, sesjon for rulleføring av militære mannskap. Med jamne mellomrom vart det på fastsette stader halde sesjon, også kalla distriktsmøte. Mange tilreisande var tilstades på distriktsmøta/sesjonane. 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Nordre Bergenhus Amtstidende. 29.04.1875


Fjordenes Blad. 01.05.1875


Bergens Adressecontoirs Efterretninger, 23.04.1875 


Fædrelandet. 01.05.1875


Laberg, Jon: Hafslo. Bygd og ætter. 1926


Øyane, Lars og Joranger, Terje Mikael Hasle: Gards- og ættesoge for Luster kommune. Band VI. 2006


SAB Hafslo sokneprestembete, Ministerialbok, nr. A 10, 1853-1876, s. 47


SAB, Hafslo Sokneprestembete, Klokkerbok nr. A 1, 1866-1908, s. 536

PERMANENT IDENTIFIKATOR