Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 19. mai 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

1905 - Den offisielle 7. juni-medaljen - stortingsmann Knut A. Taraldset



Den norske regjering - nemninga på regjeringa Michelsen i perioden 7. juni 1905 - 27. november 1905 - vedtok ved resolusjon å lata utarbeida ei offisiell medalje til minne om 7. juni 1905. Medaljen skulle tildelast dei som var medlemmer av Stortinget og regjeringa denne historiske dagen. Sogn og Fjordane hadde seks menn som kvalifiserte seg for utmerkinga: dei fem faste stortingsrepresentantane og ein varamann.

Knut A. Taraldset var mykje med i styre og stell, men fyrst og fremst bonde. Biletet viser våningshuset på Taraldset 2005.

Knut A. Taraldset var mykje med i styre og stell, men fyrst og fremst bonde. Biletet viser våningshuset på Taraldset 2005.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2005

Fotograf: Arild Reppen

Om medaljen i Norsk Lovtidende

7. juni-medaljen vart laga og tildelt i 1906. I Norsk Lovtidende 1906 står to kunngjeringar: den eine ei stadfesting om at det skulle lagast ei slik medalje, den andre om korleis ho skulle berast.

"Den norske regjerings resolution, hvorved der til minde om begivenhederne den 7de juni 1905 præges en medalje for stortingets og regjeringens daværende medlemmer, hvilken medalje udføres i forgyldt sølv overensstemmende med et udkast og forsynes med baand i orlogs- og handelsflagets farver, samt at der dermed forbundne udgifter udredes af de til tilfældige uforudseede udgifter i almindelighed for terminen 23 juni. 1906-07 bevilgede midler."
(Norsk Lovtidende, 23. juni 1906, side 512.)

"Kongelig resolution, hvorved bestemmes, at den til minde om begivenhederne den 7de juni 1905 prægede medalje for stortingets og regjeringens daværende medlemmer bæres umiddelbart foran St. Olavsordenens ridderkors af 1ste klasse."
(NL, 13. oktober 1906, s. 733.)

Den offisielle 7. juni-medaljen

Medaljen er forma av medaljøren Ivar Throndsen etter framlegg frå målarane Eilif Pettersen (framsida) og Gerhard Munthe (baksida), og produsert av av Kongsbergfirmaet I. Throndsen. Ho har ein diameter på 30 mm og er 2 mm tjukk. Medaljen er laga i forgylt sølv og forsynt med band i fargane til flagget.

På framsida er i eit felt ved kanten inngravert: NORGES UAFHÆNGIGHED GJENNMFØRT
I innerfeltet, forma som fylt eikekrans, står inskripsjonen: HAFRSFJORD 872 * EIDSVOLD 1814 * KRISTIANIA 1905

På baksida er ei kjede av 14 samanslutta hender ut frå ein delt trestamme og inskripsjonen: KNUT TARALDSET * TIL MINDE OM * 7DE JUNI * 1905

Ein einaste medalje kjend i Sogn og Fjordane

Hausten 2004 tok Fylkesarkivet kontakt med Knut M. Taraldset i Innvik for å høyra om han hadde, eller kjende til, eit eller anna om 1905 - bilete, brev, medalje, eller anna - etter bestefaren, Knut A. Taraldset, - Nordfjord sin mann i hovudstaden under unionsoppløysinga. Han skulle sjå etter og høyra med slektningar. Det skulle vera fleire medaljar, men kvar? Til slutt var det att ein stad det kanskje kunne gøyma seg noko: I eit skatoll. Vansken var berre at ingen av lyklane han greidde å spora opp, passa. Etter langvarig leiting og prøving, stod berre ein utveg att: - tyngre hjelpemiddel som kubein og fagkunnig nabohjelp. Om ettermiddagen 17. mai 2005 kom Ivar Heggdal, utstyrt med diverse verkty, fleire lyklar og spesiallaga dirkar. Og Heggdal greidde det, med ein av dirkane. Låsen gjekk opp, og fire små øskjer kom for ein dag. I den eine var 7. juni-medaljen til Knut A. Taraldset.

Dei andre stortingsmennene frå Nordre Bergenhus Amt var: Ivar Lind (Florø), Otto Schreuder (Skjergjehamn, Gulen), Fredrik Fraas (Solvorn, Luster), Gjert Markvard Holsen (Holsen, Førde) og Anfinn Refsdal (varamann, Vik).

Heile fylket til del

Knut M. Taraldset leverte medaljen til oppbevaring i Fylkesarkivet, men Fylkesarkivet gjev ikkje berre dette ytterst sjeldne klenodiet trygg oppbevaringsstad. Medaljen vert gjort kjend for andre, - fyrst og fremst gjennom bilete og omtale, men også som utstillingsobjekt. Det høvde godt at ein av 7.juni-medaljane som kom til Sogn og Fjordane i 1905/1906 vart funnen i jubileumsåret, hundre år seinare.

Frå eit stykke om Knut A. Taraldset i 1947

Knut A. Taraldset døydde 5. august 1947, 85 år gamal. Firda Tidend hadde eit lenger stykke om han. Nedanfor fylgjer eit utdrag.

"I over 40 år var han [Knut A. Taraldset] med i det offentlege liv og han la ned eit stort og vidtfemnande arbeid i kommune, fylke og stat. (..) I 1905 var Taraldset medlem av spesialkomiteen som førebudde konsulatlova. Det var sanksjon-nektinga av denne lova som førde til unionsoppløysinga.(..)

I 30 år i trekk var Taraldset medlem av Innvik heradstyre og derav 21 år som ordførar. Då han i 1931 gjekk frå borde kunne han overlevere sin ettermann på ordførarplassen så og seie ei gjeldfri kommune på trass av dei vanskelege etterkrigsåra. Sjølvsagt kan ein ikkje berre takke ordføraren for dette, men han må ha hovudæra.(..)

I ei årrekkje var han medlem av fylkesutval og fylkesskattestyre, og i 6 år var han oppmann på fylkestinget.(..)

I 40 år var han bankdirektør, direktør for Innvik Branntrygdelag, formann i forliksrådet, medlem av fylkesskulestyret, direktør i Fylkesbaatane, direktør for Ålfoten kraftlag og i mange år fylkesrevisor, doms- og lagrettemann og elles mange andre tillitsyrke.

Då han slutta som ordførar i Innvik, heldt heradet ein fest for han og gav han ei minnegåve. Taraldset fekk også borgardådsmedaljen for langt og dugande arbeid for herad og fylke, 7. juni-medaljen og Haakon VII's jubileums-medalje."

kjelder:

Norsk Lovtidende 1906.
Opplysningar frå:
Knut M. Taraldset.

PERMANENT IDENTIFIKATOR