Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 30. mars 2017

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kommune

Rå-data

Fylkesbaatane – kvitt konkurrenten "Ørnen"



DS «Ørnen», på prøvetur 24. mai 1894: «Speilglasruder» (…) «fortrinlig Ugsigt» (…) i «Salonen oppe under Dækket er i stort Antal anbragt forgyldte Ørne», og «Marmorborde.» Det var båten som blei sett inn på Sognefjorden midt på 1890-talet, i konkurranse med Fylkesbaatane. Tevlinga fekk ein brå slutt. Torsdag 20. oktober 1898 gjekk «Ørnen» til botnar i Lærdalsfjorden.

Mykje truleg dampskipet «Ørnen», til kai i Lærdal. Utsnitt av bilete nr. 2, skipet i bakgrunnen. Det er tydeleg at skipsnamnet står skrive på brufronten. Bokstavane er ikkje leselege, men namnet ser ut til å ha 5 bokstavar, som passar med ØRNEN.

Mykje truleg dampskipet «Ørnen», til kai i Lærdal. Utsnitt av bilete nr. 2, skipet i bakgrunnen. Det er tydeleg at skipsnamnet står skrive på brufronten. Bokstavane er ikkje leselege, men namnet ser ut til å ha 5 bokstavar, som passar med ØRNEN.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1894-1898

Fotograf: Nils. O. Reppen, Sogndal

Konkurranse 1890-åra

I 1858 skipa Sogn og Fjordane fylke (før 1919 Nordre Bergenhus amt) sitt eige reiarlag. Føremålet var å skaffa transport mellom fylket og Bergen og i fylket lokalt. På denne tida var ikkje rutene konsesjonssregulert. Kven som helst kunne prøva seg. Frå 1878 opererte Det Vestlandske Dampskibsselskab ei tid med DS «Lyderhorn» i rute på Bergen-Sogn, og i 1890 fekk Fylkesbaatane også konkurranse på ruta Bergen-Nordfjord.

Same året dukka ein ny konkurrent på Sognefjorden, Sogns Dampskibsselskab, skipa 1889, med den nybygde DS «Jotunheim». Fylkesbaatane svara med å utbetra skipet «Sogn», og året etter med eit nytt skip av høg standard, DS «Kommandøren». Dei to selskapa køyrde parallelle ruter med avgang fra Bergen og retur frå Lærdal på same klokkeslett, og avisene hadde store annonser om nedsette frakter. Seint på året 1891 var det slutt for «Jotunheim», og konkurs for Sogns Dampskibsselskab, men eit nytt Sogns Dampskibsselskab dukka opp i 1894, med nytt skip, DS «Ørnen».

Det nye Sogns Dampskibsselskab

Sogns Tidende, Lærdal, hadde 16. juli 1894 ei notis om selskapet som «nylig» var «konstitueret». Direksjonen (styret) var samansett av fem medlemmer, tre frå Bergen og to frå Sogn. Chr. C. Krohn (adm. dir.), ingeniør E. Dahm, overrettssakførar R. Hirsch, alle Bergen, vidare O.T. Stenehjem, Sogndal, og A. Kvigne i Lærdal.

Dampskipet «Ørnen»

Sogns Tidende hadde også eit stykke om prøveturen med «Ørnen», 24. mai 1894. Avisa hadde truleg saksa frå omtale i ei av Bergens-avisene. Båten var bygd ved Laxevaags Maskin & Jernskibsbyggeri for ingeniør Dahm; lengd 90 fot (36,5 meter), breidd 16 ½ fot (6,8 meter), fart 9 ½ mil. Maskina var bygd i Stavanger, og ytte 25 «nominelle Hestekræfter».

Det mest karakteristiske med «Ørnen» var den «interessante Passager Salonen», med firkanta «Speilglasruder», marmorbord og «forgyldte Ørner»; heile interiøret var utført av snekker Knudsen i Laksevåg. Eit anna særeige trekk var promenadedekk «over hele Skibets Længde».

Til samanlikning 1, «Ørnen»: Dag Bakka jr. i «Fjordabåten»: «101 br.reg.t, 84,2 fot lang, 16,7 fot bred og 8,4 fot dyp. Den var bygget på Laksevåg i 1894 for Dampskibsselskabet Ørnen AS i Bergen.»

Til samanlikning 2, «Stavenes»: Mike Bent: Steamers of the Fjords (1989): lengd: 111 fot, (44, 9 meter), breidd 20,1 fot (8,4 meter).

Ruter – Indre Sogn

I følgje notisen i Sogns Tidende 16. juli 1894 skulle «Ørnen» gå i rute Bergen-Sogn; to turar kvar veke frå midten av juli 1894. Slik gjekk det ikkje. «Ørnen» byrja konkurranse-farten i indre Sogn. Den 29. juli annonserte Sogns Dampskibsselskab ruta til «Ørnen»: frå Lærdal «udover Fjorden» kvar tysdag og fredag kveld kl. 19.30, og til «Aardal og Solvorn» dei same dagane kl 11.00. Likelydande annonse stod i kvart nummer av Sogns Tidende til 6. oktober.

Opplysningar i Fylkesbaatane si årsmelding for året 1894 stadfester konkurrerande fart i indre Sogn, men har andre rutetider. Det går elles fram at konkurrenten frakta både passasjerar og gods:

«… et mindre Dampskib «Ørnen» fra Medio Juli til Jul [1894] har udført 2 Ture ugentlig paa Sognefjorden nemlig hver Mandag-Onsdag samt Torsdag-Lørdag, og da saavel Passager- som Varefragt holdes lavere end paa Amtets Skibe, har denne Konkurrent visselig trukket nogen Del af Passagerer som Varer til sig …»

Ruter – Sogn-Bergen

Vi har ikkje fullgode opplysningar om ruter og fart til dampskipet «Ørnen» dei fem åra båten eksisterte. I tillegg til opplysningar i Fylkesbaatane si årsmelding 1894 (sjå ovanfor), står det og noko om rutene i årsmeldingane for åra 1895 og 1897.

1895: «Dampskibet «Ørnen» farer fremdeles i Konkurrance med Amtets Skibe.» (1896: står det ingen ting), 1897: «I begyndelsen af Juli begyndte Dampskibet «Ørnen» at underholde Lokalrute mellom Lærdal-Gudvangen-Balestrand etc.» 1898: Det står ikkje noko om kvar «Ørnen» gjekk.

Om langdistansefart Bergen – Sogn finst det handfaste opplysningar i annonse i Sogns Tidende 7. mai 1898: «Dampskibet «Ørnen» begynder sin Rute på Sogn Tirsdag 10. Mai fra Bergen». Deretter følgjer avgangstider: frå Bergen kvar tysdag kl. 14.00 og kvar laurdag kl. 20.00. Tysdags-ruta har Lærdal som endepunkt (avgang kvar torsdag kl. 04.00); laurdags-ruta har Vadheim som endepunkt (avgang kvar søndag kl. 17.00). Den same annonsa står i kvart nummer til 27. august.

Så kjem det ei ny annonse i same avisa 3. september 1898. «Ørnen» har framleis to avgangar frå Bergen, tysdag kl 08.00 og laurdag kl. 08.00. Men laurdags-ruta er no annonsert som «Hurtigrute» med retur-avgangstid frå Sogndal klokka 06.00. Denne annonsa stod i Sogns Tidende utover hausten, siste gong 12. oktober 1898.

Mottiltak frå Fylkesbaatane

Første gongen «Ørnen» prøvde seg, i andre halvår 1894, fann ikkje Fylkesbaatane det «regningssvarende å svare med Foranstaltninger til å modarbeide Konkurrancen.» Vi høyrer heller ikkje noko om særlege mottiltak dei etterfølgjande tre åra. Men sommaren 1897 slo Fylkesbaatane til. Reiarlaget sette då inn ds «Lærdal» (som gjekk i lokalrute i Nordfjord) i ei konkurranse-rute; (i Nordfjord vart «Lærdal» erstatta med ds «Agder»; innleigd frå Sørlandet). Konkurrenten «Ørnen» fekk no følgje med «Lærdal» i si eiga rute, på same måten som «Jotunheim» og «Kommandøren» gjekk parallelle ruter nokre år før. Og utfallet? «Kampen varede Juli Maaned ud», står det i årsmeldinga, «da gav «Ørnen» tabt».

Eit tiltak av eit anna slag kom sommaren 1898. Fylkesbaatane blokkerte ei bryggje for konkurrenten. Reiarlaget kjøpte bryggja til Hopstock i Vik for 5000 kroner, sette forbod mot anløp av konkurrerande skip og gjorde avtale med ekspeditør Hopstock om å avvisa «Ørnen»: «Jeg forbinder mig til ikke at lade S/S «Ørnen» lægge til Bryggen fra i dag», (5. mai 1898).

«Ørnen» sunket»

Men som vi har sett, «Ørnen» gav ikkje «tabt» for godt. Sommaren 1898 kom «Ørnen» tilbake, og no på langdistansen Bergen-Sogn. Fylkesbaatane si årsmelding for 1898 har lite om konkurransen dette året, berre ei einaste setning: «Efter at Dampskibet «Ørnen» i Novbr. [ 20. oktober] f.A. [1898] sank i Lærdalsfjorden, har man paa Sognefjorden været uden Konkurrance.»

Den dramatiske slutten for dampskipet «Ørnen» kjem fram i etter måten korte avismeldingar og i sjøforklaring. Under overskrifta ««Ørnen» tilbunds» melde Sogningen 26. oktober om at «Ørnen» hadde gått til botnar i Lærdalsfjorden. «Det «Sogns Dampskibsselskab» tilhørende Dampskib «Ørnen» grundstødte ved ½ 6 Tiden 2 Kilometer fra Lærdalsøren.» (…) «Besetning og Passagerer landsattes og fulgte «Kommandøren» Fredag til Bergen.»

To fylkesbåtar kom forbi

Godt sjømannskap gjer ikkje skil på konkurrentar, og det skal ytast hjelp når hjelp trengst. Ved Tråna i Lærdalsfjorden bar det slik til at medan «Ørnen» stod fast ved land, kom to fylkesbåtar ut fjorden frå Lærdal; først «Kommandøren», deretter «Framnæs». Skipsførar Fraas på «Ørnen» «reiste om bord» til begge og rådførde seg med skipsførarane, Frøhcen på «Kommandøren», og Mathiesen på «Framnæs». Begge rådde til å avstå frå å prøva å slepa havaristen laus. Båten kunne bråkrengja over til styrbord og gå ned. «Framnæs» tok om bord folk og gjekk tilbake til Lærdalsøyri. Den «assistance» DS «Ørnen» på denne måten fekk av to fylkesbåtar, er nedfelt i sjøforklaring halden i Bergen 22. oktober, i skipsførar Fraas si vitneforklaring:

«Ved Dampskibet Kommandørens Udseiling fra Lærdal lod [jeg] denne praie og reiste om bord til kaptein Frøchen for at søge Assistance samt at konferere med ham om, hvad der var tjenligt at gjøre. Vi ble begge enige om at et Forsøg med at slæbe Skibet af var forbundet med den største Risico fordi at som Skibet da stod, havde det støtte på Bagbords Baug imod selve Fjeldet, skulde derimot et Forsøg med Afslæbning foretages saa vilde Skibet utan Tvivl have krænget over til Styrbord, og den plutselige Omkskiften af Vandmassen i Salonen og Bagbords Lugarer ifra B.B. til Styrbord vilde have bevirket at Skibet enten vilde gaaet rundt eller synket, paa denne Tid var der omtrent ved Lavvand.»

«Da s/s «Framnæs» ca 1 time senere kom ud fra Lærdal, blev denne ogsaa praiet og jeg reiste om bord til Captein Matiesen og samraadede med ham, han erklærede, at det eneste som han øinede til Skibets Redning var, hvad vi allerede havde udført, og fraraadede bestemt et Forsøg med Afslæbning. Endel af Passagererne og Betjeningen ved Restaurationen samt Telegram til Rederiet blev bragt om bord i «Framnæs» der returnerede tilbake til Lærdal.»

Vraket «lokalisert»

Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane nemner «Ørnen»-forliset i Lærdalsfjorden. Det står:

«I 1898 gjekk dampskipet «Ørnen» i fjellveggen i Lærdalsfjorden og sokk. Båten var då i fraktefart på Sogn og der skipet tevla mot Fylkesbatane. I 1998 vart vraket lokalisert.»

Vraket av «Ørnen» vart funne i januar 1998. Det ligg på ca 140 meters djupne. I 2015 kan dei som fann vraket tenkja seg å undersøkja vraket ein gong til, denne gongen med betre hjelpemiddel enn dei hadde til rådvelde i 1998.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Statsarkivet i Bergen: «Ny sjøforklaring», Bergen Sørett, 22.10.1898.


Stensaker, Asbjørn: Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane gjennom 100 år. 1958.


Bent, Mike: Steamers of the fjords. Bergen shipping since 1839. 1989.


Aviser: Sogns Tidende og Sogningen.


Sogn og Fjordane fylke, trykte fylkestingsforhandlingar.

PERMANENT IDENTIFIKATOR