Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vegen til Solvorn



Den viktigaste vegen for Ytre Hafslo og Veitastrondi fram til 1900-talet, var ein gammal veg ned til Solvorn. Hit kom jektene frå Bergen og ytre Sogn inn med varer. For å komma ned til Solvorn måtte dei kløvja ein bratt og kronglete rideveg. Vegen vart omlagt og utbetra til kjerreveg i åra 1840-1870. Dagens veg stod ferdig i 1893.

Solvorn kring 1900. Solvorn var den mest naturlege staden å dra for folk frå Hafslo, Veitastrondi og Mollandsmarki når dei skulle kjøpa og selja varer. Fleire av gardane på Hafslo hadde naust i Solvorn. Også folk frå Ornes på austsida av Lustrafjorden reiste til Solvorn for å handla.

Solvorn kring 1900. Solvorn var den mest naturlege staden å dra for folk frå Hafslo, Veitastrondi og Mollandsmarki når dei skulle kjøpa og selja varer. Fleire av gardane på Hafslo hadde naust i Solvorn. Også folk frå Ornes på austsida av Lustrafjorden reiste til Solvorn for å handla.

Eigar: Walaker Hotel.

Datering: 1895-1900.

Fotograf: Ukjend.

Viktig handelsstad

Frå 1600-talet hadde Solvorn landhandel og gjestgiveri. Handelsmannen kjøpte dei varene bøndene hadde å selja - så som feitevarer, huder, bjørneskinn, tjøre, sot og smør. Om hausten kom folk frå ytre Sogn med fullasta farkostar og la til i Solvorn og Marifjøra der folk frå Hafslo bytta til seg fiskevarer mot poteter, korn, ved og trelast. Ein stor gard kunne kjøpa 6-8 tønner fisk og 2 tønner sild. Det gjekk tunge lass både opp og ned til Solvorn. Varene vart frakta dels på ryggen og dels med hest og kløv. Staden var og tingstad med mange tilreisande på tingdagane.

Fleire handelsmenn

På 1700-talet var det to handelsmenn på den vesle staden. Begge stadene vart sett på som "fornøden for præstegjeldets Almue eftersom de boer langt fra Bergen og derfor ikke selv til Bergen kand indreise og sig fornøden ware tilkiøbe". Frå 1840 var Solvorn også poststad. Rundt 1865 var det tre handelsmenn og to bakarar i Solvorn. Frå 1865 var det óg handelsmann på Hafslo, men framleis gjekk varetransporten med båt, slik at Solvorn heldt oppe sin status som handelsstad nummer ein.

Vegen ned til fjorden

Den første ridevegen ned til Solvorn gjekk frå gardane Hillestad og Kjos ved Hafslovatnet, ned Skormagjelet. I 1778 heitte det at ridevegen var 3 alner (ca 2 m) brei og ¼ mil lang, med to vedlikhaldsrodar. I 1835 vart denne vegen omlagd. Det farlege Skormagjelet var uråd å forsera med hest og kjerre, difor måtte dei byggja ein ny trasé. Den 3. oktober 1835 vart veginspektør Irgens samd med almogen om vegarbeidet i Solvornsgalden. Dei skulle mellom anna leiga to trena "minerere" (folk som kunne sprengja berg og stein) og to karar som var vane med muring og køyring. Elles var det bøndene som var utkommanderte til å gjera vegarbeidet.

Vegomlegging i 1840-50

I 1847 fekk sorenskrivar Krebs formannskapet til å låna 550 spesidalar til vegarbeid i Galden og til ei bryggje i Marifjøra. Sjølv gav han 100 kg krut og styrde arbeidet. Den nederste delen av Galden var ombygd frå Kjeldedalen og opp til Galdastrupen.

Utbetringar og nye prinsipp for løyvingar

I 1860 søkte Hafslo om tilskot frå fylket til å leggja om den øvste delen av Galden. Dette vart kostnadsrekna til 700 spesidalar. Dei ønskte óg ein breiare veg på 5-6 alner (3,2-3,8 m). Fylket gav lovnad om ei viss støtte, men løyvinga vart ikkje gitt. Det sto mange andre framfor dei i køen om midlar til gode og viktige vegformål.

Frå midten av 1860-åra vart det fastare reglar for tilskot til bygdevegar og normaltilskotet frå fylket var etter kvart 1/5 av kostnaden. Til omlegging av Solvornsgalden vart det i 1864 løyvt halvdelen av kostnaden med 350 spesidalar. Den planen veginspektøren hadde lagt fram, hadde ein maksimumsstigning på 1:6, men fylkesformannskapet sette som vilkår for løyvinga at stigninga ikkje skulle vera over 1:10. Øvste Galden vart omlagd i åra 1865-70. Då vart det ingen vanskar med å køyra 200 kg lass frå Solvorn til Hafslo.

Hest men ikkje vogn

Det kom ikkje fast skysstasjon i Solvorn før i 1871. Emily Lowe frå England, kom til Solvorn med båtskyss frå Fortun i 1856. Ho møtte vanskar i Solvorn då ho skulle vidare til Sogndal. "Solvorn var en samling pene, nette hus, men hadde ingen tilgjengelig vogn av noget slag, unntatt en vogn uten hjul som en skyssholder med malerisk utseende og langt, lyst hår, etter mye leting fant stukket inn under en gammel låve. Men da han var eier av en hest med fire ben, bestilte vi den, og bud ble sendt noen kilometer for å hente den."

Emily Lowe var ein uvanleg reisande. Ikkje berre var ho kvinne, men ho reiste og med mor si. Reisa vidare til Bergen gjekk med dampskip frå Sogndal.

Ein heilt ny vegtrasé

Vegen til Solvorn hadde, trass i fleire ombyggingar, alt for sterk stigning. I 1890-åra vart det difor bygd ein heilt ny veg med ein annan trasé. Denne vegen var ferdig i 1893. I fylket sitt budsjett i 1890 vedtok fylkesformannskapet 1/3 tilskot til "Veslegalden-Aarøen og Solvornsgalden-Hillestad med Arm til Solvornsstranden og med Arm til Hafslo Kommunelokale". Kostnaden for vegstykket til Solvorn var rekna til kr 53.400. Køyrebreidda var for det meste mellom 3,75 m og 4 m. Lengda var 3,3 km og maksimumsstigninga var 1:12. I 1930-åra vart det løyvd naudsmidlar til denne vegen slik at han fekk ei køyrebreidde på mellom 3,5 og 5,5 og ei maksimumsstigning på 1:15.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Skougaard, Joh.: Det Norske Veivæsens Historie med Oversigt over Statens Veivæsens Virksomhed i Tidsrummet 1820 - 1896. Kristiania 1899.
Helland, Amund: Topografisk statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt, bd. 1 og 2. Kristiania 1901.
Laberg, Jon: Hafslo bygd og ætter. Bergen 1926.
Tang, Per: Hafslo. Ei orientering om Hafslo I gamal og ny tid. Leikanger 1955.
Ferdselsvegar i kulturlandskapet. Luster kommune Landbruks- og miljøetaten 1995.
Pedersen, Arne Stein: Turismen i Sogn dei første 100 åra. I Årbok for Sogn. nr. 42, s. 50-84. 1996.
Knagenhjelm, Wibeke: Tradisjonsrike turisthotell i Sogn og Fjordane. Det Norske Samlaget 1990.
Lowe, Emily: Reise i Norge 1856. (Emily Lowe presentert av Åse Enerstvedt) Bergen 1987.

PERMANENT IDENTIFIKATOR