Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 12. september 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Vetlekaien i Solvorn - eineståande dugnadsprosjekt



Det var stor festivitas i Solvorn då den restaurerte Vetlekaien vart opna laurdag 21. mai 2005. Nær 200 var tilstades. Ordføraren i Luster stod føre den formelle opninga. Vetlekaien er gamal. På ei kartskisse datert i 1892 står han nemnd som "Jotunheimens brygge".

Den nye Vetlekaien var pynta til fest 21. mai 2005 då leiaren i Solvorn ungdomslag/bygdelag, Anne Elisabeth Søhoel, ynskte dei mange frammøtte velkomne, og spesielt ordførar Torodd Urnes (bak) som stod for den formelle opninga.

Den nye Vetlekaien var pynta til fest 21. mai 2005 då leiaren i Solvorn ungdomslag/bygdelag, Anne Elisabeth Søhoel, ynskte dei mange frammøtte velkomne, og spesielt ordførar Torodd Urnes (bak) som stod for den formelle opninga.

Eigar: Luster kommune

Datering: 2005.

Fotograf: Torodd Joranger.

Mange helsingar

Ordførar Torodd Urnes vart rodd til Vetlekaien. I ein kort tale rosa han solvoringane for stor dugnadsinnsats før han opna den restaurerte kaien ved å hogga av eit tog som var spent tvers over. Banksjef Oddstein Haugen i Luster Sparebank helsa frå banken og overrekte ein sjekk på 25 000 kroner til kainemnda. Per Birger Lomheim helsa frå Norsk Vegmuseum, Statens Vegvesen og bygdelaget på Hafslo. Han gav eit interessant tilbakeblikk på samferdsla i Sogn i gamal tid, og fortalde spesielt om hovudvegen ned til Solvorn som vart bygd i 1893 og enda nede på "Solvornstranden".

Formannen i kainemnda, Arne Kvalen, fortalde om arbeidet som hadde vorte gjort. Han takka for det gode samarbeidet dei hadde hatt med det offentlege, og takka alle som hadde vore med på den store dugnaden.

Kai i dårleg forfatning

Vetlekaien hadde i mange år vore i dårleg forfatning etter at han ein vinter vart skadd av is. Ingen gjorde noko for å reparera den gamle "kommunekaien" før Solvorn Ungdomslag/bygdelag tok fatt. Det skjedde etter at kommunen hadde fått førespurnad frå ein privatperson om å få kjøpa kaien. Ungdomslaget sa då frå om dei kunne tenkje seg å ta på seg restaurering og vedlikehald på vilkår av at kaien framleis skulle å vera allment tilgjengeleg. Det vart sett ned ei kainemnd.

Hurtigarbeidande

Kainemnda arbeidde raskt. Den 16. november 2004 var kommunen på synfaring saman med kainemnda/ungdomslaget. Dei vart samde om at ungdomslaget skulle laga ei prosjektskisse. To dagar seinare vart prosjektsissa ferdig med ein totalkostnad på knapt 222 000 kroner. I denne summen var dugnadsinnsats verd 40 000 kroner teke med. Luster kommune "teikna seg" for 50 000 kroner til reparasjonsarbeidet. Det synte seg etter kvart at fleire kunne tenkja seg å leggja pengar i reparasjonen, viss dette ville sikra at kaien vart allment tilgjengeleg.

Krav

Kommunen sette ein del formelle krav som måtte oppfyllast før arbeidet kunne setjast i gang. Tiltaket måtte byggjemeldast og prosjektbeskriving og teikningar måtte føreleggjast kultursekjsonen i fylkeskommunen før saka kunne avgjerast av kommunen. Det måtte også takast omsyn til reguleringsplanen som sa at utstikkande bryggjer skulle byggjast som kopi av gamle bolverkskaier, eller som murte steinkaier av naturstein.

Ikkje lenge etter at byggeløyvet vart gitt i mars 2005, sette kainemnda i gang byggearbeidet. Entreprenør Arne Hatlevoll vart leigd inn til å ta maskinarbeidet. Tømmer vart hogge og dugnadsgjengen med Arne Kvalen som bas og anleggsleiar, sette i gang den storstila oppattbyggjinga. Og etter eit par månader med stor dugnadsinnsats stod den nye Vetlekaien klar for gjenopning 21, mai 2005.

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR