Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Handelsstaden Marifjøra



På sørsida av Gaupnefjorden, ein sidearm av Lustrafjorden, ligg tettstaden Marifjøra. Riksveg 55 mellom Gaupne og Sogndal går utanom Marifjøra, men frå denne riksvegen går den stuttaste riksvegen i Noreg. Køyrer ein den 400 meter lange riksveg 603 kjem ein til Marifjøra. Bryggja ved fjorden var tidlegare det viktigaste bindeleddet med omverda, men trafikken på fjorden er ikkje lenger så viktig.

Marifjøra er ein liten tettstad på sørsida av Gaupnefjorden, ein sidearm til Lustrafjorden.

Marifjøra er ein liten tettstad på sørsida av Gaupnefjorden, ein sidearm til Lustrafjorden.

Eigar: Kystmuseet i Sogn og Fjordane.

Datering: før 1980.

Fotograf: Ukjend.

Handel på 1600-talet

Handelsplassane på Marifjøra låg der det frå gamalt skal ha vore allmenning. Allmenningane var frå fyrst av bygdefolket sin eigedom, før kongen tok rådvelde over dei. Her hadde folk frå Hafslo naust og hestebeite. Fyrste handelsplassen i Marifjøra låg der bryggja er no. Gjennom heile 1600-talet var det handelsmenn frå Bergen som dreiv handelen her. Hans Klausen var den fyrste handelsmannen - han er nemnd så tidleg som 1626. Gjestgiveriet skal ha starta med å leiga ut eit par rom i 1634, og her var det hestebyte for dei reisande. I 1651 brann det hjå Klausen. Han nytta eine naustet til å røykja kjøt i. Her tok det fyr så både naustet og fleire andre hus brann ned. Han måtte byggja opp att husa, og ikkje berre til seg sjølv, men òg til nokre av naboane. Hans Klausen skal ha tent godt på handelen - han kjøpte mykje jord. Ettermennene hans dreiv det ikkje så godt. Då Klausen la ned handelen i 1660 starta to handelsmenn opp her samstundes - Tore Hansen og Hans Mikkelsen. Hansen gav opp alt i 1669, medan Mikkelsen dreiv handel til 1671.

Dårlege tider

På byrjinga av 1700-talet var handelen liten. Petter Kjempe skal ha drive handel her på denne tida. I 1720 var Tomas Pedersen Folderup komen hit. Sonen Peder tok over handelen og gjestgiveriet i 1736, men måtte alt i 1737 setja i pant alt han eigde til kjøpmann Middelfart i Bergen. I 1739 vart det meldt at Folderup hadde liten eller ingen næring og var "ganske forarmet". Gjestgiveriet var berre ei lita kro der nokre få skysskarar og brurefolk var innom for å sløkkja tyrsten. Kyrkja låg nemleg eit godt stykkje unna, høgt oppe ved Jordanger. Ti år seinare gav Folderup opp. Tomas Witmansen Rein kjøpte handelsstaden og fekk i 1750 løyve til å driva eit lite øltapperi. Etter at Rein døydde i 1754 dreiv enkja verksemda vidare. Arnt Storch bygde nye hus på handelsstaden og kjøpte Leirhola som han la til eigedomen. Storch hadde kjøpt staden for 155 riksdalar og selde han for 800 til Jan Fredrik Wiig. Wiig selde året etter handelsstaden vidare til Ola Molland, som vart den fyrste bygdekaren som vart handelsmann i Marifjøra. Han døydde alt i 1796 berre 49 år gamal.

Dampen og posten

I 1801 var Samuel Bugge handelsmann i Marifjøra, - då budde det i alt 19 personar her. Han hadde gifta seg med enkja etter førre eigaren. Bugge dreiv handelsstaden til 1824, då kjøpte Jon Zakariassen Svabo staden. Frå 1829 til 1844 dreiv Kristoffer Kjørlog handel her. Han selde staden til Christian Brunkost Torp.
Marifjøra var med som stoppestad alt i den fyrste ruta som Fylkesbaatene sette opp på Sogn i 1858. I 1862 var båten innom Marifjøra ein gong i veka. 1. september 1864 vart det fyrste postkontoret opna på dampskipsstoppestaden Marifjøra. Det fekk namnet Gaupne postopneri. Den fyrste postopnaren var handelsmann og gjestgjevar Christian Brunkost Torp. Sonen Nils overtok som postopnar i 1871 og året etter vart namnet endra til Marifjæren postopneri. Dette året vart det løyvd pengar til bygging av ny bryggje. Landhandlar Jakob Fedt overtok som postopnar i 1875. Han hadde tidlegare drive handel i lag med Jakob Molland. På 1880-talet var Jakob Fedt også dampskipsekspeditør. Jakob Trondsen budde på Tørvi men var fødd på Fet. Etter kvart skreiv han seg for Jakob Trondsen Tørvi. Han er mest kjend for å ha drive gjestgiveriet i Marifjøra. Etter at han kjøpte det i 1875 fekk det namnet Tørvis hotell.

Strandsitjarmiljø

Som på fleire andre handelsstader voks det også i Marifjøra fram eit handverkarmiljø. Her fann ein smedar, skreddarar, skomakarar, snikkarar, bakarar, fargarar, ein blekkslagar og andre handverkarar. Ein del kvinner dreiv med handarbeid som strikking, sying og veving. I tillegg fanst det nokre som i hovudsak levde av fiske. Marifjøra var skysskiftestad så her budde det ein skysskaffar. Ein del husmenn utan jord som livnærte seg som daglønarar heldt òg til her.

Fargeri, sag og mølle

I 1872 starta Andreas Einarsen Behaim fargeri. Hit kom folk med vadmål til farging. Etter kvart vart fargeriet i Marifjøra kjent kringom i Sogn.
- Olav Sande skreiv i songen "På verseføter i Sogn":
Du går med kvite sokkar, eg trur du ha'kje vet,
nei upp i Marifjøra og kjøp deg noko let. -
Andreas dreiv fargeriet i lag med dei to sønene Georg og Anton. Eldste sonen, Einar, reiste til Tyskland og lærde seg fargekunsten der. Då Andreas Behaim døydde i 1944 tok sonen Georg over drifta. Frå om lag 1940 til fargeriet vart lagt ned på 1950-talet dreiv dei berre med sal av let.
Alt på 1600-talet skal det ha vore ei sag i Marifjærens Saugvælte. I ei tingbok frå 1697 vart det meldt at saga lenge hadde lege aude, til stor skade for bygda som ikkje fekk skore materialar. I 1782 fekk kaptein Munthe kongeleg løyve til å skjera 1200 bord på saga. I tillegg til saga fanst det på denne tida òg ei mølle. I 1865 er Ingebrigt Ingebrigtsen sagbrukar på Marifjærens Saugvælte. - På byrjinga av 1900-talet skal Jon Ness ha drive både saga og mølla. Då mølla brann ned i 1924 var ho framleis i full drift - ho vart ikkje bygd opp att. Ness bygde eit privat kraftverk like ved der mølla stod.

Telefon

Den 2. mai i 1899 vart telefonstasjonen i Marifjøra opna. Stasjonen var hjå Johs. J. Eikum som var stasjonshaldar og kona, Anna, var medhjelpar. Den fyrste abonnenten var handelsmann Jakob Trondsen Tørvi. Jacop Eikum og kona, Dina, dreiv stasjonen frå 1938 til 1961. Då dei slutta hadde Marifjøra sentralbord med plass til 40 abonnentar. Stasjonen vart i 1961 flytta til Susanna Molland. Der han vart verande til automatiseringa av telenettet i 1974.

Uglabui og smørlaget

På 1880-talet skal det ha vorte skipa ei handelsforeining i Marifjøra. Handelen gjekk føre seg i huset som seinare er kjent som Uglabui. Kring 1900 vart handelsforeininga avvikla. To år seinare vart Marifjæren Meieri oppretta og tok over lokala etter handelsforeininga. Meieriet ser ut til å ha hatt ei kort levetid. I 1906 starta Olav Ugulen assortert landhandel - fyrst i "Bakertunet" og sidan i denne bygningen. Ein viktig del av verksemda hans var innkjøp av landbruksvarer. Nokre av landbruksvarene, slik som smør, ost og poteter, selde han vidare til mellom andre Norske Meieriers Eksportlag i Bergen. Alle forretningane i Marifjøra tok i mot smør i ein periode etter at meieriet var nedlagt. På midten av 1930-talet vart det skipa eit smørlag i Marifjøra. Smørlaget stod for vidaresalet av smøret til forretningar og til Norske Meieriers Eksportlag. Ei gong kvar veke kunne smørprodusentane få levert smøret sitt. I 1947 vart Indre Hafslo Samyrkelag skipa. Samyrkelaget gjorde avtale med smørlaget om at utbetalingane for smøret skulle gå gjennom dei. 1. januar 1954 vart meieriet i Årdal opna. Hit gjekk mesteparten av mjølka frå Hafslo, dermed var det ikkje bruk for smørlaget meir - det vart nedlagt.

Hus og handel

Jakob T. Feet landhandel heldt til i "Jakob-huset". Sagbrukar og møllar Jon Ness dreiv forretning her til 1926. Etter han tok Jakob T. Feet over handelen og dreiv denne fram til 1955. I 1956 flytta Samyrkelaget inn i bygningen og dreiv handel her til laget vart lagt ned i 1982. Postopneriet heldt til i huset mellom 1915 og 1926, og kom attende hit i 1978. Men i 1981 flytte postopneriet til Per Jarle Molland sitt hus, der var det til det vart lagt ned i 1993.
Per Joranger landhandel og bakeri vart starta i 1912 av Johannes Joranger. Han dreiv fyrst som bakar før han i 1918 løyste handelsbrev og starta landhandel i tillegg. Kona, Anna Thune, var frå bakarfamilien i Solvorn. Gamle-Bakaren døydde brått i 1948 og sonen Per overtok bakeriet og dottera Anna tok over landhandelen. Per Joranger dreiv bakeriet fram til 1981 og Anna og Wilhelm Oma dreiv landhandelen fram til 1992.
I 1935 starta Andreas og Sigurd Hjetland forretning under namnet Brødrene Hjetland. I denne bygningen hadde Jens Bugge Fraas drive handel tidleg på 1900-talet. I 1940 vart verksemda omgjort til Marifjøra handelslag med brødrene Hjetland, Edvard Lie og Olav Th. Melheim som luteigarar. Verksemda dreiv assortert landhandel, handel med landbruksvarer, slakteri og sal av bygningsartiklar. Slakteriet heldt fram til 1952. I 1966 kjøpte Olav Melheim ut dei andre og dreiv landhandelen til 1977. Marifjøra handel driv framleis med sal av kraftfor, gjødsel og sprengstoff.
På 1950-talet fanst det òg ei verksemd under namnet Ernst Ugulen landhandel. Marheim og Raaum utstyrsforretning vart starta i 1948. Dette var ei spesialforretning innan handel med elektrisk utstyr, kjøkenutstyr, sportsartiklar, jernvarer og andre varer. Butikklokala låg på ein eigedom like ved hovudvegen.

Matservering og overnatting

Tora og Nils Øy dreiv bakeri og kaffistove i Marifjøra. Staden hadde til tider både to og tre bakarar. Dei nytta huset som gjekk under namnet Bakertunet. Her hadde Olav Ugulen drive forretning før han flytta til Uglabui. Nils Øy skal ha starta med bakeri i Marifjøra på midten av 1920-talet. Under krigen dreiv dei kaffistove i andre høgda der dei budde. Øy sende bakarvarer rundt til dei kringliggjande bygdene i Sogn. I 1968 vart bakeriet lagt ned.
I "Kirsti-stova" skal Kirsti Stølen ha drive kafé med overnatting. Elles skal det ha vore ein kafé som heitte "Berta Sviggum kafé" i Marifjøra på 1950-talet.
Tørvis hotel vart i 1918 kjøpt av Per Bugge Næss. Han eigde Hofslund hotell i Sogndal og overlet drifta av Tørvis til sonen Hans. På byrjinga av 1900-talet vart hotellet mest vitja av omreisande handelsmenn, men om lag i 1909 skjedde det eit skifte. Då vart ein større del av hotellet sine gjester turistar - ein del av desse var utanlandske. I 1936 kom det ei ny lov som kravde at ein overnattingsstad måtte ha minst 20 senger for å få status som hotell. Tørvis hotell fekk hotell-status og har i dag 50 senger. Den gamle gjestgjevar-bygningen er kjernen i hotellet og her finn me resepsjonen. Hotellet vart bygd ut både i 1948, 1958 og 1970 med fleire nye fløyar. I år 2001 er det Per Bugge som eig og driv hotellet.
Til turistsesongen 1996 vart det opna eit nytt overnattingstilbod for turistar som vitja Marifjøra. Ekteparet Gunn Sofie og Per Jarle Molland opna då Marifjøra sjøbuer - fire hytter i rorbustil ved fjordkanten.

Epilog

Mange av butikkane som fanst på 1900-talet er i dag nedlagde. Men det vert satsa mykje på turisme og Marifjøra har framleis plass til mange overnattingsgjester med Tørvis hotell som den leiande verksemda. Staden ligg ikkje så langt frå Gaupne, kommunesenteret i Luster, og mykje av handelen - og andre ærend - kan gjerast der. Både postkontor og telefonstasjon er borte, men Marifjøra har både skule og barnehage i sin umiddelbare nærleik.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Munksgaard, Jan Henrik: Gamle handels- og gjestgiversteder på Vestlandet, Del 3. Sogn og Fjordane. Utgjeve av Kystmuseet i Sogn og Fjordane - Historisk Museum. Bergen 1980.
Førsund, Finn Borgen: Dampen og kaien, Stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998, Selja Forlag. Førde 1998.
Sætherskar, Johs.: Det norske næringsliv, Sogn og Fjordane Fylkesleksikon. Det Norske Næringsliv Forlag. Bergen 1953.
Roterud, Henny Eikum / Svangstu, Mai: Strandstaden Marifjøra, i Luster lokahistorisk årbok 1995 - nr. 2. Utgjeve av sogelaga i Luster kommune i samarbeid med Luster kulturkontor. Luster, 1995.
Tang, Per: Hafslo. Ei orientering om Hafslo i gamal og ny tid. Leikanger, 1955.
www.posten.no/postmuseet/:
Poststeder en historisk oversikt: Solvorn.
www.sognefjord.net/sjobuer/:
Marifjøra Sjøbuer.

Nettstader:
http://www.sognefjord.net/sjobuer/
http://www.posten.no/postmuseet/

PERMANENT IDENTIFIKATOR