Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. januar 2003

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Solvorn kyrkje



Solvorn kyrkje er ei langkyrkje i tre som står høgt oppe i bygda Solvorn i Luster kommune. Kyrkja, som har 300, sitjeplassar, vart vigsla i juni 1883. Arkitekt Waldemar Hansteen laga teikningane. Solvorn kyrkje er soknekyrkje for Solvorn sokn i Hafslo prestegjeld.

Preikestolen i tre frå 1883.

Preikestolen i tre frå 1883.

Eigar: Luster fellesråd.

Datering: 2002.

Fotograf: Ukjend.

Stavkyrkjestil

Solvorn kyrkje er plassert slik at du kan sjå henne nesten same kvar du er i bygda. Det mest iaugefallande særpreget på kyrkja er dei skrånande ytterveggene på tårnet, der nedste delen er våpenhuset. Arkitekten har nok late seg inspirere av stavkyrkjestilen og det frittståande klokketårnet, stopulen, ved Borgund stavkyrkje.

I dag er kyrkja kvitmåla, og men slik har ho ikkje alltid vore. Frå fyrst av var ho måla gul, men med nokre detaljar som hjørna og dørene i ein brun fargetone. Innvendig var kyrkja truleg umåla den fyrste tida, men med gråtona stolpar og bjelkar.

Kyrkjerommet har hovudfargar i grønt og lysegrått. Tidlegare var kyrkja måla i dei same hovudfargane som ein finn att i altertavla, oker og raudt. Krossen i ramme, som i dag er altertavle, var i mange år gøymt bak eit måleri som kyrkjelyden fekk i gåve. Til jubileet i 1983 vart måleriet flytta til den venstre korveggen, og krossen fekk på ny pryde alteret.

Bygde ei stor kyrkje

Solvorn-kyrkja er ei av kyrkjene i fylket som tidleg fekk orgel. Kyrkjegranskar Bendixen skreiv frå sitt besøk på slutten av 1890-talet, at kyrkja hadde orgel og at det var stort. Det var plassert på midten av galleriet, på den utbygde delen som også er bygd noko høgare enn resten.

Fleire forhold verka inn då det vart bestemt at Solvorn skulle få ny kyrkje. Hovudårsaka var at Urnes sokn vart lagt ned i 1882 og slått saman med Solvorn. Urnes stavkyrkje skulle ikkje lenger brukast til soknekyrkje. Det vart såleis trong for ei større soknekyrkje for det utvida soknet. Ein annan grunn er at den gamle kyrkja i Solvorn var i dårleg stand. Samstundes gjekk det føre seg kyrkjebygging nær sagt overalt i denne perioden. Det kom opp kyrkjer både på Hafslo og Fortun like før byggjevedtaket vart fatta for Solvorn sin del. Felles for kyrkjene var at dei skulle vere store og lyse, helst kvite. I Solvorn tok dei ekstra kraftig i og reiste den største av dei 12 kyrkjene i det som i dag er Luster kommune. Folketalet i bygda på den tida var berre om lag 350. Men Solvorn var eit knutepunkt for store delar av regionen, både som handelsstad og sete for sorenskrivaren og futen i indre Sogn.

Sorenskrivar Gløersen sat i byggjenemnda og han fekk ein kjenning av seg, dr. Wulfsberg, til å ta ansvaret for byggjearbeidet. Wulfsberg tok kontakt med syskenbarnet sitt, arkitekt Hansteen, som teikna kyrkja.

Kunst og inventar

Nattverdsutstyret, alle i sølv, er ein kalk frå 1844, med innskrifta "MOSR + EEDS"; ein disk frå 1681 med innskrifta "IIST + MPD"; og ei vinkanne frå 1961. I tillegg kjem ei brødøskje i nikkel. Alterduken frå 1994 er laga av Eldbjørg Holm og Kaia Høyum.

Preikestolen og døypefonten er begge frå 1883. Dåpsfatet i messing frå 1644, er ei gåve frå Mette Sørensdatter og Bent Nagel frå Kroken. Dåpsmugga er frå 1951.
Måleri frå 1916 framstiller den krossfesta Kristus. Det var ei tid alterbiletet i kyrkja, og hang utanpå den noverande altertavla. Ved 100-årsjubileet for kyrkja vart måleriet flytta til nordsida i koret. Biletet er laga av Helene Gundersen (1858-1934) frå Brandbu.

Her er to lysekruner i messing. Den eine av dei skal koma frå Urnes. Ho har seks armar i rad og seks S-forma slyngingar, og har ei kule utan innskrift og tapp.
Orgelet frå 1902 har seks stemmer, det er laga i Hamburg. Her er to kyrkjeklokker. Den eldste frå 1200-talet og den yngste frå 1700-talet, begge vart reparerte i 1937.

Marmorplata frå 1653 i våpenhuset, låg tidlegare framme ved alterringen i den gamle kyrkja og var gravstein for futen Simen Nielsen, som døydde i 1653. I kvart av hjørna står namna på evangelistane saman med eit latinsk ord. Dei latinske orda i samanheng vert til: I dag meg, i morgon deg.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR