Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Betre framkomst frå Veitastrondi



I lange tider var Veitastrondi ei av dei mest avsidesliggjande og avstengde bygdene i fylket. Det var langt og strevsamt å komma seg til nabobygdene, kyrkja og ned til sjøen. Nærmaste handelsplass var Solvorn - fleire mil unna.

Her er gamlebrua over Sogeelvi. Biletet er teke i 1936. Ein hest kan så vidt skimtast midt oppe på brua. Elva kunne gå svært stri om våren i snøsmeltinga, og om somrane med store vassmengder frå Jostedalsbreen.

Her er gamlebrua over Sogeelvi. Biletet er teke i 1936. Ein hest kan så vidt skimtast midt oppe på brua. Elva kunne gå svært stri om våren i snøsmeltinga, og om somrane med store vassmengder frå Jostedalsbreen.

Eigar: Fylkesarkivet. SFFF-1998015.111322

Datering: 1936.

Fotograf: Peter F. Tang.

Lang veg til sjøen

Folk på Veitastrondi hadde lang veg ned til sjøen og næraste handelsstad. Frå dei inste gardane er det 5 km ned til Veitastrondsvatnet, deretter ein rotur på 18 km. Så var det nokre få kilometer over Sogeryggen til Hafslovatnet, der endå ein rotur på 7-8 km venta dei. Deretter var det 4 km ned til Solvorn. Turen tok heile dagen. Og opp att var det like langt, men tyngre. Bakkane opp frå Solvorn var bratte. Det vart betre då det kom handelsmann på Hafslo rundt 1860, og seinare på Veitastrondi. Men like fullt måtte dei ned til sjøen med varer som skulle til Bergen eller til kystbygdene.

Kanalisering av Sogeelvi

I 1842 søkte bøndene i Veitastrondi om at Sogeelvi måtte bli gjort farbar med båt. Elva ned til Hafslovatnet var ikkje meir enn ein halv kilometer, og høgdeskilnaden var berre nokre meter. Problemet var at elva ligg djupt nede i eit juv. Kommunestyret i Hafslo gjorde følgjande vedtak: "Da man tviler paa hensiktsmæssigheden og savner en kyndig udredning, blev andragendet afslaaet." Neste gong dette vart teke opp i kommunestyret var i 1859. Svaret frå kommunestyret var då: "Flertallet er saa lidet lokalkjendt, at de ikke kan udtale sig."

Stadig spørsmål

Det gamle spørsmålet om Sogeelvi kom opp att i 1871. Ein ingeniør Vogt hadde gjort eit overslag som viste at det ville kosta over 1000 spesidalar (spd) å gjera elva farbar. Denne gongen viste kommunestyret godvilje. Dei hevda no at ein betre veg ned til fjorden var svært viktig for bygda. Bøndene på Veitastrondi selde årleg rundt 1500 bismerpund (1 bmp = 5,997 kg) smør og 700 bismerpund ost til ein verdi av 3500 spd. I tillegg selde dei for 1500 spd i skinn og kjøt. Problemet var at det meste måtte fraktast på ryggen over Soget. Dei måtte tinga båt på førehand, og kom ikkje båten, vart dei sitjande der. Varestraumen til Veitastrondi var og stor. Mellom anna kjøpte dei eit par hundre tønner korn i året, då dei ofte opplevde uår og dårlege avlingar.

Sogeelvi endeleg farbar

Folk på Veitastrondi ville sjølve yta 162 spd av dei 1090 spd det kosta å gjera elva farande. Kommunestyret vedtok å yta 300 spd dersom veitastrendingane ytte like stort beløp, mot at staten tok 490 spd av utgiftene. Dette var staten villeg til, men berre dersom det seinare ikkje kom krav om vederlag for skade som kunne bli påført nokon under arbeidet. Bygda måtte sjølve halda elva rein for stein og anna. Dette vart med som eit feste på gardane og vart tinglese. Det endelege resultatet vart at kommunen løyvde 180 spesidalar, staten 380, private 200 og kanalfondet 400 spesidalar.

Lang veg fram

I 1891-95 vart det bygd veg frå Hafslo til Soget og bru over elva. Vegen kosta rundt 21.000 kroner. I 1905 fekk dei motorbåt. "Strendingen" eller på folkemunne kalla "Motoren" vart i 1935 bytt ut med ny båt, bygd av O. Henjesand på Eide i Sogndal. Men veg langs vatnet let venta på seg.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Laberg, Jon: Hafslo - Bygd og Ætter. Bergen 1926.
Tang, Per: Ei orientering om Hafslo i gamal og ny tid. Hafslo 1955.
Solem, Susanna L.: Hafsloalbumet. Daglegliv i Hafslo kommune gjennom 100 år. Sogndal 2001.

PERMANENT IDENTIFIKATOR