Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 18. oktober 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Stølen Tuftene i Eldedalen



Den kring 12 km lange Eldedalen går sørvestover frå staden Elda ved øvre enden av Veitastrondvatnet. Om lag 10 km inne ligg stølen Tuftene på nokså nøyaktig 600 moh. Her var sommarstøl eller fjellstøl for tre gardar. Alle husa er borte, men enno syner rester etter fire.

Eldedalen dreier lengst inne mot sørvest, til venstre i biletet. Sidedalen opp til høgre er Kvitdalen. På andre sida av bandet ber det nedover mot Horpedal og Fjærland.

Eldedalen dreier lengst inne mot sørvest, til venstre i biletet. Sidedalen opp til høgre er Kvitdalen. På andre sida av bandet ber det nedover mot Horpedal og Fjærland.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2005.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Spor på Tuftene
Ein dryg kilometer opp frå Elda, der dalen flatar ut, er sett opp eit høgt og solid gjerde tvers over dalbotnen. På grinda står stadnamnet Heimstegarden. Herifrå flatar dalen ut med jamn stigning til 700 moh lengst inne der han bøyer mot sør og endar i Tuftedalen og Tuftebotn. Stølen Eldedalen ligg vel fem km inne, Tuftene snaue 10 km inne i dalen.

Stølen ligg på ei langstrekt moreneavsetjing på sørsida av elva. Her ligg fire tufter, alle orientert aust-vest. På to av murane ligg att ein god del trevyrke, på dei to andre ingen ting. Framfor tufta lengst vest står ein tverrmur eit par meter frå grunnmuren.

I restane etter same selet finst to-tre spor etter inventar og reiskapar; - omn, bord, eit rusta ljåbrot og ein spade med ein stubbe av skaftet.

Ovanom stølen og eit stykke lenger innover ligg fleire myrar. Her og der finst det tydelege spor etter torvskjering.

Skriftlege kjelder
Stølsregistreringane på 1930-talet har to innførsler på Tuftene, begge daterte 4. desember 1934. Den eine gjeld garden Røim, bnr 2, den andre Øvre Kvam, bnr 2. Stølen var då i bruk. Medan Kvam er ein Veitastrond-gard, ligg garden Røim (Råum) milevis unna, i grenda Mollandsmarki på høgda oppom Solvorn.
Kåre Øvregard fortel i boka si Stølar og stølsliv i Luster kommune, 1997, at det i si tid var tre sel og like mange fjøs, og at alle er borte. Selet til Jens Kvam (Ingrid Kvam) stod lengst. Ein vinter vart det teke av ein hard fonnvind, smadra til pinneved og spreidd langt nedover bakkane mot elva.

Stølsrett fylgde med giftarmål
Korleis heng det saman at ein gard på Mollandsmarki fekk stølsrett i ein dal så langt unna? Agnar Raaum (f. 1929) har fortalt at bestefar hans, Kristoffer Molland Raaum, fødd 1849, hadde ein bror som åtte ein stor gard på Veitastrond.

Då Kristoffer omkring 1880 vart gift med odelsjenta på Raaum, Malena Raaum, fødd 1847, tykte han dette bruket hadde dårlege støls- og beitevilkår for dyra om sommaren. Kristoffer fekk då i stand ein leigeavtale med broren om stølsrett på Tuftene i Eldedalen. Kvar sommar i åra 1880-1910 støla dei på Tuftene. Sonen deira, Per, slutta med stølsdrift på Tuftene i 1930 eller 1931, men stølsretten har seinare vorte halden ved lag.

Stølsretten til dei to andre gardane, Mollands-garden under Nes og Kvam i Veitastrond, kom og som fylgje av giftarmål. Systrene Metta og Søvrina kom frå Nes-garden (no Jens K. Nes). Den eine vart gift med Per Kvam og Søvrina med Ola Molland som kom frå Mollandsmarki på Hafslo. Begge fekk med seg stølsrett på Tuftene.

Lang veg frå Røim
Agnar Raaum har fortalt om stølsvegen. Dei bufora buskapen - kyr, kalvar og geiter - ned til Kjos og vidare fram til Soget, nedste enden av Veitastrondvatnet. Her sette dei att køyrereiskapane sine og tok dyra ombord i ein stor motorbåt *) med ein svær pram på slep som førde buskapen fram til Elda der Eldedalen byrjar. Herifrå bar det så dei siste 8-10 kilometrane, framom Eldastølen og inn til Tuftene. Heile dagen gjekk med.
Til vanleg bufora dei til Tuftene den 24. juni og heimatt eit stykke ut i september, alt etter korleis beitetilhøva var.
*) Merknad: Fyrste motorbåten kom i 1905.

Stølsvegen frå Kvam
Kvam ligg på austsida av Veitastrondvatnet. Ingrid Kvam har fortalt at når dei skulle bufora den fyrste tida, måtte dei ta dyra i båt frå Kvam til Elda, og så jaga derifrå til Tuftene. Etter at vegen mellom Kvam og Nes vart bygd, tok dei dyra etter vegen til Nes og vidare fram til Mollandsøyane der det var eit naturleg vad i elva. Her vart storfeet jaga på elva, men geitene måtte dei ta over i båt.

Nytta torv til brenne
På Tuftene hadde dei kyr og geiter, og dei ysta. Ysting krev mykje brenne og så høgt og langt inne var det mykje arbeid å få fatt i ved. Derimot var lett å finna torv. Det ligg fleire gode torvmyrar i nærleiken. Kvar vår var dei inne og skar torv og sette til turking. Dei rasjonerte veden, men hadde nøgda med torv.

Siste sommaren 1957
Kvam støla på Tuftene til og med 1956. Då var Marta Molland budeie for far sin. Marta var på Tuftene i åra 1952-1956. Ho har fortalt at ein sumar gjorde far hennar Jens I. Kvam, 21 turar med kløv gjennom Eldedalen.

Mollandsgarden heldt det gåande eitt år til. Kristoffer og Sønneva var dei siste som støla der. Det var sumaren 1957.

Kyr på beite

Eldedalen har særs gode beite, og i alle år etter at stølsdrifta tok slutt, har fleire mjølkeprodusentar hatt storfe på beite. Dyra beitar på begge sider av elva heilt til endes av dalen. I 2003 var 130 dyr på beite i Eldedalen og Tuftedalen, som dalen heiter lengst inne.

Dyra vert fyrst sleppt på beite nedmed vatnet på Elda, den gamle vårstølen. Den 15. juli er felles buforingsdag til sommarbeitet, medan kvar einskild hentar heimatt dyra sine om hausten, og då ikkje nødvendigvis alle på ein gong, men etter kva tid kyrne skal kalva.

kjelder:

Øvregard, Kåre: Stølar og stølsliv i Luster kommune. Leikanger 1999.
Munnlege opplysningar frå:
Agnar Raaum, Hafslo.
John Molland, Veitastrond.
Grefsrud, Anne M. og Hilleren, Aud Marit: Kulturminneåret 1997. (notat).
Institutt for samanliknande kulturforsking i Oslo. Bondesamfunnsavdelinga. Sætrar og Sæterbruk i Noreg. 1930-åra.

PERMANENT IDENTIFIKATOR