Somme minnesteinar kan "stå" langt utanom allfarveg, og dei kan vera så anoyme, at ein må vita særskilt om dei. Som oftast er slike minnesmerke knytta til ei hending på staden. Ein minnestein av dette slaget finn me i Tundalen i Fresvik.
Rambera er nest høgste fjelltoppen i Vik, 1624 m.o.h. Fjellet ligg i austlege delen av Vik, mot Fresvikbreen. Rambervarden er eit vanleg turmål i Vik.
Bygda Frønningen ligg mellom Revsnes og innløpet til Aurlandsfjorden, og høyrer til Lærdal kommune. Bygda grensar mot Kaupanger og Fresvik langs fjorden, og mot Aurland og Lærdal statsallmenning på land. Aust-søraust for bygda ligg fjellet Bleia, med ei høgd på over 1700 moh. Bleia naturreservat…
Vik kommune har fire krigsgraver, - i Fresvik, Feios, Vik og Arnafjord. Christian Fredrik Fasting Aall vart dømd til døden av tyskarane og henretta på Trandum 14. oktober 1943. Etter krigen vart han førd heim til Vik og gravlagd på kyrkjegarden ved Hopperstad stavkyrkje.
I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Leikanger.
Nærøydalselvi har ikkje alltid vore så stor som no. Gjennom dei siste istidene har ho stole fleire sideelvar som tidlegare rann mot Voss. På kartet kan vi finna det eldste vass-skilje mellom Sogn og Voss i fjellområda ovanfor Bakka i Nærøyfjorden. No er det flytta heilt til Haugsvik i austenden…
"Tinghuse" er det folkelege namnet på den gule bygningen med postadresse Skrivarvegen 7 like nedom riksvegen midt mellom Hanahaug og Hermansverk. Pr. juni 2005 var alle kontorfolka i Tinghuset kommunalt tilsette. I 1939 derimot, då huset stod ferdig, var det nesten ingen kommunale tenestemenn.…
På oppsida av Norum kyrkje står ein vel to meter høg minnestein over lekpredikanten Anders O. Venes. Misjonsvener i Noradn og på Veitastrondi reiste steinen.
Gåsi er namnet på ein figur i eit sva attmed den gamle stølsvegen frå Skahaug til Stokksete. Frå gamalt var det alltid slik at dei måtte ofra til Gåsi når dei gjekk forbi, helst skogsbær når det fanst. Skikken har halde seg heilt fram til vår tid. Enno stoggar ein og annan på vegen og "gjer te…
Den 2. desember 1958 feira Fylkesbaatane 100 år. "Kongen kjem til jubileet", melde avisene i november, og MS "Sunnfjord" skulle vera kongeskip. Heile fylket førebudde til festdagar, Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Tusenvis møtte fram dei ti stadene kongen stogga.
På fjellstølane i Turtagrø-området brukte dei torv som brensel når dei ysta. Fleire stader blei det sett opp eigne bygningar til turking og lagring. Etter at stølinga tok slutt på 1950-talet, kom torvhusa i forfall og ramla saman. Nokre eldsjeler såg dette og tykte det var for gale. Dei gjekk i…
Lærdal kommune hadde 2178 innbyggjarar 1. januar 2002. Flatevidda er 1341 km². Lærdal prestegjeld er delt i dei tre sokna Borgund, Tønjum og Hauge, og høyrer til Indre Sogn prosti. Denne artikkelen handlar om administrativ inndeling og endringar opp gjennom tidene.
I ein av dei innerste sidearmane til Sognefjorden ligg tettstaden Lærdalsøyri. Jektene som kom til Lærdal la til ved Løytnantsbryggja. Frå denne bryggja var ikkje vegen lang til marknadsplassen, landhandlarane eller gjestgiveria. Mellom dei freda bygningane på Øyri ligg framleis dei gamle…
I Endredalen på Vikafjellet er det bygd ei kjempedemning av stein. Denne demninga vart bygd under kraftutbygginga på Vikafjellet i åra 1962-73. I daglegtale er namnet Endredalsdemninga nytta, men rett namn er Muravassdemninga.
På Seljedalen i Vik står eit lite skulehus, ei typisk skulestove frå siste halvdel av 1800-talet. Skulen er for lengst lagd ned, og vert nytta som grendahus. Skulestova står i Nummedal med godt utsyn over grenda.
Kjerstina Vangsnes (1867-1915) vart eit kjent namn i kunstnarkretsar her i landet, på slutten av 1800-talet. Som kunstveverske vart ho oppfatta som eit ubrote bindeledd mellom gamle biletvevtradisjonar og den nye nasjonale vevrenessansen.
Sogndal kommune har to minnesteinar over soldatar som var med i krigen mot Sverige i ufredsåra 1807-1814. Den eine står i Fardal på ein bergknaus nedmed sjøen på Storekleivi.
Spelemann og kulturpersonlegdom (1888-1963) frå Nessane i Balestrand.
Spelemannen Anders Sagen (1829-1922) er ei viktig kjelde for hardingfelespelet i Sogn, og musikken hans er framleis i bruk blant dagens utøvarar.
Per Sandnes (1858-1945) er ei sentral kjelde for folkemusikken i Lærdal, og ein av få hardingfelespelarar det er dokumentert musikk etter i dette området. I tillegg til å vere spelemann, var han også ein mangesyslar med yrke som felemakar og båtbyggjar, urmakar, og smed.
«Kongen på tur innover Sogn i dag. Med skogselskapets representanter». Det var Høyanger Avis si overskrift på oppslag i avisa 27. mai 1936. Fylkesbaatane sitt flaggskip, DS «Nordfjord 1», gjekk ekstratur med HM Kong Haakon VII og Det Norske Skogselskap sine «fremtredende representanter» og andre…
«Og no har «Lærdal» lagt opp for godt. Kvar er det han ligg? Er det på Laksevåg eller i Dokken? Der får han ikkje lov å liggje. Han høyrer ikkje heime der. Han vantrivst. Vil ikkje Heibergske samlingar i Sogn ha han, så la nordfjordingane få han.» Året var 1938. Folkehøgskulestyrar Martin…
Frå midten av 1800-talet starta kampen for å innføre norsk språk i skulane. Landsmålet eller nynorsk fekk tidleg fleire tilhengarar.
"Altfor mange bedehus står tomme på Vestlandet." Det var biskopen i Bjørgvin, Ole D. Hagesæter som sa frå om dette i nyttårsforedraget sitt 2007. Truleg hadde biskopen minkande frammøte i tankane. Dette stykket handlar om eitt av bedehusa i Bjørgvin-biskopen sitt tilsynsområde: Feios bedehus.
Kyrkjelydshuset Klokkargarden i Leikanger står ved riksvegen rett opp frå kyrkja. Huset vart opphavleg bygd som kombinert bustad og skulehus. Då det på 1980-talet vart ståande tomt, meinte somme at ein her kunne få eit godt og tenleg kyrkjelydshus. Andre ville riva, og heller byggja nytt.