Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 20. juni 2005

Sist oppdatert 05. februar 2019

Kategori

Kommune

Tinghus I på Leikanger - nytt i 1939



"Tinghuse" er det folkelege namnet på den gule bygningen med postadresse Skrivarvegen 7 like nedom riksvegen midt mellom Hanahaug og Hermansverk. Pr. juni 2005 var alle kontorfolka i Tinghuset kommunalt tilsette. I 1939 derimot, då huset stod ferdig, var det nesten ingen kommunale tenestemenn. Tinghuset var meir eit statshus og fylkeshus enn eit kommunehus.

Tinghuset på Leikanger like nedom riksvegen midt mellom Hanahaug og Hermansverk. Huset vart teke i bruk hausten 1939.

Tinghuset på Leikanger like nedom riksvegen midt mellom Hanahaug og Hermansverk. Huset vart teke i bruk hausten 1939.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2005.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Lang planlegging

Byggjenemnda hadde fyrste møtet sitt 6. april 1935. Ordførar Olav Tveit var formann og med seg hadde han tidlegare ordførar H.N. Grinde, forsøksleiar Per Stedje, politimeister F. Dahlin, fabrikkeigar Per Klingenberg Knutsen og landmålar Ivar Arneson. Planleggingsarbeidet tok etter måten lang tid og det var særleg to grunnar til det. Den eine var innvendingar mot å sentralisera fleire administrasjonar i ein bygning og å byggja eit stort tinghus i Leikanger. Den grunnen var at romprogrammet måtte endrast fleire gonger. Såleis byrja overingeniøren for vegstellet med fire rom, men enda opp med 10. Først i august 1938 kunne byggjearbeidet ta til.

Bergensarkitekt frå Sogn og Fjordane

Arkitekt Olav Vangsnes i Bergen hadde oppdraget å teikna det nye Tinghuset. Han var fødd i 1898 i Fresvik, tok utdanning ved den tekniske høgskulen i Trondheim og var arkitekt i Amerika i fleire år før han starta arkitektpraksis i Bergen. Olav Vangsnes fekk oppdraget i konkurranse med fleire andre.

Mange firma og fagfolk

Byggjearbeidet tok godt og vel eitt år. Avisa Sogn og Fjordane rekna opp eit tjuetals entreprenørar og leverandørar, dei fleste frå Bergen og Leikanger. Hovudentreprenør var Gustav Hovland frå Bergen som hadde grunnarbeidet og reisinga av huset. Byggmeister S.T. Lie i Skjerjehamn, Gulen, var entreprenør for trearbeida. Olav Husabø, Leikanger Trevarefabrikk, leverte dører og vindauga. Eit anna leikangerfirma, Kristian Knutsen - Møbel et Trevarefabrikk på Hermansverk, leverte reolar og møblar. Panserdørene og andre eldfaste dører vart levert av firmaet A/S I. Olsen & Søn i Bergen.

Synfaring straks etter opninga

Redaktør Ivar Tveit eller journalist Einar Svartefoss i Sogn og Fjordane var på synfaring rett etter opninga. Avisa var full av lovord: "Alle får no gode, vene og tidhøvelege kontorrom, - arbeidsrom så unelege og trivelege at ein kunne misunna dei lukkelege som skal arbeida der. Men så er det óg idealet: at arbeidet skal vera den sanne livsgleda."

Kjellarhøgda: Vaktmeisterbustad med eigen inngang, arrest og arkivrom, tre kontor for sorenskrivaren, matsal og kjøkken, bad og to vaskerom, og eit veldig rom som gjekk fem meter under kjellargolvet for sentralvarmeanlegget. Ein svær kolsilo kunne fyllast rett frå lastebil.

Første høgda: Inngangshall, inst utskiftingsstellet i to rom, midt i huset ned mot sjøen fylkesmannen med fire rom, elles kontor for skatteinspektøren og skattefuten - han hadde jamvel eige lakkrom for forsegling av verdibrev -, fylkesrevisoren og bilsakkunnige. Leikanger Sparebank heldt også til i første høgda.

Andre høgda: Vegstellet med ti rom ytst og mot sjøen, inst to rom til rettsmøte når det var nødvendig og elles til disposisjon for kommunen. Storstova eller tingsalen skildrar avisa med desse orda:
"I midten er den store og prydelege rettssalen, med mykje ljos, høgt under taket - og uvanleg gode lydtilhøve, lett å tala og godt å høyra. Det vert ein ypparleg møtesal. Ved sida av rettssalen er domarromet".

Takhøgda: Mange rom som kunne innreiast og takast i bruk etter kvart som det vart bruk for dei.

"Til gagn for heile fylket"

Fylkesmann Hans Seip uttrykte si meining om det nye Tinghuset i eit stykke i Sogn og Fjordane, 20.10.1939. Han viste til at kontortilhøva hadde vore "til meins" for ein god og effektiv administrasjon og nemnde sentraliseringsstriden.

"Det har vori strid om kor sentraladministrasjonen i fylket skal vera. Og mykje kan seiast om det. Fylket har ikkje noko naturleg og sjølvgjevi sentrum. Det skal då mykje til å flytta administrasjonen frå ei bygd der han har vori i 80 år.
Eg vonar at striden ikkje vil setja merke i framtida; men at dei gode arbeidsvilkår administrasjonen nå får, vil vera til gagn for heile fylket."

Namnet tinghus

Ordet ting kjem frå gamalnorsk ting og var frå førhistorisk tid nemninga på ein rettsinstans, enten overordna (t.d. lagting) eller underordna (t.d. bygdeting). Gulatinget samlast fram til 1302 på ein tingstad i Gulen. Seinare kom nemningane tingstove og tingsal for bygningar og rom brukte til rettsmøte. På 1700-talet vart det halde rettsmøte i ei tingstove på Hanahaug. I seinare tid var tingstova på Hanahaug ein del av det gamle Samvirkebygget som vart rive rundt 1970 i samband med utbygginga av Leikanger Fjord Hotel.
 

Tingstover og tinghus var fleirbrukslokale. Dei fekk namna sine fordi det vart halde ting (rettsmøte) der. Namn er seigliva. Når den rettslege funksjonen tok slutt, levde namnet vidare. Det er mange år sidan det vart halde rettsmøte i Tinghuset på Leikanger.

Det rettslege elementet i namnet på nasjonalforsamlinga, Stortinget, og i fylkestinget, knyter seg til lovgjeving og rettskraftige vedtak. Under krigen innførde NS-styresmaktene nemninga heradsting i staden for kommunestyre eller heradsstyre.

kjelder:

Avisa Sogn og Fjordane. 20. og 24.10.1939.
Informasjon frå:
Per Holen, Leikanger kommune.