Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 01. september 2005

Sist oppdatert 05. februar 2019

Kategori

Kommune

- Måtte alltid ofra til Gåsi



Gåsi er namnet på ein figur i eit sva attmed den gamle stølsvegen frå Skahaug til Stokksete. Frå gamalt var det alltid slik at dei måtte ofra til Gåsi når dei gjekk forbi, helst skogsbær når det fanst. Skikken har halde seg heilt fram til vår tid. Enno stoggar ein og annan på vegen og "gjer te gåsi". Liknande "offerstader" finst fleire andre stader.

Gåsi, 7. august 2005. Figuren er tydeleg, med nebb, hals, kropp og vele.

Gåsi, 7. august 2005. Figuren er tydeleg, med nebb, hals, kropp og vele.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2005.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Vaksen gås
Gåsi er ein tydeleg figur i berg, "rissa opp" med ein fleire cm brei og opptil fem cm djup strek. Likskapen med ei gås er slåande, med vele, kropp, hals og nebb. Største lengde er ca 90 cm og største høgd mellom 30 og 40 cm. Avstanden frå ryggen ned til buken er snaue 20 cm.

Bær eller noko anna
Borgny Hagen, fødd 1933, fortel at då ho var jente, gjekk dei frå Skahaug til Stokksete og henta mjølk. Dei stogga alltid ved Gåsi og la blåbær, eller ein lyng når det ikkje var bær. Og Borgny fortalde det til sine born og viste dei Gåsi. På denne måten vert skikken halden ved lag. Trygve Rishovd, fødd 1916, fortel det same, me "gjekk aldri forbi utan me la bær i Gåsi."
Skikken med "å ofra"er eldgamal. Ivar Fagerheim, fødd 1938, fortel at oldemor hans, Marie Henjum, fødd 1857, og som var budeie på Stokksete i over tretti år, sa frå til ungane at "dei skulle leggja oppi. Det hadde dei gjort i alle år bakover."

To andre offerstader
Ein annan offerstad på Fjellvegen, stølsvegen frå gardane Hamre, Fosse og Eggum, er ein liten berghammar med namnet Fjellmann eller Trollmann. Hammaren ligg mellom Hammarskard og Skarseggjene. Kristine Hamre fortel om denne offerstaden i Kjelda 3/1995. Her er skikken å leggja ("ofra") ein liten stein oppå berghammaren. Med åra har det danna seg ein varde som viser på lang lei. Skikken har vorte formidla gjennom generasjonar.

På stølsvegen til Hangsete, opp frå Njøs, er det ein liknande offerstad, ein liten heller tett i vegen der det opp gjennom åra har samla seg opp ei mengd med småstein ved at folk har "ofra" når dei har fare framom.

Offervarde i Fresvik
Fresvikvarden står på det høgaste punktet på stølsvegen mellom Fresvik og Jordalen. Per H. Bøthun (1898-1962) skriv i eit sogeskrift at når dei som born var med på tur til Jordalen, sa dei gamle til dei: "No må de hugsa å ofra til varden, elles går det doke ikkje godt på turen."

Det var ikkje vanskeleg å sjå at skikken var gamal og at mange hadde ofra. Ymse småting var stukne inn mellom steinane, andre hadde sett steinfliser eller trepinnar inn i varden, og hengt ymse ting på dei, fortel Bøthun.

Tru på høgare makter
Bøthun held føre at skikken med å ofra til Fresvikvarden er ein skikk frå eldgamle dagar, og at det i den eldste tida ikkje vart gjort for moro skuld, men i fullt alvor. Varden kan ha vore ein slags heilagdom eller halvgud for folk i farne tider.

Om berghammaren Trollmann knyter det seg ein tråd til tru på underjordiske makter. Om Gåsi vert det berre fortalt om skikken, å gje til Gåsi.

Offer - gåve til høgare makter, og skikken å ofra, overgje, overlevera - går attende til førkristen tid. Det vart gjort som ei forsikring, for å kjøpa seg hell og lukke, og på den andre sida for å sleppa uhell og ulukker. Offerstaden Gåsi og liknande offerstader er i vår tid minne om eldre skikkar der forma har halde seg, medan det opphavlege innhaldet har blitt borte.  

kjelder:

Kjelda. 3.1995.
Bøthun, Per H.: Frå Fresvik til Jordalen. I Gamalt frå Leikanger herad. s. 33. 1977. Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder. Bind XII. 1967.
Munnlege opplysningar av
Trygve Rishovd, Leikanger.
Ivar Fagerheim, Leikanger.
Borgny Hagen, Leikanger.